Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Viser arkivet for stikkord vgs

Vidaregåande skular og samfunnsøkonomi

“I Norge er det i dag nesten én million mennesker i alderen 15-29 år. Av disse var 100.200 utenfor arbeidslivet ved utgangen av andre kvartal. Det er en andel på godt over ti prosent. Professor Torberg Falch ved NTNU har regnet seg frem til hvor mye samfunnet taper for hver person som faller utenfor arbeidslivet når de er 20 år: 7,1 millioner kroner per hode. I tillegg kommer økt skatt for å finansiere trygder, økt sannsynlighet for rus og kriminalitet, smitteeffekter og lavere livskvalitet. Dersom disse ikke kommer inn i arbeidslivet igjen, vil det dermed koste samfunnet minst over 700 milliarder kroner, ifølge DN.nos beregning".
(Kjelde 13.10.12:www.http://www.nrk.no/nyheter/1.8357321)

Vi les stadig rapportar om fråfall i den vidaregåande skulen, fleire unge blir uføre, og nye tiltak blir initiert av staten, satsingar som «Ny Giv», blir etablert for å bøte på dette. Vi brukar store summar på behandling og rehabilitering når fråfallet er eit faktum, i staden for å sikre tilgang til ein skule i nærområdet i den sårbare alderen mellom 16 til 19 år. Foreldre og allereie etablerte nettverk er godt å ha, når elevane dagleg står ovanfor store avgjersler som igjen kan få fatale fylgjer, om ein ikkje har foreldre som kan gje råd og støtte undervegs. Kva med å bruke ressursane i andre enden, så slepp vi i mange triste skjebnar og familiar som lir.

Hyllestad, Askvoll, Fjaler, Solund og Gulen er fem kommunar med stor geografiskspreiing. Faktum er at 100 elevar som no kan pendle mellom heim og skule dagleg, må flytte på hybel om Dale vidaregåande blir nedlagt. Vi krev at fylkespolitikarane ikkje berretenkjer sentralisering når dei skal spare pengar. Vi har ein kvalitetsskule i HAFS som sist vår kunne vise til eksamensresultat heilt i toppen i fylket. Ved å la ungdomen i HAFS få behalde skulen sin, er ein med på å førebyggje at nokre av desse ungdommane får problem og kanskje blir skulesluttarar som samfunnet må hjelpe vidare. For samfunnet og elevane i Gulen og Solund er Hordalandsavtalen heilt avgjerande, avtalen må oppretthaldast.

Kysten skal ikkje avfolkast! Vi kan ikkje sitte stille og sjå på at bygdene i HAFS blir tømde for ungdomar i alderen 16 til 19 år. Ungdommane er svært viktig for å kunne oppretthalde levande bygder, ungdommane er innbyggjarar, forbrukarar, og ekstrahjelper i private og offentlege verksemder. Elevane og verksemdene knyter band, og skapar framtidige arbeidsplassar der elevane bur.

Arbeidarpartia i Hyllestad, Askvoll, Fjaler, Solund og Gulen.

Framtid i HAFS = Dale vgs og Hordalandsavtalen

Høgrelaga i Gulen, Solund, Hyllestad, Fjaler og Askvoll vil påpeike at det å ha eit tilbod om videregåande skule i ein region, er heilt fundamentalt nødvendig for samfunnsutviklinga i alle delar av fylket.

For HAFS-regionen er det Dale videregåande skule og Hordalandsavtalen som sikrar at ungdomen har ein valgmoglegheit, og eit reellt valg om å bu heime under skulegang i alderen 16-18.

Hybellivet passar for nokre, men langt frå for alle, og bør difor vere frivillig. I verste fall kan vi i framtida få ein skulefri region frå Knarvik til Førde. Det vil tvinge store elevgrupper ut i eit ufrivillig hybelliv, og vil stå i uforståeleg kontrast til dei samferdsletiltaka som gjennom dei siste åra har vorte gjennomførte og som kystkommunane er samde om skal gjennomførast dei komande åra, for å skape felles bu- og arbeidsområde på kysten.

I tillegg vil det tømme ein heil region for ungdom mellom 16-18 år, med dei alvorlege konsekvensane det vil ha for lokalt kultur-, idretts- og næringsliv, og gjere heile regionen mindre attraktiv med tanke på rekruttering av arbeidskraft og tilflytting.

