Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Viser arkivet for stikkord sport

Nytt treningssenter i Fjaler

Vinn månadskort på open dag!
Laurdag opnar ordførar Arve Helle treningssenteret på Dingemoen idrettspark i Dale, og du kan prøve dei nye fasilitetane same dag.
Les meir…

Frå vår til vinter til vår

Frå Synste Stauren mot Dalsfjorden og Dale. Vi ser Heileberget og Kringla (N&S) t.h.

Bilder frå flotte naturopplevingar på Blegja og Eitrenipa (Ertrefjellet) i går 2.mai. Det er lite som minner om vår i fjellet endå. Likevel er det som eit eventyr å gå frå den eine årstida til den andre og tilbake på same turane no. Ein kan knappast tenkje seg nokon annan stad på kloden som er vakrare enn Vestlandet om våren.

Vil du sjå fleire bilete frå denne og andre turar, og litt referat, så stikk du berre innom bloggen min.

Sola renn over Blegjaplatået. Litt laussnø var avløyst av hard skare. Ved skavlen på toppen var det skugge og isete og stegjerna måtte på

Synste Stauren (Litlenipa)

Det skya over og lyset endra seg. Her ser vi tilbake på Rørviknipa, Blegja, Synste Stauren og Eitrenipa frå Leknesvatna

Det ligg endå ein del snø på toppen

Utover Blåegga ser vi Eitrenipa (Ertrefjellet) t.v. og mot Leknesvatna og Bjørnastigvatnet (nedtappa)

Innover Førdefjorden mot Naustdal

Utsikt innover Heilevangstaurane mot Storehesten

Rørviknipa og mot ytst i Førdefjorden og Svanøy. Grøne bøar i Gjelsvika heilt t.h.

Mot Blegja frå Synste Stauren. Rørviknipa t.v.

Rørviknipa, Blegja og Synste Stauren frå Eitrenipa

Frå topplatået ser vi vestover

Rørvika og mot Vevring frå bakkane opp i Rørvika

Morgonstemning i Løvika. Blegja t.v og Rørviknipa i idyllisk morgonsol

Synste Stauren t.v. Kringla og Eitrenipa frå “salen” mellom Rørviknipa og Blegja