Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Viser arkivet for stikkord internasjonal

DROP Kafé

DROP Kafé
i Studio Nova, Dale, søndag 20.mars kl.15:00 – 17:00

Legg søndagsturen innom oss for herleg heimebakst og kaffi, etniske suvenirar frå heile verda som du kan kjøpe med deg heim, og morosame internasjonale leikar! (Hugs litt kontantar.)

Organisasjonen DROP med elevar frå UWC arrangerer kafeen denne søndagen. DROP står for Do Remember Other People, og dei arbeider for at barn og unge i underprivilegerte område av verda skal få skulegang. “Skular byggjer skular” er mottoet!

Inviter familie og vener med deg på ein liten rast før påskeferien spreier oss for alle vindar!

Arr: DROP og Fjaler Frivilligsentral

Internasjonal utveksling i Portugal

[Bilete 1351444 fins ikkje eller er sletta]

Vil du vere med på ein internasjonal utveksling og møte ungdomar frå sju land i Europa?

Kvar: Portugal, Pinhal Nova
Når: 16. – 25. juli 2010
For: ungdom mellom 18 og 25 år
Antal: 4 frå Norge
Tittel: “Recycle and Perfom” – gjenvinning- og teater workshops (du treng inga erfaring, må berre vere interessert i å delta).

Utlegg: 30% av reiseutgiftene – resten, både overnatting og mat er dekka av EU / Youth in Action Program.

Interessert? Ta kontakt med Frivilligsentralen
E-post: frivilligsentralen@fjaler.kommune.no
eller volontør Karolina: smiech.karolina@gmail.com
Tlf. 57 73 80 20

[Bilete 1351435 fins ikkje eller er sletta]