Det at ungdomen har høve til å bu heime i desse viktige ungdomsåra, bidreg til å auke tilhøyrigheita til heimstaden som igjen gjere det meir sannsynleg at ungdomen vurderer å flytte heim att etter endt utdanning. Dette har HAFS gode erfaringar med dei siste åra, bl.a. med dei vellukka årlege HAFS-treffa (tidlegare Fjaler-treffa) i Bergen, der uformelle nettverk av tidlegare elevar ved Dale videregåande skule spelar ei aktiv rolle. Det at ungdomen har fått bu heime og knytt tette band til både heimstad og kvarandre under den videregåande utdanningstida, og oppfølgjing frå kommunar og lokalt næringsliv, har bidrege til at mange har flytta heim att og starta eigne verksemder eller blitt rekruttert som arbeidstakarar til næringsverksemdene i regionen.

Næringslivet i HAFS har solide og store verksemder, både i eigen region og i tilknytning til Mongstad, knytt til bl.a. marine næringar, skipsindustri, olje og gass og IKT. Næringslivet er svært tydelege på at det er behov for lokalt tilpassa opplæring innan både marin produksjonsteknikk og IB-studie, for å sikre rekruttering av ungdom til desse næringane, og stiller endå til opp med finansiering på nær ein halv million kroner og garanti for lærlingplassar for å realisere ei slik satsing. Det gode og tette samarbeidet mellom næringslivet i HAFS, Dale videregåande skule og RKNUWC , Mongstad og Austrheim videregåande skule, er eit solid fundament for ei framtidsretta utvikling for vekst og verdiskaping i HAFS og heile fylket.

HAFS-regionen er i alle andre høve rekna som ein eigen region i Sogn og Fjordane, med eige regionråd og regionrådsleiar, og dette må ein også forholde seg til når det gjeld drøftingane om skulestrukturen. Gulen, Solund, Hyllestad, Fjaler og Askvoll Høgre krev difor at Sogn og Fjordane opprettheld ein desentralisert skulestruktur, som også inkluderer Hordalandsavtalen, der kvar region i framtida er sikra eit skuletilbod. Det er vårt syn at ein stor del av innsparingane kan takast gjennom effektiviseringstiltak ved alle skulane.

25.04.13,

Fjaler Høgre, v/leiar Eivind Antonisen
Askvoll Høgre, v/leiar Onar Osland
Hyllestad Høgre, v/leiar Geir Helge Nordstrand
Solund Høgre, v/leiar Ole Gunnar Krakhellen
Gulen Høgre, v/leiar Anne Mette Dahl Andreassen

Fjaler - frå spanande skulehistorie til…?

«Få stadar i Sogn og Fjordane har ei så fargerik og spanande skulehistorie som Fjaler kommune!»
Slik startar NRK sin artikkel om skular i Fjaler. Her kan ein mellom anna lese at Fjaler kunne frå 1800 – talet skilte med jenteskule, husmorskule, «bondehøgskule» og pensjonatskule for gutar. Seinare fekk Fjaler «Sunnfjord Gymnas», og på 90-talet kom også den internasjonale skulen UWCRCN (United World College Red Cross Nordic).

Lesaren av denne artikkelen sit igjen med inntrykket at Fjaler har lange tradisjonar innan utdanning og at det er ein kommune som har satt utdanning i høgsetet i si regionale utvikling. Professor Amdam skriv i boka si «Planlegging som handling» at «I den nye regionalpolitikken må regionane sjølve framstå som aktørar og kvar nasjon må konkurrere internasjonalt med sine beste regionar. Idealet for den nye regionalpolitikken synest vere å skape regionar i ein god balanse mellom styring ovafrå og mobilisering nedafrå» (Amdam, 2005:15). I dette ligg mykje av det som eg som utflytta Fjalerbu ser er i emning i Fjaler, ei sterk mobilisering nedafrå for å behalde den lokale vidaregåande skulen. Det å kunne tilby den lokale ungdomen vidaregåande opplæring i Dale og i HAFS – regionen er i mine auge heilt naudsynt for å vidare sikre ei god og fruktbar regional utvikling på mange ulike nivå.

