Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Viser arkivet for stikkord dans

Flekke. 17. mai 2010. Program og dans i Vonheim.

2010.05. 17. Mai. 231

Om kvelden var der program i ungdomshuset, Vonheim, i Flekke klokka 20.00. Programleiaren, Arne Osland, las diktet “Ungdomshus”, med rockering. Chris Hamper las “Bondeguten” på flekkedialekt med litt aksent. Og han fortalde om dugnad, hesjing, klatring etter sau på Steiestølen med Magne Bjergene, arbeid på taubana i Norddalen saman med Bjørn Norddal og litt av kvart elles.
Sidan kom dans, song og musikk frå scena. Det var lokale artistar, somme frå Flekke, og andre flekkingar frå UWC. Det var ei fin og fargerik framsyning.
Her var også premieutdeling frå tevlingar før på dagen. Finaler i pilkast og spikring var her også.

Så vart salen rydda og Dalsfjorden Spelemannslag spelte opp. Små og store var med og trødde dansen. Dei yngste var kanskje dei ivrigaste. Her er rikeleg med dansetalent. Knut David Hustveit organiserte litt felles dansar og litt dansekurs. Golvet var fullt til klokka var halv tolv og vi kunne dra heim medan nemnda hadde dugnad med å rydde opp att. Kjekt i Flekke.

Nokre foto.

18.05.2010
Asbjørn Eikerol

2010.05. 17. Mai. 220 — Før klokka åtte i Flekke. Nokre av artistane med siste øving før dei går på scena.

2010.05. 17. Mai. 223 — Programleiaren, Arne Osland, imponerer med rockering, og diktet “Ungdomshus”.
Og Kåre Sandvik imponerer som mic-stativ.

2010.05. 17. Mai. 224 — Bondeguten, Chris Hamper.

2010.05. 17. Mai. 225 — Det er full sal, og vel så det, i Vonheim.

2010.05. 17. Mai. 231 — Jentene i Flekke på dans.

2010.05. 17. Mai. 232 — Fatima frå Paraguay, kan danse medan ho balanserer ei krukke på hovudet, om ho ligg eller står. God kroppskontroll her.

2010.05. 17. Mai. 233 — Wagon Wheels. Country swing.

2010.05. 17. Mai. 235 — Asbjørn Igelkjøn har fått premie.

2010.05. 17. Mai. 236 — Resultat, premiar og finaler.

2010.05. 17. Mai. 241 — Finaler på scena.
Spikring jenter junior.

2010.05. 17. Mai. 244 — Spikerfinale for herrar senior.

2010.05. 17. Mai. 247 — Musikk med internasjonale artistar og tekst på serbo-kroatisk.

2010.05. 17. Mai. 248 — Jentene i Flekke kan danse moderne dans også. Gruppa til Florence Hamper.

2010.05. 17. Mai. 252 — Valgjerd Arstein syng. Ine Osland på piano.

2010.05. 17. Mai. 254 — Leif Gunnar Igelkjøn syng.

2010.05. 17. Mai. 256 — Mange tek ein tur ut etter programmet. No vert det rydda til dans.

2010.05. 17. Mai. 259 — Dalsfjorden Spelemannslag er komne på scena. “Er de ferdige å stemme snart? Så eg kan få danse?”

2010.05. 17. Mai. 261 — Også dei aller minste ville vere med og svinge seg midt på golvet. Med ymse hopp og snaue vendingar, hallingkast og dans i ring.

2010.05. 17. Mai. 262 — Dans til Dalsfjorden Spelemannslag i Flekke. Innsats og humør er på topp.

17. mai i USA? New Jersey. New York. Dansekurs.

2010.04. 22. April 060

Viss du er i USA, New Jersey, New York, kan du feire 17. mai med å lære norske dansar: Seksmannsril, lettisk polka og reinlender. Det er Sabrina frå Fjaler og Singapore som organiserer og er instruktør. Ho har vore med på Torsdagsdansen. No studerer ho i USA, Princeton.

Her er kva ho seier:

Welcome! Velkommen!

Monday, May 17, 2010
Time: 8-10pm
Location: Forbes Blackbox

The workshop will be led by Sabrina Szeto ’12. (sszeto@princeton)

Sabrina studied in western Norway for 2 years at Red Cross Nordic United World College.
In her last year there, she went to the weekly dances with the local community in Fjaler and learned several folk dances.

May 17 is the Norwegian Independence Day, so do come out and join in the festivities!

The dances are fun and quite easy to learn. Just be prepared for some spinning! :)
Wear comfortable shoes that will allow you to turn on the floor… any shoes that do not cause too much friction are fine.

