Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.
Takk til alle som bidro til realisering av Treningssenter i FjalerhallenHei alle gode givare Dale Idrettslag ynskjer å takke alle saman for den gode økonomiske støtta vi fekk til å få realisert draumen vår om treningssenter i Fjalerhallen. Aktiviteten i treningsstudioet er veldig bra, masse “nye” brukare av hallen er kommet til, folk i alle aldre frå 17-70 nyttar det kvar dag, det er døgnope 7 dager i veka. Men fortsatt plass til mange fleire :) Vi vil minne alle privatpersonar som har bidratt med minimum kr.2000,- i støtte, at dei ut året vil få kr.500,- i rabatt ved kjøp av årskort. Alle kort gjelder frå dato til dato – dvs kjøper du årskort 15 desember i år, så gjeld det til 15 desember 2014. Prisen for eit årskort er kr.2000,- Alle må kjøpe nøkkelkort / brikke til kr.150,- Alle kjøp skjer på nettsida til Dale IL – www.daleil.no – Der kan du også sjå på kalendaren og finne ut når ulike aktiviteter skjer på anlegga. Ved førstegongskjøp, så må du hente nøkkelkortet på Servicekontoret på Fjalerhuset. Ver god og berekne 2 dagers produksjonstid på korta, likeeins ved påfylling av treningstid. (då kjøper du tid på nett og kortet blir automatisk oppdatert neste gong du kjem på treningssenteret). Vi vil foreslå TRENINGSKORT som årets julegåve God jul Helsing frå innsamlingsgjengen LEVERANDØR AV UTSTYR TIL TRENINGSENTER I DALEDale IL og Dingemoen Idrettspark har valgt Alf Salbu AS som vår leverandør av utstyr til det nye treningssenteret som skal opne i Fjalerhallen i haust. Vi har hatt inne tilbod frå fem ulike leverandørar og det er gledeleg at eit lokalt firma har kunne gje oss eit tilbod som fullt ut tilfredsstiller dei krav vi satte til utstyret, samt konkurrere på pris med dei andre. For Dingemoen Idrettspark / Dale IL FOLKE-AKSJON: Innsamling til treningssenter i FjalerTil hausten vil det nye treningssenteret i Fjalerhallen vere klart for alle treningsglade i Fjaler! Les meir om treningssenteret og aksjonen på heimesida til Dale IL! NYTT TRENINGSENTER I FJALERFOLKE-AKSJON, INNSAMLING TIL TRENINGSSENTER I FJALER Som mange gjerne vet så holdar vi på med ein forholdsvis stor utbygging av Fjalerhallen. For innsamlings-aksjonen Historisk handball i Fjalerhallen!For første gong i Dale Idrettslag si historie stiller Dale med eit handballag for herrer! I tillegg til herrekampen skal også det unge damelaget vårt spele sesongens første kampar. Kampoppsettet for dagen: Møt opp i Fjalerhallen og støtt våre unge talent! Dette blir ein fartsfylt søndag! Følg også med på Dale Idrettslag si heimeside Save The Last Dance - "En kjærlighetserklæring til bygdedansen"![]() Det hele begynte på Landro, på Steinsland, på Eidesjøen, på Fjellheim i Os, på Haakonshella og eller på uttallige andre dansesteder utenfor Bergen som alle gikk under fellesbetegnelsen ”Striledans” og som var de popkulturelle samlingstedene på 60-tallet. - ”Save the last dance” forsøker å gå mot strømmen og gi en hyllest til alle samfunnshusene som åpnet dørene og arrangerte bygdedans. Det ble en ren lykke for ambisiøse popmusikere som ikke fikk spille på de ”finere” dansestedene i byen, sier Helge Nilsen og Rune Larsen. Etter 30 konserter i Hordaland setter bergenserne denne gang kursen mot Sogn og fjordane. Lørdag 10 april gjester dei Fjalerhallen og vil du vere med på vårens vakreste musikalske eventyr så sett av kvelden allereie no. Vi kan love deg eit musikalsk tilbakeblikk frå 60-talet og heilt fram til i dag. Dette blir ein feststund for alle anten dei trådde dansegolvet sjølve på denne tiden eller berre har høyrt om ungdomshusa si storheitstid i frå foreldra sine. Les meir…Kunst. Erik Hovland. Utstilling i Fjalerhallen. Dalsfjordveka. Melding frå Andreas R. Haugen.Eg bad Andreas R Haugen om å skrive litt om utstillinga til Erik Hovland under Dalsfjordveka 2009. Utstillinga var i Fjalerhallen. Her kjem meldinga hans: “Erik Hovland. Teppet til sides og rett inn i mørket. Mørket er fullkoment i ei kort stund til auga venjer seg til det. Den kvite papirstien er svakt synleg i lysskjeret, og sjølv om det er mykje plass inne i den lyseraude hallen, vel eg å halde meg til stien som kunstnaren har lagt for å styre min veg. Ei lampe skjer i auget, inn i mellom stolar og speil. Diagonalt longt vekk frå inngongen står ei lita bordlampe på eit bord og lyser varmt. To av bordføtene svevar nett so vidt over bakken, balanserande på eit speil. Dei få detaljane som er der, er alle meiningsfulle og smeltar saman til det store heile. Raud ledning på veg til og frå lampa, buktar seg i ei form som vert stadfesta i spegelen der forma no brettar seg ut. Den er meiningslaus uten sin spegelvende bror. Det er som om sjøen og katedralen og den vesle staua er eitt og det same. Eit mytisk landskap. Det vert og alvorleg intimt med fråveret av lyd. Ein stad å vere tilstades. I foajèen var det bilete, film og ein lydmontasje der kunstnaren fortel om prosessen omkring utstillinga. Bileta var ein dokumentasjon på ” kunstnar balanserar på speil, inne og ute” og Filmen viser kunstnaren, der han prøver å lese i bibelen frå eit helikopter som fyk. Det vart servert herleg mozell og chips. Eg har sett store romutstillingar i Malmø, København, Odense og Berlin, og få om ingen, nådde Erik Hovland til sokkehaldarane. Han har internasjonal format. Og i fylgje han sjølv, ville det verte tungt å kome attende til eit lite kott på kunstskulen i London. Arrangøren må sjølv ta skulda for lita aggressiv marknadsføring, men dette er det einaste eg kan gje negativ respons på. Andreas R.H." Eg har ikkje foto frå utstillinga i Fjalerhallen, men eg har vore inn på nettsida til University of the Arts London, Wimbeldon. Her har eg lånt seks foto om skulen i London. 12.11.2009. PS. Her kom to foto frå utstillinga på e-post frå Andreas. Eg legg desse til 15.11.09. i, Utstilling, frå, Erik, R., Andreas, Kunst., Hovland., Fjalerhallen., Dalsfjordveka., Melding, Haugen.
Annonse | |||||||||||