Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Viser arkivet for stikkord konsert

LYS I GAMLE HUS 2016

KULTURFESTIVAL for små og store // Laurdag 5.mars.

LYS I GAMLE HUS byr på kultur, kunst og karneval ved Tusenårsstaden i Dale. Frå kl.16:30 sprakar det av liv og lys i alle dei historiske husa – vi sjåast der!

Arrangør: Fjaler kommune og Jakob Sande-selskapet

Klikk på biletet for stort program:

Kjøp billettar til Slampoesi med Fredrik Høyer her

Kjøp billettar til konsert med Fliflet/Hamre her

Først innsamling, så konsert - Saman ForAndre!

Kirkens Nødhjelp er der i katastrofen og treng deg!
8. april går Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 2014 av stabelen i Fjaler. Då vitjar konfirmantar og andre engasjerte menneske alle husstandar for å samle inn pengar til Kirkens Nødhjelp sitt arbeid.
I 2013 har Kirkens Nødhjelp gitt reint vatn til tyfonoffer på Filippinene og gitt tak over hovudet til flyktningar i Syria. Når ein katastrofe rammar, jobbar Kirkens Nødhjelp for å gi flest mogleg ein sjanse til å overleve. Men behovet for naudhjelp og vern er stort i lang tid framover. Det ser vi både i flyktningleirane på grensa til Syria og i atterreisinga på Filippinene. Bidraget vårt gir Kirkens Nødhjelp høve til å handle raskt og gjere ein best mogleg jobb. Difor håpar vi folk har pengane klare når bøsseberarane kjem.

Vi kan skape forandring!
Nokre katastrofar er klimaskapte og nokre kjem som eit resultat av krig og konflikt. Vi har eit ansvar for å skape levelege forhold over heile kloden. Alle land vil stå sterkare i møte med katastrofen om flest mogleg kan reise seg opp frå fattigdom. Vi kan ikkje akseptere faktumet at ein milliard lever i ekstrem fattigdom. Mange av desse står utan jobb. Å få jobb er ein særs konstruktiv måte å få eit livsgrunnlag på. Difor kjempar Kirkens Nødhjelp for at oljefondet bør auke sine investeringar i fattige land monaleg. Dette kan skape gode jobbar for folk i fattige land. Og sidan sju av dei ti landa i verda med størst økonomisk vekst ligg i Afrika, er dette noko oljefondet kan tene gode pengar på. Ein skikkeleg vinn-vinn-situasjon, med andre ord! Kirkens Nødhjelp arbeider langs mange frontar fordi det er mest effektivt!

Tysdag 8. april kjem bøsseberarane.
Pengane går til Kirkens Nødhjelp sitt arbeid over heile verda. Då har du høve til å gjere noko med uretten og nauda vi ser. Hugs å ha kontantar i huset, og støtt opp om Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 2014!

Solidaritetskonsert
i samband med innsamlingsaksjonen hadde vi for første gong i fjor. Vi gjentek suksessen i år, og konserten i Dale kyrkje byrjar kl.20.00. Då kan du nyte fin musikk frå talentfulle ungdom, samstundes som du støtter ei god sak. Det blir innslag med band og med song av ungdom frå Kulturskulen, UWC og andre.

Temaet for kvelden og songane som blir framførte er solidaritet, d.v.s. fokus på menneskerettar, takksemd for fridomen vår, å kjempe for andre sine rettar og liknande. Ungdomen sjølv har valt songar som passar til temaet. Vi håpar at mange vil stoppe opp no i fastetida og bli utfordra til etisk refleksjon over dei store spørsmåla i livet og til sjølvstendige val.

Konserten er arrangert i samarbeid med kulturskulen og United World College. Det blir teke opp kollekt til Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon Saman ForAndre. Vel møtt!

Dalsfjordveka 2013

(Foto: David Zadig)

Vi minner om eiga nettside for Dalsfjordveka. og eiga side på facebook

Her finn du siste oppdateringar forløpande!

Arrangør : Fjaler, Askvoll og Gaular kommune i samarbeid med frivillige lag og organisasjonar og næringslivet

Gjensyn med tidlegare Fjalerorganist Ivar Jarle Eliassen

Kommande helg kjem Ivar Jarle Eliassen attende til Fjaler og held songtime i Guddal og konsert i Dale. Det er sikkert mange som hugsar han, og kan ha lyst å treffe han igjen. Han har med seg dottera si, Sunniva Eliassen, som er mezzosopran.

