Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Viser arkivet for stikkord vidaregåande

Vidaregåande skular og samfunnsøkonomi

“I Norge er det i dag nesten én million mennesker i alderen 15-29 år. Av disse var 100.200 utenfor arbeidslivet ved utgangen av andre kvartal. Det er en andel på godt over ti prosent. Professor Torberg Falch ved NTNU har regnet seg frem til hvor mye samfunnet taper for hver person som faller utenfor arbeidslivet når de er 20 år: 7,1 millioner kroner per hode. I tillegg kommer økt skatt for å finansiere trygder, økt sannsynlighet for rus og kriminalitet, smitteeffekter og lavere livskvalitet. Dersom disse ikke kommer inn i arbeidslivet igjen, vil det dermed koste samfunnet minst over 700 milliarder kroner, ifølge DN.nos beregning".
(Kjelde 13.10.12:www.http://www.nrk.no/nyheter/1.8357321)

Vi les stadig rapportar om fråfall i den vidaregåande skulen, fleire unge blir uføre, og nye tiltak blir initiert av staten, satsingar som «Ny Giv», blir etablert for å bøte på dette. Vi brukar store summar på behandling og rehabilitering når fråfallet er eit faktum, i staden for å sikre tilgang til ein skule i nærområdet i den sårbare alderen mellom 16 til 19 år. Foreldre og allereie etablerte nettverk er godt å ha, når elevane dagleg står ovanfor store avgjersler som igjen kan få fatale fylgjer, om ein ikkje har foreldre som kan gje råd og støtte undervegs. Kva med å bruke ressursane i andre enden, så slepp vi i mange triste skjebnar og familiar som lir.

Hyllestad, Askvoll, Fjaler, Solund og Gulen er fem kommunar med stor geografiskspreiing. Faktum er at 100 elevar som no kan pendle mellom heim og skule dagleg, må flytte på hybel om Dale vidaregåande blir nedlagt. Vi krev at fylkespolitikarane ikkje berretenkjer sentralisering når dei skal spare pengar. Vi har ein kvalitetsskule i HAFS som sist vår kunne vise til eksamensresultat heilt i toppen i fylket. Ved å la ungdomen i HAFS få behalde skulen sin, er ein med på å førebyggje at nokre av desse ungdommane får problem og kanskje blir skulesluttarar som samfunnet må hjelpe vidare. For samfunnet og elevane i Gulen og Solund er Hordalandsavtalen heilt avgjerande, avtalen må oppretthaldast.

Kysten skal ikkje avfolkast! Vi kan ikkje sitte stille og sjå på at bygdene i HAFS blir tømde for ungdomar i alderen 16 til 19 år. Ungdommane er svært viktig for å kunne oppretthalde levande bygder, ungdommane er innbyggjarar, forbrukarar, og ekstrahjelper i private og offentlege verksemder. Elevane og verksemdene knyter band, og skapar framtidige arbeidsplassar der elevane bur.

Arbeidarpartia i Hyllestad, Askvoll, Fjaler, Solund og Gulen.

Fjaler - frå spanande skulehistorie til…?

«Få stadar i Sogn og Fjordane har ei så fargerik og spanande skulehistorie som Fjaler kommune!»
Slik startar NRK sin artikkel om skular i Fjaler. Her kan ein mellom anna lese at Fjaler kunne frå 1800 – talet skilte med jenteskule, husmorskule, «bondehøgskule» og pensjonatskule for gutar. Seinare fekk Fjaler «Sunnfjord Gymnas», og på 90-talet kom også den internasjonale skulen UWCRCN (United World College Red Cross Nordic).

Lesaren av denne artikkelen sit igjen med inntrykket at Fjaler har lange tradisjonar innan utdanning og at det er ein kommune som har satt utdanning i høgsetet i si regionale utvikling. Professor Amdam skriv i boka si «Planlegging som handling» at «I den nye regionalpolitikken må regionane sjølve framstå som aktørar og kvar nasjon må konkurrere internasjonalt med sine beste regionar. Idealet for den nye regionalpolitikken synest vere å skape regionar i ein god balanse mellom styring ovafrå og mobilisering nedafrå» (Amdam, 2005:15). I dette ligg mykje av det som eg som utflytta Fjalerbu ser er i emning i Fjaler, ei sterk mobilisering nedafrå for å behalde den lokale vidaregåande skulen. Det å kunne tilby den lokale ungdomen vidaregåande opplæring i Dale og i HAFS – regionen er i mine auge heilt naudsynt for å vidare sikre ei god og fruktbar regional utvikling på mange ulike nivå.

