Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Viser arkivet for stikkord flekke

  • 23.09.2012 — Solnedgang over Dalsfjorden.
  • 23.09.2012 — Høsten er nydelig slik:)
  • 23.09.2012 — Ferja på veg mot land, i solnedgang.
  • 23.09.2012 — Fra kirkegården i Dale. Nydelig høst søndag:)
  • 23.09.2012 — Solnedgang over Dalsfjorden.

Minibasar for Flekke Ungdomslag i påska

Flekke Ungdomslag er i desse dagar godt igang med bygging av rullestolrampe, for å gjere huset tilgjengeleg for alle uavhengig av funksjonsnivå. Før bygginga kunne starte måtte den gamle betongtrappa og muren fjernast, og ny flott steinmur/trapp er no på plass. Sjølve byggjearbeidet vert gjort på dugnad fram mot 17.mai.

I tillegg til pågåande byggjeprosjekt vart taket på huset totalrenovert hausten 2011. Laget har siste året fått god økonomisk støtte frå offentlege og private, men har også gått inn med stor eigenkapital og dugnadsinnsats i prosjekta.

Basarnemnda v/Hjørdis, Magnhild, Bjørg og Møyfrid jobbar aktivt for å samle inn pengar til laget. Damene vil derfor sitte på butikken i Flekke og selje lodd måndag til onsdag i påskeveka, og påskeaftan held dei kafè og minibasar med loddtrening. Laget er takknemnlege for all støtte dei får i form av gevinstar og kjøp av lodd komande veke.

Flekke Ungdomslag - Basar

Flekke ungdomshus (Vonheim) står framfor store og kostbare utbetringar i 2011/12, og i den forbindelse arrangerer Flekke UL basar sundag 30.oktober, der all inntekt går til huset. I desse dagar held Straumsnes Bygg på med rehabilitering av taket, som er ein omfattande og naudsynt jobb. Alle skiferhellene skal av og reingjerast, ny papp, rekter og lekter skal på før skiferhellene vert lagt opp att på nytt. Trass dårleg vêr er ein godt igang med jobben, og ein reknar med å vere ferdig om 2-3 veker. Deretter skal utvendig trapp/mur rehabiliterast, før det til våren skal byggjast rullestolrampe.

Me er svært takksame for all støtte til laget både frå offentlege og private, men manglar framleis ein del kapital før prosjekta er fullfinansierte. Ynskjer du å støtte oss med gevinst til basaren kan du henvende deg til basarnemnda v/Hjørdis Åsnes, Magnhild Espedal eller Bjørg Hellebust, eller du kan levere på Joker Flekke. Desse damene finn du også på butikken dei to neste laurdagane, der du har høve til å kjøpe lodd.

Basaren vert i Vonheim sundag 30.oktober kl.15:00. Det vert åresal og trekking frå loddbøker. Kaffi og kaker får du også. Vel møtt.

Svint IL 60 år. Stafett i Flekke. Barn og vaksne. Jubileumskake.

2010.05. 22. Mai. 013

År 2010
Laurdag ettermiddag samlast mykje folk ved skulen i Flekke. Der var feiring av Svint idrettslag som er 60 år. Somme deltok i stafetten. Somme kom for å sjå på og treffe andre. Ei triveleg markering. Fleire meinte at dette måtte bli tradisjon og arrangerast kvart år. Her er planen for stafettane:

PROGRAM AKTIVITETSDAG LAURDAG 22.05.2010
på Flekke skule kl. 15.30.

Stafettetappar – vaksne: Start ca. kl. 16.30.

1. Springeetappe. Flekke skule – Kaia.
2. Kajakk. Kaia – Flekke skule.
3. Klatreetappe. Flekke skule.
4. Terrengetappe. Flekke skule – Håfloten –Flekke skule.
5. Sykkeletappe. Flekke skule – Haugland – Flekke skule.
6. Kappgang. Flekke skule – Vellereina.
7. Springeetappe. Vellereina – Gardatunet.
8. Sprintetappe (200m). Gardatunet – Flekke skule.

Reglar:
o Frå 15 år og oppover.
o Blanda lag med kvinner og menn. Det må vere minimum 3 kvinner på laget.
o Alle må stille med eigen sykkel til etappe nr.5.
o Til etappe nr. 2 har vi kajakk til utlån (ca. 10). Men her er det lov å ta med sin eigen.
o Laget må ha eit namn.
o Påmelding innan fredag 14. mai til Anita Nyland Skaar (sjå eigen påmeldingslapp).

