Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Viser arkivet for stikkord fjaler

  • Konfirmantar1965
  • Konfirmantar1968
  • Konfirm1969
  • Konfirmantar1967
  • Konfirmantar 1966
  • Konfirmantar 1961
  • Konfirmantar 1960

Konfirmantar i Holmedal sokn i gamle Fjaler.
Det var på nordsida av Dalsfjorden frå Helle til Eikenes , og frå Hellevik, Straumsnes, Tysselandet, til Elde på sørsida

Konfirmantar i Holmedal sokn i gamle Fjaler.
Det var på nordsida av Dalsfjorden frå Helle til Eikenes , og frå Hellevik, Straumsnes Tysse til Haugland på sørsida

Skulestrukturen i Fjaler

Sjølv om eg per dags dato er utflyttar, kjem eg ikkje unna det faktum at eg forblir ein flekking uansett kvar eg bur, difor må eg engasjere meg i skuledebatten som nok ein gong går i Fjaler.

Gjennom arrangement som HAFS-treffet og framtidsfylket si messe har ein klart å skape ei positiv stemning og kjensle av tilhøyr til heimfylket. Men som det uunngåelege må diverre kommunane spare pengar, dermed må skulestrukturen nok ein gong under lupa. Denne gong er det Flekke og Guddal skule som blir vurdert for framtidig drift.
I høve denne debatten kan eg ikkje få understreka nok kor negativt lada ordet nedlegging er og kor store dei potensielle ringverknadane kan vere med tanke på tilflytting. Ved at ein litt for ofte høyrer om Les meir…

Gründerkveld med Humørbonden Geir Styve 28. april 2015

Vil du bli millionær? Driv du lønsamt? Lyst å finne ut korleis du kan tene meir i di verksemd? Då er dette kvelden for deg!

PROGRAM

18.00 – 19.00 Velkomst, underhaldning, bedriftspresentasjonar
19.00 – 19.15 Pause & drøs
19.15 – 20.15 Foredrag «Korleis unngå at utgiftene strekker til?» ved Humørbonden Geir Styve
20.15 – 20.25 Liten beinstrekk
20.25 – 20.55 «Kvar er pengane mine?» Jobbe med eiga bedrift
21.00 – 22.00 «Speeddating» med Humørbonden

Samlinga er ope for både nyetablerar og røynde næringsdrivande i Askvoll, Fjaler og Hyllestad

Mer informasjon: www.askvolliutvikling.no

Stad: Askvoll Sjøbuer, Askvoll

Påmelding: Anne.Hopland@askvoll.kommune.no, eller tlf 975 24 098 innan 24. april
Fri entré!

Arrangør: Omstilling Askvoll, Fjaler Næringsutvikling, Omstilling Hyllestad

Idémøte for Miljøpartiet dei grøne i Fjaler

Miljøpartiet dei grøne i Fjaler er midt i prosessen med å skrive partiprogram for den kommande perioden og ønsker så mange innspel som muleg. Derfor arrangerer vi innspelskveld tysdag 24. mars i kommunestyresalen i Fjalerhuset.
Les meir…

Grøneholten på sykkel

Noen går – noen sykler.

Grøneholten på sykkel

  • Nordlys og stjernerotasjon — Åpen lukker i ca 11min
  • Nordlysbrua — Nordlys og stjernehimmel tatt fra hagen vår på Dingemoen
  • Wolfgang stiller — På kaia i Dale har det kommet opp noen fyrstikk karer. De nyter utsikten og kveldshimmelen ;)
  • Dansende nordlys — Kaldt og litt dugg på objektivglasset ;) Akkurat passert 00:00 natt til 03 oktober

Alle tiders Amerika-koffert

Kvar dag ber eg rundt på ein Amerika-koffert. Blant mykje anna ligg det ein colakork, eit matematikksertifikat og eit lagbilde i den. Pluss overskotet frå eit garasjesal.

Les meir…

Finansministeren kjem til Fjaler på fredag.