Skal ein setje punktum ved noko av det som har vore ei spanande og fargerik skulehistorie i Fjaler?

Attraktive attributtar
Innanfor regional planlegging og utvikling vert det ofte fokusert på attraktivitet i høve kvar ulike næring ønsker å slå rot. Kor attraktiv ein stad er, har noko å seie for kor mange som vel å busette seg på staden eller i denne regionen. Det er fleire teoretikarar som hevdar at ei slik tilnærming spring ut av ei individualisering av menneske, og at menneske har ein mykje større fridom til å velje kva ein ønskjer seg i livet, enn før (Solheim, 2011:9). Samstundes peikar regionale planleggarar, politikarar og fleire på viktigheita av sosial samhøyre, sosial kapital og kollektivisme for å kunne vidareutvikle regionar. For at Fjaler og HAFS – regionen skal kunne framstå som attraktive busetnadsområde så framstår det å ha eit tilbod på vidaregåande opplæring som ei viktig brikke. Ein må stå saman i dette arbeidet for å kunne lukkast. Spørsmålet bør ikkje vere om ein skal setje punktum for Dale Vidaregåande skule, men snarare: korleis ein kan unngå det.

Synergiar i samarbeid
Det å kunne sjå moglegheiter for synergieffektar er nok eit viktig sjakktrekk skal ein sjå den regionale utviklinga i lyset av dei sterke globaliseringskreftene som har innverknad på firma, næringar og regionar. Ved å fokusere på synergien av samarbeid mellom til dømes UWCRCN og den vidaregåande opplæringa i Fjaler så kan ein snu debatten til noko kreativt. Fjaler næringsutvikling skreiv i dag, 06.02.2013 at : «Samarbeid, Dale vgs og UWC, har alle føresetnader for å få dette til på ein effektiv måte». Eg meinar at ein må kunne sjå synergiar mellom Dale Vidaregåande skule og UWCRCN! Korleis dette skal kunne løysast i praksis må ein sjølvsagt også diskutere, men det levnar lite tvil om at dette er ei viktig brikke i debatten. Jamfør den spanande historia til Fjaler som ein stad med lang og nyskapande skuletradisjonar, så har Fjaler gode føresetnadar for å få dette til.

For å tilføre debatten nokre synspunkt basert på eige liv og eigen arena, så kan eg fortelje at eg fullførte mi vidaregåande opplæring ved Atlantic College (UWCAC) i Wales etter eitt år ved Dale Vidaregåande skule. Det var starten på to fantastiske år på eit slott ved kysten av Wales. Eg vil argumentere for at hadde det ikkje vore for den oppveksten eg hadde hatt i Dale, og kontakten med UWCRCN i Flekke, så hadde eg kanskje ikkje visst om moglegheita for å ta ein IB (International Baccalaureate) og ei heller hatt den tryggleiken og bagasjen som mellom anna skulen i Dale hadde gjeve meg. Dei tilsette som eg var i kontakt med ved ungdomsskulen i Dale og ved Dale vidaregåande skule i denne tida var alle svært støttande og eg trur utan tvil at den faglege ballasten eg hadde med meg frå desse var uvurderleg då eg kom inn på denne skulen. Det skal også seiast, at det å flytte heimanfrå som 16 – åring nok ikkje er for alle, og skal ein sikre ei framtid for Fjaler og HAFS – regionen så står den vidaregåande skulen som ei av bærebjelkane i ei positiv utvikling for denne regionen.

Hadde ein fått til samarbeid med Dale Vidaregåande skule og UWCRCN så vil ein kunne tilby lokal ungdom ei fantastisk utdanning samstundes som ein også vil kunne sjå fleire moglegheiter for den internasjonale ungdommen ved UWCRCN.

Med beste helsing frå ei utflytta Fjalerbu,
Marte C.W.Solheim

Referansar
Amdam, R. (2005): «Planlegging som handling», Universitetsforlaget
Solheim, M.C.W. (2011): «På Nebo Bjerg? Ein studie av møtet mellom høgkompetent utanlandsk arbeidskraft og den maritime klynga på Møre», Mastergradsoppgåve i samfunnsplanlegging og leiing», Høgskulen i Volda.
«Skular i Fjaler»
http://www.nrk.no/sf/leksikon/index.php/Skular_i_Fjaler