Skal ein setje punktum ved noko av det som har vore ei spanande og fargerik skulehistorie i Fjaler?

Attraktive attributtar
Innanfor regional planlegging og utvikling vert det ofte fokusert på attraktivitet i høve kvar ulike næring ønsker å slå rot. Kor attraktiv ein stad er, har noko å seie for kor mange som vel å busette seg på staden eller i denne regionen. Det er fleire teoretikarar som hevdar at ei slik tilnærming spring ut av ei individualisering av menneske, og at menneske har ein mykje større fridom til å velje kva ein ønskjer seg i livet, enn før (Solheim, 2011:9). Samstundes peikar regionale planleggarar, politikarar og fleire på viktigheita av sosial samhøyre, sosial kapital og kollektivisme for å kunne vidareutvikle regionar. For at Fjaler og HAFS – regionen skal kunne framstå som attraktive busetnadsområde så framstår det å ha eit tilbod på vidaregåande opplæring som ei viktig brikke. Ein må stå saman i dette arbeidet for å kunne lukkast. Spørsmålet bør ikkje vere om ein skal setje punktum for Dale Vidaregåande skule, men snarare: korleis ein kan unngå det.

Synergiar i samarbeid
Det å kunne sjå moglegheiter for synergieffektar er nok eit viktig sjakktrekk skal ein sjå den regionale utviklinga i lyset av dei sterke globaliseringskreftene som har innverknad på firma, næringar og regionar. Ved å fokusere på synergien av samarbeid mellom til dømes UWCRCN og den vidaregåande opplæringa i Fjaler så kan ein snu debatten til noko kreativt. Fjaler næringsutvikling skreiv i dag, 06.02.2013 at : «Samarbeid, Dale vgs og UWC, har alle føresetnader for å få dette til på ein effektiv måte». Eg meinar at ein må kunne sjå synergiar mellom Dale Vidaregåande skule og UWCRCN! Korleis dette skal kunne løysast i praksis må ein sjølvsagt også diskutere, men det levnar lite tvil om at dette er ei viktig brikke i debatten. Jamfør den spanande historia til Fjaler som ein stad med lang og nyskapande skuletradisjonar, så har Fjaler gode føresetnadar for å få dette til.

For å tilføre debatten nokre synspunkt basert på eige liv og eigen arena, så kan eg fortelje at eg fullførte mi vidaregåande opplæring ved Atlantic College (UWCAC) i Wales etter eitt år ved Dale Vidaregåande skule. Det var starten på to fantastiske år på eit slott ved kysten av Wales. Eg vil argumentere for at hadde det ikkje vore for den oppveksten eg hadde hatt i Dale, og kontakten med UWCRCN i Flekke, så hadde eg kanskje ikkje visst om moglegheita for å ta ein IB (International Baccalaureate) og ei heller hatt den tryggleiken og bagasjen som mellom anna skulen i Dale hadde gjeve meg. Dei tilsette som eg var i kontakt med ved ungdomsskulen i Dale og ved Dale vidaregåande skule i denne tida var alle svært støttande og eg trur utan tvil at den faglege ballasten eg hadde med meg frå desse var uvurderleg då eg kom inn på denne skulen. Det skal også seiast, at det å flytte heimanfrå som 16 – åring nok ikkje er for alle, og skal ein sikre ei framtid for Fjaler og HAFS – regionen så står den vidaregåande skulen som ei av bærebjelkane i ei positiv utvikling for denne regionen.

Hadde ein fått til samarbeid med Dale Vidaregåande skule og UWCRCN så vil ein kunne tilby lokal ungdom ei fantastisk utdanning samstundes som ein også vil kunne sjå fleire moglegheiter for den internasjonale ungdommen ved UWCRCN.

Med beste helsing frå ei utflytta Fjalerbu,
Marte C.W.Solheim

Referansar
Amdam, R. (2005): «Planlegging som handling», Universitetsforlaget
Solheim, M.C.W. (2011): «På Nebo Bjerg? Ein studie av møtet mellom høgkompetent utanlandsk arbeidskraft og den maritime klynga på Møre», Mastergradsoppgåve i samfunnsplanlegging og leiing», Høgskulen i Volda.
«Skular i Fjaler»
http://www.nrk.no/sf/leksikon/index.php/Skular_i_Fjaler