Fredag 12. juni kjem finansminister Sigbjørn Johnsen til Fjaler.

Du kan møte han på stand i Dale sentrum kl. 16-17.

Kl. 18 inviterer Fjaler Ap medlemmer, fagorganiserte, lag, organisasjonar og andre interesserte til OPE MØTE med finansministeren i løa på Jakob Sande-tunet.

Vel møtt! Fjaler Ap / Sogn og Fjordane Ap

NYTT TRENINGSENTER I FJALER

FOLKE-AKSJON, INNSAMLING TIL TRENINGSSENTER I FJALER

Som mange gjerne vet så holdar vi på med ein forholdsvis stor utbygging av Fjalerhallen.
Vi utvidar med omlag 230 rutemeter treningsareal og omtrent like mykje lagerplass.
Bygginga er finansiert av Fjaler kommune, Sogn & Fjordane fylkeskommune og med tippemidlar. Bygget skal stå ferdig 1. september i år.
Driftsselskapet for Dingemoen Idrettspark skal stå for den daglege drifta av bygget, mens Dale IL er ansvarleg for å finansiere innkjøp av utstyr til bygget.
Difor er det no satt i gong ein “Folke-aksjon” for å samle inn pengegåver til å kjøpe treningsutstyr for. Idrettslaget har i desse dagar over 50 personar i sving med å verve privatpersonar som støttespelarar som er villig til å bidra med tilskot.
I treningssenteret vil det vere ein stor spinning sal, område for styrkeløftarane våre og sist, men ikkje minst vil det vere tilrettelagt for mosjonistar og andre som kan tenke seg å begynne å trene på helsestudio. Vil ynskjer å få på plass gå-maskinar, ro-maskin, multi-apparat som fleire kan trene på samstundes, ski-maskin, ergometer-syklar, ellipse-maskin og anna treningsutstyr. Vi samarbeider med fysioterapeut og andre med stor kompetanse på treningssenter for å prøve å få på plass best mogleg utstyr som kan dekke alle sitt behov. Treningssenteret i Fjalerhallen skal vere ein plass for alle, både dei som driv aktivt med ein idrett, men også dei som ynskjer å komme i gang med litt trening. Vi vil difor også tilby instruksjon for alle.
Vi oppmodar alle som er positive til at ting skjer i Fjaler, om å ta godt i mot dei utsendte innsamlarane våre når dei tek kontakt. Skulle dei av en eller annan grunn ikkje treffe deg heime, så har vi konto nr 3705.24.43882 i Sogn & Fjordane Sparebank som er øyremerka innsamlingsaksjonen.
Alle bidrag er kjærkomne og motas med takk!!

For innsamlings-aksjonen
Elisabeth Boge
Linda Hovland
Rolf Kleiven
Vidar Samuelsen

24.05.13 – Skulle egentlig fotografere nordlys i går, siden appen varslet høy aktivitet, men det var for lyst og overskyet. Ble noen flotte nattbilder alikevel og nå med broen som har fått vei over :)

Vidaregåande skular og samfunnsøkonomi

“I Norge er det i dag nesten én million mennesker i alderen 15-29 år. Av disse var 100.200 utenfor arbeidslivet ved utgangen av andre kvartal. Det er en andel på godt over ti prosent. Professor Torberg Falch ved NTNU har regnet seg frem til hvor mye samfunnet taper for hver person som faller utenfor arbeidslivet når de er 20 år: 7,1 millioner kroner per hode. I tillegg kommer økt skatt for å finansiere trygder, økt sannsynlighet for rus og kriminalitet, smitteeffekter og lavere livskvalitet. Dersom disse ikke kommer inn i arbeidslivet igjen, vil det dermed koste samfunnet minst over 700 milliarder kroner, ifølge DN.nos beregning".
(Kjelde 13.10.12:www.http://www.nrk.no/nyheter/1.8357321)

