Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Viser arkivet for stikkord på

Sommarope i Jakob Sande-tunet

_Humla spelar i sommardagen! _Frå sundag 17. juni er det ope på Jakob Sande sin fødestad i Dale frå kl 14.00 – 18.00 . Lisa i Li opnar sommarkafeen sin og serverer nysteikte lappar, heimelaga gode kaker og kaffi og snop i kvar krå. I Krambua får du kjøpt T-skjorter, bøker, CD`ar og kort.
Omvising kan du få kl 14:30 og kl 16:00 med start frå Bestefarsstaua. Kr 50,- pr person. Her går vi i fotspora til diktaren og vert betre kjend med mijløet han voks opp i, om liv og dikt.

Er det regn, er det plass inne i Bestefarsstaua og i Løa. Velkomen i Jakob Sande-tunet i Dale !

Tunet er ope kvar sundag fram til 12. august.
Arrangør: Jakob Sande-selskapet www.jakobsande.no

Dalsfjordbrua. 5.desember 2009. Fest på ferjekaia i Dale. Fotoreportasje.

2009.12.05.des. 041

Planane er klare. Pengane er klare. No gler vi oss til klarsignal for brua. Vi er klare.

Folk frå begge sider av Dalsfjorden møttest på ferjekaia i Dale for å feire og glede seg til at no kjem klarsignalet for brua i fylkestinget.

Studentane i Bergen hadde samling ved den Blå steinen i Bergen sist laurdag med fotodokumentasjon i avisene. Namn på studentane i Bergen finn du HER

Aksjon Dalsfjordbru ville spreie litt glede og optimisme denne desemberdagen. Her var mannskor med Dalsfjordsong. Her var tid til klemming og forteljing og taler og allsong.
Så vert det fest kvar laurdag no framover? Les meir…

Julestjerne. Foto av Alden. Ølbryggeri i Flekke. Dans. Oddmund Haugen fotograferer 67 studentar på den Blå steinen. Dalsfjordbru.

2009.12.03.des. 010

Sigrunn Haaland i Flekke fekk julestjerne frå FIRDA på torsdag. ”Eit positivt menneske, med eit vake sinn for alle dei gode og berande kvalitetane”.

Anita Zadig tek over som ny formann i Dale Musikkorps etter Arthur Boge.

I FIRDA er der i dag brudebilde av Charlotte og Børje Eikerol. Dei har gått stad og gifta seg der oppe i Trøndelagen utan å seie i frå.

Stein-Joar Hovland fortel frå Gjøafeltet 45 km vest av Bulandet. Og han har teke foto frå plattforma der vi ser inn til Alden, Askvoll og Fjaler. Sjå hans artikkel og foto nedanfor. HER

Oddvar Røysi får konsesjon for å kjøpe garden Strand, Fjorden, for 700.000. Han leiger innmarka ut til naboen, og han vil restaurere husa. Oddvar Røysi (70) er frå Sogn, Luster. Han bur på Hønefoss og er forretningsmann. Han tener godt og har over 40 mill i formue så vi vil spørje om han vil satse på noko meir i Fjaler?

Flekke. Leif Jarle Espedal vil bryggje øl på garden. Der kjem mikrobryggeri, fortel han til FIRDA. Dette blir spennande å smake. Elles driv han med villsau og har jobb i Telenor i Førde. “Ølet til Leif Jarle smakar fantastisk og anbefalast på det varmaste!” seier Dagunn Ylvisåker Igelkjønn.
Men kva skal det heite? Espedal Bryggeri? Og fleire enn Dagunn må vel få smake?
Sjå meir i FIRDA

Det var dans torsdag kveld i Dale. Levande musikk og instruksjon.
Kultur i pausen:
Kjellrun Hamnes Espe hadde skrive juledikt som ho framførde. Ho hadde sogar laga ein engelsk versjon av omsyn til det internasjonale publikum.
Fem studentar frå UWC hadde eit musikkinnslag. Kjekt å få litt underhaldning. Og kjekt å stå på scena.
Vil du vise noko? Det er berre å komme.
Neste torsdag vert dansen også i Dale, Trudvang. Då kjem Dalsfjorden Spelemannslag.

