Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Viser arkivet for stikkord fossedalen

Nyhende før og no

Hugsar du dette?

Blogginnlegg “Dårskapens disiplar” !

Det e på'an igjen, på'an igjen...

Fossedalsvatnet, Fossedalsfossen og Nedre Fossedalen. Foto G.Skaar

Småkraft vil igjen søkje NVE om konsesjon til kraftutbygging i Fossedalen. Dei vil byggje kraftstasjon i Fossevikja med innslag av tunnel/sjakt til Fossedalsvatnet. Ved det gamle naustet ved Fossedalsvatnet skal det byggjast vassinntak, der vatnet skal førast i tunnel til kraftstasjonen i Fossevikja. For å få dette til vil ein mure demning over svaberga til utløpet mot Fossedalsfossen. Utbygginga er rekna til å gje 19 GWh, eller straum til ca 950 husstandar. Kva denne utbygginga vil gjere med Fossedalsfossen, Fossedalselva, lonane gjennom Fossedalen og Vikafossen med sitt utløp til Dalsfjorden, kan no kvar og ein tenkje seg. (Utan å kome inn på dette no er konsekvensane grundig dokumenterte av Fossedalens Vener frå før).

(teksten held fram under bilda)

Lonane og elva gjennom Fossedalen og ved ELRAKI blir nærast tørrlagde ved ei kraftutbygging

I 2006 leverte Fossedalens Vener inn over 1500 underskrifter (seriøse) mot kraftutbygging i Fossedalen til ordføraren i Askvoll. Samtidig sa kommunestyra i Askvoll og Fjaler nei til utbygging. Men eit nei er tydlegvis ikkje eit nei for Småkraft i denne saka. Dei vil på ny sende søknad om utbygging til NVE til våren. Denne gongen har dei egna ongelen med gjestehamn i Fossevikja og utvikling av Fossedalen som turområde(!) Ja, hjelp til gangsti frå den nye Dalsfjordbrua skal det visst bli råd med òg(!) Så spørst det om kommunepolitikarane vil bite på denne gongen? Eller blir dei rett og slett irriterte over at ein prøver seg igjen? For pengane og prestisjen sin del i dette spelet? For her er framleis ikkje fastbuande i Fossedalen. Fallrettshavarane bur andre stadar. Og landskaps- og kulturverdiane er vel dei same som då det vart sagt nei for få år sidan? Ja, på dugnad er det opparbeidd nye bruer og føreteke utbetring av stinettet på DNT-ruta frå Fossevikja til turlagshytta Nipebu.

Motiv frå DNTsitt stinett rundt Fossedalen

Sommartur ved Fossedalsvatnet

Det er elles verdt å merke seg at det fantastisk flotte naturområdet på nordsida av Dalsfjorden vil opne seg opp på ein heilt annan måte enn tidlegare når Dalsfjordbrua står ferdig. Eit turrlagt fosselandskap gjennom Fossedalen er kanskje ikkje det turgåarar og turistar ser føre seg som verdfullt…?

NVE lyt i dag seie nei til fleire og fleire kraftutbyggingar. Og nyleg gjekk dei ut i media og oppfordra søkjarar om å droppe kontroversielle prosjekt. Både fordi dei beste prosjekta er utbygde, og fordi det er lang ventetid på nye søknader. For underteikna verkar det difor merkeleg at Småkraft ikkje har innsett at ei utbygging i Fossedalen er dødfødt. Men det er mogeleg selskapet har god råd? Faktum er at den nye søknaden berre opptek kapasitet og fører til meirarbeid i NVE. Arbeidsinnsats som bør nyttast til meir seriøse prosjekt enn i Fossedalen.

Gustav Skaar
Stongfjorden/Dale
(stykket stod på trykk i papiravisa i Firda 1.mars)

Fossedalsfossen og Vikafossen er særmerkte landskapselement i Fossedalen og Dalsfjorden

Stillfilmserie frå Fossedalen (m/musikk)

Stillfilmserie frå Fossedalshengenipa (m/musikk)
(Alle foto/filmar copyright G.Skaar)

Om historia til Fossedalen
(Linken viser vidare til 7 deler om dagleg liv, historier, tradisjon og kultur i Fossedalen)

Langs gamle stiar

Eitrenipa og Kringla frå Fossedalsvatnet 29/8 Foto:G.Skaar

Eg gjekk den gamle ferdselsruta frå Skjerlia i Førdefjorden til Fossevika på søndag. I eldre dagar nytta dalingar og andre denne gjennomfartsruta når dei skulle på sildefiske ved Florøkanten. Ruta gjennom Fossedalen og langs Krokavatnet til Skjerlia er den som ligg lågast over havet når du går over fjellet sør/nord. I luftlinje er avstanden gjennom Fossedalen til Førdefjorden for kort å rekne.