Vi les stadig rapportar om fråfall i den vidaregåande skulen, fleire unge blir uføre, og nye tiltak blir initiert av staten, satsingar som «Ny Giv», blir etablert for å bøte på dette. Vi brukar store summar på behandling og rehabilitering når fråfallet er eit faktum, i staden for å sikre tilgang til ein skule i nærområdet i den sårbare alderen mellom 16 til 19 år. Foreldre og allereie etablerte nettverk er godt å ha, når elevane dagleg står ovanfor store avgjersler som igjen kan få fatale fylgjer, om ein ikkje har foreldre som kan gje råd og støtte undervegs. Kva med å bruke ressursane i andre enden, så slepp vi i mange triste skjebnar og familiar som lir.

Hyllestad, Askvoll, Fjaler, Solund og Gulen er fem kommunar med stor geografiskspreiing. Faktum er at 100 elevar som no kan pendle mellom heim og skule dagleg, må flytte på hybel om Dale vidaregåande blir nedlagt. Vi krev at fylkespolitikarane ikkje berretenkjer sentralisering når dei skal spare pengar. Vi har ein kvalitetsskule i HAFS som sist vår kunne vise til eksamensresultat heilt i toppen i fylket. Ved å la ungdomen i HAFS få behalde skulen sin, er ein med på å førebyggje at nokre av desse ungdommane får problem og kanskje blir skulesluttarar som samfunnet må hjelpe vidare. For samfunnet og elevane i Gulen og Solund er Hordalandsavtalen heilt avgjerande, avtalen må oppretthaldast.

Kysten skal ikkje avfolkast! Vi kan ikkje sitte stille og sjå på at bygdene i HAFS blir tømde for ungdomar i alderen 16 til 19 år. Ungdommane er svært viktig for å kunne oppretthalde levande bygder, ungdommane er innbyggjarar, forbrukarar, og ekstrahjelper i private og offentlege verksemder. Elevane og verksemdene knyter band, og skapar framtidige arbeidsplassar der elevane bur.

Arbeidarpartia i Hyllestad, Askvoll, Fjaler, Solund og Gulen.

Her har me lyst til å vera ?

“Me har fossar som heng i ei snor, beint ned i verdas lengste fjord(…) Her har me faktisk det meste me treng. Her har me vener og kjende i fleng, Her er det nok å gjere. Her har me lyst til å vera”.
Eg hugsar enno den dagen då vi song denne songen, hakk i plata. Det var på barneskulen ein gong, på Dingemoen skule i Fjaler og vi skulle spele inn denne songen for bruk på radio eller til eit prosjekt. Kvifor er ikkje så nøye, teksten var like fengande den gong då som no. Sogn og Fjordane. Åra har gått, eit viss eigarskap trur eg mange har til songen, i ei tid kor den kan koplast til samfunnsdebatten om skulestruktur.

Her er det nok å gjera
Kva er det som gjer at ein har lyst til å vera ein stad? I songen om ”Sogn og Fjordane” er viktige moment at «her er det nok å gjera”. Nok å gjere kan vere knytt til arbeid, men også til fritid. Arbeid vert rangert som hovudmotiv ved flytting (Sørlie, 2006:1) og er soleis eit viktig element for å tiltrekke seg og halde på innbyggarar. Nok å gjere med tanke på fritid kan vere så mangt, i ei lita bygd står ungdom sentralt i å oppretthalde eit fritidstilbod for innbyggarane. Både arbeid og fritid kan igjen knytast til skulestrukturen og skuledebatten. For arbeidsplassar er tilgang på kompetent arbeidskraft viktig, og vidaregåande opplæring spelar ei viktig rolle. Då eg skreiv mastergradsoppgåve ved Høgskulen i Volda skreiv eg om høgkompetent utanlandsk arbeidskraft i den maritime klynga på møre. Eit av funna var at skule for borna deira var svært viktig, og då særleg ein skule av internasjonal karakter, til dømes som kunne tilby IB linje. I Sogn og Fjordane er det eit aukande behov for arbeidskraft og då også utanlandsk arbeidskraft. Det å legge ned skular står sterk i kontrast til denne utviklinga. Eit forslag som har blitt fremma i debatten er til dømes å kunne sjå synergiar mellom UWCRCN (United World College Red Cross Nordic) og den nedleggingstruga Dale Vidaregåande skule. På den måten kan ein sjå synergiar for samarbeid og skape spanande moglegheiter saman.

