Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Viser arkivet for stikkord gamle

  • Konfirmantar1965
  • Konfirmantar1968
  • Konfirm1969
  • Konfirmantar1967
  • Konfirmantar 1966
  • Konfirmantar 1961
  • Konfirmantar 1960

Konfirmantar i Holmedal sokn i gamle Fjaler.
Det var på nordsida av Dalsfjorden frå Helle til Eikenes , og frå Hellevik, Straumsnes, Tysselandet, til Elde på sørsida

Konfirmantar i Holmedal sokn i gamle Fjaler.
Det var på nordsida av Dalsfjorden frå Helle til Eikenes , og frå Hellevik, Straumsnes Tysse til Haugland på sørsida

Ny utgåve av "Kulturvandring i Dale"!

Velkomen i Studio Nova (gamle kommunestyresalen/ lokalet), Dale sundag 14. desember kl 14.00! Då lanserer heftet som kjem rykande ferskt frå trykkeriet! Prisen er kr 200,-

• Greta Hekneby vil fortelje om bakgrunnen for heftet og ta for seg ein av stadene i heftet – Tross
• Knut Bakkebø vil sei noko om gamle grenser mellom gardane i «selve Dale»
• Thora Hovland vil fortelje om oldtidsfunn i Dale

Vi viser bilete til innlegga og frå heftet på veggen. DU må også gjerne ta ordet!

Vi trur dette skal bli ei kjekk ettermiddagstund med forteljingar frå «gamle» Dale!

*Servering: *Kaffi og te, og noko søtt og godt å bite i vert sett fram. Det er gratis!

Bokmarked: Vi sel «Kulturvandring i Dale», og fleire lokale hefte og bøker frå Fjaler sogelag, Fjaler kommune, Jakob Sande-selskapet og frå bokhandelen. Julegåvetips! Ta gjerne med kontantar, men vi har også bankterminal.

Arrangør: Fjaler kommune, kulturkontoret

Kulturvandring i Dale: Dale kyrkje/ Folkebadet/ Skulehuset/ Det gamle kommunehuset / Klokkargarden / Vevang/ Jakob Sande-bysta/ Steia / Trudvang/ Gamleheimen/ Gamle banken/ Dalstunet/ Dalsbua/ Dale-huset/ Skaar-huset / Vesle Daniel-statuen/ Grøvlen-huset / Skovly (Gilbert-huset)/ Yksnebjør (Nitter-garden)/ Elvahaug / Sjøhaug/ Granholt/ Hovland og Rakneberg/ Wilkenbua/ Tross / Skofabrikkken/ Dampskipskaia/ Transplant/ Gjestgiveriet/ Vonen-huset/ Bautasteinen ved

Innsamling av brukte mobiltelefonar

Mellom 2.til 6. oktober kjem Dale IL rundt i ditt nabolag. Du kan då kvitte deg med gamle mobiltelefonar. Telefonen vert resirkulert på ein sikker og miljøvennleg måte. Ligg gjennværande info på telefonen vil Telenor sin sertifisertere returpartner slette all gjennværande info og destruerte minnekortet på telefonen.
Om du ikkje er heime når vi kjem kan du levere mobilen inn til Sørviskontorer i Dale. Åpniningstidene der er: mandag til fredag 08- 15.45. Dette kan du gjere frå 2.- 7. okt

Det lyser i gamle hus på Tusenårstaden i Fjaler

I dag er dagen då det skal lyse og røre seg i alle hus og rom på Tusenårsstaden midt i Dale! Kom og sjå! Det opnar 17.00 og går fram heilt til 01.00 i natt – om du vil. I denne tida kan du velje ut det du ønskjer, eller ta alt! Fram til 21.00 byr kunstnarane Karina Siegmund, David Zadig, Anne Lise Stenseth, Ivar Orvedal, Hildegunn Øiseth, Steingrimur Eyfhjord, Laufey Eliasdottir på spanande opplevingar i “Fjalertunet” (gml skulehus og kommunehus og løa) både inne og ute, konsert i skulehuset 19.00, mat kan du kjøpe i Badet og Studio Nova, der kan du sjå kulturminnefilmar, i løa jekteverkstad, i Bestefarstaua vintermarknad og Sturle Sandvik spelar der 18.00. Frå 21.00 er det kulturkveld i løa med spontane og førebudde innslag. Skjenkeløyve for øl og vin, sal av forfriskningar. Aldersgrense 18 år.
I dag er dagen då det skal lyse og røre seg i alle hus og rom på Tusenårsstaden midt i Dale! Kom og sjå! Det opnar 17.00 og går fram heilt til 01.00 i natt – om du vil. I denne tida kan du velje ut det du ønskjer, eller ta alt! Fram til 21.00 byr kunstnarane på spanande opplevingar i “Fjalertunet” (gml skulehus og kommunehus og løa) både inne og ute, konsert kl 19.00, mat kan du kjøpe i Badet og Studio Nova, der kan du sjå kulturminnefilmar, i løa er det jekteverkstad, i Bestefarstaua vintermarknad og Sturle Sandvik spelar der 18.00. Frå 21.00 er det kulturkveld i løa med spontane og førebudde innslag. Skjenkeløyve for øl og vin, sal av forfriskningar. Aldersgrense 18 år.
sjå facebook.com og fjaler.kommune.no