Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Viser arkivet for stikkord smånytt

Dale. Mars. Foto og kulturhistorie. Hjelp til Haiti. På tur til Brussel. Vilde Bjerke. Bakeriet. Dans. UKM. Film. Jakob Sande.

2010.03.03.mars 022

På fjalersona kjem det inn gamle foto og postkort heilt tilbake til 1880 og framover. Det er interessant å sjå dette. Det er historisk dokumentasjon. Korleis såg her ut før? Kva er utviklinga. Kulturhistorie der bilete fortel meir enn mange ord. Viss du kjenner til motiva, er det fint om du legg inn kommentarar. Det aukar verdien på biletet.
Desse bileta kan nyttast i skulen som lokalhistoriske kjelder, heimstadlære. Dei kan også komme til nytte for studentar i særoppgåver og avhandlingar.

Nokre husmødrer i Dale har teke initiativ til å samle inn pengar til Haiti. Dei vil ha basar med kaffi, kaker, åresal og litt underhaldning på Kroa den 28.mars klokka 16.30. Sjå Kalender

Næringssjef Linda Hovland og ordførar Arve Helle har vore i Brussel for å finne ut meir om EU. Vi reknar med at dei har sett noko nytt og spennande, så her kjem nok kopi av rapporten her på Origo.
Dette var planen:
Studietur til Brüssel
I samband med kommunen sitt medlemskap i Vest-Norges Brusselkontor er ein delegasjon frå Fjaler i Brüssel denne veka for å bli betre kjende med EU-systemet.

Målet med turen er å sjå kva muligheiter medlemskapet gjev oss for å ta del i EU-program innanfor ulike område.

I løpet av dei tre dagane i Brüssel skal delegasjonen frå Fjaler m.a. få informasjon om EU sitt ungdomsprogram, EU si satsing på fornybar energi og NHO sitt arbeid opp mot EU-systemet.

Det vert også besøk i Europarlamentet.

I tillegg til representantar frå Fjaler kommune deltek også Fjaler næringsutvikling, RKNUWC, Dale vidaregåande skule, Ralston & Bau, Lutelandet utvikling, Gulen og Masfjorden Utviklingsselskap og Haugland Internasjonale FOU-selskap.

Bakeriet er ope og der teffer du kjende og ukjende folk som kjem innom. Kaker, lunsj eller middag? Du får det her. Her er også thaimeny med mykje godt. Men dei manglar chop sticks, pinnar, men det kjem nok. Foto.

Kurt Myklebust og mange andre står på og brøyter vegar og plassar så folk skal komme fram. Snøen aukar visst på no i mars.

På laurdag var her framsyning av filmen HOME på Transplant. Det handla om Jorda, klima, miljø og historie. Det var spesiell og flott fotografering. Vi vart med på ein rundtur der vi såg land, hav, fjell, vulkanar, is, dyr, folk, byar, skog, natur, kultur og aktivitet i fugleperspektiv heile tida. Utsynet kunne ta pusten frå oss. Veldig fint tiltak av Transplant. Trailer til filmen Heile filmen

Denne veka var her dans i Flekke. Kultur: Halldis Refsnes las Jakob Sande: Køya mi og Eit gasta slag_. Og på torsdag blir det dans på Straumsnes klokka 20.00. Så likar du litt trim og moro så er det berre å komme. Det er ikkje farleg. Nybegynnar eller avansert? Kom og dans!dans-paa-torsdag

UKM Fjaler.
Enno ikkje for seint å melde seg på UKM! seier Margrethe Reisæter.
Påmeldingsfristen til UKM er forlenga og det er ikkje for seint å hive seg med! Du kan berre gå inn www.ukm.no og finn fram til Fjaler si side.
UKM for Fjaler går av stabelen i Trudvang i Dale laurdag 13. mars frå kl 14 – 17. Ungdomar frå Gaular er også med. Safuge-studentar frå UWC står for kafesalet, og om kvelden vert det dans!