Sjå meir HER

Så kjenner du nokon som vil feire 17. mai i USA og kan nå fram til Princeton? Send denne linken vidare!
Også på Facebook http://www.facebook.com/event.php?eid=118635871502295

2010.04. 22. April 059 — Torsdagsdansen.

2010.04. 22. April 060 — Torsdagsdansen.

2010.04. 22. April 075 — Torsdagsdansen.

2010.04. 22. April 064 — Torsdagsdansen.

Pop. Hippiejenter. Musikk. Fure og Våge songlag øver til 17. mai.

2010.05. 12. Mai. 058

I Våge krins har dei tradisjon for program på 17. mai. Dei har hatt skodespel og revyar. No er det Fure og Våge songlag som har ansvaret i år. I grendahuset på Grytøyra møter ein flokk korsongarar til øving. Dei har program som skal framførast 17. mai klokka 20.00, og generalprøve 15. mai kl 19.00.

Musikken har dei nok øvd på i vinter. No er det snart før-premiere. Dei må finne fram kostymer. Dei må øve på nokre dansar. Dei må planlegge regi. Kven seier kva og korleis. Før øvinga blir det samla gruppemøte der Margrethe Risnes går gjennom planane.

“Dei har sett saman eit program med mange kjende pop – og slagermelodiar frå tidsperioden 1960 – 1990.
Publikum vil få servert eit breitt spekter av populære melodiar der dei vil kjenne igjen både tekst og melodi.
I orkesteret vårt har vi med oss Torodd Fagerheim på trekkspel, Jan G. Baug på gitar og Egil Furenes på fiolin.
Nokre av melodiane vert framført av kjende solistar som publikum heilt sikkert vil kjenne igjen, så møt fram.
Dirigent er Hermod Espe”, fortel Jofred Åsnes.

Desse er med i Fure og Våge songlag:
Hildur Folkestad, Møyfrid Kvangarsnes, Solfrid Lone, Margrethe Risnes, Markvard Eikerol, Arve Fretland, Olai Furset, Magne Sørdal, Rannveig Bakkebø, Marit Haugen Gjervik, Klara Midtbø, Oddny Prestøy, Judith Våge, Marie Aasnes, Anne Karin Eiken, John Fristad, Konrad Furseth. Jofred Åsnes, Kristen Holt og dirigent er Hermod Espe.

Her er programmet som du vil få høyre:

Hei Knut
Can’t help falling in love
Min älskling
Allsong
Där björkorna susa
Summer Wine, solistar: Anne Karin Eiken, Kristen Holt
Have you ever seen the rain
Apache, gitar: Jan G. Baug
Tango for to
Love me tender, solist: Arve Fretland
Lovers lane
Allsong, Sjømann
Singel og sand
Billy Bryants café
Whiskey in the jar, fiolin: Egil Furenes
Lycliga gatan
Tears in heaven, solist: Kristen Holt
Bye, bye love.

Torodd Fagerheim, trekkspel
Jan G. Baug, gitar
Egil Furenes, fiolin
Hermod Espe, dirigent
Arve Fretland, Anne Karin Eiken, Kristen Holt, solistar

13.05.2010
Asbjørn Eikerol

2010.05. 12. Mai. 006 — Og hippiejentene kom.
Litt meir modne enn på 60-talet. Men dei har teke vare på perler og stas.

2010.05. 12. Mai. 007 — Elvis var på plass. Tjukk og fyldig hårvekst. Ikkje eitt grått hår å sjå.
“Men kor mange knappar skal eg knappe opp, ned til navlen”?

2010.05. 12. Mai. 009 — Ja, vi har notar med også.

2010.05. 12. Mai. 012 — Maria er heilt klar til å danse.

2010.05. 12. Mai. 013 — Men først må her bli gruppemøte og plan.

2010.05. 12. Mai. 017 — Konrad Furset klør seg litt skeptisk i skjegget. Men her er det berre å notere.

2010.05. 12. Mai. 018 — Margrethe Risnes, i rødt ved enden av bordet, forklarer om regi.

2010.05. 12. Mai. 020 — “Me og so papen”. Kven skal vere papen og kven skal vere me?

2010.05. 12. Mai. 024 — Her må vi notere.

2010.05. 12. Mai. 025 — Somme prøver seg opp på scena.

2010.05. 12. Mai. 028 — Her må vi organisere litt.

2010.05. 12. Mai. 029 — Jan Baug og Kristen Holt får tid til litt ekstra øving.

2010.05. 12. Mai. 031 — Dirigenten, Hermod Espe, blar i sine papir. Trioen i orkesteret i bakgrunnen.