Fredag 4. desember:
kl 19.30 inviterer Dale bok & papir til slakteshow, bokpresentasjon og drøs med Hjortejegarane på Transplant. Vidar Samuelsen organiserer.
kl 20.00: Danseoppvisning ved kulturskulen i kantina på FUS .
Fredagsdans på Kroa kl 21.00

Laurdag 5. Julespel i Trudvang Barneteatergruppa i Dale ungdomslag skal syne skodespelet som er laga i haust: Tre eventyr i ei juleramme. Barnedansen i ungdomslaget skal delta. Sal av kaffi og kaker. Klokka 14:00 Arrangør : Dale ungdomslag/ Frivillegsentralen.

Stort foto i FIRDA på torsdag. 67 glade studentar på den Blå steinen på laurdag. Dei gratulerer fylket med Dalsfjordbrua. Foto: Oddmund Reisæter Haugen.

Desse var med på den Blå steinen:
Lise Eikemo, Alice Vie, Sygni Hansen Losnegård, Ingrid Rivedal Yndestad, Krstine Hofland, Linn Iren Tangedal, Pernille R. Hellevik, Åsmund Skaar, Øystein Olav Skaar, Ole Petter Mundal, Aksel Solheim (barnevogn), Kristine Solheim, Julie Vårdal Heggøy, Kim Frode Solheim, Solveig Nitter, Regine Stensæth Josefsen, Bjørn Klausen, Knut Longvastøl Barstad, Gaute Hope, Ronny Tømmerbakke, Tor Einar Erikstad, Tore Loneland, Atle Loneland, Alice Mathilde Aase Osen, Karoline Os, Terje Eikerol, Alexander Breidvik, Elise Løseth, Jannike Bakke, Synne Hjetland Løland, Nina Helen Erikstad, Nina Vadøy Antonsen, Leonora L. Kleiven, Anna Gundersen, Runhild Mo, Svein Gunnar Standnes, Bjarte Spord, Kurt Inge Solheim, Bente Vasseth, Mari Karnbo, Tone Klausen, Torbjørn Lien, Bjørge Larsen, Even Bøthun, Marianne Bøthun, Sharoon Siraj, Eivind Nyhammer, Vegard Nyhammer, Monir Grimelid, Marius Frøholm, Camilla Ericsson, Trond Valvik, Kjetil Ness, Audun Kjørstad, Inga Haaland, Anders Haaland, Anna Skaar, Karoline L. Samuelsen, Fredrik Solheim, Oddgeir Lammetun, Eirik Magnar Høydal, Chris Andre Nilsen, Kjetil A. Hellebust, Svein-Erik Helle, Stine Bøthun, Laura Knudsen-Bøthun, Anne Nikoline Bakkebø.

Dalsfjordbrua. Meir aksjon: ”Vi møtest på ferjekaia I Dale laurdag 5. desember kl 13.00 der det vert gjeve informasjon om siste utvikling i saka ved aksjonskomitèen og ordførarane i Fjaler og Askvoll. I tillegg vil sjølvsagt aksjonskomitèen i god tradisjon lage positive sprell og ikkje minst vert det offentleggjering av ei ny sak !!?? Det heile vil vere over på ein kort time og etterpå vert det ein kopp kaffi og positiv prat .
Dette er sluttspurten! Vårt engasjement er viktig! Du er viktig!” seier Aksjon Dalsfjordbru.

4.12.2009
Asbjørn Eikerol.

dalsfjordbrua blaastein11 — 67 studentar på den Blå steinen. "Vi ser fram til vidare utvikling rundt Dalsfjorden, og håpar vi kan bidra med vår del i framtida. Gratulerer! seier dei.
Klikk på biletet. Foto: Oddmund R. Haugen.

2009.12.03.des. 004 — Så går vi på dans.

2009.12.03.des. 011 — Andreas viser stolt fram ny skjorte frå Vindheim Design, Flekke. Handsydd.

2009.12.03.des. 012 — Litt frukt, kjeks og drikke i pausen.

2009.12.03.des. 013 — Vi sit ved langbord i matsalen nede i Trudvang.

2009.12.03.des. 010 — Artistane våre på torsdag 3.des. Kjellrunn Hamnes Espe med dikt. Fem elevar på UWC med musikk.

2009.12.03.des. 024 — Slik skal du stige seier instruktøren, Knut David Hustveit.

2009.12.03.des. 025 — Blir det feil? Bra, då kan vi le litt ekstra!

2009.12.03.des. 026 — Øve, øve dans.

2009.12.03.des. 027 — Vi prøver ein gong til.

2009.12.03.des. 029 — Åttetur.