Stafettetappar for born: Start ca. kl.15.45.

1. Springeetappe; Skulen – Naustet ved skulen.
2. Vasseetappe (aldersgrense: 10 år); 10 meter + springe oppatt til skuleplassen.
3. Klatreetappe; Flekke skule.
4. Sykkeletappe; Flekke skule – Joker Flekke – skulen.
5. ”Eggeløp”; Skuleplassen.
6. Kappgang; Flekke skule – Gardatunet.
7. Sprintetappe; Gardatunet – Flekke skule.
8. ”Sekkeløp”; Flekke skule.

Reglar:

o Alder 6-14 år, blanding av gutar og jenter (4 gutar/4 jenter).
o Kan berre ha to 13/14 åringar på kvart lag. Må ha med ein 6- eller 7- åring pr. lag.
o Alle må stille med eigen sykkel og hjelm på etappe nr.4.
o Laget må ha eit namn.
o Aldersgrense på etappe nr. 2 er 10 år.
o FRIST FOR PÅMELDING: Fredag 14. mai til Anita Nyland Skaar.

Arrangør : Svint IL
Stad : Flekke skule

Det vart utdeling av premiar i gymsalen. Alle fekk premie. Og her var jubileumskake, og is til dei som ville ha det.

Nokre foto.

22.05.2010
Asbjørn Eikerol

2010.05. 22. Mai. 012 — Her samlast publikum på høgaste topp for å ha oversikt til land og sjø.

2010.05. 22. Mai. 014 — Her blir springing, kajakk, klatring og meir. Og så kan vi treffast og prate.

2010.05. 22. Mai. 013 — Somme syntest det var mykje stas å treffe kjenningar.

2010.05. 22. Mai. 006 — Mange lag var påmelde til stafetten. Her er Fjaler kommune sitt lag: “Futt i Fjaler”. Bak på t-skjorta var mottoet: “Raskare enn svint”.

2010.05. 22. Mai. 016 — Alle var blide før start. Her “Banken”.

2010.05. 22. Mai. 010 — Og tre jenter frå laget “Full fart”.

2010.05. 22. Mai. 018 — Somme av publikum samlast ved startstreken.

2010.05. 22. Mai. 019 — Startskotet har gått. No er det full fart inn til Flekke, så til høgre ut mot Neset. Til Karlsfjøra der kajakk-etappen tek over.

2010.05. 22. Mai. 026 — Nokre av padlarane etter fullført etappe.

2010.05. 22. Mai. 020 — 3. etappe. Klare for klatring. “Berre desse kajakkane kan komme no!”

2010.05. 22. Mai. 025 — Og opp hammaren i full fart.

2010.05. 22. Mai. 029 — Frank Igelkjøn er ferdig med si etappe. Han har god tru på “Flekke United”.

2010.05. 22. Mai. 031 — Tilskodarane prøver å få med sykling, kappgang og terrengløp.

2010.05. 22. Mai. 032 — Somme av syklistane hadde høg fart forbi.

2010.05. 22. Mai. 037 — Ja. Raskaste laget er i mål. Flekke United. Eit samansett lag av folk frå Flekke og UWC Haugland.

2010.05. 22. Mai. 039 — Veteranlaget, “Me over 60” kom inn til slutt. Men dei var glade dei òg.

2010.05. 22. Mai. 040 — Så seier Anita Nyland Skaar at alle kan komme inn i gymsalen.
Det var skya, men vèret har halde opplett denne ettermiddagen.

2010.05. 22. Mai. 043 — Jubileumskake eller is.

2010.05. 22. Mai. 047 — Premiar til alle.

2010.05. 22. Mai. 049 — Her var plass til mange i gymsalen i Flekke.

2010.05. 22. Mai. 051 — Premie til dei som kom sist.

2010.05. 22. Mai. 056 — Og her er “Hatledalen Extreme”.

2010.05. 22. Mai. 058 — “Brødrene Dahl” stilte lag.

2010.05. 22. Mai. 060 — Og vinnarane: “Flekke United”.

Flekke. 17. mai 2010. Program og dans i Vonheim.

2010.05. 17. Mai. 231

Om kvelden var der program i ungdomshuset, Vonheim, i Flekke klokka 20.00. Programleiaren, Arne Osland, las diktet “Ungdomshus”, med rockering. Chris Hamper las “Bondeguten” på flekkedialekt med litt aksent. Og han fortalde om dugnad, hesjing, klatring etter sau på Steiestølen med Magne Bjergene, arbeid på taubana i Norddalen saman med Bjørn Norddal og litt av kvart elles.
Sidan kom dans, song og musikk frå scena. Det var lokale artistar, somme frå Flekke, og andre flekkingar frå UWC. Det var ei fin og fargerik framsyning.
Her var også premieutdeling frå tevlingar før på dagen. Finaler i pilkast og spikring var her også.

