Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Viser arkivet for stikkord jakob

Bli med på dugnad!

Innspurt til opning av våningshuset / litteraturhuset 28. august og til Teaterfestivalen i september: Bli med på dugnad kvar ettermiddag i veke 33 ( frå 15. august) frå kl 18 og laurdag kl 10-16 i tunet og på Tusenårsstaden! Her er varierte oppgåver: vasking, rydding til bål og containar, flytting av møblar og hagearbeid – og kaffikoking! Du kan velje kor mykje / kor lenge. Alt er hjelp i!

Berre møt opp eller send ei melding til Margrete Tlf 99548767

kr 800 000 Hipp hurra!

“http://kulturradet.no/1515 ":http://kulturradet.no/1515

Jakob Sande-selskapet har fått tilskot frå Norsk kulturråd på kr 800 000 til opprusting av våningshuset i Klokkargarden/ Jakob Sande-tunet i Dale – i Fjaler! No er vi i siget!

Nyvaska, fin og fjelga... på Oktoberfest i Dale

Jakob Sande-selskapet flyttar Krambua si ut med sal av nye T-skjorter mm på stand under Oktoberfesten her i Dale sentrum i morgon 14. september mellom 13 og 18. Kom og kjøp!

Eg vil gifte med – med alle i hop
Nyvaska, fin og fjelga
I morgon skal eg byrja på eit nytt og betre liv, trur eg
Fargar: lilla, grøn og svart. Klassisk, dame og barne-modell

Til barn: Kongeleg musefangar.
Fargar: Rosa, blåturkis, grøn og gul

Finansministeren kjem til Fjaler på fredag.

Fredag 12. juni kjem finansminister Sigbjørn Johnsen til Fjaler.

Du kan møte han på stand i Dale sentrum kl. 16-17.

Kl. 18 inviterer Fjaler Ap medlemmer, fagorganiserte, lag, organisasjonar og andre interesserte til OPE MØTE med finansministeren i løa på Jakob Sande-tunet.

Vel møtt! Fjaler Ap / Sogn og Fjordane Ap

Lys i gamle hus 2013 i Dale

For tredje gong arrangerer vi Lys i gamle hus i Fjaler. Arrangementet har i år både lokale, regionale og internasjonale namn på plakaten.

_Lys i gamle hus _ *har vakse fram frå ein spontan idè om å syne fram kunst og kultur og lyse opp i dei gamle husa på Tusenårsstaden som ligg midt i Dale. _Lys i gamle hus _*har utvikla seg til ein særeigen utstillings- og møteplass mellom kunstnarar og bygda og tilreisande. Laurdag 16. februar skjer det spennande saker både i Badet, gamleskulen, gamle kommunehuset i to høgder og endå meir i Løa og Bestefarsstaua i Jakob Sande-tunet.

Her er smakebitar frå programmet: Dei minste kan vere med på Karnevalsdisko i Badet og sende opp lysballongar og etterpå ute i tusenårsparken. I Studio Nova (1. høgda i gamle kommunehuset) serverer Frank god mat som han har laga og Go Bananas held konsert.
Thea Hjelmeland held konserten sin i Løa seinare på kvelden. Thea vil også gjera ein performance saman med Vilde Jensen Hjetland. Nordisk kunstnarsenter på Dalsåsen stiller med alle sine 6 kunstnarar og dei fyller gamleskulen med utstilling og to videoprojeksjonar oppe i Løa.

Av lokale krefter vil Torkil Sandsund prøve ut eit nytt prosjekt med lyd og lys – der alle vert invitert til å vera med og prøve. Lillian Samdal les opp tekstar. Karina Siegmund, Jan Brauer og David Zadig stiller fram sine kunstverk. Sidan vi er i tunet der Jakob Sande var fødd vil vi i år trekkje fram tre av novellene hans som Kjellaug Bjergene vil lese og Sturle Sandvik gler seg til å spele gitar og på lutten til Jakob Sande. Kvelden vert avslutta med ein konsert med irsk, amerikansk og norsk folkemusikk i Løa. Det vert høg stemning i tunet til Jakob Sande heile kvelden!

Ute i parken skal skulpturen “Time Bank” til franske Mari og Chriostophe lyssettast, det vert bålbrenning og lysleik. Og i Løa er det sal av suppe, godt brød og bar.

Det er fritt tilgjenge i alle hus frå kl 17-01! Detaljar i programmet finn du på kalender og Nyhende på www.fjaler.kommune.no

Arrangør er Fjaler kulturkontor og Jakob Sande-selskapet med støtte frå bulystprosjektet Preform.

