Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Viser arkivet for stikkord litteratur

Forfattarmøte med Brynjulf Jung Tjønn

Foto: Cappelen Damm

Brunjulf Jung Tjønn frå Feios, vann Brageprisen 2013 for romanen Så vakker du er. Regissør Miriam Prestøy Lie har gjort romanen om til teater, og etter å ha turnert i Sogn og Fjordane og Hordaland skal stykkjet no visast på Det Norske Teatret i Oslo.

Onsdag 6.april kl.19:00 kan du møte forfattar Brynjulf Jung Tjønn til ein litterær samtale med Janne Karin Støylen og Miriam Prestøy Lie på Fjaler folkebibliotek i Dale. Etter praten vert det servert suppe.

Samtalen vil ta føre seg Jung Tjønn sin forfattarskap, og det å bli ein skrivande. Andre emne er litteraturen si moglegheit til å bety noko i liva våre, både for den som les, men også for den som skriv. Og ikkje minst får ein høyre refleksjonar rundt Så vakker du er, som har gått frå tekst til teater.

Inngang: gratis // Suppe: 50 ,-

Arr: Sogn og Fjordane fylkesbibliotek i samarbeid med Fjaler folkebibliotek.

LYS I GAMLE HUS 2016

KULTURFESTIVAL for små og store // Laurdag 5.mars.

LYS I GAMLE HUS byr på kultur, kunst og karneval ved Tusenårsstaden i Dale. Frå kl.16:30 sprakar det av liv og lys i alle dei historiske husa – vi sjåast der!

Arrangør: Fjaler kommune og Jakob Sande-selskapet

Klikk på biletet for stort program:

Kjøp billettar til Slampoesi med Fredrik Høyer her

Kjøp billettar til konsert med Fliflet/Hamre her

Det er alltid dei andre

Prosabok med to lange og fleire kortare tekstar. Kan tingast hos underteikna. Fin julegåve for den som likar bøker og gjerne vil ha skjønnlitterært lesestoff i romjula.