Her har me vener og kjende i fleng
Vener og kjende i fleng vert også nemnt i songen om Sogn og Fjordane. Det er nemleg slik at over halvparten av befolkninga bur i den kommunen som dei vaks opp i (Sørlie, 2006:1), så Stedje har nok eit poeng i songen han lagde. Den andre halvparten har nok kanskje følgt straumen og reist til meir sentrale strøk, og det er nok ikkje usannsynleg når det gjeld Sogn og Fjordane.

Ved å gjennomføre vidaregåande opplæring i tett tilknyting til sin heimstad, slik at ein framleis kan bu heime, så kan dette for mange auke tilhøyre til staden og vere med å forme identiteten i stor grad. No er det jo sjølvsagt ikkje slik at dersom ein vel å ta vidaregåande opplæring ein annan stad, så vert ein identitetslaus utan ei kjensle av å høyre til. Men dersom ein får bu heime fortsatt medan ein tek vidaregåande opplæring, så kan dette vere ein grobotn for at ein seinare vel å busetje seg i kommunen, eller i Sogn og Fjordane. Det er også slik at det ikkje er for alle å flytte på hybel som 15 – åring. Det kan hende det er slik, og det kan hende det ikkje er slik. Det er vel her mykje av kjerna ligg, ein veit for lite om konsekvensane av nedlegging av skulane og flytting av ungdom på hybel. Ein bør vite meir om det før ein sett i verk slike drastiske tiltak. Ser ein på studiar som er gjennomførte i til dømes Finnmark, vert det hevda at ein årsak til fråfall i den vidaregåande opplæringa kan vere at kvar tredje elev må flytte heimanfrå for å kunne gjennomføre vidaregåande opplæring (Markussen et al , 2008). Det burde vere eit tankekors for Fylkeskommunen i Sogn og Fjordane. Kor vidt ein kan samanlikne desse funna frå Finnmark med Sogn og Fjordane det skal eg ikkje spekulere i, men det er vel verdt å sjå nøyare på funna. Det er ikkje ønske å lage noko komparativ analyse av desse to, men det kan vere vel verdt å merke seg utfallet av at so mange elever må flytte heimanfrå for å fullføre vidaregåande opplæring og kva konsekvens dette får for gjennomføring av vidaregåande opplæring. Det levnar liten tvil om at nedlegging av skular i fylket slår i sterk kontrast til fleire av dei andre satstingsområda til fylket, og undergravar fleire av dei viktige elementa som ein bør satse vidare på skal ein bli eit fylke ein trivst i, og eit fylke med auka verdiskaping.

Mellom barken og veden
“Skulebruksplanen skal vise korleis Sogn og Fjordane fylkeskommune, innanfor framtidige økonomiske rammer, kan organisere ei vidaregåande opplæring med høg kvalitet og utnytte bygg og eigedommar mest mogleg kostnads – effektivt”.
Sitatet overfor er henta frå Fylkesutvalsvedtak 48/12, 23.05.2012, og syner til korleis ein kan samstundes tilby innbyggarane høg kvalitet i skulen men også kunne gjere dette kostnadseffektivt. Her er det fleire moment som er usikre eller som ein kan setje spørsmålsteikn ved. Kva er dei framtidige økonomiske rammene, altså kva baserer ein desse på? Korleis vil desse bli påverka av at ein legg ned skular? Ei vidaregåande opplæring av høg kvalitet – korleis måle kvalitet? Kvalitet i opplæringa eller kvalitet sett i eit økonomisk perspektiv?

