Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Viser arkivet for stikkord kafé

DROP Kafé

DROP Kafé
i Studio Nova, Dale, søndag 20.mars kl.15:00 – 17:00

Legg søndagsturen innom oss for herleg heimebakst og kaffi, etniske suvenirar frå heile verda som du kan kjøpe med deg heim, og morosame internasjonale leikar! (Hugs litt kontantar.)

Organisasjonen DROP med elevar frå UWC arrangerer kafeen denne søndagen. DROP står for Do Remember Other People, og dei arbeider for at barn og unge i underprivilegerte område av verda skal få skulegang. “Skular byggjer skular” er mottoet!

Inviter familie og vener med deg på ein liten rast før påskeferien spreier oss for alle vindar!

Arr: DROP og Fjaler Frivilligsentral

LYS I GAMLE HUS 2016

KULTURFESTIVAL for små og store // Laurdag 5.mars.

LYS I GAMLE HUS byr på kultur, kunst og karneval ved Tusenårsstaden i Dale. Frå kl.16:30 sprakar det av liv og lys i alle dei historiske husa – vi sjåast der!

Arrangør: Fjaler kommune og Jakob Sande-selskapet

Klikk på biletet for stort program:

Kjøp billettar til Slampoesi med Fredrik Høyer her

Kjøp billettar til konsert med Fliflet/Hamre her