Søndag var eg dessutan ein avstikkar oppom Fossedalshengenipa. Dennne flotte toppen med nydeleg utsikt over området, ligg lageleg til som eit toppunkt på denne ruta. Referat og bilder frå turen ligg på bloggen min.

Eg var så heldig å treffe Odd og Alma i Fossedalen då eg kom hit. Det er alltid like hyggjeleg. I denne forbindelse kom vi inn på Dalsfjordbrua, og kva dette kan ha å seie for bruken av nordsida av fjorden i tursamanheng. Og vidare korleis dette kan virke inn på bruken av Øvre og Nedre Fossedalen.

I mine auge gir dette nye og fantastiske turdimmensjonar over heile den unika nordsida av fjorden. Du kan i gåavstand frå Dale nå dei flottaste fjelltoppane som er i distriktet, gode fiskevatn, Nipebu og unike turområde. At det no føregår eit merkeprosjekt i Steiestølstraktene er veldig bra. Difor meiner eg ein bør halde fram i denne ånda på nordsida òg. Her slepp du å bruke tid i bilen for å komme deg på fjellet, og området er minst like fint som i sør…

No kjem brua, det veit vi, men arbeidet med å tilrettelegge sti bør kome i gang så fort som mogeleg. Det bør byggjast ein parkeringsplass (trur det er tenkt!?) og god gangsti frå enden av brua på Ottersteinen til Fossevika. Korleis denne stien skal tilretteleggast må planleggast i samråd med grunneigarane. Men nokon bilveg vil ein sjølvsagt ikkje ha!

I dette arbeidet må ein òg utbetre stien opp Kleivane. Denne jobben vart i si tid påbegynt av Fossedalens Vener, men er ikkje fullført. Om stien i dag ikkje direkte er farleg, så er det likevel tildels vanskeleg og glatt å kome seg opp. Spesielt for folk litt opp i åra. Eit viktig poeng i denne samanheng er at åra går, folk som har eit forhold til Fossedalen eldest, og vedlikehald av bygningsmasse ofte er avhenging av desse menneska. For både turgåarar og grunneigarar vil ein sti frå Ottersteinen, og utbetring av stien opp Kleivane, vere veldig viktig for framtida. Og slik at komande generasjonar også kan få eit forhold til Fossedalen og ta vare på kulturminna… Eg håpar andre òg vil sjå verdien av dette.

Eg vil difor oppfordre kommunale interesser i Askvoll og Fjaler, og private lag, om å komme på bana i denne saka. Dugnadsånda veit eg lever. Nemnde prosjekt bør etter mitt syn ha høg prioritet når ein veit kva tur- og kulturverdiar vi har på nordsida av Dalsfjorden.

Vedlagt nokre bilder frå søndag

Lette skoddeslør over Fossedalshengenipa. Langevatnet med Nipebu t.v.

Utløpet av Svartetjørna. Fossedalshengenipa t.h.

Kloppa i sørenden av Krokavatnet

Øvre Fossedalen med Kringla bak (motlys…)

Motiv ved Øvre Fossedalen

Fast fotoplass ved Fossedalsvatnet med Øvre Fossedalen og Eitrenipa i bildet

Eitrenipa, og Kringla (N&S) ved sørenden av Fossedalsvatnet

Ved Fossedalsfossen

Fam Odd Fossedal

Det beiter sauer i Nedre Fossedalen no

Broderen henta meg i Fossevika

Kjende motiv frå nordsida av Dalsfjorden

ds

Nye turar

På bildet ser vi Rørviknipa, Blegja, Synste Stauren og Eitrenipa. I framgrunnen ser vi deler av Leknesvatna. Foto G.Skaar

Etter ein særs hyggjeleg og sosial dag i Dale lørdag med mykje liv og røre, gjekk turen igjen på Blegja søndagen. Frå Rørvika og Blegja gjekk turen vidare ut på Synste Stauren, vestover Blåegga til Eitrenipa og med retur ned nordskaret til Leknesvatna og Markavatnet i Skjerlia. Dalsfjordsida og Fossedalen vart i dag valt vekk.

Heile dette fantastiske området på Askvoll-halvøya blir i framtida mykje lettare tilgjengeleg når Dalsfjordbrua no kjem på plass. Difor er det veldig viktig at ein har dette i bakhovudet når ein skal vurdere framtidig bruk og nytte av dette unike naturområdet.

For dei som er interesserte så ligg det tekst og bilderbloggen min. Her ligg òg videoklipp mot Dalsfjorden frå sørsida av Blegja (som Norman etterlyste) og frå Synste Stauren.

Gårsdagen var gjerne ein av dei flottaste dagane i sommar. Ein dag vi kan leve lenge på!