Så vart salen rydda og Dalsfjorden Spelemannslag spelte opp. Små og store var med og trødde dansen. Dei yngste var kanskje dei ivrigaste. Her er rikeleg med dansetalent. Knut David Hustveit organiserte litt felles dansar og litt dansekurs. Golvet var fullt til klokka var halv tolv og vi kunne dra heim medan nemnda hadde dugnad med å rydde opp att. Kjekt i Flekke.

Nokre foto.

18.05.2010
Asbjørn Eikerol

2010.05. 17. Mai. 220 — Før klokka åtte i Flekke. Nokre av artistane med siste øving før dei går på scena.

2010.05. 17. Mai. 223 — Programleiaren, Arne Osland, imponerer med rockering, og diktet “Ungdomshus”.
Og Kåre Sandvik imponerer som mic-stativ.

2010.05. 17. Mai. 224 — Bondeguten, Chris Hamper.

2010.05. 17. Mai. 225 — Det er full sal, og vel så det, i Vonheim.

2010.05. 17. Mai. 231 — Jentene i Flekke på dans.

2010.05. 17. Mai. 232 — Fatima frå Paraguay, kan danse medan ho balanserer ei krukke på hovudet, om ho ligg eller står. God kroppskontroll her.

2010.05. 17. Mai. 233 — Wagon Wheels. Country swing.

2010.05. 17. Mai. 235 — Asbjørn Igelkjøn har fått premie.

2010.05. 17. Mai. 236 — Resultat, premiar og finaler.

2010.05. 17. Mai. 241 — Finaler på scena.
Spikring jenter junior.

2010.05. 17. Mai. 244 — Spikerfinale for herrar senior.

2010.05. 17. Mai. 247 — Musikk med internasjonale artistar og tekst på serbo-kroatisk.

2010.05. 17. Mai. 248 — Jentene i Flekke kan danse moderne dans også. Gruppa til Florence Hamper.

2010.05. 17. Mai. 252 — Valgjerd Arstein syng. Ine Osland på piano.

2010.05. 17. Mai. 254 — Leif Gunnar Igelkjøn syng.

2010.05. 17. Mai. 256 — Mange tek ein tur ut etter programmet. No vert det rydda til dans.

2010.05. 17. Mai. 259 — Dalsfjorden Spelemannslag er komne på scena. “Er de ferdige å stemme snart? Så eg kan få danse?”

2010.05. 17. Mai. 261 — Også dei aller minste ville vere med og svinge seg midt på golvet. Med ymse hopp og snaue vendingar, hallingkast og dans i ring.

2010.05. 17. Mai. 262 — Dans til Dalsfjorden Spelemannslag i Flekke. Innsats og humør er på topp.

Flekkefjorden Rondt

Tradisjonen tru vert Flekkefjorden Rondt arrangert Kristi Himmelfartsdag. Ferja går frå Dale kl. 12.00, vidare går den innom Flekke og plukkar opp nye syklistar før den går til Straumsnes kl. 13:00. Derifrå syklar du og familien tilbake til Flekke skule, der du kan gå på kafè og kjøpe deg kaffi, lappar mm. før du syklar heimatt.

Om du ikkje vil eller kan sykle, er du likevel hjarteleg velkomen på kafèen, som er open mellom kl. 12.00 og 16.00.

Viser elles til plakatar som er hengt opp rundt omkring i kommunen.

Vel møtt til ein tradisjonsrik og triveleg sykkeltur.

Julestjerne. Foto av Alden. Ølbryggeri i Flekke. Dans. Oddmund Haugen fotograferer 67 studentar på den Blå steinen. Dalsfjordbru.

2009.12.03.des. 010

Sigrunn Haaland i Flekke fekk julestjerne frå FIRDA på torsdag. ”Eit positivt menneske, med eit vake sinn for alle dei gode og berande kvalitetane”.

Anita Zadig tek over som ny formann i Dale Musikkorps etter Arthur Boge.

I FIRDA er der i dag brudebilde av Charlotte og Børje Eikerol. Dei har gått stad og gifta seg der oppe i Trøndelagen utan å seie i frå.

