Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Viser arkivet for stikkord mai

  • Korssund. Den store keltiske steinkrossen. Nesten 4 m høg. — Nokre mål: Høgd: 384 cm. Breidd: 38 til 31 cm. Avstand opp til armane: 243 cm. Leng armane: 143 til 137 cm. Diameter i holet: 12 cm. Oppmåling ved Per Birger Lomheim, Statens Vegvesen, Sogn og Fjordane. Olsokfeiring Sjå HER Olsok 201…
  • Korssund. — Utsikt frå Einingsfjellet. Nærast er Korssund. Midt i biletet kan du sjå brua til Lutelandet. Bortanfor Lutelandet ser du Sakrisøy. Lengst sør ser du litt av Solund. 2010.05. 28. Mai
  • Til Einingsfjellet. — Inger og Svein Åge Holstad på tur. Mykje å bere. Dei har tung last. Kva er i sekken? Stein til å gjere stien til Einingsfjellet betre å gå på for deg og meg.
• 17. Mai feiring på Hellevik i Fjaler. • www.youtube.com

17. mai nemda i Dale 2011

Dale har hatt val på 17.mai nemd for 2011.
For at vi skal halde vedlike tradisjonane med felles 17.mai-feiring i bygda vår, er det viktig at du stiller opp.
Alle medlemar i dei ulike nemdene vil få innkalling til møte av leiar i nemda. Kan du ikkje stille, så lyt du sjølve skaffe ein erstattar for deg.

Fylgjande personar er valde inn i nemda for i år:
Leiar, Vidar Samuelsen
kasserar, Magn-Helge Bratteli
skrivar, Bente Haugen

Matnemda:
Anne Gunn Boge, leiar
Kristin Holen
Pamela Baust
Else Britt Ness
Signe Jensen
Birgitta Ralston
Kjartan Leirpoll
Britt Stenseth
Vivian Myklebust
Martin Christiansen
May Britt Ness
Gerd Sørestrand
Sylvi Hovland
Hege Standnes
Rigmor Bjørvik
Kirsten Dale
Stein Grov Eilertsen
Lee Frankland
Ahmet Gutosic
Dagmar Heggheim
Magne Hillersøy
Nitaya Pitkaphay
Kåre Ramstad
Frank Refsnes
Mona Willman
Arne Sande
Jan Nistad
Anders Phil
Leon Rennestraum
Ivar Vårdal

Programnemda:
Margrete Reisæter, leiar
Arve Thorsen
Bård Solheim
Arnulf Elle
Ingrid Hansen
Alexander Bau
Andreas Lykkebø
Ove Myklebust

Pynte/ryddenemd:
Sven Naustdal, leiar
Arne Helge Berge
Åge Birkeflet
Werner Garre
Ottar Jarstad
Olav Jorde
Ola Kleppe
Lene Langø
Gunnar Leirpoll
Bjarte Myklebust
Svein Magne Myklebust
David Rakneberg
John Magne Rakneberg
Jens Norvald Sagevik
Ole Ronny Øen
Geirfinn Skadal
Lena Solheim
Ole Strand
Atle Strand
Tor Inge Bortheim
Arnt Leon Myklebust
Monrad Øen
Øystein Boge

Leikenemd:
Guro Osland Ness, leiar
Sølvi Rørvik
Ann Helen Hofstad
Gro Hauge
Gunn Osland Ness

For 17.mai nemda 2011

Vidar Samuelsen, leiar

Skodespel i Guddal 17.mai

17.05.2010

Kvart år vert det arrangert skodespel i Guddal 17.mai, og i år var ikkje noko unnatak. Presis kl 20 starta framsyninga i Fjelljom (Ungdomshuset i Guddal).

Oppmøtet var særs bra, og nærare 130 personar frå nært og fjernt hadde teke turen til Guddal denne fine 17.mai dagen.

Skodespelet i år bar tittelen ”Fart i friinga” og innehelt klassiske handlingar som arv, kjærleik og sjalusi. I år var det Irene Langeland, Ronny Hovlandsdal, Rune Dingsøyr, Linn Dingsøyr og Torunn Åsnes som hadde teke på seg å utføre skodespelet. Noko dei gjorde med glans.

Skodespelet var i 3 akter, med 2 innlagte pausar der publikum kunne ta seg ein prat og kjøpe seg litt å ete/drikke.

Stemninga var høg, latteren sat laust, og skodespelarane synte framifrå talent. Dette var amatørteater på høgt nivå!