2010.05. 12. Mai. 034 — Og slik kan vi marsjere inn på scena?

2010.05. 12. Mai. 038 — Her er vi på plass.

2010.05. 12. Mai. 041 — Musikantane er her. Frå v. Egil Furenes, Torodd Fagerheim og Jan G Baug.

2010.05. 12. Mai. 043 — Vi øver.

2010.05. 12. Mai. 044 — “Vakkert”, seier Hermod Espe.

2010.05. 12. Mai. 047 — Bassane syntest at dei kom mykje bak. “Vi må få komme i midten så folk ser oss”. Dei kom. Og bassane kom til sin rett.
Men sopranane sa at dei ikke høyrde seg sjølve lenger.

2010.05. 12. Mai. 049 — Litt dans. Her er det Møyfrid som dansar vals med Kristen.

2010.05. 12. Mai. 052 — Solistar.
Kristen Holt og Anne Karin Eiken.

2010.05. 12. Mai. 058 — Så kom han Gunnar på Mo, Markvard. Og Møyfrid fekk ta eit steg hit og eit steg dit.

2010.05. 12. Mai. 068 — Elvis, sjølvsagt. “Love me tender”. Arve Fretland.

Besøk på UWC. Dronninga hindra av flystogg. Program på skulen. Dans.

2010.04. 22. April 051 — Vi skal danse.

Dronning Sonja skulle ha vore på United World College i Fjaler og besøkt elevane på skulen. På torsdag hindra oska flytrafikken. Men gjester kom og programmet vart gjennomført. Fylkesordførar Nils R. Sandal, assisterande fylkesmann Anne Karin Hamre, ordførar i Fjaler, Arve Helle, var med på omvisinga saman med folk frå UWC som viste dei rundt.

Det vart redusert frammøte frå media, aviser og TV, sidan Dronninga ikkje kom. Det store showet til elevane på skulen vart likevel filma og slik vil ho få det med seg på DVD. Dette var ei flott oppleving.

Og her kjem nokre foto-glimt frå ein annan av aktivitetane Sonja skulle besøke, Torsdagsdansen. Denne dansen kvar veke er eit samarbeid mellom undomslaga i Dale, Flekke, Straumsnes og den internasjonale skulen, UWC. Her kan alle komme, unge og eldre. Vi har levande musikk og instruktør som organiserer og gjev rettleiing. Fin trim og moro.

Angie Toppan, lærar på UWC, hadde bede elevane skrive litt om Torsdagsdansen. Her kjem litt frå det dei seier:

Gammaldans gives me the opportunity to interact with people from the local community. It has enabled me to discover one of the passions in my life: dancing.

I feel like I am dancing with my grandparents and aunts and uncles. This is a great way to create relationships between college students and local people.

Everyone is very active and enthusiastic when they dance. Even when people are tired they go on following the music, the movement, the choreography, all with their characteristic smiles.

I go often because the local dancers make me feel comfortable when I am learning to dance to music that is different from in my culture. I remember my first time; I was completely lost. I even stepped on the feet of many men – who were very polite and patient with me.

Through gammaldans we share not only the love of dancing with each other. We share information about cultures and countries. We have the opportunity to know who and how others are.

Back home I was not allowed to dance with men or have any physical contact with them, so dancing has been a personal challenge for me, an achievement. I have become engaged with Norwegian music and traditional dance easily as part of my Nordic experience.

The love and kindness I have experienced from the dancers at Torsdagdansen and Dalsfjorden spelemannslag have made me fall in love with Norwegian folk dance and music.

På norsk:
Norsk folkedans gjev meg muligheten til å samhandle med folk fra lokalmiljøet. Det har gjort meg i stand til å oppdage ein av lidenskapane i livet mitt: dans.

Eg føler at jeg dansa med besteforeldra mine og tanter og onklar. Dette er en flott måte å skape relasjoner mellom studentar og lokale folk.

Alle er veldig aktive og entusiastiske når de dansar. Sjølv når folk er trøytte, går dei på etter musikk, bevegelse, koreografi, alle med sine karakteristisk smil.

Eg går ofte på Torsdagsdansen fordi dei lokale dansarane gjer meg komfortabel når jeg lærer å danse til musikk som er forskjelleg fra min kultur. Eg hugsar første gongen, jeg var helt fortapt. Eg trakka på føtene til mange menn – som var veldig høflige og tålmodige med meg.

Gjennom norsk folkedans deler vi ikkje berre gleda over å danse med kvrrandre. Vi deler informasjon om land og kulturar. Vi har muligheit til å lære kven og korleis andre er.