2009.12.03.des. 030 — Glad levande musikk. Her Andreas Ramstad.

2009.12.03.des. 031 — Bli med på dans du også då? Her er plass for fleire. Kom når det passar.

1259909701000 Espedal nett st rr 2943266708×708r1 — Leif Jarle Espedal vil starte ølbryggeri i Flekke.
Foto: Hilde Genberg, FIRDA.

Smånytt. Anleggsstart på Lutelandet. Kystvilt. Torodd Fagerheim. Dale. Båtar og båthamn. Endene ved brua.

2009.11.19.nov. 008 — Endene på symjetur.

Under rettleiing av entreprenør Roy Myklebust, fekk ordførar Arve Helle i Fjaler æra av å fyre av den første salva på anleggsvegen. Fleire glade naboar hadde møtt opp onsdag ettermiddag for å markere anleggsstarten, blant dei tilsette og born i Våge barnehage.
– Utan arbeidsplassar og unge folk, så har vi heller ikkje bruk for barnehage, seier Janne Grete Fristad i barnehagen til FIRDA.

Oddmund Haugen frå Fjaler Film lagar dokumentarfilm om Lutelandet.

Nytt gassfunn på Agat-feltet vest for Bremanger. Kan Lutelandet bli ilandføringsstad?

God smak frå Feios og Fjaler. Kystvilt og Bjarte Midtbø på NRK, SFj: Flatbiffen av villhjort frå Furset i Ytre Fjaler fekk god omtale av juryen i prosjektet “Det norske måltid”.

Torodd Fagerheim er nominert saman med sju andre til “Årets bygdeprofil” i Nationen. Du kan stemme, og lese meir her: Nationen

Malene Solheim spelar handball for Sola: No trivst eg veldig godt i Sola. Eg har det heilt topp, både sosialt og sportsleg. Dette er ein flott gjeng, seier ho.

NM. Finale i vektløfting for lag i Naustdal 4.-5. desember. Der er tre deltakarar frå Fjaler: Jantsen Øverås, Stein-Inge Holstad og Daniel Holstad. Fredagen kan bli spennande sidan Jantsen skal prøve seg på norgesrekordane i 56 kg klassen, og på kravet for å reise på EM i Spania. Så dei treng heia-gjengen.

Gustav Skaar frå Dale skriv dikt og legg ut vakre foto på Lysande stemningar

Torsdag som kjem, den 26.nov, vert det dans på UWC, Flekke klokka 20.00. Alle kan komme og vere med, også nybyrjarar. Levande musikk og instruksjon. Sjå HER

Vil du gje støtte til vi som vil ha Fylkesbaatane sitt flagg tilbake? Sjå HER

Endene ved brua. Det går bra med dei fleste, men ei låg daud nedfor vegkanten denne veka. Er det ein bil? Er det ein katt på jakt, eller?

Nokre foto.

19.11.2009.
Asbjørn Eikerol.

1258721367000 lute13 2921467510×510r1 — Snart klare for jobbar på Lutelandet? Våge Barnehage.
Foto: Firda.

1258721631000 lute4 2921486510×510r1 — Tre av dei fire fast busette på Lutelandet, f.v. Leif Hatløy, Egil Lutentun og Laila Hatløy. Foto: Firda.

1258721401000 lute10 2921473510×510r1 — Førebels må dei som arbeider på Lutelandet bu i brakker. Foto: Firda.

uzMiCGNRwix1uSqF6snMIA2FhBPjbTjAqSCfagP1AXXA1 — God smak frå Feios og Fjaler. Kystvilt. Bjarte Midtbø til høgre.
Foto: NRK.

2009.11.19.nov. 009 — Båthamna i november.

2009.11.19.nov. 011 — Ytste båthamna. Vestover.

2009.11.19.nov. 010 — Ytste båthamna. Mot øst.

2009.11.19.nov. 013 — Byggefelt innom båthamna.

2009.11.19.nov. 014 — Nye byggefeltet til Norvald Kapstad. Her blir det snart ei gate.

2009.11.19.nov. 015 — Dei to vestlegaste husa.

2009.11.19.nov. 016 — Vi ser østover frå byggefeltet til Kapstad.

2009.11.19.nov. 019 — Frå Bausneset og strandvegen vestover. Burde vi fylle ut massar frå tunnelane og lage tomter langs sjøen, garasjer langs bakken mot sør, naust, kaier og båthamn mot nord?

2009.11.19.nov. 001 — Andre byggefelt i Dale. Svehogen og Bjergelia.