Litteraturseminar i Fjaler "Gåta om livet ligg løynt der i"

(Jakob Sande)

10. og 11. august på UWC, Haugland i Fjaler
Tema for Jakob Sande-seminaret i år er Mysteriet. Sentralt i forståinga er at dette er noko som er vanskeleg å forklare, men som samstundes krev ei forklaring. Ein vil nytte dette til å sjå nærare på mysteriet si rolle i ulike sjangrar og framstillingsformer. Desse forfattarne deltek: Karl Ove Knausgård, Gunnar Staalesen, Mette Karlsvik og Demian Vitanza.
Mette Karlsvik sin tekst Etter 22. juli vert framført som dramatisk lesing og er skriven som eit forsøk på å forstå og forsone seg med dei grufulle hendingane i Oslo og på Utøya 22. juli 2011. Miriam Prestøy Lie er instruktør og skodespelarar er Idun Losnegård, Aisha Bornø og Olve Drageseth.

10. august, same stad
Den tradisjonelle Kobbeskjerskvelden, med allsong av Sande-tekstar på fjorden, er ein del av tilskipinga. Det same gjeld konserten, som i år er delt i to; først med Nora Oleanne Sårheim og Kato Flem og etter det konsert med Lillian Samdal og Anna Wingård. Dalsfjorden Spelemannslag spelar opp til dans om kvelden.

Påmelding og tinging innan 1. juli for seminar/ full pakke
Påmeldingsskjema finn du på www.jakobsande.no.
Ein kan og ringje tlf 57737775/ 99548767
Samla påmelding innan 1. juli. ( Seminar, konsert, båttur, dans)
Pris kr 1100,- Pris berre seminar kr 850,-

Overnatting og mat
Det er mogleg å overnatte på studentbyen på UWC: Pris kr 1300,- pr rom pr natt. Opp til fem personar kan dele eitt rom.
Matservering: Frukost kr 50, lunsj kr 100, middag kr 100,-.

Tinging på www.jakobsande.no

Arrangør Jakob Sande-selskapet/ UWC Røde Kors Nordisk

Sommarope i Jakob Sande-tunet

_Humla spelar i sommardagen! _Frå sundag 17. juni er det ope på Jakob Sande sin fødestad i Dale frå kl 14.00 – 18.00 . Lisa i Li opnar sommarkafeen sin og serverer nysteikte lappar, heimelaga gode kaker og kaffi og snop i kvar krå. I Krambua får du kjøpt T-skjorter, bøker, CD`ar og kort.
Omvising kan du få kl 14:30 og kl 16:00 med start frå Bestefarsstaua. Kr 50,- pr person. Her går vi i fotspora til diktaren og vert betre kjend med mijløet han voks opp i, om liv og dikt.

Er det regn, er det plass inne i Bestefarsstaua og i Løa. Velkomen i Jakob Sande-tunet i Dale !

Tunet er ope kvar sundag fram til 12. august.
Arrangør: Jakob Sande-selskapet www.jakobsande.no

Lær å vere lokalguide

For ungdom som ikkje har fått seg sommarjobb, men har lyst å gjere på noko likevel – eller har du litt tid ekstra? Sjå her: Ver med på eit lite sommarkurs i omvising! Vi tek utgangspunkt i Jakob Sande, dei gamle husa på Tusenårsstaden og lokalhistoria i Dale. Du får prøve deg og du kan komme med idear! Det er gratis å delta! Vi avtalar tid og omfang så snart vi får nokon interesserte!

Kontakt Jakob Sande-selskapet tlf 99 54 87 67 E-post: selskap@jakobsande.no

Sommarjobb for ungdom som tunvert

*Jakob Sande-tunet i Dale treng snarast ein ungdom som kan jobbe torsdag og sundag. *
Jakob Sande-selskapet søkjer etter ein positiv og serviceretta ungdom, som vil arbeide som tunvert/omvisar i Jakob Sande-tunet, frå no av og fram til 15. august. Tunverten vil vere ansvarleg for omvising, kafé- og krambusal på torsdagane og nokre sundagar.

Arbeidstida vil vere hovudsakleg frå kl. 15 -18. Det kan kome til andre oppgåver, som førefallande arbeid, påfylling av varer, vedlikehald og andre omvisingsoppdrag. Du vil få opplæring. Historieinteresse og kunnskap om Dale og Fjaler vil vere eit pluss.

Du må helst vere over 18 år, ha god allmennkunnskap og beherske norsk og engelsk.