Songtime – Laurdag 3. august kl.16.00 i Guddal kyrkje
Ivar Jarle og Sunniva vil presentere salmar som allsong. Alt frå gamle salmar, via Jakob Sande og salmar frå vår eiga tid henta frå Norsk Salmebok 2013. Kollekt til Fond for kyrkjemusikk.

Kyrkjekonsert – Søndag 4. august kl.20.00 i Dale kyrkje
I den fyrste av tre konsertar som feirar 30 års-jubileet for orgelet i Dale kyrkje vil Eliassen spele orgel. Også her medverkar mezzosopran Sunniva med song. I store trekk framfører dei salmar i litt spesielle arrangement for song og orgel med overvegande koralbaserte orgelverk innimellom. Dette programmet har dei framført mange stadar i Nord-Norge og i Sverige med stor suksess!

Sunniva Eliassen frå Finnsnes i Nord-Norge studerer song på master-nivå ved Musikhochschule Lübeck. Eit av fordjupningsområda i studiet er barokkmusikk med særleg vekt på kantatar og oratorie. Ho har vore solist ved mange konserter i kyrkjene i Nord-Tyskland saman med orkestrer og kor. Ho har mellom anna framført samtlege av Bachs solokantatar for alt med original besetning.

Kantor Ivar Jarle Eliassen var organist i Fjaler frå 1979-1980. Det var han som begynte pengeinnsamling til nytt orgelet i Dale kyrkje. Han starta opp både Cantus og Dale barnekor. Sidan 1984 har han hatt vore kantor i Lenvik samt høgskulelektor ved Kirkelig utdanningssenter i nord og Universitet i Tromsø. I samband med Reform av kirkens gudstjenesteliv var han med i Nemnd for gudstjenesteliv, Salmekomiteen og Koralbokkomiteen. Han har komponert og arrangert ein god del musikk for kyrkjeleg bruk og er kyrkjemusikalsk rådgivar i Nord-Hålogaland bispedømme.

Inngangspengar til konserten kr.150,-
Barn under 16 år går gratis

Orgelkonsert - "ei musikalsk reise gjennom Europa"

Etter populært ønskje blir det også i år orgelkonsert i Dale kyrkje med kantor Mark Taylor. Det blir ei musikalsk reise gjennom Europa med orgelmusikk frå mange europeiske land. Du får høyre verk av dei store komponistane som Debussy, Mozart og Bach, samt Noreg sin eigen Ludvig Lindeman (komponisten av «Påskemorgen» og «No livnar det i lundar» som grunnla Norges Musikkhøgskolen). Vi markerer 200-årsjubileum for Lindeman i år. Kollekten går til Landsbyutvikling i Mali.

Vel møtt i Dale kyrkje, onsdag 23. mai kl.19.30!

70-talsmusikk og gode historier på Transplant i kveld

Eg er sikker på at sofaen din ber om ørlite fri til å få luft i putene og restitusjon frå ein lang vinter med hardt arbeid!

Du kan kose deg på Transplant med musikk frå 70-talet, namn som Joni Mitchell, Little Feat og Fleetwood Mac burde vere nok i massevis til å ta turen ut. Når bandet “Free man in Paris” i tillegg lovar humoristiske og utfyllande historier så bør du vere ovetydd om å gje sofaen fri.

I bandet er:
Laila Beathe Førde – Vokal & Saksofoner
Elisabeth Solbakken – Vokal
Einar Nesbakk – Vokal & Gitarer
Arve Solbakken – Bass
Eilif Vaardal – Gitar
Ole Matin Frimannslund – Tromme
- altså, røynde musikarar frå ulike orkester i Sunnfjord.

Ja, det skjer i Fjaler i kveld og om du ynskjer at det skal halde fram med å skje kjekke ting så ……. ja du veit kva som må til: Di deltaking!

Konsert i Dale kyrkje

Fredag 30. september kl.19.30 blir det ny kyrkjekonsert med populære artistar Ragnar Tesdal (song og piano), Michael Gallaher (song og gitar) og Idol-stjerne Kristina Botnen (song).

Ragnar ”Raggen” Tesdal er pianist og låtskrivar og har jobba saman med bl.a. Bjørn Eidsvåg, Rolf Løvland og Solveig Leithaug.

Mike Gallaher er ein gitarist i verdsklasse som først kom til Noreg på turné med Joe Cocker. Han er i utgangspunktet jazzgitarist, men beherskar mange stilartar. Han har samarbeidd med ei lang rekke profilerte artistar, Leon Russell og Joe Cocker er kanskje dei mest kjente.