Stein-Joar Hovland fortel frå Gjøafeltet 45 km vest av Bulandet. Og han har teke foto frå plattforma der vi ser inn til Alden, Askvoll og Fjaler. Sjå hans artikkel og foto nedanfor. HER

Oddvar Røysi får konsesjon for å kjøpe garden Strand, Fjorden, for 700.000. Han leiger innmarka ut til naboen, og han vil restaurere husa. Oddvar Røysi (70) er frå Sogn, Luster. Han bur på Hønefoss og er forretningsmann. Han tener godt og har over 40 mill i formue så vi vil spørje om han vil satse på noko meir i Fjaler?

Flekke. Leif Jarle Espedal vil bryggje øl på garden. Der kjem mikrobryggeri, fortel han til FIRDA. Dette blir spennande å smake. Elles driv han med villsau og har jobb i Telenor i Førde. “Ølet til Leif Jarle smakar fantastisk og anbefalast på det varmaste!” seier Dagunn Ylvisåker Igelkjønn.
Men kva skal det heite? Espedal Bryggeri? Og fleire enn Dagunn må vel få smake?
Sjå meir i FIRDA

Det var dans torsdag kveld i Dale. Levande musikk og instruksjon.
Kultur i pausen:
Kjellrun Hamnes Espe hadde skrive juledikt som ho framførde. Ho hadde sogar laga ein engelsk versjon av omsyn til det internasjonale publikum.
Fem studentar frå UWC hadde eit musikkinnslag. Kjekt å få litt underhaldning. Og kjekt å stå på scena.
Vil du vise noko? Det er berre å komme.
Neste torsdag vert dansen også i Dale, Trudvang. Då kjem Dalsfjorden Spelemannslag.

Fredag 4. desember:
kl 19.30 inviterer Dale bok & papir til slakteshow, bokpresentasjon og drøs med Hjortejegarane på Transplant. Vidar Samuelsen organiserer.
kl 20.00: Danseoppvisning ved kulturskulen i kantina på FUS .
Fredagsdans på Kroa kl 21.00

Laurdag 5. Julespel i Trudvang Barneteatergruppa i Dale ungdomslag skal syne skodespelet som er laga i haust: Tre eventyr i ei juleramme. Barnedansen i ungdomslaget skal delta. Sal av kaffi og kaker. Klokka 14:00 Arrangør : Dale ungdomslag/ Frivillegsentralen.

Stort foto i FIRDA på torsdag. 67 glade studentar på den Blå steinen på laurdag. Dei gratulerer fylket med Dalsfjordbrua. Foto: Oddmund Reisæter Haugen.

Desse var med på den Blå steinen:
Lise Eikemo, Alice Vie, Sygni Hansen Losnegård, Ingrid Rivedal Yndestad, Krstine Hofland, Linn Iren Tangedal, Pernille R. Hellevik, Åsmund Skaar, Øystein Olav Skaar, Ole Petter Mundal, Aksel Solheim (barnevogn), Kristine Solheim, Julie Vårdal Heggøy, Kim Frode Solheim, Solveig Nitter, Regine Stensæth Josefsen, Bjørn Klausen, Knut Longvastøl Barstad, Gaute Hope, Ronny Tømmerbakke, Tor Einar Erikstad, Tore Loneland, Atle Loneland, Alice Mathilde Aase Osen, Karoline Os, Terje Eikerol, Alexander Breidvik, Elise Løseth, Jannike Bakke, Synne Hjetland Løland, Nina Helen Erikstad, Nina Vadøy Antonsen, Leonora L. Kleiven, Anna Gundersen, Runhild Mo, Svein Gunnar Standnes, Bjarte Spord, Kurt Inge Solheim, Bente Vasseth, Mari Karnbo, Tone Klausen, Torbjørn Lien, Bjørge Larsen, Even Bøthun, Marianne Bøthun, Sharoon Siraj, Eivind Nyhammer, Vegard Nyhammer, Monir Grimelid, Marius Frøholm, Camilla Ericsson, Trond Valvik, Kjetil Ness, Audun Kjørstad, Inga Haaland, Anders Haaland, Anna Skaar, Karoline L. Samuelsen, Fredrik Solheim, Oddgeir Lammetun, Eirik Magnar Høydal, Chris Andre Nilsen, Kjetil A. Hellebust, Svein-Erik Helle, Stine Bøthun, Laura Knudsen-Bøthun, Anne Nikoline Bakkebø.