Sjå elles Kalender her til høgre for å få vite kva som skjer framover i Fjaler.

Jakob Sande les Bendik Båssmann.

Utsyn frå Einingsfjellet.

Nokre foto.

7.03.2010
Asbjørn Eikerol.

2010.03.03.mars 001 — Melkevegen i Dale. Mot sør.

2010.03.03.mars 002 — Melkevegen i Dale. Mot nord. Snø og vinter i mars.

2010.03.03.mars 003 — Kurt Myklebust har reiskap med hestekrefter og tyngde til å rydde unna litt snø.

2010.03.03.mars 010 — Ei dame som køyrer for Nistad Transport leverer varer frå Gilde i Dale. Mat må vi ha.

2010.03.03.mars 017 — Andreas Ramstad har vore på FUS og spelt trekkspel. Der hadde vi dansetimar med elevane. Her møter han Gunnvor Sunde.

2010.03.03.mars 005 — Hans Bjarne Haugen kom frå Bygstad til Bakeriet i Dale.

2010.03.03.mars 006 — Daniel ToaKwapong, Ivar Håland og Asbjørn Eikerol på Bakeriet. Daniel har med bunkar med oppgåver å lese. Elevane på UWC er i gong med prøveeksamen, fortel han.

2010.03.03.mars 019 — Trygve Eldevik er i Dale. Kaffi og tebrød. Bak, ved glaset, sit Vilde Bjerke, artist, skodespellar og forfattar. Ho hadde program i Dale. Ho er dotter til diktaren André Bjerke og skodespelar Henny Moan.

2010.03.03.mars 020 — Fleire kjendisar på Bakeriet: Johnny Strandenes, Svein Hovland, Edvin Jørgensen, Arvid Alisøy og Harry Alisøy.

2010.03.03.mars 023 — Nokre av jentene på Bakeriet. Karina Hugøy og Anchali Iden.

2010.03.03.mars 024 — Du kan få flyndre og løvbiff.
Men her er meir eksotisk mat å velje i også.

2010.03.03.mars 021 — Vårrullar.

2010.03.03.mars 025 — Kjersti Yndestad var ung og lovande i Firda denne veka. Ho vil kanskje bli barnehagelærar.

2010.03.02.mars 005 — Thora Hovland hadde fått besøk av turstar på vinterferie i Dale.

l81 — Bakkejekta skal snart sjøsettast for nye tokt. Men først litt vårpuss. Dei startar med mat og planlegging på Jensbua på fredag den 12. mars kl 18.00. Ete først.

Fjaler. Dalsfjordbrua - Den blå steinen. Kystvegen. 10.klasse FUS i arbeid. Kristofferbua blir seld. Smånytt. Foto.

Litt nytt.

Melding frå 10. klasse FUS: Dei har no kafè kvar laurdag i Dale Senter. Kl 11.00 til 15.00. Her får du vaflar, kaker, rundstykke, spekemattallerken, kaffi og meir. Dei tek også ymse småjobbar. Så treng du hjelp? Dei vil til Geilo på klassetur og må tene pengar. Sjå foto.

Den gule Kristofferbua i Dale blir seld til Hans Peter Kampfer frå Tyskland. Huset vil bli bygt om til leilegheiter, fortel BT.

Dalsfjordbrua: Ein aksjon er i gong på Facebook:
Laurdag, November 28, 2009. Klokka 14. – 14.30 Den Blå Steinen i Bergen. Er du i Bergen, kan du møte opp.
Dei skriv:

“Gle deg med oss – still på “Fotoshoot”!
Det nærmar seg siste vedtak i Fylkestinget. Det er viktig at vi som studentar/unge markerer at dette er noko som betyr mykje for oss og at vi bryr oss om framtida for HAFS-regionen. I den forbindelse er det skrive eit kort lesarinnlegg som skal på trykk i Firda rett i forkant av Fylkestinget.