Vi har nyleg fått vite at Idol-deltaker Kristina Botnen skal vere med på konserten og bl.a. synge “Du som låg i natti seine” av Jakob Sande.

Programmet dei byr på består av noko originalstoff, skrive av Mike eller Raggen, gospel av bl.a. Andrae Crouch, låtar av John Mayer, Bob Dylan og Leon Russell m.fl.. For Ragnar er det ei spesiell glede av få framføra sin melodi til Jakob Sande sitt dikt ”Salme” i Fjaler.

Vi ønskjer alle velkomne til Dale kyrkje denne fredagskvelden og trur denne konserten vil falle i smak hos dei fleste.

Billettsal ved døra kr.150,- (barn under 16 år gratis).
I tillegg blir det teke opp kollekt til Kalfarhuset oppfølgjingssenter i Bergen.

Det lyser i gamle hus på Tusenårstaden i Fjaler

I dag er dagen då det skal lyse og røre seg i alle hus og rom på Tusenårsstaden midt i Dale! Kom og sjå! Det opnar 17.00 og går fram heilt til 01.00 i natt – om du vil. I denne tida kan du velje ut det du ønskjer, eller ta alt! Fram til 21.00 byr kunstnarane Karina Siegmund, David Zadig, Anne Lise Stenseth, Ivar Orvedal, Hildegunn Øiseth, Steingrimur Eyfhjord, Laufey Eliasdottir på spanande opplevingar i “Fjalertunet” (gml skulehus og kommunehus og løa) både inne og ute, konsert i skulehuset 19.00, mat kan du kjøpe i Badet og Studio Nova, der kan du sjå kulturminnefilmar, i løa jekteverkstad, i Bestefarstaua vintermarknad og Sturle Sandvik spelar der 18.00. Frå 21.00 er det kulturkveld i løa med spontane og førebudde innslag. Skjenkeløyve for øl og vin, sal av forfriskningar. Aldersgrense 18 år.
I dag er dagen då det skal lyse og røre seg i alle hus og rom på Tusenårsstaden midt i Dale! Kom og sjå! Det opnar 17.00 og går fram heilt til 01.00 i natt – om du vil. I denne tida kan du velje ut det du ønskjer, eller ta alt! Fram til 21.00 byr kunstnarane på spanande opplevingar i “Fjalertunet” (gml skulehus og kommunehus og løa) både inne og ute, konsert kl 19.00, mat kan du kjøpe i Badet og Studio Nova, der kan du sjå kulturminnefilmar, i løa er det jekteverkstad, i Bestefarstaua vintermarknad og Sturle Sandvik spelar der 18.00. Frå 21.00 er det kulturkveld i løa med spontane og førebudde innslag. Skjenkeløyve for øl og vin, sal av forfriskningar. Aldersgrense 18 år.
sjå facebook.com og fjaler.kommune.no

Save The Last Dance - "En kjærlighetserklæring til bygdedansen"

Tilbake til røttene

Det hele begynte på Landro, på Steinsland, på Eidesjøen, på Fjellheim i Os, på Haakonshella og eller på uttallige andre dansesteder utenfor Bergen som alle gikk under fellesbetegnelsen ”Striledans” og som var de popkulturelle samlingstedene på 60-tallet.
Om sommeren dro man ikke til byen for å gå på dans, man dro til et samfunnshus på bygda. Det var der det skjedde! Det var der folk samlet seg.
Slik er det ikke i dag. Nå går strømmen den andre veien; inn til sentrum.

- ”Save the last dance” forsøker å gå mot strømmen og gi en hyllest til alle samfunnshusene som åpnet dørene og arrangerte bygdedans. Det ble en ren lykke for ambisiøse popmusikere som ikke fikk spille på de ”finere” dansestedene i byen, sier Helge Nilsen og Rune Larsen. Etter 30 konserter i Hordaland setter bergenserne denne gang kursen mot Sogn og fjordane.

Lørdag 10 april gjester dei Fjalerhallen og vil du vere med på vårens vakreste musikalske eventyr så sett av kvelden allereie no. Vi kan love deg eit musikalsk tilbakeblikk frå 60-talet og heilt fram til i dag. Dette blir ein feststund for alle anten dei trådde dansegolvet sjølve på denne tiden eller berre har høyrt om ungdomshusa si storheitstid i frå foreldra sine.

Les meir…

Takk Olav Stedje!