Dalsfjordbrua. Meir aksjon: ”Vi møtest på ferjekaia I Dale laurdag 5. desember kl 13.00 der det vert gjeve informasjon om siste utvikling i saka ved aksjonskomitèen og ordførarane i Fjaler og Askvoll. I tillegg vil sjølvsagt aksjonskomitèen i god tradisjon lage positive sprell og ikkje minst vert det offentleggjering av ei ny sak !!?? Det heile vil vere over på ein kort time og etterpå vert det ein kopp kaffi og positiv prat .
Dette er sluttspurten! Vårt engasjement er viktig! Du er viktig!” seier Aksjon Dalsfjordbru.

4.12.2009
Asbjørn Eikerol.

dalsfjordbrua blaastein11 — 67 studentar på den Blå steinen. "Vi ser fram til vidare utvikling rundt Dalsfjorden, og håpar vi kan bidra med vår del i framtida. Gratulerer! seier dei.
Klikk på biletet. Foto: Oddmund R. Haugen.

2009.12.03.des. 004 — Så går vi på dans.

2009.12.03.des. 011 — Andreas viser stolt fram ny skjorte frå Vindheim Design, Flekke. Handsydd.

2009.12.03.des. 012 — Litt frukt, kjeks og drikke i pausen.

2009.12.03.des. 013 — Vi sit ved langbord i matsalen nede i Trudvang.

2009.12.03.des. 010 — Artistane våre på torsdag 3.des. Kjellrunn Hamnes Espe med dikt. Fem elevar på UWC med musikk.

2009.12.03.des. 024 — Slik skal du stige seier instruktøren, Knut David Hustveit.

2009.12.03.des. 025 — Blir det feil? Bra, då kan vi le litt ekstra!

2009.12.03.des. 026 — Øve, øve dans.

2009.12.03.des. 027 — Vi prøver ein gong til.

2009.12.03.des. 029 — Åttetur.

2009.12.03.des. 030 — Glad levande musikk. Her Andreas Ramstad.

2009.12.03.des. 031 — Bli med på dans du også då? Her er plass for fleire. Kom når det passar.

1259909701000 Espedal nett st rr 2943266708×708r1 — Leif Jarle Espedal vil starte ølbryggeri i Flekke.
Foto: Hilde Genberg, FIRDA.

Flekke Skule

Fruktbar framtid – om Flekke Skule

På Røde Kors United World College er vi spente på framtida for Flekke skule, som en del av lokalmiljøet vårt. Saken gjelder i første omgang en mulig reduksjon av skoletilbudet i Flekke. En fullstendig nedlegging ser i så fall ut som en logisk konsekvens i neste omgang. Vi har selvsagt full forståelse for at det ikke er lett å få kommuneøkonomien til å gå i hop, og ser at det må gjøres vanskelige prioriteringer for framtida. Likevel vil vi tillate oss å komme med et lite hjertesukk fra det som har blitt en landsby for hele verden her ute på Haugland.

Flere av våre ansatte som har kommet til utenfra, har fortalt om hvor viktig det var for dem å ha en skole i lokalmiljøet da de kom her med familien sin. Noen har oppgitt at det var direkte avgjørende for å ta steget. Flekke skule har siden 1995 bygget opp en anselig erfaring i å ta imot barn med annen språklig og kulturell bakgrunn. Denne erfaringen legger foreldrene merke til, barna nyter godt av den. For UWC er Flekke skule altså en viktig del i arbeidet for å sikre rekruttering av lærere og andre ansatte.

Det er et ubehaglig faktum at elevtallet har vært synkende i skolekretsen vår. De umiddelbare prognosene er heller ikke de beste. La oss i den sammenheng minne om at Hauglandsmiljøet er en stor arbeidsgiver i kommunen. Etter å ha konsolidert posisjonen vår, ser vi nå fram mot muligheter for vekst. Vi ønsker å tiltrekke oss ung, faglig kompetent arbeidskraft. Vi betrakter Fjaler Kommune som en gode medspiller i dette arbeidet. Vi kan tilby et miljø av en helt unik karakter på bygda. Om det skulle være noen med muligheter til å trosse det vi ser av trender ellers i storsamfunnet (les: skolenedlegging og fraflytting i utkantene), må det være dette unike lokalmiljøet vårt her i Fjaler. Vi håper at prosessen som nå er satt i gang i med innleid konsulenttjenester, kan lede til løsninger der skoletilbudet utenfor kommunesenteret opprettholdes. Vi følger spent med i den videre utviklingen – med håp om en fruktbar framtid for bygdene våre.

Arne Osland

17. mai 2009

flagg no

Ynskjer alle i Fjaler ein riktig fin nasjonaldag.

Håpar å sjå mange flotte bilete på sona.