Vi håpar flest mogeleg ynskjer å stille seg bak dette, og oppfordrar alle til å kome på “Fotoshoot” laurdag 28. nov. Ditt ansikt blir dermed din signatur! Saman er vi sterke, saman kan vi påverke!"

Meir om Kystvegen ved Arild Gjervik, og fin brosjyre på Stongfjorden

Jantsen Øverås trenar til NM i vektløfting.

Dalsfjordveka 2009 hadde ein fotokonkurranse. Vinnarbileta til Are Morten Follevåg og Asbjørn Eikerol ser du på Dalsfjordveka=&
Dei fekk 1000kr kvar i premie.

Film frå Natalino:
http://www.facebook.com/video/video.php?v=181870197035# (Under arbeid.)

På torsdag, 26.nov. kl 20.00, på UWC Flekke, kan du komme på DANS

Nokre foto frå Dale 21.november.

23.11.2009.
Asbjørn Eikerol.

hengebru med taarn21 — Dalsfjordbrua.
(Foto: Dalsfjordbrua.no)

2009.11.21.nov. 014 — Jantsen Øverås trenar til NM.

2009.11.21.nov. 023 — Frå Dale.

2009.11.21.nov. 020 — Litt frå gamle Dale.

2009.11.21.nov. 004 — På jobb.

2009.11.21.nov. 028 — Øyra. Lassedammen og Borgen.

2009.11.21.nov. 016 — Ein novemberdag i Dale.

2009.11.21.nov. 025 — På Øyra. Måsen stilte fint på rekke og rad på møna på nausta. Dei bad om å få bli med på foto.

2009.11.21.nov. 010 — Kundane kom.
Foto: Ine Osland.

2009.11.21.nov. 004 — Banken. Elevar frå FUS på jobb. Her skal bli fint.

dei raudkledde21 — Dalsfjordbrua. 2005 i Leikanger. Dei møtte til Fylkestinget. Dei ville ha bru. (Foto: Dalsfjordbrua.no)

2009.11.21.nov. 012 — Laurdagskafè i Dale Senter. 10.kl FUS.
Foto: Ine Osland.

2009.11.21.nov. 007 — Kafè. Dei vil tene pengar til klassetur til Geilo.

2009.11.21.nov. 018 — Vått somme tider for Vesle Daniel som sit her. Han skulle så gjerne fått på seg jakka no.

2009.11.21.nov. 017 — Melkevegen mot Coop og Firda Billag.

2009.11.21.nov. 006 — Banken. Elevar ute på jobb. Rake lauv og rydde rusk.

Smånytt. Anleggsstart på Lutelandet. Kystvilt. Torodd Fagerheim. Dale. Båtar og båthamn. Endene ved brua.

2009.11.19.nov. 008 — Endene på symjetur.

Under rettleiing av entreprenør Roy Myklebust, fekk ordførar Arve Helle i Fjaler æra av å fyre av den første salva på anleggsvegen. Fleire glade naboar hadde møtt opp onsdag ettermiddag for å markere anleggsstarten, blant dei tilsette og born i Våge barnehage.
– Utan arbeidsplassar og unge folk, så har vi heller ikkje bruk for barnehage, seier Janne Grete Fristad i barnehagen til FIRDA.

Oddmund Haugen frå Fjaler Film lagar dokumentarfilm om Lutelandet.

Nytt gassfunn på Agat-feltet vest for Bremanger. Kan Lutelandet bli ilandføringsstad?

God smak frå Feios og Fjaler. Kystvilt og Bjarte Midtbø på NRK, SFj: Flatbiffen av villhjort frå Furset i Ytre Fjaler fekk god omtale av juryen i prosjektet “Det norske måltid”.

Torodd Fagerheim er nominert saman med sju andre til “Årets bygdeprofil” i Nationen. Du kan stemme, og lese meir her: Nationen

Malene Solheim spelar handball for Sola: No trivst eg veldig godt i Sola. Eg har det heilt topp, både sosialt og sportsleg. Dette er ein flott gjeng, seier ho.