Ein særs vellukka kveld med eit teater som fyl opp den fine tradisjonen folk i Guddal har, nemleg skodespel på 17.mai.

22.05.2010
Sture Dingsøyr

17.05.2010 — Ronny Hovlandsdal som “Nils på Neset”

17.05.2010 — Linn Dingsøyr som “Ingrid Neset”

17.05.2010 — Irene Langeland som “Tine Rossland”

17.05.2010 — Rune Dingsøyr som “Tresko-tørres”

17.05.2010 — Torunn Åsnes som “Tore Teglebakken”

17.05.2010 — “Tresko-tørres” prøver seg på “Ingrid”

17.05.2010 — “Tresko-tørres” og “Nils” kranglar!

17.05.2010 — Frieri på gang!

17.05.2010 — Eit spanande Amerika-brev!

17.05.2010 — Applausen ventar!

Flekke. 17. mai 2010. Program og dans i Vonheim.

2010.05. 17. Mai. 231

Om kvelden var der program i ungdomshuset, Vonheim, i Flekke klokka 20.00. Programleiaren, Arne Osland, las diktet “Ungdomshus”, med rockering. Chris Hamper las “Bondeguten” på flekkedialekt med litt aksent. Og han fortalde om dugnad, hesjing, klatring etter sau på Steiestølen med Magne Bjergene, arbeid på taubana i Norddalen saman med Bjørn Norddal og litt av kvart elles.
Sidan kom dans, song og musikk frå scena. Det var lokale artistar, somme frå Flekke, og andre flekkingar frå UWC. Det var ei fin og fargerik framsyning.
Her var også premieutdeling frå tevlingar før på dagen. Finaler i pilkast og spikring var her også.

Så vart salen rydda og Dalsfjorden Spelemannslag spelte opp. Små og store var med og trødde dansen. Dei yngste var kanskje dei ivrigaste. Her er rikeleg med dansetalent. Knut David Hustveit organiserte litt felles dansar og litt dansekurs. Golvet var fullt til klokka var halv tolv og vi kunne dra heim medan nemnda hadde dugnad med å rydde opp att. Kjekt i Flekke.

Nokre foto.

18.05.2010
Asbjørn Eikerol

2010.05. 17. Mai. 220 — Før klokka åtte i Flekke. Nokre av artistane med siste øving før dei går på scena.

2010.05. 17. Mai. 223 — Programleiaren, Arne Osland, imponerer med rockering, og diktet “Ungdomshus”.
Og Kåre Sandvik imponerer som mic-stativ.

2010.05. 17. Mai. 224 — Bondeguten, Chris Hamper.

2010.05. 17. Mai. 225 — Det er full sal, og vel så det, i Vonheim.

2010.05. 17. Mai. 231 — Jentene i Flekke på dans.

2010.05. 17. Mai. 232 — Fatima frå Paraguay, kan danse medan ho balanserer ei krukke på hovudet, om ho ligg eller står. God kroppskontroll her.

2010.05. 17. Mai. 233 — Wagon Wheels. Country swing.

2010.05. 17. Mai. 235 — Asbjørn Igelkjøn har fått premie.

2010.05. 17. Mai. 236 — Resultat, premiar og finaler.

2010.05. 17. Mai. 241 — Finaler på scena.
Spikring jenter junior.

2010.05. 17. Mai. 244 — Spikerfinale for herrar senior.

2010.05. 17. Mai. 247 — Musikk med internasjonale artistar og tekst på serbo-kroatisk.

2010.05. 17. Mai. 248 — Jentene i Flekke kan danse moderne dans også. Gruppa til Florence Hamper.

2010.05. 17. Mai. 252 — Valgjerd Arstein syng. Ine Osland på piano.

2010.05. 17. Mai. 254 — Leif Gunnar Igelkjøn syng.

2010.05. 17. Mai. 256 — Mange tek ein tur ut etter programmet. No vert det rydda til dans.

2010.05. 17. Mai. 259 — Dalsfjorden Spelemannslag er komne på scena. “Er de ferdige å stemme snart? Så eg kan få danse?”

2010.05. 17. Mai. 261 — Også dei aller minste ville vere med og svinge seg midt på golvet. Med ymse hopp og snaue vendingar, hallingkast og dans i ring.

2010.05. 17. Mai. 262 — Dans til Dalsfjorden Spelemannslag i Flekke. Innsats og humør er på topp.

17. mai 2009

flagg no

Ynskjer alle i Fjaler ein riktig fin nasjonaldag.

Håpar å sjå mange flotte bilete på sona.