2009.11.19.nov. 020 — Fire mann skifte dekor på Coop i Dale.

2009.11.19.nov. 005 — Ein gammal plog ved naustveggen på Øyra. Han bør få komme under tak no?

2009.11.19.nov. 003 — Endene nappar strå på beite på Øyra.

2009.11.19.nov. 007 — På symjetur ved brua.

1258746478000 Fagerheim nett 2922145708×708r1 — Torodd Fagerheim. Foto: Hilde Genberg, Firda.
Stem her Nationen

Smånytt. Fiberoptisk. Mystisk skip i Fossevika. Jentene på Bali kom heim. Laurdagskafè på Kroa. Kari Hovland Sæle. Revyen utseld.

2009.11.14.nov. 008 — Kjøkken.

Smånytt.
I Dale grev Relacom grøfter og legg ned kabel, fiberoptisk, seier dei.

Bort mot Fossevika går eit mystisk skip og kryssar. Leitar dei etter olje? Somme seier at dei òg legg ned kabel.

Årets Gasellebedrifter. 90 i fylket. Ei frå Fjaler: BM Byggservice A/S. (Nr.59)

For lite pengar til Bremanger og Dalsfjord? FIRDA spør.

Ingar Valvik skriv om ”hollandsk sjuke”. Får vi for stor offentleg etterspurnad?

Kari Hovland Sæle er aktiv for Romaniahjelpa Vestlandet. Ho har kontakta skular i HAFS og får inn pengar til å gje skuleplass til 16 ungdommar i landsbyen Raducaneni. Romaniahjelpa samlar også inn klede, sko, leikar og meir.

Jentene på Bali, Annelene Hopland og Kristiane Hustveit kom heim. Dei har studert Ex phil og hatt det varmt i tropane i haust.

I Fjaler er det berre Frank Igelkjøn i Flekke som har aksjar i Nordic Mining. Han har 27 aksjar fortel FIRDA.

Nina Yndestad likar sauehaue og ho kunne tenkt seg ein skoltemiddag med Oddvar Torsheim, skriv FIRDA.

Førde har vaksinert kommunetoppane.
Førde Høgre vil legge ned skular.
Hyllestad må kutte i alle budsjett.

På laurdag hadde elevane i 10. klasse ved FUS kafè på Kroa i Dale Senter. Her var vaflar med rømme og jordbær, spekemat, rundstykke, kaker og skillingsbollar. Butikken gjekk godt og hadde mange blide kundar. Dei vil tene pengar til skuletur. Dei vil til Geilo. No skal dei visst drive kafè kvar laurdag klokka 11.00 til 14.00.

Ved ungdomsskulen ligg stablar med røyr. No skal der bli gjennomtrekk og frisk luft.

Olav Stedje spelte på Transplant laurdag kveld.

Meggerevyen . Alle billettar var utselde. Og folk ringjer og vil bestille meir. Blir det ekstraframsyningar?

På Coop-hjørnet:
Her seier han Rodny at han vil sjå revyen og ho Rrrrrragnhild ein gong til. Og han Reiulf synest at ho Kari er flink som styrer med skule i Romania, og innsamlinga av klede.
Men han meiner at det er for gale om dei må legge ned alt i Hyllestad. ”Ikkje rart at dei ville melde seg inn i Fjaler”.
Han Rodny vil flytte til Lutelandet. ”Eg vil vere med og bygge kai og veg og bru. Og snart legg ekspressen til kai på Lutelandet. Kort veg til Bergen og Florø.”

Og torsdag blir det dans på Straumsnes. HER

Nokre foto.

15.11.2009.
Asbjørn Eikerol.

2009.11.13.nov. 002 — Dalsfjorden ein novemberdag. Vi ser vestover frå Bjerga.

2009.11.13.nov. 010 — Grøfter og kabel i Dale.

2009.11.13.nov. 011 — Relacom kjem med gravemaskin og fleire bilar.

2009.11.13.nov. 005 — Mystisk skip bort mot Fossevika. Set dei åleruser?

2009.11.13.nov. 004 — Vi ser Ottersteinen over fjorden. Her kjem Dalsfjordbrua. Utsikt frå brua, Nishammaren, og vestover Dalsfjorden.

2009.11.14.nov. 002 — Ved FUS. Stablar med røyr. No skal det snart blåsast friskluft utan at du treng opne eit glas!