Heime i mitt land hadde eg ikkje lov til å danse med menn, eller har nokon fysisk kontakt med dei, så dans har vore ei personlig utfordring for meg, ein prestasjon. Norsk musikk og tradisjonell dans har engasjert meg, og det blei lett ein del av mine nordiske erfaringar.

Den kjærleik og venskap eg har opplevd fra dei som dansar på Torsdagdansen og frå Dalsfjorden Spelemannslag, har gjort meg glad i norsk folkedans og musikk.

Her er talen frå Knut David Hustveit:

Fylkesordførar m/følgje

Røde Kors Nordisk United World College fekk ein heilt ny dimensjon for mange av oss i Torsdagsdansen då Angie , for tre år sidan, tok med seg ein del studentar og kom hit for å vere med å lære og ta del i den dansen som vi driv med. For oss, som då hadde halde på med dette i 25 år og dermed hadde teke til å dra litt på åra og kanskje etter kvart fekk meir og meir nok med oss sjølv, skulle ein tru at dette kunne bli ei stor utfordring. Og det vart det nok og, men i ei svært positiv tyding. For det som skjedde frå første stund var at vi fekk oppleve fantastisk flott ungdom frå alle verdshjørne som deltok med entusiasme, respekt og ope sinn, lærde utruleg fort det vi helt på med og kanskje mest av alt; på kort tid vart ein del av gruppa vår. Dette har gitt både Torsdagsdansen og kvar og ein av oss ei ubetaleleg vitamininnsprøyting som vi er djupt takksame for.

Det er kjekt å møte andre som viser interesse for våre saker. Det er kjekt å få lære bort noko av det som vi kjenner som vårt. Samtidig har læringa også gått andre vegen. Og i vår samanheng er det eit godt symbol på utveksling at vi har lært nye dansar. Det vi heldt på med når de kom inn var ein dans frå USA som heter Essex reel og som Angie har lært oss. Når vi held fram skal vi danse ein grønlandsk dans som vi har lært av ein grønlandsk student – Karina. Etter det dansar vi Håjevalsen, ein heilt lokal dans laga av ein tidlegare instruktør i gruppa vår som heiter Jan A. Haugen. Og som avslutning på denne sekvensen dansar vi ein Finsk Reinlendar. Oftast er det Andreas Ramstad og Ole Haaland som spelar til oss. I dag er det Dalsfjorden Spelemannslag som syter for musikken.

Vi dansar først og fremst fordi vi synest dette er kjekt å danse. Til slutt vil eg difor ynskje at denne stunda også kan bli ei kjekk oppleving for dykk.

Takk for at kom til oss!

Vi dansa Essex Reel, Grønlandsk Dans og Hågje-valsen for gjestene som kom for å sjå på. Så vart det reinlender og vals der alle kunne vere med, gjester også. Og dei var sporty og blei med i dansen.

Fylkesordførar Nils R. Sandal var skikkeleg oppglødd. Han greip ordet midt på dansegolvet:
“Ei fantastisk oppleving å få vere her! Og fantastisk å få delta i dansen! Eg har i alle fall lært noko i kveld.
Dans og kultur er sosialt. Det er kommunikasjon. Det skaper band mellom menneske – og her mellom fleire nasjonar.
Det er flott å sjå så mange samla – både unge og eldre. Eg kjem gjerne igjen for å lære meir.
This is great!”

Dronning Sonja les vel ikkje Fjaler Origo så ofte. Men det er fint om ho får sjå desse bileta, og slik kan ta litt del i moroa til elevar og innfødde på Torsdagsdansen.

Sjå link med meir informasjon om Torsdagsdansen

Nokre foto.

22.04.2010
Asbjørn Eikerol

2010.04. 22. April 046 — Litt før klokka åtte om kvelden. Snart byrjar Torsdagsdansen. Somme skal danse, og somme skal spele.

2010.04. 22. April 049 — Her er to elevar på UWC og fire studentar i Fjaler.

2010.04. 22. April 051 — Fire elevar frå UWC og ein frå Fjaler Ungdomsskule. Klare for dans.

2010.04. 22. April 054 — Her er vi oppstilte i dansesalen. Parketten er polert. Fint å danse.

2010.04. 22. April 053 — Dalsfjorden Spelemannslag under leiing av Knut Skoghei skal spele denne kvelden. Dei har spelt på mange kappleikar.

2010.04. 22. April 055 — Danseøvinga er i gong. Litt ekstra konsentrerte denne kvelden.

2010.04. 22. April 066 — Eit lite, men ekskulsivt publikum.
F.v. Reidun Færøy Bergstrøm, SeniorHouse Mentor, Anna Garner, assisterande rektor, Anne Karin Hamre, assisterande Fylkesmann, Arne Osland, utviklingsdirektør UWC, Arve Helle, ordførar Fjaler, Nils R Sandal, Fylkesordførar Sogn og Fjordane. Det var her Dronning Sonja skulle ha vore med.

