Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Viser arkivet for stikkord jul

1. sundag i advent i Dale

Velkomen til 1. sundag i advent i Dale!

Julemessa
Det er mykje som skjer på denne dagen i Dale: Du er velkomen til triveleg julemesse på Fjaler sjukeheim som opnar kl 14.00 med loddsal, messesal med fine julegåver, åresal og sal av kaffi og kaker. Sjå så mykje fint som flittige hender har laga til messa! (alle foto: Bjørg Yndestad) Nytt dette høvet til å besøke slekt og vener og treffe kjenningar!
Arrangør er Støttelaget for sjukeheimen

Biletserie med 21 bilete — bla med å trykkje på pilene

Julegrantenning
Mellom kl. 17.30 til 18.30 er du velkomen til den årlege julegrantenninga i Parken i Dalstunet. Her vil Dale musikkorps spele og vi vil synge julesongar. Og ikkje nok med det, UK-ordførar Astrid Ardagh frå UWC held førjulsappell, det vert program ved 5. årssteg ved Dingemoen skule, sal av varm drikke og noko godt å ete ved 9.årssteg ved Fjaler ungdomsskule. Og så har vi høyrt at nissane kjem på førjulstur til Dale! Og rundt julegrana går vi, så kom og ver med!
Grana vert tent kl 18.00 ved ein elev frå Dingemoen skule.
Arrangør er Butikknemnda i Dale i samarbeid med Dale musikkorps, elevar og foreldre og Frivilligsentralen

Lysmesse
Kl 19.00 er det Lysmesse i Dale kyrkje med konfirmantane, barnekoret og 4. årssteg frå Dingemoen skule. Arrangør er Kyrkja i Fjaler

Velkomen til 1. sundag i advent i Dale!

Meggene slår til med ekstraframsyning 2.juledag

Fantastiske meldingar og fulle hus gjer at Meggene gler seg til å stå på scena att 2.juledag. Om du var ein av dei som ikkje fekk billett i forrige runde har du sjansen no.

Det finnest knapt ei betre julegåve til heimvendte julegjester og vener. Dale bok & papir sel billettar.

Meggene lovar fullt trøkk, gjensyn med kjende figurar, latter, moro og litt oppjustering av nye aktuelle politiske krumspring.

Du kan rett og slett ikkje gå glipp av MEGGER I MEDVINDSPREKE MEN IKKJE FANATISKE! 2. juledag kl. 19.00 i Trudvang

Sjå og høyr Firdameldar og NRKmeldar sine ord om revyen

Megger i vinden med typespel i toppklasse

Uhøgtidelig galskap-og litt alvor