Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Viser arkivet for stikkord sykkel

Grøneholten på sykkel

Noen går – noen sykler.

Grøneholten på sykkel

Spinning i Fjalerhallen 2012

Det er januar, nytt år og nye treningsmoglegheiter.

Dale IL Sykkel inviterer til spinning i Fjalerhallen 3 gongar i veka. Spinning er sykkeltrening etter musikk leia av instruktørar og ein super måte å komme i betre form på uansett alder. Treningsforma er lite belastande for kroppen, passar alle og du bestemmer sjølv intensiteten din utfrå di formkurve. Instruktøren rettleiar deg til trygg og sikker trening.
Treningstider:
Måndag kl 6.30 – 7.30 Passar alle
Tysdag kl 17.30 – 18.30 Passar alle
Torsdag kl 18.00 – 19.00 Passar for deg som er i litt i form

Ynskjer du å trene utanom desse tidene kan du ta kontakt med Linda Hovland tlf 99 01 78 52 for informasjon

Er det din sykkel?

Det har stått ein fin grøn barnesykkel m/ hjelm utanfor inngongen mot nord til Dale senter (v/ turistinformasjonen og NCC) ei tid no. Er det din eller kjenner du eigaren? No er den sett inn i gongen.

Oppfordring til publikum lørdag 06 august.

Nå er det bare 2 dager igjen, så braker det løs med start kl 11 fra Fjalerhallen. Til no er det nærmere 90 påmeldte deltager i Postvegrittet, og det har økt kraftig siste dagene. Forventer enda flere påmeldte innen dagen er omme.
Det er kjempe oppslutning med tanke på at det er første offisielle sykkelritt i Dale. I fjor var der 25 deltakere med på testkjøring av rittet. Fleste deltakere kommer langveis fra, så dette blir og en god reklame for Fjaler.
Oppfordrer derfor til publikum å ta med seg familie, venner og bekjente ut i løypen og heie fram alle rytterne. Ta med deg mat og kaffikoppen ut i terrenget og nyt den flotte naturen samtidig. Men husk å hold god avstand til rytterne og løypen, for det blir nok høyt tempo. Så tenk sikkerhet!
Det blir også kiosksalg og premieutdelig Fjalerhallen.
Tidspunkt for rittet er mellom kl 11-15. Utdeling av premier ca kl 15.
Kart og løypeprofil for plassering ute i løypa, finner du på vår nettside www.postvegrittet.no under løypa-praktisk informasjon.

Flekkefjorden Rondt

Tradisjonen tru vert Flekkefjorden Rondt arrangert Kristi Himmelfartsdag. Ferja går frå Dale kl. 12.00, vidare går den innom Flekke og plukkar opp nye syklistar før den går til Straumsnes kl. 13:00. Derifrå syklar du og familien tilbake til Flekke skule, der du kan gå på kafè og kjøpe deg kaffi, lappar mm. før du syklar heimatt.

Om du ikkje vil eller kan sykle, er du likevel hjarteleg velkomen på kafèen, som er open mellom kl. 12.00 og 16.00.

Viser elles til plakatar som er hengt opp rundt omkring i kommunen.

Vel møtt til ein tradisjonsrik og triveleg sykkeltur.