NM. Finale i vektløfting for lag i Naustdal 4.-5. desember. Der er tre deltakarar frå Fjaler: Jantsen Øverås, Stein-Inge Holstad og Daniel Holstad. Fredagen kan bli spennande sidan Jantsen skal prøve seg på norgesrekordane i 56 kg klassen, og på kravet for å reise på EM i Spania. Så dei treng heia-gjengen.

Gustav Skaar frå Dale skriv dikt og legg ut vakre foto på Lysande stemningar

Torsdag som kjem, den 26.nov, vert det dans på UWC, Flekke klokka 20.00. Alle kan komme og vere med, også nybyrjarar. Levande musikk og instruksjon. Sjå HER

Vil du gje støtte til vi som vil ha Fylkesbaatane sitt flagg tilbake? Sjå HER

Endene ved brua. Det går bra med dei fleste, men ei låg daud nedfor vegkanten denne veka. Er det ein bil? Er det ein katt på jakt, eller?

Nokre foto.

19.11.2009.
Asbjørn Eikerol.

1258721367000 lute13 2921467510×510r1 — Snart klare for jobbar på Lutelandet? Våge Barnehage.
Foto: Firda.

1258721631000 lute4 2921486510×510r1 — Tre av dei fire fast busette på Lutelandet, f.v. Leif Hatløy, Egil Lutentun og Laila Hatløy. Foto: Firda.

1258721401000 lute10 2921473510×510r1 — Førebels må dei som arbeider på Lutelandet bu i brakker. Foto: Firda.

uzMiCGNRwix1uSqF6snMIA2FhBPjbTjAqSCfagP1AXXA1 — God smak frå Feios og Fjaler. Kystvilt. Bjarte Midtbø til høgre.
Foto: NRK.

2009.11.19.nov. 009 — Båthamna i november.

2009.11.19.nov. 011 — Ytste båthamna. Vestover.

2009.11.19.nov. 010 — Ytste båthamna. Mot øst.

2009.11.19.nov. 013 — Byggefelt innom båthamna.

2009.11.19.nov. 014 — Nye byggefeltet til Norvald Kapstad. Her blir det snart ei gate.

2009.11.19.nov. 015 — Dei to vestlegaste husa.

2009.11.19.nov. 016 — Vi ser østover frå byggefeltet til Kapstad.

2009.11.19.nov. 019 — Frå Bausneset og strandvegen vestover. Burde vi fylle ut massar frå tunnelane og lage tomter langs sjøen, garasjer langs bakken mot sør, naust, kaier og båthamn mot nord?

2009.11.19.nov. 001 — Andre byggefelt i Dale. Svehogen og Bjergelia.

2009.11.19.nov. 020 — Fire mann skifte dekor på Coop i Dale.

2009.11.19.nov. 005 — Ein gammal plog ved naustveggen på Øyra. Han bør få komme under tak no?

2009.11.19.nov. 003 — Endene nappar strå på beite på Øyra.

2009.11.19.nov. 007 — På symjetur ved brua.

1258746478000 Fagerheim nett 2922145708×708r1 — Torodd Fagerheim. Foto: Hilde Genberg, Firda.
Stem her Nationen

Smånytt. Fiberoptisk. Mystisk skip i Fossevika. Jentene på Bali kom heim. Laurdagskafè på Kroa. Kari Hovland Sæle. Revyen utseld.

2009.11.14.nov. 008 — Kjøkken.

Smånytt.
I Dale grev Relacom grøfter og legg ned kabel, fiberoptisk, seier dei.

Bort mot Fossevika går eit mystisk skip og kryssar. Leitar dei etter olje? Somme seier at dei òg legg ned kabel.

Årets Gasellebedrifter. 90 i fylket. Ei frå Fjaler: BM Byggservice A/S. (Nr.59)

For lite pengar til Bremanger og Dalsfjord? FIRDA spør.