Eg kjem ikkje med ei ny tolking av modellane, ei heller eit konkret tiltak til skulestrukturplanen (anna enn til dømes sjå synergiar mellom UWCRCN og Dale Vidaregåande skule), ei heller elevtal og kva næringslivet ønsker, jamfør dei punkta som fylkeskommunen skisserte over kva ein ønskte innspel på innanfor fristen denne veka. Men eg kjem med nokre refleksjonar om kva som gjer ein stad og eit fylke attraktivt, om kva som kan skape tilhøyre og skape liv på ein stad. Her står den vidaregåande opplæringa sentralt. Ikkje berre fordi den er viktig for tidlegare, framtidige og dagens elevar og for dei som arbeider ved skulen, men for ringverknadane ein slik skule har og betyr for eit samfunn.

Her står me små og store syng i det same koret
Avslutningsvis, så skriv Stedje i songen sin, at “her står me små og store og syng i det same koret”.

Det er vel det vi gjer, innbyggarar – tilflyttarar eller heimattkomne, dei fråflytta, fylkeskommunen, syng i same koret. Syng for å bevare skulen vår.

I stortingsmelding nr.25 om ”Lokal vekstkraft og framtidstru, om distrikts – og regionalpolitikken” kan ein lese at: “Regjeringa vil at alle skal ha reell fridom til å busetje seg der dei vil. Vi vil sikre likeverdige levekår og ta ressursane i heile landet i bruk. Regjeringa vil oppretthalde hovudtrekka i busetnadsmønsteret for å vidareføre og vidareutvikle det mangfaldet i historie, kultur og ressursar som ligg i dette” (St.meld,2009:7). Korleis kan ein ha reell fridom til å busetje seg der ein vil når ein ikkje kan få gå på vidaregåande opplæring i tilknyting til heimstaden sin? Korleis er dette å sikre likeverdige levekår? Som utflytta Fjalerbu ønskjer eg å synge i koret for å bevare Dale vidaregåande skule. Kanskje i ein annan form enn slik den er i dag, men å legge ned ein skule i ein kommune med lange skuletradisjonar, utan å ta høgde for alle som allereie må reise langt for å gå på denne skulen, utan å vite nok om kva konsekvensar dette kan få for framtidig regional utvikling, er ikkje å leve opp til songen om Sogn og Fjorande: her har me lyst til å vera.

Sogn og Fjordane: Alle gode ting er ?

Nokre refleksjonar frå ei utflytta Fjalerbu, nokre dagar før fristen for å sende inn høyringsfråsegn til fylkeskommunen går ut,
Marte C.W.Solheim

Referanser
Markussen, E., Frøseth, M.W., og J.B.Grøgaard (2009): «Inkludert eller segregert? Om spesialundervising i videregående opplæring like etter innføringen av kunnskapsløftet», NIFU STEP.
http://www.udir.no/Upload/Rapporter/EvaKL/5/Sluttrapport_Spesialundervisning_videregaende.pdf

Solheim, M.C.W (2011): ”På Nebo Bjerg? Ein studie av møtet mellom høgkompetent utanlandsk arbeidskraft og den maritime klynga på møre”, Mastergradsoppgåve i samfunnsplanlegging og leiing, Høgskulen i Volda.
http://ask.bibsys.no/ask/action/show?pid=114136394&kid=biblio

Stortingsmelding nr.25 (2008-2009): «Lokal vekstkraft og framtidstru. Om distrikts-og regionalpolitikken».
http://www.regjeringen.no/pages/2175012/PDFS/STM200820090025000DDDPDFS.pdf

Sørlie, K. (2006): ”Bosettingspreferanser, flyttemotiver og flytteprosesser. Status og perspektiver omkring den regionalebefolkningsutviklingen i Norge”, Notat til Kommunal og regionaldepartementet, 16.02.2006.

