Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Viser arkivet for stikkord reisebrev

Reisebrev frå Tyrkia, del 4

Denmne gongen dreg vi til Istanbul, eller Bysants som den het i romertiden, Miklargard var namnet når vikingene herja, og før den fekk namnet Istanbul som tyder “til byen”, var den også kjent som Konstantinopel.
Istanbul er verdas femte største by når det gjeld antal menneske som lever i bykjernen, med omlag 12,8 millioner innbyggare. Byen ligger ved Bosporus-stredet og strekker seg både inn i Europa og inn i Asia, og er den eneste metropolen i verda som ligger på to kontinent. Bosporus-stredet går fra Marmara-havet og inn til Svartehavet.

Det Gylne Horn

Les meir…

Reisebrev frå Tyrkia, del 3

Hei igjen. Her kjem litt meir om reisene i Tyrkia. Denne gongen tek vi turen til Ankara. Ankara er hovudstaden i Tyrkia og ligg omlag 850 m.o.h. Ankara har hatt mange varianter av namnet sitt gjennom tida, blant annet kallte grekerne byen Ankyra (gresk for anker) under den bysantinske perioden. På 1000-tallet var byen kjent i Europa under namnet Angora.Først i 1930 fikk byen offisielt namnet Ankara.

Byen har alltid vært et viktig handels- og industrisenter. Ankara er vært kjent for sin langhårete angora-geiter som vi får mohair-ullen fra, og sine kvite kaninar som gav dei den kjente angora-ullen. Området som Ankara ligger i hetet Anatolia og er også kjent som et veldig fruktbart område, blant annet pærer, honning og druer finner du mykje av her.

Masse frukt er å få kjøpt i butikken og prisene er billige.

Eg måtte til Ankara for å få “Residency visa”, dvs arbeids- og opphaldstilatelse. Om kvelden når eg kom så kjørte vi forbi ein stor moske på veg frå flyplassen til hotellet, og sjølsagt måtte eg ta bilde av den. Så det første eg gjorde når eg var innlosjert på hotellet og hadde ete middag, var å gå på leiting etter dette svære byggverket.

Kotacepe moskeen er den største moskeen i Ankara og ble bygget mellom 1967 til 1987. Planene var påbegynt allerede i 1940, men pga mange uenigheter ble det stadig vekk endringer. Blant annet så ble den opprinnelige tegningen påstått å være for modernistisk i formen, så en ny arkitekt konkurranse ble holdt i 1967 og moskeen fikk sin noverande form.

Arkitekten av den opprinnelige tegningen, Vedat Dalokay, vann seinere også ein annan arkitekt konkurranse og fekk oppført en modifisert utgåve av dei opprinnelege planane i Islambad, Pakistan. Denne moskeen, Shah Fajsal Masjid, kan romme omlag 100.000 menneske og er ein av verdas største.

Etter å ha vore på hovudpolitistasjon dagen etter og ordna med opphaldstillatelsen, så tok eg ein tur innom AnkaMall. Eit gigantisk kjøpesenter som ligg like ved politistasjonen. Der finn ein all verdas motebutikkar og alt ein kan få lyst på. Utvalet i Tyrkia er veldig bra og prisane er betrakteleg lågare enn heime. Merkekle er forholdsvis dyrt etter tyrkisk målestokk, men ein kan også finne kopier av kjente merker som er billeg til sals.
På ElectroWorld hadde dei denne svære bilspel-simulatoren tilsals, pris omlag 100.000 norske kroner.

Dette hadde vore noko å ha på nattope på Dale Senter til hausten!

Resten av dagen brukte eg til å vandre rundt for å sjå på folkelivet, før eg skulle fly vidare til Samsun for så å dra ut på riggen neste dag.

Ei tyrkisk jente matar fuglane ved Kotacepe Camii

Dei karakteriske gule drosjene i Ankara

Der var mykje fuglar her

Frå flyplassen i Ankara

Neste gong tek vi turen til Istanbul med besøk bl.a. i den blå moske, Golgata-brua og andre kjende plassar