*For meir informasjon: *kontakt snarast styreleiar Margrete tlf 995 48 767.
Send søknad til Jakob Sande-selskapet, postboks 68, 6961 Dale i Sunnfjord, eller til e-post selskap@jakobsande.no

TUNVERT/OMVISAR I JAKOB SANDE-TUNET SOMMAR 2011

Jakob Sande-selskapet søkjer positiv og serviceretta ungdom, som vil arbeide som tunvert/omvisar i Jakob Sande-tunet, Dale i Sunnfjord, i perioden 2. juni til 15. august. Tunverten vil vere ansvarleg for omvising, kafé- og krambusal på torsdagane i heile perioden, og nokre sundagar.

Arbeidstida vil vere hovudsakleg frå kl. 15-18. Det kan kome til andre oppgåver, som førefallande arbeid, påfylling av varer, vedlikehald og andre omvisingsoppdrag. Du vil få opplæring. Historieinteresse og kunnskap om Dale og Fjaler vil vere eit pluss.

Du må være over 18 år, ha god allmennkunnskap og beherske norsk og engelsk.

For meir informasjon: kontakt dagleg leiar Therese i 3. etg på Dale senter tlf. 57 73 77 75 / mobil 971 86 486 eller styreleiar Margrete tlf 995 48 767.

Send søknad med CV til Jakob Sande-selskapet, postboks 68, 6961 Dale i Sunnfjord, eller til e-post tunet@jakobsande.no

Det lyser i gamle hus på Tusenårstaden i Fjaler

I dag er dagen då det skal lyse og røre seg i alle hus og rom på Tusenårsstaden midt i Dale! Kom og sjå! Det opnar 17.00 og går fram heilt til 01.00 i natt – om du vil. I denne tida kan du velje ut det du ønskjer, eller ta alt! Fram til 21.00 byr kunstnarane Karina Siegmund, David Zadig, Anne Lise Stenseth, Ivar Orvedal, Hildegunn Øiseth, Steingrimur Eyfhjord, Laufey Eliasdottir på spanande opplevingar i “Fjalertunet” (gml skulehus og kommunehus og løa) både inne og ute, konsert i skulehuset 19.00, mat kan du kjøpe i Badet og Studio Nova, der kan du sjå kulturminnefilmar, i løa jekteverkstad, i Bestefarstaua vintermarknad og Sturle Sandvik spelar der 18.00. Frå 21.00 er det kulturkveld i løa med spontane og førebudde innslag. Skjenkeløyve for øl og vin, sal av forfriskningar. Aldersgrense 18 år.
I dag er dagen då det skal lyse og røre seg i alle hus og rom på Tusenårsstaden midt i Dale! Kom og sjå! Det opnar 17.00 og går fram heilt til 01.00 i natt – om du vil. I denne tida kan du velje ut det du ønskjer, eller ta alt! Fram til 21.00 byr kunstnarane på spanande opplevingar i “Fjalertunet” (gml skulehus og kommunehus og løa) både inne og ute, konsert kl 19.00, mat kan du kjøpe i Badet og Studio Nova, der kan du sjå kulturminnefilmar, i løa er det jekteverkstad, i Bestefarstaua vintermarknad og Sturle Sandvik spelar der 18.00. Frå 21.00 er det kulturkveld i løa med spontane og førebudde innslag. Skjenkeløyve for øl og vin, sal av forfriskningar. Aldersgrense 18 år.
sjå facebook.com og fjaler.kommune.no

Spennande utvikling av løe

Spennande utvikling i Jakob Sande-tunet

Det er mange som gler seg over utviklinga i Jakob Sande-tunet no om dagen. Folk som tar turen bortom, applauderer og seier: dette vert flott! Gravemaskina arbeider på og legg gamal stein på ny stad. Snikkarane har kledd opp heile løa og lagt nytt golv. Det er allereie prøvekøyrt med 120 personar og fleire var det plass til. Måling har vore dugnadsinnsats. Muraren i fjøsen har pussa på den gamle muren og lagt nye fliser. Det ser så flott ut!

Heilt sidan klokkargarden vart kjøpt i 1997 av den gong Jakob Sande-stiftinga, har ønskje vore å kunne bruke løa til større forsamlingar, utstilling av ulikt slag og få eit større kjøken – ja rett og slett eit fleirbrukshus som vi meinte det ville bli bruk for i framtida. No har det gått mange år sidan den gong. Og vi har erfart at interessa for å sjå fødestaden til Jakob Sande har vore stor, frå mange ulike kantar av landet og frå utlandet.