Ingar Valvik skriv om ”hollandsk sjuke”. Får vi for stor offentleg etterspurnad?

Kari Hovland Sæle er aktiv for Romaniahjelpa Vestlandet. Ho har kontakta skular i HAFS og får inn pengar til å gje skuleplass til 16 ungdommar i landsbyen Raducaneni. Romaniahjelpa samlar også inn klede, sko, leikar og meir.

Jentene på Bali, Annelene Hopland og Kristiane Hustveit kom heim. Dei har studert Ex phil og hatt det varmt i tropane i haust.

I Fjaler er det berre Frank Igelkjøn i Flekke som har aksjar i Nordic Mining. Han har 27 aksjar fortel FIRDA.

Nina Yndestad likar sauehaue og ho kunne tenkt seg ein skoltemiddag med Oddvar Torsheim, skriv FIRDA.

Førde har vaksinert kommunetoppane.
Førde Høgre vil legge ned skular.
Hyllestad må kutte i alle budsjett.

På laurdag hadde elevane i 10. klasse ved FUS kafè på Kroa i Dale Senter. Her var vaflar med rømme og jordbær, spekemat, rundstykke, kaker og skillingsbollar. Butikken gjekk godt og hadde mange blide kundar. Dei vil tene pengar til skuletur. Dei vil til Geilo. No skal dei visst drive kafè kvar laurdag klokka 11.00 til 14.00.

Ved ungdomsskulen ligg stablar med røyr. No skal der bli gjennomtrekk og frisk luft.

Olav Stedje spelte på Transplant laurdag kveld.

Meggerevyen . Alle billettar var utselde. Og folk ringjer og vil bestille meir. Blir det ekstraframsyningar?

På Coop-hjørnet:
Her seier han Rodny at han vil sjå revyen og ho Rrrrrragnhild ein gong til. Og han Reiulf synest at ho Kari er flink som styrer med skule i Romania, og innsamlinga av klede.
Men han meiner at det er for gale om dei må legge ned alt i Hyllestad. ”Ikkje rart at dei ville melde seg inn i Fjaler”.
Han Rodny vil flytte til Lutelandet. ”Eg vil vere med og bygge kai og veg og bru. Og snart legg ekspressen til kai på Lutelandet. Kort veg til Bergen og Florø.”

Og torsdag blir det dans på Straumsnes. HER

Nokre foto.

15.11.2009.
Asbjørn Eikerol.

2009.11.13.nov. 002 — Dalsfjorden ein novemberdag. Vi ser vestover frå Bjerga.

2009.11.13.nov. 010 — Grøfter og kabel i Dale.

2009.11.13.nov. 011 — Relacom kjem med gravemaskin og fleire bilar.

2009.11.13.nov. 005 — Mystisk skip bort mot Fossevika. Set dei åleruser?

2009.11.13.nov. 004 — Vi ser Ottersteinen over fjorden. Her kjem Dalsfjordbrua. Utsikt frå brua, Nishammaren, og vestover Dalsfjorden.

2009.11.14.nov. 002 — Ved FUS. Stablar med røyr. No skal det snart blåsast friskluft utan at du treng opne eit glas!

2009.11.14.nov. 014 — Ved Grana. Sekker og kassar blei lasta inn og stabla høgt på laurdag.

2009.11.14.nov. 015 — Kari Hovland Sæle t.h. og ei av medhjelparane frå Romaniahjelp Vestlandet.

2009.11.14.nov. 008 — Kjøkkenet på Kroa. Vispe røre til vaflar. Smørje rundstykke.

2009.11.14.nov. 007 — I serveringa.

2009.11.14.nov. 006 — Gjestene kom.

2009.11.14.nov. 012 — Daniel Toakwapong sa han ville støtte elevane, og så likar han nok kaker veldig godt.

2009.11.14.nov. 010 — Kjekt med laurdagskafè.

2009.11.14.nov. 004 — Spekemat, vaffel, skillingsbolle, rundstykke med ost eller skinke, kaker?