2010.04. 22. April 056 — Dansen er i gong.

2010.04. 22. April 058 — Familievals.

2010.04. 22. April 059 — Torsdagsdans på UWC.

2010.04. 22. April 060 — Vi har øvd litt meir på somme dansar.

2010.04. 22. April 064 — Etter “Essex Reel”, som vi har lært av Angie Toppan, lærar på UWC frå New England, USA, vert det litt stogg i dansen.

2010.04. 22. April 067 — Det er tid for tale. Her er det instruktøren, Knut David Hustveit, som fortel om Torsdagsdansen.

2010.04. 22. April 073 — Og så er det Angie Toppan. Ho fortel kva elevane seier om denne dansen.

2010.04. 22. April 068 — Publikum sit pent roleg og ser og lyttar. Arve Helle fortalde etterpå at dei hadde snakka om at dei kanske stod i fare for å bli utfordra til å vere med på dansen.

2010.04. 22. April 074 — Og heilt rett. Her er Arne Osland klar.

2010.04. 22. April 075 — Arve Helle blir også med og dansar finsk reinlender.

2010.04. 22. April 076 — Nils R Sandal var ikkje vanskeleg å be. Countrygeneralen blir med på dansen.

2010.04. 22. April 078 — Fylkesorføraren og Karolina frå Polen, elev på UWC. Reinlender.

2010.04. 22. April 082 — Ein oppglødd og entusiastisk Nils R Sandal greip spontant ordet: “Dette var ei fantastisk oppleving å sjå! Og å vere med på dansen! Dans og kultur og kommunikasjon mellom mennske og nasjonar! Eg kjem gjerne igjen for å lære meir”.

2010.04. 22. April 069 — Takk for dansen! Nærast Karina Abelsen frå Grønland, elev på UWC. Ho har lært oss Grønlandsk Klappdans.

Save The Last Dance - "En kjærlighetserklæring til bygdedansen"

Tilbake til røttene

Det hele begynte på Landro, på Steinsland, på Eidesjøen, på Fjellheim i Os, på Haakonshella og eller på uttallige andre dansesteder utenfor Bergen som alle gikk under fellesbetegnelsen ”Striledans” og som var de popkulturelle samlingstedene på 60-tallet.
Om sommeren dro man ikke til byen for å gå på dans, man dro til et samfunnshus på bygda. Det var der det skjedde! Det var der folk samlet seg.
Slik er det ikke i dag. Nå går strømmen den andre veien; inn til sentrum.

- ”Save the last dance” forsøker å gå mot strømmen og gi en hyllest til alle samfunnshusene som åpnet dørene og arrangerte bygdedans. Det ble en ren lykke for ambisiøse popmusikere som ikke fikk spille på de ”finere” dansestedene i byen, sier Helge Nilsen og Rune Larsen. Etter 30 konserter i Hordaland setter bergenserne denne gang kursen mot Sogn og fjordane.

Lørdag 10 april gjester dei Fjalerhallen og vil du vere med på vårens vakreste musikalske eventyr så sett av kvelden allereie no. Vi kan love deg eit musikalsk tilbakeblikk frå 60-talet og heilt fram til i dag. Dette blir ein feststund for alle anten dei trådde dansegolvet sjølve på denne tiden eller berre har høyrt om ungdomshusa si storheitstid i frå foreldra sine.

Les meir…

Danseverkstaden med show. Opning og snorklipping for spegelvegg.

2009.12.04.des. 041

“Danseverkstaden held semesteravslutning med show i kantina på Fjaler Ungdomsskule fredag 4.12. kl. 20. Bill. kr. 50,- for alle over ungd.skulealder.
Ca 60 ungdommar frå Fjaler og Hyllestad deltek med moderne dans og koreografi”, fortel Ole Jakob Nedrebø, kulturskulerektor.

Mykje publikum hadde også møtt fram for å sjå på danseoppvising.
Men først var det snorklipping ved to ordførarar. Arve Helle og undomsordførar Florence Hamper. Dei klipte snora for den nye spegelveggen i kantina på FUS. No kan alle spegle seg som i eit skikkeleg dansestudio. Og så blir vi plutseleg dobbelt så mange. Moro.