Reisebrev frå tur til Madeira 18.- 25. oktober 2012

Les her om ein vellukka tur til Madeira 18. – 25.oktober i år:

Turen starta frå Dale den 18. oktober kl. 02.30. Det var Os-buss som sto for transporten.
Ein skulle tru at dei påmelde var trøtte når dei entra bussen etter kvart som vi kjørte rundt i distriktet og henta dei. Men nei, alle var i godt humør og sa godmorgon etter kvar som dei kom på bussen. Men tida var knapp og busssjåføren måtte tråkke til då ein var nøydd til å rekke ferja som skulle gå 04.30 frå Lavik.

Framme på Flesland var representantar frå Vitaltour der og rettleia oss etterkvart som alle sjekka inn. I sikkerhetskontrollen er det alltid litt fram og tilbake med at nokon har gløymt å ta av belte, andre har gløymt ei krone i lomma som gav lyd i kontrolldøra ein skulle gå gjennom.

Kl 09.00 var det klart for avgang i Bergen med 44 forventningsfulle sogningar og sunnfjordingar. No skulle det bli godt å slappe av etter ei lang natt, men ein veit at med charterfly er det trongt mellom seta, vanskeleg å få plass til beina, så søvn vart det so som so med. Ein time før ein skulle lande på flyplassen på Madeira meldte kapteinen at flyplassen var stengt slik at ein kanskje måtte lande på Tenerife, men han skulle komme tilbake til det når ein nærma seg Madeira. Det gjekk heldigvis bra litt turbulens, men flyet landa med ei god klappsalve frå dei reisande.

Representantar frå Vitaltour dei som skulle være våre guidar på Madeira var på plass og turen gjekk direkte til hotell Girasol som var det hotellet vi skulle være på.
Kl 17.00 var det informasjonsmøte på hotellet med dei 4 treffvertane som vi skulle ha med og gjere. Det var påmelding til dei forskjellige aktivitetane som skulle være dei neste dagane.

Fredag 19. okt. kl. 08.45 var det byvandring i Funchal. Det kom buss til hotellet og henta oss inn til sentrum. Første stopp var på ein broderifabrikk der vi fikk omvisning og såg på dei ulike prosessane frå start til ferdig duk.. Det var lite maskiner, ja kvar prosess var handarbeid. Vidare var vi innom ei katolsk kyrkje, var på vinfabrikk der Madeiravin vart laga samt prøvesmakte på 3 typar madeiravin. Var også innom eit fiskemarked.
Elles var det for dei som ikkje ville være med på utfluktene boccia i parken på føremiddagen samt guida tur i nærområdet av hotellet. Om ettermiddagen kl. 17.00 var det seniordans som var eit populært tiltak for mange.

Laurdag 20. var det fjelltur for dei som hadde meldt seg på til desse. Turen var ein heildagstur. Dei tok buss opp til 1400 m over havet der turen starta.

Sundag 21. var det fridag til kl. 19.00 om kvelden då var det portugisisk kveld på resturang A-SETA. Der fikk vi servert kjøtt grilla i steinomn på jernspyd. Desse spyda vart hengt opp på stativ som var fast i borda og det var berre å forsyne seg frå desse spyda. Det var også underholdning i form fadosang og av folkedans.

Måndag 22 vart det arrangemnet tur rundt øya. Dette var også ein heildagstur. 48 stk tok turen, ikkje berre frå det hotellet som vi var på, men også frå dei andre hotella som Vitaltour nytta på Madeira. Ein var innom Madeiras nest største by Machico, Santana der ein fikk sjå fargeglade hus med stråtak. I Sao Vicente fikk ein servert tre rettars lunsj, og ein vitja byen Porto Moniz. Dette var ein oppleving å få sjå landskapet på Madeira, vilt og vakkert.

Tysdag 23. kom det regn og vind slik at turen til Nonnenes dal og 2. dag av fjellturen måtte utsettast til onsdag.