2009.11.14.nov. 014 — Ved Grana. Sekker og kassar blei lasta inn og stabla høgt på laurdag.

2009.11.14.nov. 015 — Kari Hovland Sæle t.h. og ei av medhjelparane frå Romaniahjelp Vestlandet.

2009.11.14.nov. 008 — Kjøkkenet på Kroa. Vispe røre til vaflar. Smørje rundstykke.

2009.11.14.nov. 007 — I serveringa.

2009.11.14.nov. 006 — Gjestene kom.

2009.11.14.nov. 012 — Daniel Toakwapong sa han ville støtte elevane, og så likar han nok kaker veldig godt.

2009.11.14.nov. 010 — Kjekt med laurdagskafè.

2009.11.14.nov. 004 — Spekemat, vaffel, skillingsbolle, rundstykke med ost eller skinke, kaker?

Nattope på Dale senter. Tilbod. Utstillarar. Kreativ optimisme.

2009.11.13.nov. 047 — Halldor Skard.

Det var fredag den 13. På Dale senter var det nattope. Tilbod i butikkane og lokale salsboder, utstillarar og aktivitetar.
Klokka ti om kvelden fekk vi eit inspirerande foredrag om kreativ optimisme med idrettsforskar, pedagog, forfattar og malar Halldor Skard. Lokalet var heilt fullt. Det er flott at Senterforeininga på ein slik måte vil tilby kultur og kunnskap.
Her kjem eit knippe bilete som viser litt av livet på nattope i Dale.

14.11.2009.
Asbjørn Eikerol.

Meir om Halldor Skard:
POPPIN GRANDPA: Det er mer enn tjue år siden Skard skrev Norges første innføringsbok i breakdance. For tre år siden tok han opp igjen dansingen. Nå, i en alder av 62, deltar han på internasjonale stevner i electric boogie og hip-hop, og går på Barongsai på lørdagskveldene.”
Frå Univesitas Magasin.

Meir om DANS

Eit utval livstankar av Halldor Skard

2009.11.13.nov. 014 — Ei jente med maleri av jenter.

2009.11.13.nov. 013 — Tupperware. Therese K. Tokle.
Her var mange slag binne.

2009.11.13.nov. 015 — Snart er det jul. Møblar og Utstyr med julemotiv.

2009.11.13.nov. 016 — Pamela Baust startar med akupunktur. Stikk ho med nåler?

2009.11.13.nov. 017 — Data, lyd og bilde, foto og video. Joakim Systaddal.

2009.11.13.nov. 018 — Johanna Myklebust: Angora produkt. Du treng ikkje fryse i vinter. Lue, skjerf, knevarmar og meir i mjukaste angora.

2009.11.13.nov. 019 — Jonas Åsnes.
Spekelaks og fiskeprodukt frå Straumsnes. No skal det bli råd å få Omega 3.

2009.11.13.nov. 021 — Anne Lise Bosdal Ullebø: Hudpleie og sminke.

2009.11.13.nov. 023 — Banken. Lillian Løseth med full kontroll.

2009.11.13.nov. 024 — Ei jente frå Fure lagar blomar av silke og metalltråd. Og ho syr kjolar for små og store prinsesser i ekte prisessestoff eller thaisilke.

2009.11.13.nov. 026 — Dalsbua hadde utstilling.
Meir om Dalsbua HER

2009.11.13.nov. 027 — Utsikt.

2009.11.13.nov. 029 — Gard Nedrebø var romvert. Ingen romskip, men han kunne vise fram nyoppussa rom på Motellet.

2009.11.13.nov. 030 — Stig Ove prata med Olav Stedje.

2009.11.13.nov. 031 — Nokre smilande jenter på Dale Bok og Papir.

2009.11.13.nov. 032 — Her er mange blide ungdommar på nattope. Beklagar at eg kutta både til venstre og til høgre, men dei fleste kom frå det utan skade.

2009.11.13.nov. 036 — Mykje meir enn blomar på Blomstertorget.

2009.11.13.nov. 038 — Salbuen har mange luer. “Kva skal eg velje?” seier Chris. Men jentene bestemmer vel?

2009.11.13.nov. 039 — Ingrid Myklebust med strikk og toving. Blir det ny hatt og veske til Line?

2009.11.13.nov. 040 — Halldor Skard med kreativ optimisme.

2009.11.13.nov. 042 — Halldor Skard fekk alle med på leifing. Leifing passar for alle, sa han.