Vidaregåande skular og samfunnsøkonomi

“I Norge er det i dag nesten én million mennesker i alderen 15-29 år. Av disse var 100 200 utenfor arbeidslivet ved utgangen av andre kvartal. Det er en andel på godt over ti prosent. Professor Torberg Falch ved NTNU har regnet seg frem til hvor mye samfunnet taper for hver person som faller utenfor arbeidslivet når de er 20 år: 7,1 millioner kroner per hode. I tillegg kommer økt skatt for å finansiere trygder, økt sannsynlighet for rus og kriminalitet, smitteeffekter og lavere livskvalitet. Dersom disse ikke kommer inn i arbeidslivet igjen, vil det dermed koste samfunnet minst over 700 milliarder kroner, ifølge DN.nos beregning".
(Kjelde 13.10.12:www.http://www.nrk.no/nyheter/1.8357321)

I Firda har vi den seinare tid lese eit utal innlegg om strukturendringar i den vidaregåande skulen i fylket. I staden for å argumentere kvifor eg meiner vi skal behalde Dale vgs som er den einaste vidaregåande skulen i heile HAFS, skal eg heller forklare eit enkelt samfunnsøkonomisk reknestykke.
Politiet i fylket stod fram i Firda 31.10. og oppmoda politikarane om å tenkje seg om to gonger, og vi burde høyre på det lensmann Tvinde i Førde og lensmann Løseth i Sogndal gjev uttrykk for.

Vi les stadig rapportar om fråfall i den vidaregåande skulen, stadig fleire unge blir uføre, og stadig nye tiltak, som t.d Ny Giv-satsinga, blir etablert for å bøte på dette. Om vi no vel å spare på budsjettet innan vidaregåande opplæring så det ser flott ut, så er det politiet og andre yrkesgrupper som må brette opp ermane og ta jobben vi lagar. Ungdommar som slit på ungdomsskulen er det mange av, og dei er i det vi så fint kallar “risikosona”. Dette inneber slik alle fagetatar ser det at dei i alle fall ikkje bør flytte heimanfrå som 15-16 åringar. I tillegg veit vi at 20% av dei som sluttar i vidaregåande skule gjer det pga psykiske vanskar.

Når ein ser på reknestykket i innleiinga mi, så burde det vore enkelt. Fagfolk som politi, Bergensklinikkane (vårt kompetansesenter innan rus) helsesøstrer og andre sit med stor kunnskap som dei deler med oss. Så kvifor lyttar vi ikkje?
Kan nokon seie meg kvifor det er lettare å hive ut store summer på behandling og rehabilitering når tragedien er eit faktum enn å sikre tilgang til ein skule i nærområdet i den sårbare alderen mellom 16-19 år?? Jo, det er lettare, fordi vi må ta oss av dei som droppar ut. Kva med å snu på flisa og bruke ressursane i andre enden, så slepp vi i tillegg så mange triste skjebnar og familiar som lir.
Det er gledeleg å sjå at justisministeren ser nytten av lokale lensmannskontor, spesielt i førebyggjande arbeid. For lokalt politi og foreldre som tek ansvar for born og unge er avgjerande for å hindre at ungdom mistar fotfestet i samfunnet.

Og til dei som trur at Høyanger er sentrum i HAFS så ynskjer eg å oppklare at HAFS kommunane er: Hyllestad, Askvoll, Fjaler, Solund og i tillegg også Gulen!! Fem kommunar med stor geografisk spreiing der opp mot 100 elevar som no kan dagpendle, må flytte på hybel om Dale vgs blir nedlagt. Vi krev at fylkespolitikarane ikkje berre tenkjer sentralisering og budsjettkutt. Vi har ein kvalitetsskule i HAFS som sist vår kunne vise til eksamensresultat heilt i toppen i fylket, og vi har eit lokalsamfunn med eit næringsliv som treng elevane og skulen. Så ikkje piss i buksa, kjære venner, for sjølv om det varmar i starten blir det fort veldig veldig kaldt. Når konsekvensane kjem er det ikkje berre å rope på helsevesen og politi. Ved å la HAFS-ungdomen få behalde skulen sin, er ein med på å førebyggje at desse ungdomane får problem og kanskje blir skulesluttarar som samfunnet må hjelpe vidare.

Nærings- og samfunnslivet i HAFS-regionen ønskjer vi alle å utvikle vidare, blant anna ved å sørge for at ungdomen som reiser ut for å studere etter vidaregåande, kan kome heim igjen og både finne arbeid og skuleplass for ungane sine. Kven vil busetje seg i HAFS, dersom dei veit at ungane allereie som 16-åringar må vekk på skule? Då blir bygdene i HAFS tømt for ungdomar i alderen 16-19 år. Kven skal då vere ekstrahjelp på nærbutikken og på sjukeheimen? Dette kan vi ikkje finne oss i. Eg oppmodar alle HAFS-innbyggjarar om å vise si støtte til den vidaregåande skulen i Dale!!

Nina Yndestad, leiar Fjaler AP