Du var ikkje heilt oppe blant mine favorittar den gong på 80-talet når du herja på radio med “Ein nordmann sin draum” og andre visar. Eg hørte vel helst på punk og rock frå utlandet for da var mykje tøffare!
Men når du i går kveld starta med “This Old Guitar” av John Denver og heldt fram med dine eigne låtar, samt noko av J.D. Souther innimellom, ja då lurte eg mest på korfor det ikkje var skrevet noko om deg i boka “Hotel California: The True-Life Adventures of Crosby, Stills, Nash, Young, Mitchell, Taylor, Browne, Ronstadt, Geffen, the Eagles, and Their Many Friends” av Barney Hoskyns. Kor var du når alle dei med god stemme og fantastisk gitarspel var samla i Laurel Canyon på slutten av 60-talet?
Uansett så gav du oss ein flott konsert i går kveld, for om låtane kom frå Amerika eller Rocken Bom så var alle små høgdepunkt i seg sjøl.
No har eg ein draum om at du kjem att til Fjaler og Transplant med CSNY Tribute bandet du har i lag med Svein Dag Hauge og Egil Eldøen.

Gatebilfestival 2009

Bilar på rad og rekke

Hei godtfolk! Gatebilfestivalen er i gang og opplegget er heilt topp. Her får du sjå og oppleve mykje, samt muligheten for å storkose seg er absolutt til stades. Lenge har vi ønskt at eit slikt tilbud skal være tilgjengeleg for oss her i Sunnfjord og no er sjangsen der for å vise at vi vil og kan. Kven veit, kanskje klarar dei å stable arrangementet på beina neste år og.

Møt opp, alle som ein!

Torsdag 2. Juli
kl.12:00
Billettsal og åpen camping.
kl.13:00
Caféen åpner, diverse stands.
kl.14:00
Påmelding mesterskap.
kl.18:00
Åpen pub, musikk Torbjørn Gran.
kl.02:00
Puben stenger.

Fredag 3. Juli
kl.09:00
Billettsal, frokost, oppstilling biler.
kl.12:00
Bilutstilling, stands, grillkjøkken.
kl.13:00
Åpen pub med musikk,
påmelding mesterskap og paintball.
kl.14:00
Helikopterturer, DB-drag.
kl.15:00
Dekkasting og dekkstabling.
Premieutdeling.
kl.17:00
Burnout-show
kl.18:00
Konsert: Yankee
kl.23:00
Konsert: Liv Marit Wedvik
kl.02.00
Konsert og serveringsområde stenger

Lørdag 4. Juli
kl.09:00
Billettsal, frokost, oppstilling biler.
kl.12:00
Bilutstilling, stands, grillkjøkken,
konkurranser, paintball.
kl.13:00
Åpen pub, musikk, konkurranser,
DB-drag.
kl.16:00
Premiering av biler, best lyd og
premiering av konkurranser.
kl.17:00
Burnout-show
kl.18:00
Lokale band på scena, sceneshow m.m.
kl.21:00
Konsert med Cover Girls
kl.23:00
Konsert med Stage Dolls
kl.01:00
Konsert med Cover Girls
kl.02.00
Konsert og serveringsområde stenger

Torbjørn Gran

Torbjørn Gran

Liv Marit Wedvik

-

-

-

-

04.07.2009

Am-car

Flott lastebil

Vask av bil

Fortauskanten Auto

Ice Audio

Gatebilfestival 2009

http://www.gatebilfestival.no/pic/origo1.gif

Velkomen til årets gatebilfesitval i Sunnfjord. Programmet er spekka med konkurranser, burnoutshow, DB-drag, konsertar, bilshow, utstillingar, stands, helikopterturar, paintball og mange spennande overraskingar.

Vi inviterer alle med gatebil, standardbil, am-car, mc og ellers det dykk har å køyre med, til ein forrykande gatebilfestival og ei uforgløymeleg helg.

Her blir det eigne utstillingar for mange klassar, og sjølv uten bil er du meir enn hjarteleg velkomen.

Festivalen er 2 – 5 juli og blir halden i Årbergsdalen mellom Sande og Vadheim.

Sjå her for fullt program. www.gatebilfestival.no

Konsert m/ "Jeg, meg og Irene" skjærtorsdag på Transplant

Jeg, meg og Irene

Duoen Jeg, meg og Irene spiller på Transplant 09.April!

Dette er en gylden sjanse til å oppleve god musikk som de fleste kjenner til. Muligheten til å møte på gamle kjente kan vel også sies å være stor denne kvelden på Transplant!

Dørene åpner kl 22.00.
20 år.
Inngang kr 100,- / Etter kl 22.30 kr 150,-.

Velkommen!

Minner om at Transplant også er åpen langfredag 22-02.
Påskeaften holder vi stengt.
God påske!