Torsdag var det avreisedag. Etter frukost var det pakking samt å få levert koffertane på bilen som frakta dei til flyplassen. Flyet landa i Bergen kl. 20.00 der OS-buss skulle køyre oss tilbake til Hyllestad og Fjaler. Det var ein opplevelserik tur og ikkje minst eit eineståande reisefylgje.

Stor takk til Frivilligsentralen i Hyllestad og Fjaler for planlegging m.m.

Harry Standal inkl foto

  • 23.09.2012 — Solnedgang over Dalsfjorden.
  • 23.09.2012 — Høsten er nydelig slik:)
  • 23.09.2012 — Ferja på veg mot land, i solnedgang.
  • 23.09.2012 — Fra kirkegården i Dale. Nydelig høst søndag:)
  • 23.09.2012 — Solnedgang over Dalsfjorden.

Kva meiner du?

Fjaler Næringsutvikling er i gang med å revidere Strategisk næringsplan for Fjaler kommune. Dette er styrande for det arbeidet vi gjer for å skape berekraftig utvikling i kommunen.
Som eit ledd i dette arbeidet er vi interressert i å høyre di meinig om tema. Du kan møte oss førstkomande lørdag på Joker Grytøyra og Joker Hellevik, til ein uformell næringsprat.

Våre spørsmål er:
Kva meiner du er dei viktigaste utfordringane næringslivet i Fjaler står overfor?
Kva rammevilkår , både lokalt, regionalt og nasjonalt bør ein prioritere å arbeide med politisk frå Fjaler for å kunne legge til rette for næringsutvikling i kommunen?

Anette og Linda gler seg til ein prat med deg så kom innom. Ein liten næringsquiz med premiering blir det også.

Varetelling

Torsdag 5. januar held vi stengt pga varetelling på butikken.

Godt nytt år til alle våre kundar, både gamle og nye i 2012. Vi åpnar dørene for eit nytt år i morgon mandag 2. januar klokka 09:00, men på torsdag lyt vi ha varetelling. Då held vi stengt, og satsar på å gjere unna mest mogleg av tellinga i løpet av dagen. Fredag 6. januar er du velkomen tilbake igjen.

Helsing gjengen på bokhandelen i Dale

Godt nytt år

Bokhandelen i Dale takkar alle sine kundar for året som snart er forbi, og ynskjer dei eit godt nytt år. Vi avsluttar 2011 med eit kanontilbod for dei som besøker Facebook-sida vår, Dale bok & papir.

Trøtt og glad

Les meir…

Ny oppgåve i julequizen

Monica Johansen Haugen stakk av med første gåvekortet på lørdag, og jaggu vant ho sitt andre i dag. No er ny oppgåve klar på fjesboksida til bokhandelen og vi trekker torsdag kveld en vinner blant alle som skriver rett svar på FB sida vår. Vinnaren får bok- gåvekort til verdi kr.150,-.
Gå inn på sida her Fjesboken til Dale bok & papir og gi Monica kamp.

JULEQUIZ

Bli med på spørrekonkurranse. Frå onsdag av og kvar dag fram til jul legger bokhandelen ut eit nytt spørsmål kvar dag på Dale bok & papir.
Du trenger ein smart-telefon og ein app som leser barkoder. Last ned app og tren på bildet over.
Ver klar til første spørsmål onsdag, Vi trekker ein vinner blant alle innsendte svar kvar dag.
Fine bokpremiar til vinnarane.
Lukke til

Ny boksignering i Dale

Vi følger opp suksessen med Ole Johannes Øvretveit forrige lørdag, og ønsker velkommen til møte med forfatteren av boka om Gulatinget, Siri Ingvaldsen, førstkommende lørdag.
Siri har gitt ut bok om historia om Gulatinget (du kan lese meir om boka i eit tidlegare innlegg her på Origo).
Lørdag 10 desember mellom klokka elleve og ett er ho å treffe på bokhandelen i Dale. Kom og prat litt lokalhistorie med ho, og du kan få kjøpe med deg signert utgåve av boka heimatt.
Velkomen.