Det er nok spennande for elevane å vere med på ei slik danseframsyning. Det er kjekt å gjere noko i lag, og dei lærer noko om å opptre.
Å danse er også god trening og gymnastikk. Du øver musklar, balanse og kroppskontroll. Det er moro og godt for humøret. Forsking viser betre hjernekapasitet, og auka produksjon av endorfin som styrker immunforsvaret og kroppens motstandskraft. Du vert sterkare og friskare!
Lærer du nokre dansar, kan du bruke det i andre dansar. Og dans ein aktivitet som du kan bruke kvar dag heile livet.

Meir om Dans i Fjaler
Og litt om dans for born i Dale Ungdomslag.

Nokre foto.

4.12.2009.

Asbjørn Eikerol.

2009.12.04.des. 011 — Ja, vi skal snart danse.

Men artistar må lære å vente. Vi må komme på scena i rett tid.

2009.12.04.des. 013 — Og vi må vente her oppå borda og i glaskarmen. Her er trangt om plassen så vi får no berre stå her. Men det vert lttt kjedeleg i lengda.
Og så kriblar det i magen. Er det litt farleg å gå på scena?

2009.12.04.des. 014 — Publikum hadde fyllt alle stolar.

2009.12.04.des. 015 — Somme kunne sjølvsagt sitte på golvet.

2009.12.04.des. 017 — Snorklipping. Arve Helle helper til. Florence Hamper med saksa.

2009.12.04.des. 021 — Så blir det dans. Dei yngste først.

2009.12.04.des. 022 — Det gjeld å halde takten.

2009.12.04.des. 024 — Musikk og dans og rytme.

2009.12.04.des. 026 — Og dei rette figurane.

2009.12.04.des. 027 — Danse og ha det moro.

2009.12.04.des. 034 — Takk for applaus.

2009.12.04.des. 035 — Publikum følgde nøye med.

2009.12.04.des. 020 — Og dei likte det dei såg.

2009.12.04.des. 039 — Dans med silkesjerf.

2009.12.04.des. 041 — Elegant.

2009.12.04.des. 044 — Dette var kjekt.

2009.12.04.des. 048 — God trim og trening i å danse.

2009.12.04.des. 052 — Då var det slutt og vi kan gå heim att.

Julestjerne. Foto av Alden. Ølbryggeri i Flekke. Dans. Oddmund Haugen fotograferer 67 studentar på den Blå steinen. Dalsfjordbru.

2009.12.03.des. 010

Sigrunn Haaland i Flekke fekk julestjerne frå FIRDA på torsdag. ”Eit positivt menneske, med eit vake sinn for alle dei gode og berande kvalitetane”.

Anita Zadig tek over som ny formann i Dale Musikkorps etter Arthur Boge.

I FIRDA er der i dag brudebilde av Charlotte og Børje Eikerol. Dei har gått stad og gifta seg der oppe i Trøndelagen utan å seie i frå.

Stein-Joar Hovland fortel frå Gjøafeltet 45 km vest av Bulandet. Og han har teke foto frå plattforma der vi ser inn til Alden, Askvoll og Fjaler. Sjå hans artikkel og foto nedanfor. HER

Oddvar Røysi får konsesjon for å kjøpe garden Strand, Fjorden, for 700.000. Han leiger innmarka ut til naboen, og han vil restaurere husa. Oddvar Røysi (70) er frå Sogn, Luster. Han bur på Hønefoss og er forretningsmann. Han tener godt og har over 40 mill i formue så vi vil spørje om han vil satse på noko meir i Fjaler?

Flekke. Leif Jarle Espedal vil bryggje øl på garden. Der kjem mikrobryggeri, fortel han til FIRDA. Dette blir spennande å smake. Elles driv han med villsau og har jobb i Telenor i Førde. “Ølet til Leif Jarle smakar fantastisk og anbefalast på det varmaste!” seier Dagunn Ylvisåker Igelkjønn.
Men kva skal det heite? Espedal Bryggeri? Og fleire enn Dagunn må vel få smake?
Sjå meir i FIRDA

Det var dans torsdag kveld i Dale. Levande musikk og instruksjon.
Kultur i pausen:
Kjellrun Hamnes Espe hadde skrive juledikt som ho framførde. Ho hadde sogar laga ein engelsk versjon av omsyn til det internasjonale publikum.
Fem studentar frå UWC hadde eit musikkinnslag. Kjekt å få litt underhaldning. Og kjekt å stå på scena.
Vil du vise noko? Det er berre å komme.
Neste torsdag vert dansen også i Dale, Trudvang. Då kjem Dalsfjorden Spelemannslag.

