Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Viser arkivet for stikkord skulestruktur

Skulestrukturen i Fjaler

Sjølv om eg per dags dato er utflyttar, kjem eg ikkje unna det faktum at eg forblir ein flekking uansett kvar eg bur, difor må eg engasjere meg i skuledebatten som nok ein gong går i Fjaler.

Gjennom arrangement som HAFS-treffet og framtidsfylket si messe har ein klart å skape ei positiv stemning og kjensle av tilhøyr til heimfylket. Men som det uunngåelege må diverre kommunane spare pengar, dermed må skulestrukturen nok ein gong under lupa. Denne gong er det Flekke og Guddal skule som blir vurdert for framtidig drift.
I høve denne debatten kan eg ikkje få understreka nok kor negativt lada ordet nedlegging er og kor store dei potensielle ringverknadane kan vere med tanke på tilflytting. Ved at ein litt for ofte høyrer om Les meir…

Her har me lyst til å vera ?

“Me har fossar som heng i ei snor, beint ned i verdas lengste fjord(…) Her har me faktisk det meste me treng. Her har me vener og kjende i fleng, Her er det nok å gjere. Her har me lyst til å vera”.
Eg hugsar enno den dagen då vi song denne songen, hakk i plata. Det var på barneskulen ein gong, på Dingemoen skule i Fjaler og vi skulle spele inn denne songen for bruk på radio eller til eit prosjekt. Kvifor er ikkje så nøye, teksten var like fengande den gong då som no. Sogn og Fjordane. Åra har gått, eit viss eigarskap trur eg mange har til songen, i ei tid kor den kan koplast til samfunnsdebatten om skulestruktur.

Her er det nok å gjera
Kva er det som gjer at ein har lyst til å vera ein stad? I songen om ”Sogn og Fjordane” er viktige moment at «her er det nok å gjera”. Nok å gjere kan vere knytt til arbeid, men også til fritid. Arbeid vert rangert som hovudmotiv ved flytting (Sørlie, 2006:1) og er soleis eit viktig element for å tiltrekke seg og halde på innbyggarar. Nok å gjere med tanke på fritid kan vere så mangt, i ei lita bygd står ungdom sentralt i å oppretthalde eit fritidstilbod for innbyggarane. Både arbeid og fritid kan igjen knytast til skulestrukturen og skuledebatten. For arbeidsplassar er tilgang på kompetent arbeidskraft viktig, og vidaregåande opplæring spelar ei viktig rolle. Då eg skreiv mastergradsoppgåve ved Høgskulen i Volda skreiv eg om høgkompetent utanlandsk arbeidskraft i den maritime klynga på møre. Eit av funna var at skule for borna deira var svært viktig, og då særleg ein skule av internasjonal karakter, til dømes som kunne tilby IB linje. I Sogn og Fjordane er det eit aukande behov for arbeidskraft og då også utanlandsk arbeidskraft. Det å legge ned skular står sterk i kontrast til denne utviklinga. Eit forslag som har blitt fremma i debatten er til dømes å kunne sjå synergiar mellom UWCRCN (United World College Red Cross Nordic) og den nedleggingstruga Dale Vidaregåande skule. På den måten kan ein sjå synergiar for samarbeid og skape spanande moglegheiter saman.

Her har me vener og kjende i fleng
Vener og kjende i fleng vert også nemnt i songen om Sogn og Fjordane. Det er nemleg slik at over halvparten av befolkninga bur i den kommunen som dei vaks opp i (Sørlie, 2006:1), så Stedje har nok eit poeng i songen han lagde. Den andre halvparten har nok kanskje følgt straumen og reist til meir sentrale strøk, og det er nok ikkje usannsynleg når det gjeld Sogn og Fjordane.

Ved å gjennomføre vidaregåande opplæring i tett tilknyting til sin heimstad, slik at ein framleis kan bu heime, så kan dette for mange auke tilhøyre til staden og vere med å forme identiteten i stor grad. No er det jo sjølvsagt ikkje slik at dersom ein vel å ta vidaregåande opplæring ein annan stad, så vert ein identitetslaus utan ei kjensle av å høyre til. Men dersom ein får bu heime fortsatt medan ein tek vidaregåande opplæring, så kan dette vere ein grobotn for at ein seinare vel å busetje seg i kommunen, eller i Sogn og Fjordane. Det er også slik at det ikkje er for alle å flytte på hybel som 15 – åring. Det kan hende det er slik, og det kan hende det ikkje er slik. Det er vel her mykje av kjerna ligg, ein veit for lite om konsekvensane av nedlegging av skulane og flytting av ungdom på hybel. Ein bør vite meir om det før ein sett i verk slike drastiske tiltak. Ser ein på studiar som er gjennomførte i til dømes Finnmark, vert det hevda at ein årsak til fråfall i den vidaregåande opplæringa kan vere at kvar tredje elev må flytte heimanfrå for å kunne gjennomføre vidaregåande opplæring (Markussen et al , 2008). Det burde vere eit tankekors for Fylkeskommunen i Sogn og Fjordane. Kor vidt ein kan samanlikne desse funna frå Finnmark med Sogn og Fjordane det skal eg ikkje spekulere i, men det er vel verdt å sjå nøyare på funna. Det er ikkje ønske å lage noko komparativ analyse av desse to, men det kan vere vel verdt å merke seg utfallet av at so mange elever må flytte heimanfrå for å fullføre vidaregåande opplæring og kva konsekvens dette får for gjennomføring av vidaregåande opplæring. Det levnar liten tvil om at nedlegging av skular i fylket slår i sterk kontrast til fleire av dei andre satstingsområda til fylket, og undergravar fleire av dei viktige elementa som ein bør satse vidare på skal ein bli eit fylke ein trivst i, og eit fylke med auka verdiskaping.