Restaurering/ombygging av løa
Løa i Jakob Sande-tunet antar vi er frå 1911. Før den tid sto det ei anna og som var vendt aust/vest. Ein gong på 60-talet, trur vi, datt taket i saman og det vart sett opp ein ny konstruksjon og lagt nytt tak av bølgeblekk. Den har stått lenge som lager og ikkje vore i bruk. Arkitekt MNAL Erling Hjelle som tok oppdraget for istandsetting av løa til ny tid, har laga fleire framlegg til skisser og teikningar. Styret som har ansvar for istandsetting av bygningen, har vore i dialog med han og sidan i fjor, då vi fekk tilsagn om midlar til lokalt kulturbygg (tippemidlar), har det vore sett ned ei byggjenemnd.

Det har vore fleire val å ta. Kva ville vi med denne løa? Skulle vi behalde låvebruene? Korleis ta vare på det gamle løe-preget?

Det har vore ein kontinuerleg prosess. Av fleire ting har byggenemnda vurdert tilkomst og utnytting av låven og funne at desse omsyna ikkje var løyste på ein god måte i dei opphavlege planane frå 2007. Nemnda rådde difor til at låvegolvplatået vart på same plan og dei utvendige låvebruene var dreia til ein amfi og murt opp att med den gamle steinen.

Søknad om endringar i fasade- og uteområde vart, etter vurdering frå fylkeskommunen, godkjent av administrasjonen i Fjaler kommune etter delegert mynde frå formannskapet. Det har også som seinast 22.06.10 vore oppe på nytt der formansskapet samtykkjer i administrasjonen si vurdering og stadfester vedtaket som er gjort. Nokre kritiske røyster har meldt seg som part i saka, noko formannsskapet stadfestar dei ikkje er. Formannskapet støttar seg til uttale frå fylkesmannen der kommunen stillte spørsmål knytt til parts- og klagerett i byggjesaker

Betre utnytting. Arealet inne på låven vert no langt meir anvendeleg til ulike føremål når golvet er flatt. No har vi ei open løysing med ei golvflate på 90 kvm. Det vil ikkje lenger vere trapper og ulike nivå inne som gjer det vanskeleg for funksjonshemma å ta seg fram og nytte lokalet. Den opne løysinga med universell utforming gir langt større fleksibilitet for utstillingar, workshops, teater og film og andre kulturaktivitetar. Vi kan ta imot busslastar og og halde konsertar. Vi har fått ei betre utforming og utnytting av uteområdet og ein utandørs amfi med sceneplass.

Flott fasadeløysing. Eksisterande låvedør vert nytta opp att, senka og vil ha eit vindusfelt over. Mot sør er det sett inn eit stort ni-ruta glas.

*Fjøsen med nytt kjøken. *Vi er svært nøgde med å ha med oss ein erfaren og dyktig murar som har gjort eit flott handverk i kjellaren. Taket er som før og rommet står fram som lunt og stemningsfullt. Her er trapp opp på låven, nytt stort kjøken, toalett og vaskerom og eit lite avlastingrom. Eine døra har tilkomst for rullestol. Ute framfor fjøsen vert det ein platning for uteservering og ein stad for fred og ro.

Inn i framtida
Med dyktige arbeidarar og handverkarar går arbeidet fort unna. Det er grøfta rundt heile bygningen og vi reknar med at løa vil vere presentabel til Fest i Fjaler som startar 6. august med utstilling, skrive – og fortellarkurs og kulturprogram. No er det ope for alle som vil ta turen innom Lisa i Li om sundagane i Bestefarsstaua og sjå på byggearbeidet.

I tillegg til vår eigen drift, vil det vere mogleg å leige lokalet. I framtida ser vi nye mogelegheiter for ei spennande utvikling av Jakob Sande-tunet, for både liten og stor, lokalfolk og for tilreisande. Sjølve hjartet på staden, Bestefarsstaua, har vore i bruk i 10 år i år og no får vi i tillegg ei fleksibel løe. Vi har eit flott uteområde som del av Tusenårsparken. No kjem turen til ny bruk av våningshuset. Ein ”nymoderne” garasje midt i mellom vil vi gjerne heller ha sett eit hus i gammal stil. Nok å henge fingrane i! For å klare dette, er det berre å gå på, skaffe midlar og folk til å gjennomføre planane vi set oss.

23.06.10
Jakob Sande-selskapet

Margrete Reisæter Arne Kyrkjebø
-styreleiar – leiar i byggenemnda