Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Viser arkivet for stikkord nkd

Kunst i Gamle skulen, Dale

KUNST I GAMLE SKULEN

Nordisk Kunstnarsenter Dale viser en performance med den irske kunstneren Dominic Thorpe i den Gamle Skulen
Tirsdag 27. August kl 18:00 – 19:30

Publikum kan komme og gå
som de ønsker under den tiden forestillingen varer

Lys i gamle hus 2013 i Dale

For tredje gong arrangerer vi Lys i gamle hus i Fjaler. Arrangementet har i år både lokale, regionale og internasjonale namn på plakaten.

_Lys i gamle hus _ *har vakse fram frå ein spontan idè om å syne fram kunst og kultur og lyse opp i dei gamle husa på Tusenårsstaden som ligg midt i Dale. _Lys i gamle hus _*har utvikla seg til ein særeigen utstillings- og møteplass mellom kunstnarar og bygda og tilreisande. Laurdag 16. februar skjer det spennande saker både i Badet, gamleskulen, gamle kommunehuset i to høgder og endå meir i Løa og Bestefarsstaua i Jakob Sande-tunet.

Her er smakebitar frå programmet: Dei minste kan vere med på Karnevalsdisko i Badet og sende opp lysballongar og etterpå ute i tusenårsparken. I Studio Nova (1. høgda i gamle kommunehuset) serverer Frank god mat som han har laga og Go Bananas held konsert.
Thea Hjelmeland held konserten sin i Løa seinare på kvelden. Thea vil også gjera ein performance saman med Vilde Jensen Hjetland. Nordisk kunstnarsenter på Dalsåsen stiller med alle sine 6 kunstnarar og dei fyller gamleskulen med utstilling og to videoprojeksjonar oppe i Løa.

Av lokale krefter vil Torkil Sandsund prøve ut eit nytt prosjekt med lyd og lys – der alle vert invitert til å vera med og prøve. Lillian Samdal les opp tekstar. Karina Siegmund, Jan Brauer og David Zadig stiller fram sine kunstverk. Sidan vi er i tunet der Jakob Sande var fødd vil vi i år trekkje fram tre av novellene hans som Kjellaug Bjergene vil lese og Sturle Sandvik gler seg til å spele gitar og på lutten til Jakob Sande. Kvelden vert avslutta med ein konsert med irsk, amerikansk og norsk folkemusikk i Løa. Det vert høg stemning i tunet til Jakob Sande heile kvelden!

Ute i parken skal skulpturen “Time Bank” til franske Mari og Chriostophe lyssettast, det vert bålbrenning og lysleik. Og i Løa er det sal av suppe, godt brød og bar.

Det er fritt tilgjenge i alle hus frå kl 17-01! Detaljar i programmet finn du på kalender og Nyhende på www.fjaler.kommune.no

Arrangør er Fjaler kulturkontor og Jakob Sande-selskapet med støtte frå bulystprosjektet Preform.