Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Viser arkivet for stikkord dekor

KORØVING - DeKor

Dekor startar opp att med korøving TORSDAG 20.august kl. 19.15 i gymsalen på Dingemoen Skule. Vi ynskjer nye og “gamle” songarar velkomne til øving.

Jubileumskonsert DeKor i Løa.

Jubileumskonsert DeKor i Løa.

Lørdag 26.04.14 feira DeKor 10 års jubileum (10 år i 2013) ilag med Fjordklang med fullt hus. Konserten starta kl 19, men allereie under oppvarminga kom det folk som ville høyre på dei to kora.
I to timar fekk sangarane vist resultatet av all øving i vår, og større sangglede skal ein leite lenge etter. Dette merka òg alle dei som kom og høyrte på. Tilbakemeldingane har vore veldig positive og ein ser kor mykje glede sangen og fellesskapet gir oss. Eit fantastisk publikum gav oss også utruleg mykje ─ det var ei stor glede å få synge for alle som kom!
Etterpå var det pub i fjøsen med meir sang og sosialt samvær.

På vegne av DeKor som stod for arrangementet, vil vi takke alle som ville ta turen for å dele denne festkvelden med oss.

Takk til Fjordklang som ville feire dette med oss, takk for hyggelig samvær og fin harmoni.

Eg vil òg takke vår eminente dirigent Hanne Heia Dybvik, pianist Mats Systaddal, fiolinist Ally Pate,
arrangementkomiteen som gjorde ein kjempejobb, gutane i baren og ellers alle i koret og alle hjelperar for eit flott arrangement.

Ellen M. Lidal
styreleiar

Syng og ver glad med DeKor

Dette er ikkje eit tomt utsagn, det er dokumentert at vi blir gladare og friskare av å synge. Dette kan du få oppleve ved å begynne å synge med oss i DeKor.
Vi er eit blandakor med ca 25 medlemmar – både innflytte og innfødte fjalerbuer. Koret vårt er snart 6 år. Nokre DeKor-istar har vore med frå starten, nokre har slutta og nye har kome til. Stadig har vi plass til og ynskje omå bli fleire. Vi har ein entusiastisk og sprudlande dirigent: Hanne M Heia Jahnsen. Ho får oss til å låte mykje bedre saman enn mange av oss gjer kvar for oss. Her er det nok men viktig å treffe tonen. Vi har eit ganske variert repetoar og syng ved mange ulike høve. No til hausten startar vi med nye songar og ny iver så det er absolutt eit godt tidspunkt for deg å bli med i DeKor.

Blir du med kan du sjå fram til dette:

  • To timar i sosialt, syngande felleskap med alle i DeKor kvar torsdag.
  • Songkurs med vår eksterne korutviklar Ketil Belsås, 28 – 30 august.
    Eit flott høve til å lære korleis ein brukar stemma best mogleg, for
    å låte finast mogleg.
  • Vi møter han att saman med fleire andre kor for å lære meir i Førde
    helga 31 okt – 1 nov, i korutviklingsprosjektet som DeKor er med i.
  • So skal vi delta på ulike arrangement i Dale, blandt anna korpset
    sitt 75 års jubileum og julekonserten i kyrkja.
  • Kvar vår reiser vi på korstemne, ei sosial helg med sprudlande
    korsongarar frå fjern og nær.

Første øving er på Dingemoen torsdag 20 august klokka 20.00, så har du lyst å vere med oss, er du velkomen!