Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Viser arkivet for stikkord hjort

Hjortemøte i Dale

Velkommen til ope møte om det nye hjorteprosjektet “Forvaltning av hjortebestand 2013-2017” i regi av Utmarksavdelinga til Sogn og Fjordane Skogeigarlag. Møtet er i Fjalerhuset, 3 etg (kommunestyresalen) måndag 11. november kl. 20.00
Dette er eit informasjons- og arbeidsmøte med fokus på hjorten sin områdebruk her hjå oss.

Tema for møtet er:
• Korleis kan vi best forvalte ein hjortebestand?
• Kva areal nyttar hjorte i vårt område?
• Erfaring frå merkeprosjektet
• Gruppearbeid: Lokal kunnskap, trekkvegar/ områdebruk
• Nye forskrifter – nye mogelegheiter

Foredragshaldar: Arve Aarhus frå Sogn og Fjordane Skogeigarlag
Møtet er ope for alle – vel møtt!

Mer informasjon:www.fjaler.kommune.no
Arrangør:Landbruksforvaltninga i Askvoll og Fjaler

Kald vinter for hjortedyra våre

Dro ut sist fredag for å plassere et viltkamera på ein foringsplass for hjort.

Allereie om søndagen kunne grunneigaren melde om mange eksponeringar på kameraet. Dro derfor ut i formiddag for å sjekke bildene.

der var mykje bilder på kameraet, men eg blei var ei lite bevegelse oppe i eine rundballen. Lurte litt på om det var vengen til ein fugl eg hadde sett. Men nei, der låg ein liten hjortekalv.

Den var nokså redusert sidan den ikkje byksa ut og forsvann når eg kom. Fekk fatt i grunneigar og vi lurte litt på kva vi skulle gjere med den. Eit alternativ var å avlive den dersom den var skada. Dette var nok ein morløs kalv sidan den hadde blitt liggjande igjen åleine på foringsplassen. Vi fekk med ein nabo til og blei einige om at vi skulle få den i hus og sjå om den ville komme til hektene igjen.

På plass på hengaren og på veg i fjøsen. den var såpass svak at det var ikkje noko problem å flytten den frå plassen den låg på og opp i hengaren.

Hjortekalven fekk plass i eine stekken som var klar for kalvane som var ventane no om dagen.

Litt melk frå kyrne prøvde vi å få i den.

Dyrlegen såg på hjortekalven i ettermiddag, men dessverre så døde den tidleg på kvelden.

STORSAMLING AV JEGERE

Aldri har så mange jegere frå heile fylket vore samla i Dale før. Anledningen var presentasjonen av boka “Hjortejegerne”, samt en liten innføring i partering av hjort av Johan Trygve Solheim frå Norsk Hjortesenter.
Sist fredag var vi samla i baren på Transplant, omlag 60 jegere inkludert jeger og forfatter Egill Danielsen, Helga-Mari Tessem frå Sveio, Geir-Helge Østerbø frå Høyanger og Kurt Oddekalv frå Bergen, i tillegg til allereie nemnde Solheim frå Svanøy.
Vi fekk ein god innføring i korleis ein parterar hjorten og som nokre sa; Min hjort har ikkje så mange stykkje, og ein anna sa at det kjøtet som ikkje er med på ditta stykkje, da e´med på neste! Her var noko å lære for fleire av oss. No veit eg at der ligg lårtunge marinert med gin, salt, pepar og tytebær i kjøleskapet til ein av deltakarane. Den skal ligge slik i 4 døgn og då blir det gravet lårtunge. Eg er spent på å høyre korleis resultet blir.

Egill Danielsen presenterte så boka si “Hjortejegerne”, med gode tilleggskommentarar både frå salen og frå jegarane som var med i boka. Stor begeistring blei det då vi såg korleis Oddekalv´en som ein ekte naturens mann drog hjorten ut av skogen med hest, for så å surre den bak på den store SUV´en sin og køyre heim!

Johan Trygve holdt på med partering innimellom utover kvelden og det var veldig populært å sjå og spørje korleis ein kan gjere det betre. Mange gode tips blei nok plukka opp denne kvelden.

Ekspertpanelet beståande av Johan Trygve, Helga-Mari, Kurt og Geir-Helge blei grilla av publikum i ulike spørsmål om forvaltning, avskyting, metodar osb. Som ein sjøl kan tenkje seg, så blei temperaturen god og latteren satt løst når ein så god gjeng fekk litt gang på debatten.

Dale bok & papir a.s. var tilstade med utvalet sitt av bøker om hjort. Johan Trygve frå Norsk Hjortesenter var imponert over utvalet vi hadde og meinte at vi hadde det aller meste som var å få tak i om hjort. No finn du også lenkje til nettbutikken til bokhandelen på Norsk Hjortesenter si heimeside!
I tillegg så selde Hjortesenteret den gode allround kniven “Spretter´n”.
Mange julepresanger blei nok ordna denne kvelden.

Fornøgde jegere frå Sotra som hadde tatt turen til Hjortedrøset på Transplant. Dei også var veldig godt nøgde med opplegget, og sa at dette må vi gjere meir av. Så det blir nok Hjortedrøs i 2010 også :)

Årets jaktbok!

Bli med på Hjortedrøs med Hjortejegerne fra boka med samme navn!

Møt Kurt Oddekalv, Egill J. Danielsen og Johan Trygve Solheim m/flere.

Boka har solgt langt over forventet, og Tun Forlag er nå i ferd med å selge ut hele sin del av opplaget (som de deler med Bokklubben Villmarksliv). “Hjortejegerne” er årets mest omtalte jaktbok. Nå er den også i ferd med å bli årets mest solgte.

Fredag 4. desember kl 19.30 inviterer Dale bok & papir til, slakteshow, bokpresentasjon og drøs med Hjortejegerne på Transplant. Her blir det gode muligheter til å kjenne på nerven i hjortejakta, og prate med noen av “Norges beste hjortejegere”.

Har du spørsmål, kontakt gjerne forfatter Egill J. Danielsen på tlf 900 25 780.
eller Vidar Samuelsen på tlf 970 37 525

PARTERING OG OPPSTYKKING AV HJORT

Er du også ein av oss som blir litt usikker når slaktet ligg klar på kjøkkenbenken og vi skal stykke det opp i dei finaste biffar og steikar? Kor var no mørbraden tro, tenker du kanskje?
Fortvil ikkje, fredag 4. desember kjem Johan Trygve Solheim frå Norsk Hjortesenter på Svanøy og held kurs / demonstrasjon i partering og oppstykking av hjort i baren på Transplant.
Dette er ein del av kveldens Hjortedrøs-program og ein utmerka anledning til å sjå ein meister i arbeid når det gjeld hjorteslakt.
Stykkene vil bli auksjonert bort i løpet av kvelden. Her kan du skaffe deg ein utsøkt søndagsmiddag.

Hjortedrøs med Hjortejegerne

Fredag 4.desember kjem forfatteren av boken “Hjortejegerne” Egil Danielsen, i lag med fleire av bidragsyterne i boka, til temakveld om hjortejakt i Dale. Sett av kvelden og ta turen til Dale og baren på Transplant for ein drøs med nokon av landets beste hjortejegere. Meir info om opplegget kjem snart.
Meir info på Facebook, Sjekk Hjortedrøs under Dale bok & papir gruppa