Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Viser arkivet for stikkord sogn

Paneldebatt om næring og samfunn 3/9

TEMA: Korleis få fart på Sogn og Fjordane?
Det private næringslivet i Sogn og Fjordane spelar ei svært sentral rolle i utviklinga av fylket vårt. Det same gjer ein velfungerande og effektiv offentleg sektor.
Vi veit at dei politikarar og parti ser ulikt på så vel privat næringsverksemd som på rammevilkår. Kva rammevilkår næringslivet har til ei kvar tid vil likevel avgjere kva retning utviklinga vil ta. Difor er haldningane og slagkrafta til dei som skal representere oss på Stortinget dei neste fire åra så enormt viktig.
Er du interessert i å vite korleis dei fremste politikarane våre ser på nærings- og samfunnsutviklinga i Sogn og Fjordane; om kva dei meiner bør gjerast for å få meir vekst og utvikling, for å få auka folketal? Korleis skal vi greie å få ”vår del av kaka”? Då bør du få med deg dette ordskiftet, på Skei Hotel rett før stortingsvalet.
Vi har fått dei fremste av kandidatane på stortingsvallistene i fylket vårt til å møte til paneldebatt på Jølster for nettopp å debattere spørsmål knytt opp til næringspolitikk spesielt og samfunnspolitikk generelt. Temaet er spissa inn mot utfordringar og mulegheiter på nærings- og samfunnsområda i Sogn og Fjordane. Rammevilkår som samferdsle, skattar og avgifter, samt offentleg regulering, restriksjonar og tidsbruk, vil bli aktuelle tema. Det same vil rekruttering og utdanning. Vi skal dessutan, ut frå fylkeskommunen sine planer, bli mange tusen fleire menneske i fylket i 2016. Kva må til for å makte denne ambisjonen? Vi ser store strukturendringar i landbruket, i havbruket, innan tryggings- og naudetatane. Ser vi teikn til sentralisering og endring av kommunestrukturen? Og kva med fylkeskommunen si framtid? Viktige tema å få opp på bordet før stortingsvalet!
Det er mange ting å ta tak i, og vi skal få fram kva vi kan forvente oss av dei som kan bli våre fremste folkevalde og kva vi kan vente oss av partia deira. Vil dei gje klare og tydelege svar til veljarane før valet?
Så, møt opp og få med deg debatten. NHO Sogn og Fjordane skal gjere sitt beste for å få til ein god, konkret og klargjerande debatt.
Det vert sjølvsagt også gode høve for publikum til å stille spørsmål til politikarane under møtet.
Og, ikkje minst: Det blir presentasjonar av samfunnsrekneskapane til nokre bedrifter, som vil synleggjere kva sjølv små verksemder bidreg med til samfunnet rundt seg.
Stad: Skei Hotel
Tid: 3. september 2013 kl. 18.00-21.00
Paneldeltakarar: Trude Brosvik, KrF, Frank Willy Djuvik, FrP, Sveinung Rotevatn, V, Vibeke Johnsen, SV, Ingrid Heggø, Ap, Ingunn Kandal, Raudt, Bjørn Lødemel, H, Liv Signe Navarsete, Sp.
Tema: Korleis få fart på Sogn og Fjordane?
Debattleiar: Regiondirektør i NHO SF, Jan Atle Stang
Arrangør: NHO Sogn og Fjordane

Hitch A RIDE: Treng du skyss? Eller har du plass?

HITCH A RIDE! Vi har oppretta ei gruppe på Facebook som har som føremål å kunne effektivisere samkøyring og transport mellom Hordaland og Sogn & Fjordane. Gruppa tek utgangspunkt i at folk kan enten ytre ynskje om å sitte på ein strekning, eller tilby plass i ein bil på ein strekning. Vi ser føre oss at det også kan nyttast til transport av varer/baggasje og liknande, alt etter behov. Føremålet er å dele på utgifter, køyre ilag og bidra ørlitegran til å effektivisere køyring og redusere utslepp. Alle mogelege strekningar er sjølvsagt lov, og vi skal ikkje tvinge folk som heller ynskjer å køyre åleine til å ta med folk. Posting av tilbod er fullstendig frivilleg! HITCH A RIDE!”

Treng du skyss?

Eller har du plass?

Post det her på HITCH A RIDE og køyr saman, del på utgifter og tør vi påstå at det har ein viss miljøgevinst og?

Vi begrensar oss til Hordaland og Sogn & Fjordane i fyrste omgang!

Sei det til alle!!

Ver med du óg:
FB Sida Hitch A RIDE?