Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Viser arkivet for stikkord guddal

Lysmesser i Guddal og Hellevik søndag 9. desember

Hei gode Fjalerfolk!

Då gudstenestelista i Firda i dag blei fullstendig feil, tek eg med gudstenestene her:

Søndag 9. desember blir det
Lysmesse i Guddal kyrkje kl.16.00
Familiekoret, konfirmanten og skuleelevar deltek. Utdeling av 4-årsbok. Kyrkjekaffi. Kyrkjeskyss om ønskjeleg. Offer til Søndagsskulen S&Fj og Laurdagsklubben i Guddal.

Også
Lysmesse i Hellevik bedehuskapell kl.19.00
Do Re Mi og konfirmantane deltek. Offer til barne- og konfirmantarbeid.

Det er IKKJE gudsteneste i Dale.

Vel møtt!

Kyrkja i Fjaler på Origo

Skodespel i Guddal 17.mai

17.05.2010

Kvart år vert det arrangert skodespel i Guddal 17.mai, og i år var ikkje noko unnatak. Presis kl 20 starta framsyninga i Fjelljom (Ungdomshuset i Guddal).

Oppmøtet var særs bra, og nærare 130 personar frå nært og fjernt hadde teke turen til Guddal denne fine 17.mai dagen.

Skodespelet i år bar tittelen ”Fart i friinga” og innehelt klassiske handlingar som arv, kjærleik og sjalusi. I år var det Irene Langeland, Ronny Hovlandsdal, Rune Dingsøyr, Linn Dingsøyr og Torunn Åsnes som hadde teke på seg å utføre skodespelet. Noko dei gjorde med glans.

Skodespelet var i 3 akter, med 2 innlagte pausar der publikum kunne ta seg ein prat og kjøpe seg litt å ete/drikke.

Stemninga var høg, latteren sat laust, og skodespelarane synte framifrå talent. Dette var amatørteater på høgt nivå!

Ein særs vellukka kveld med eit teater som fyl opp den fine tradisjonen folk i Guddal har, nemleg skodespel på 17.mai.

22.05.2010
Sture Dingsøyr

17.05.2010 — Ronny Hovlandsdal som “Nils på Neset”

17.05.2010 — Linn Dingsøyr som “Ingrid Neset”

17.05.2010 — Irene Langeland som “Tine Rossland”

17.05.2010 — Rune Dingsøyr som “Tresko-tørres”

17.05.2010 — Torunn Åsnes som “Tore Teglebakken”

17.05.2010 — “Tresko-tørres” prøver seg på “Ingrid”

17.05.2010 — “Tresko-tørres” og “Nils” kranglar!

17.05.2010 — Frieri på gang!

17.05.2010 — Eit spanande Amerika-brev!

17.05.2010 — Applausen ventar!

17. mai 2009

flagg no

Ynskjer alle i Fjaler ein riktig fin nasjonaldag.

Håpar å sjå mange flotte bilete på sona.

Frå Nordeidet, mellom Nautsundvatnet og Hovlandsdalsvatnet. Bilete teke i dag 28 mars.