Fredag 4. desember:
kl 19.30 inviterer Dale bok & papir til slakteshow, bokpresentasjon og drøs med Hjortejegarane på Transplant. Vidar Samuelsen organiserer.
kl 20.00: Danseoppvisning ved kulturskulen i kantina på FUS .
Fredagsdans på Kroa kl 21.00

Laurdag 5. Julespel i Trudvang Barneteatergruppa i Dale ungdomslag skal syne skodespelet som er laga i haust: Tre eventyr i ei juleramme. Barnedansen i ungdomslaget skal delta. Sal av kaffi og kaker. Klokka 14:00 Arrangør : Dale ungdomslag/ Frivillegsentralen.

Stort foto i FIRDA på torsdag. 67 glade studentar på den Blå steinen på laurdag. Dei gratulerer fylket med Dalsfjordbrua. Foto: Oddmund Reisæter Haugen.

Desse var med på den Blå steinen:
Lise Eikemo, Alice Vie, Sygni Hansen Losnegård, Ingrid Rivedal Yndestad, Krstine Hofland, Linn Iren Tangedal, Pernille R. Hellevik, Åsmund Skaar, Øystein Olav Skaar, Ole Petter Mundal, Aksel Solheim (barnevogn), Kristine Solheim, Julie Vårdal Heggøy, Kim Frode Solheim, Solveig Nitter, Regine Stensæth Josefsen, Bjørn Klausen, Knut Longvastøl Barstad, Gaute Hope, Ronny Tømmerbakke, Tor Einar Erikstad, Tore Loneland, Atle Loneland, Alice Mathilde Aase Osen, Karoline Os, Terje Eikerol, Alexander Breidvik, Elise Løseth, Jannike Bakke, Synne Hjetland Løland, Nina Helen Erikstad, Nina Vadøy Antonsen, Leonora L. Kleiven, Anna Gundersen, Runhild Mo, Svein Gunnar Standnes, Bjarte Spord, Kurt Inge Solheim, Bente Vasseth, Mari Karnbo, Tone Klausen, Torbjørn Lien, Bjørge Larsen, Even Bøthun, Marianne Bøthun, Sharoon Siraj, Eivind Nyhammer, Vegard Nyhammer, Monir Grimelid, Marius Frøholm, Camilla Ericsson, Trond Valvik, Kjetil Ness, Audun Kjørstad, Inga Haaland, Anders Haaland, Anna Skaar, Karoline L. Samuelsen, Fredrik Solheim, Oddgeir Lammetun, Eirik Magnar Høydal, Chris Andre Nilsen, Kjetil A. Hellebust, Svein-Erik Helle, Stine Bøthun, Laura Knudsen-Bøthun, Anne Nikoline Bakkebø.

Dalsfjordbrua. Meir aksjon: ”Vi møtest på ferjekaia I Dale laurdag 5. desember kl 13.00 der det vert gjeve informasjon om siste utvikling i saka ved aksjonskomitèen og ordførarane i Fjaler og Askvoll. I tillegg vil sjølvsagt aksjonskomitèen i god tradisjon lage positive sprell og ikkje minst vert det offentleggjering av ei ny sak !!?? Det heile vil vere over på ein kort time og etterpå vert det ein kopp kaffi og positiv prat .
Dette er sluttspurten! Vårt engasjement er viktig! Du er viktig!” seier Aksjon Dalsfjordbru.

4.12.2009
Asbjørn Eikerol.

dalsfjordbrua blaastein11 — 67 studentar på den Blå steinen. "Vi ser fram til vidare utvikling rundt Dalsfjorden, og håpar vi kan bidra med vår del i framtida. Gratulerer! seier dei.
Klikk på biletet. Foto: Oddmund R. Haugen.

2009.12.03.des. 004 — Så går vi på dans.

2009.12.03.des. 011 — Andreas viser stolt fram ny skjorte frå Vindheim Design, Flekke. Handsydd.

2009.12.03.des. 012 — Litt frukt, kjeks og drikke i pausen.

2009.12.03.des. 013 — Vi sit ved langbord i matsalen nede i Trudvang.

2009.12.03.des. 010 — Artistane våre på torsdag 3.des. Kjellrunn Hamnes Espe med dikt. Fem elevar på UWC med musikk.

2009.12.03.des. 024 — Slik skal du stige seier instruktøren, Knut David Hustveit.

2009.12.03.des. 025 — Blir det feil? Bra, då kan vi le litt ekstra!

2009.12.03.des. 026 — Øve, øve dans.

2009.12.03.des. 027 — Vi prøver ein gong til.

2009.12.03.des. 029 — Åttetur.

2009.12.03.des. 030 — Glad levande musikk. Her Andreas Ramstad.

2009.12.03.des. 031 — Bli med på dans du også då? Her er plass for fleire. Kom når det passar.

