Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Viser arkivet for stikkord utstilling

"Why, hvorfor, kvifor Dale?"

“Vi befinner oss i Dale, nærmere bestemt i Fjaler, Sunnfjord, Sogn og
Fjordane. Innlysende og uforklarelig på samme tid, som en fokusert tilfeldighet. Vi bor i det røde huset. Mange lurer på hvorfor vi har kommet hit. Vi lurer på hvorfor de er her.”

Slik startar boka ‘Why, hvorfor, kvifor Dale’.

‘Why, hvorfor, kvifor Dale’ er eit samarbeidsprosjekt mellom Anna Weilhartner og Annee Grøtte Viken. Dei flytta samstundes til Dale hausten 2011 der båe to arbeidde fram til sommaren 2012.

Alle er hjarteleg velkomne til bokslepp og utstilling i Gamle skulehuset på Tusenårsstaden i Dale fredag 30. august kl 18.00 – 21.00.

Arrangør er Fjaler kulturkontor/ Frivilligsentralen

Dalsfjordveka 2013

(Foto: David Zadig)

Vi minner om eiga nettside for Dalsfjordveka. og eiga side på facebook

Her finn du siste oppdateringar forløpande!

Arrangør : Fjaler, Askvoll og Gaular kommune i samarbeid med frivillige lag og organisasjonar og næringslivet

Kunst. Erik Hovland. Utstilling i Fjalerhallen. Dalsfjordveka. Melding frå Andreas R. Haugen.

MA scratch 1A RD

Eg bad Andreas R Haugen om å skrive litt om utstillinga til Erik Hovland under Dalsfjordveka 2009. Utstillinga var i Fjalerhallen. Her kjem meldinga hans:

“Erik Hovland.
Utstilling i Fjalerhallen.

Teppet til sides og rett inn i mørket. Mørket er fullkoment i ei kort stund til auga venjer seg til det. Den kvite papirstien er svakt synleg i lysskjeret, og sjølv om det er mykje plass inne i den lyseraude hallen, vel eg å halde meg til stien som kunstnaren har lagt for å styre min veg. Ei lampe skjer i auget, inn i mellom stolar og speil. Diagonalt longt vekk frå inngongen står ei lita bordlampe på eit bord og lyser varmt. To av bordføtene svevar nett so vidt over bakken, balanserande på eit speil. Dei få detaljane som er der, er alle meiningsfulle og smeltar saman til det store heile. Raud ledning på veg til og frå lampa, buktar seg i ei form som vert stadfesta i spegelen der forma no brettar seg ut. Den er meiningslaus uten sin spegelvende bror. Det er som om sjøen og katedralen og den vesle staua er eitt og det same. Eit mytisk landskap. Det vert og alvorleg intimt med fråveret av lyd. Ein stad å vere tilstades.

I foajèen var det bilete, film og ein lydmontasje der kunstnaren fortel om prosessen omkring utstillinga. Bileta var ein dokumentasjon på ” kunstnar balanserar på speil, inne og ute” og Filmen viser kunstnaren, der han prøver å lese i bibelen frå eit helikopter som fyk. Det vart servert herleg mozell og chips.
Det er få unnt, med mindre ein har ei stor pengemaskin i ryggen, å kunne arbeide i slike format.

Eg har sett store romutstillingar i Malmø, København, Odense og Berlin, og få om ingen, nådde Erik Hovland til sokkehaldarane. Han har internasjonal format. Og i fylgje han sjølv, ville det verte tungt å kome attende til eit lite kott på kunstskulen i London.
Utstillinga i idrettshallen var eit imponerande verk som vart vitja av nokon, men ikkje mange nok.

Arrangøren må sjølv ta skulda for lita aggressiv marknadsføring, men dette er det einaste eg kan gje negativ respons på.

Andreas R.H."

Eg har ikkje foto frå utstillinga i Fjalerhallen, men eg har vore inn på nettsida til University of the Arts London, Wimbeldon. Her har eg lånt seks foto om skulen i London.
Men du kan sjå meir sjølv om University of the Arts London.
Eller Video Showcase

12.11.2009.
Asbjørn Eikerol.

PS. Her kom to foto frå utstillinga på e-post frå Andreas. Eg legg desse til 15.11.09.

puppet skeletonRD2 — OLYMPUS DIGITAL CAMERA

MA scratch 1C RD

MA scratch 1E RD

studio viewRD

eric — Erik Hovland.

16.08.2009 — Folk kom til utstillinga i Dale.

16.08.2009 — Frå Erik Hovland si utstilling i Fjalerhallen.

Gatebilfestival 2009

Bilar på rad og rekke

Hei godtfolk! Gatebilfestivalen er i gang og opplegget er heilt topp. Her får du sjå og oppleve mykje, samt muligheten for å storkose seg er absolutt til stades. Lenge har vi ønskt at eit slikt tilbud skal være tilgjengeleg for oss her i Sunnfjord og no er sjangsen der for å vise at vi vil og kan. Kven veit, kanskje klarar dei å stable arrangementet på beina neste år og.

Møt opp, alle som ein!

Torsdag 2. Juli
kl.12:00
Billettsal og åpen camping.
kl.13:00
Caféen åpner, diverse stands.
kl.14:00
Påmelding mesterskap.
kl.18:00
Åpen pub, musikk Torbjørn Gran.
kl.02:00
Puben stenger.

Fredag 3. Juli
kl.09:00
Billettsal, frokost, oppstilling biler.
kl.12:00
Bilutstilling, stands, grillkjøkken.
kl.13:00
Åpen pub med musikk,
påmelding mesterskap og paintball.
kl.14:00
Helikopterturer, DB-drag.
kl.15:00
Dekkasting og dekkstabling.
Premieutdeling.
kl.17:00
Burnout-show
kl.18:00
Konsert: Yankee
kl.23:00
Konsert: Liv Marit Wedvik
kl.02.00
Konsert og serveringsområde stenger

Lørdag 4. Juli
kl.09:00
Billettsal, frokost, oppstilling biler.
kl.12:00
Bilutstilling, stands, grillkjøkken,
konkurranser, paintball.
kl.13:00
Åpen pub, musikk, konkurranser,
DB-drag.
kl.16:00
Premiering av biler, best lyd og
premiering av konkurranser.
kl.17:00
Burnout-show
kl.18:00
Lokale band på scena, sceneshow m.m.
kl.21:00
Konsert med Cover Girls
kl.23:00
Konsert med Stage Dolls
kl.01:00
Konsert med Cover Girls
kl.02.00
Konsert og serveringsområde stenger

Torbjørn Gran

Torbjørn Gran

Liv Marit Wedvik

-

-

-

-

04.07.2009

Am-car

Flott lastebil

Vask av bil

Fortauskanten Auto

Ice Audio

Gatebilfestival 2009

http://www.gatebilfestival.no/pic/origo1.gif

Velkomen til årets gatebilfesitval i Sunnfjord. Programmet er spekka med konkurranser, burnoutshow, DB-drag, konsertar, bilshow, utstillingar, stands, helikopterturar, paintball og mange spennande overraskingar.

Vi inviterer alle med gatebil, standardbil, am-car, mc og ellers det dykk har å køyre med, til ein forrykande gatebilfestival og ei uforgløymeleg helg.

Her blir det eigne utstillingar for mange klassar, og sjølv uten bil er du meir enn hjarteleg velkomen.

Festivalen er 2 – 5 juli og blir halden i Årbergsdalen mellom Sande og Vadheim.

Sjå her for fullt program. www.gatebilfestival.no