Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Viser arkivet for stikkord hage

Plantesal

Laurdag 23. juli frå kl 10.00 og utover står eg i Parken i Dale og sel stauder.
Eg har med meg litt av kvart, mellom andre lupinen på biletet som er heilt lovleg å ha i hagen sin.
I tillegg har eg fleire sortar akeleier, blå valmuesøstre, paradisliljer, to sortar ballblom, to sortar fløyelstjøreblom, steinveronika og mange sortar som berre har botanisk namn og ikkje er så kjende.
Else Tømmerbakke – Hagen på Amfjell

DRAUMEHAGEN - STAUDER FOR VÅRT KLIMA

Føredrag om stauder for Vestlandsklima ved Tommy Tønsberg, som er kjend frå Hageselskapet og tidlegare redaktør av Norsk Hagetidend. Han har og redigert boka på biletet i tillegg til 3 andre.
De er alle velkomne på Dingemoen skule i Dale onsdag 16. mars kl 19.30.
Matykt og lotteri vert det ogso.
Møtet vert arrangert av hagelaga i Askvoll, Gaular og Fjaler
Bilett kr 50 for hagelagsmedlemar og kr 80 for andre hageinteresserte.

Trendar i hagen i 2016

Onsdag 11. november kl 19.00 *kjem Oddleif Jarstad frå Blomstertorget og fortel kva som rører seg på hagefronten i tida framover. Medan vi hagefolka tek det litt meir med ro, er det full rulle med planlegging av neste sesong hjå hagesenterea rundt omkring. Møtet vert på Dingemoen skule.*
Det vert og tid for ein kaffikopp og lotteri.
Ein trend som dei siste åra har vorte meir og meir viktig er å ha planter og ellers legge til rette for eit rikt insektsliv i hagen, og då er noke so traust som ein oktoberbergknapp med å gje mat til insetkta om hausten.

Fjaler Hagelag er arrangør og møtet er ope for alle.

Hagevandring

Måndag 22. juni frå kl 19.00 inviterar Else Tømmerbakke på hagevandring i hagen sin på Straumsnes.
Planter, kompost og grønsaksdyrking i pallekarm er tema for kvelden.
No er det mange sortar stauder som er på det finaste i hagen m.a, Astrantia major – stor stjerneskjerm (biletet)
Fjaler Hagelag har felleskøyring frå Firda Billag kl 18.30 og alle er hjarteleg velkomne.

Planteloppemarknad i Parken i Dale 6. juni kl 10.30

Dette er ei plante som insekta elskar. Denne og mange fleire sortar vert å finne på Fjaler Hagelag sin planteloppemarknad.
Av det som vert å finne er: Tellima grandiflora, fleire sortar Geranium – storknebb, Verbascum – kongslys, Chleone obliqua – duehode, Hosta, to sortar lungeurt, Eryngium giganteum – kjempestikle, (biletet) og Sedum – oktoberbergknapp, Iris og Silene asterias – stjernesmelle.
Det vert også høve til ein planteprat med fleire av medlemane i hagelaget.
Vel møtt.

HAGE ER MEIR ENN VEGETASJON

Måndag 3. november kl 19. på Dingemoen skule
Fjaler Hagelag inviterar til foredrag med bilete om hageplanlegging.
Jostein Kjøsnes, leiar i Sogn og Fjordane Hagelag, kjem og fortel litt om hageplanlegging.
Besøkshagen hans har vore flittig besøkt av hageinteresserte, og han fortel med stor entusiasme om korleis ein kan skape ein funksjonell hage.
Som vanleg på hagemøta vert det kaffiøkt og lotteri.

Sal av stauder

Busknellik er ein av sortane eg kjem til å ha med i Parken i Dale førstkommande laurdag.
I tillegg har eg fleire sortar primula, clematis, stjerneskjerm, iris, lupin, korssmørblad, klokkeøsteurt, grøn julerose, 3 ulike sortar rørblomst, breibladkoll, 3 sortar purpursolhatt, 2 sortar alunrot og nokre få planter av andre sortar.
Eg startar 10.30 og vert ei stund framover dagen. Får sjå om det vert noke aktivitet i godveiret.

Med helsing Else Tømmerbakke

Planteloppemarknad i Parken i Dale laurdag 31. mai frå kl 10.00

Fjaler Hagelag inviterar på Planteloppemarknad i Parken i Dale.
Her er det gode sjangsar for å få planter til hagen for ein rimeleg penge.
Mellom anna så vert dette å finne:
Fjellflokk, trompetflokk, gul daglilje, hosta, fleire sortar storknebb, rosa jordbær, iris, duehode (biletet), fløyelstjæreblom, kjempestikle, oktoberbergknapp, astilbe og stjernesmelle.

Plantene står i potter, ta med posar til å handle i.
Vi ynskjer alle velkomne til ein triveleg handel og planteprat!

MED FJALER HAGELAG TIL BALESTRAND?

Sundag 25. august kan du få vere med Fjaler og Gaular hagelag på tur.
Vi skal ha stopp i hagen hjå leiaren i Gaular hagelag, Gro Haga på Viksdalen. Ho har tidlegare vore på besøk i lokallaget og fortalt om Kjøkkenhagen. I tillegg til kjøkkenhage så har ho dam, drivhus og hagestove.
Så går turen over Gaularfjellet ned til Balestrand der vi skal vitje Arboreet på Lunde, ein av mange attraksjonar i bygda. Der er 130 artar av buskar og trær frå heile verda.
Vi avsluttar med middag og eventuellt omvisning på Ciderhuset.
For nærare informasjon og påmelding til Lilly tlf 95421320 eller Else 95226504.
Turen er open for alle som kan ha lyst.

HAGEVANDRING

Lilly Ødemark i Guddalen inviterar alle hageinteresserte til hagen sin laurdag 27. juli frå kl 12.00.
Lilly er ein iderik person, med interesse for å prøve nye stauder, klatreplanter og busker i hagen sin. Sjølv om det har vore ein hard vinter i hennar hage og, så har ho mykje spennande å sjå.
Ho er leiar i Fjaler Hagelag og dei er medarrangørar. Det vert høve til ein kopp kaffi og litt å bite i.

PLANTESAL I PARKEN I DALE

Laurdag den 13. juli kl 11 kjem eg til Parken i Dale for å selje planter.
Eg har mange stauder i god vekst, som er prikla i 2012 og i år. I tillegg så har eg litt sommarblomar att. Dersom du vil vite litt om staudene mine så kan du lese om dei på bloggen min: HagenpaAmfjell under Plantesal 2013.
Med helsing Else Tømmerbakke

PLANTESAL I PARKEN I DALE

Laurdag 8. juni vert eg å finne i Parken i Dale frå kl 11 til kl 15.
Eg har med meg forskjellige sommarblomar som td. Amaranth, løvemunn for bed og ampel, sommargeorginer, Bacopa, fleire sortar Asters, blåkorg, middagsblomster, blodbeger, asarina og trikolorvindel.
Av stauder så har eg mellom anna mange slag akeleie, blodmure, fleire sortar geranium, riddarspore og edelweiss.
Så har eg kraftige knollgeorginer i forskellige sortar og fargar.
Ta ein kikk på HagenpaAmfjell.bloggspot.no der ligg lista over staudene som eg no har for sal.
Vel møtt til ein hyggeleg plantehandel til rimelege prisar, men plantene er heller ikkje etter Norsk standard.
Med helsing Else Tømmerbakke tlf 952 26 504