Mellom barken og veden
“Skulebruksplanen skal vise korleis Sogn og Fjordane fylkeskommune, innanfor framtidige økonomiske rammer, kan organisere ei vidaregåande opplæring med høg kvalitet og utnytte bygg og eigedommar mest mogleg kostnads – effektivt”.
Sitatet overfor er henta frå Fylkesutvalsvedtak 48/12, 23.05.2012, og syner til korleis ein kan samstundes tilby innbyggarane høg kvalitet i skulen men også kunne gjere dette kostnadseffektivt. Her er det fleire moment som er usikre eller som ein kan setje spørsmålsteikn ved. Kva er dei framtidige økonomiske rammene, altså kva baserer ein desse på? Korleis vil desse bli påverka av at ein legg ned skular? Ei vidaregåande opplæring av høg kvalitet – korleis måle kvalitet? Kvalitet i opplæringa eller kvalitet sett i eit økonomisk perspektiv?

Eg kjem ikkje med ei ny tolking av modellane, ei heller eit konkret tiltak til skulestrukturplanen (anna enn til dømes sjå synergiar mellom UWCRCN og Dale Vidaregåande skule), ei heller elevtal og kva næringslivet ønsker, jamfør dei punkta som fylkeskommunen skisserte over kva ein ønskte innspel på innanfor fristen denne veka. Men eg kjem med nokre refleksjonar om kva som gjer ein stad og eit fylke attraktivt, om kva som kan skape tilhøyre og skape liv på ein stad. Her står den vidaregåande opplæringa sentralt. Ikkje berre fordi den er viktig for tidlegare, framtidige og dagens elevar og for dei som arbeider ved skulen, men for ringverknadane ein slik skule har og betyr for eit samfunn.

Her står me små og store syng i det same koret
Avslutningsvis, så skriv Stedje i songen sin, at “her står me små og store og syng i det same koret”.

Det er vel det vi gjer, innbyggarar – tilflyttarar eller heimattkomne, dei fråflytta, fylkeskommunen, syng i same koret. Syng for å bevare skulen vår.

I stortingsmelding nr.25 om ”Lokal vekstkraft og framtidstru, om distrikts – og regionalpolitikken” kan ein lese at: “Regjeringa vil at alle skal ha reell fridom til å busetje seg der dei vil. Vi vil sikre likeverdige levekår og ta ressursane i heile landet i bruk. Regjeringa vil oppretthalde hovudtrekka i busetnadsmønsteret for å vidareføre og vidareutvikle det mangfaldet i historie, kultur og ressursar som ligg i dette” (St.meld,2009:7). Korleis kan ein ha reell fridom til å busetje seg der ein vil når ein ikkje kan få gå på vidaregåande opplæring i tilknyting til heimstaden sin? Korleis er dette å sikre likeverdige levekår? Som utflytta Fjalerbu ønskjer eg å synge i koret for å bevare Dale vidaregåande skule. Kanskje i ein annan form enn slik den er i dag, men å legge ned ein skule i ein kommune med lange skuletradisjonar, utan å ta høgde for alle som allereie må reise langt for å gå på denne skulen, utan å vite nok om kva konsekvensar dette kan få for framtidig regional utvikling, er ikkje å leve opp til songen om Sogn og Fjorande: her har me lyst til å vera.

Sogn og Fjordane: Alle gode ting er ?

Nokre refleksjonar frå ei utflytta Fjalerbu, nokre dagar før fristen for å sende inn høyringsfråsegn til fylkeskommunen går ut,
Marte C.W.Solheim

Referanser
Markussen, E., Frøseth, M.W., og J.B.Grøgaard (2009): «Inkludert eller segregert? Om spesialundervising i videregående opplæring like etter innføringen av kunnskapsløftet», NIFU STEP.
http://www.udir.no/Upload/Rapporter/EvaKL/5/Sluttrapport_Spesialundervisning_videregaende.pdf

Solheim, M.C.W (2011): ”På Nebo Bjerg? Ein studie av møtet mellom høgkompetent utanlandsk arbeidskraft og den maritime klynga på møre”, Mastergradsoppgåve i samfunnsplanlegging og leiing, Høgskulen i Volda.
http://ask.bibsys.no/ask/action/show?pid=114136394&kid=biblio

Stortingsmelding nr.25 (2008-2009): «Lokal vekstkraft og framtidstru. Om distrikts-og regionalpolitikken».
http://www.regjeringen.no/pages/2175012/PDFS/STM200820090025000DDDPDFS.pdf

Sørlie, K. (2006): ”Bosettingspreferanser, flyttemotiver og flytteprosesser. Status og perspektiver omkring den regionalebefolkningsutviklingen i Norge”, Notat til Kommunal og regionaldepartementet, 16.02.2006.