1259909701000 Espedal nett st rr 2943266708×708r1 — Leif Jarle Espedal vil starte ølbryggeri i Flekke.
Foto: Hilde Genberg, FIRDA.

Snø og regn. Ulv i Fjaler? Dale. Lutelandet Offshore A/S. Elis. Kultur. Fiske. Kikkert frå NKD. Foto.

2009.10.1.okt. 015

Slutten av september kom med kaldare vèr og snø i høgda. Det er kvitt på toppane frå Blegja til Dokka i Holmedal. På Straumsnes sa Hansen på Hamna, Hans Arstein, at ”Snøen kjem og går ni gonger i Moldura før han vert liggande.” Gammalt vèrmerke.

På tysdag var der leverandørseminar med 130 næringslivfolk og Lutelandet Offshore A/S i gymsalen til Våge Skule. Stor interesse for oppdrag her. Kanskje kjem her ein liten by på Lutelandet? Her blir eit stort industriområde med plass til mange verksemder.

I Dale har Elis fått første kontrakter utanlands, Norden. Dette kan gje 15 – 20 nye arbeidsplassar. Optimisme i gamle skofabrikken. Andreas Langeland har lagt skifer på ein vegg med firma-logo i polert, svart granitt.

Terje Øksenberg og Arve Helle diskuterer vindmøller i FIRDA.

Kurt Oddekalv meiner at her er så lite folk i fylket vårt at vi kan ha ulv i Sogn og Fjordane. Som han sa sogningen. ”Skal me ala sau eller skal me ala bjønn?” Men kvar i Fjaler vil vi ha ulven? Tysselandet, Hellevika, Steiestølen eller Dale?

’Bondens verdibevis’ syner at verdiskapinga i landbruk i Fjaler er 22 000 000 kroner. Mjølk 14,3 mill og sau 3,5 mill kroner. Skatteinntekt 5,5 mill, som er 12% av skatten i Fjaler. Kjelde: FIRDA 23.sept.

I går var der Torsdagsdans på UWC Haugland. Referat og foto kjem sikkert seinare.

I morgon kveld er det ”Gled Dåke” på Open Scene, Kroa. Kva er det?

Laurdag 10. spelar Leprechauns on Wellfare, Egil Furenes og Frank Stølen på Transplant. Kan dei forandre namn til noko som går an å uttale?

Og på sundag 11. blir det stor konsert i Trudvang klokka seks, seier Jan Haugen. Gabriel Fliflet frå Bergen og ’Columbi Egg har vore fleire gonger i Dale. Han var på Førdefestivalen i år. Han kjem med gruppa Novgorod. Arrangør for konserten er Dale Ungdomslag.

Nede ved ferjekaien står ein stor, fin kikkert, men du ser verken Heileberget eller Kringla gjennom den. Linsene treng å pussast, trur eg. Kikkerten var del av kunstprosjekt på Dalsåsen, NKD. Han var kjekk å ha på kaien. Så vi ønskjer den nye direktøren på NKD, Arild H Eriksen, velkommen, og han får her eit lite oppdrag.

Så er det fint om fleire kunne skrive litt her på Fjaler Origo. Gjerne tekst med bilete. Det er lett å lese.

2.10.2009
Asbjørn Eikerol.

Nokre foto:

2009.10.1.okt. 020 — Snø i fjella. Kringla, Blegja, Laukelandshesten, Storehesten.
Klikk på bileta og dei blir større.

2009.10.1.okt. 015 — Snø på Heileberget og på Dokka i Holmedal, lengst vest.

2009.10.1.okt. 003 — Ved enden av regnbogen ligg skattkista med gullskatten nedgraven.

2009.10.1.okt. 019 — Ein fiskebåt på Dalsfjorden, Bjergelandet.

2009.09.17.sept 024 — Skifer og logo på veggen.

2009.10.1.okt. 001 — Ferdig logo i svart granitt.

2009.09.16.sept 003 — Kantstein på sørsida av Elis.

2009.09.16.sept 006 — Kikkert frå NKD på ferjekaia i Dale. Du kan ikkje sjå noko i denne kikkerten.

2009.09.19.sept 004 — Endene ved brua i Dale. Middagskvil på land.

Dans utan grenser. Turnè.

25 dansarar skal på turné i Sunnfjord frå 29 Mai til 1 Juni. Det blir ei forestilling blanda av afro, hiphop, experimentell, show, disco og mykje meir, med mykje stilige kostyme og rekvisittar!

Premieren er i Florø fredag 29.mai, kl 19:00 på Flora Samfunnshus. Deretter fortset turneén i Førde, Askvoll, Dale og Balestrand dei følgande dagane.

Florø 29.mai – 19:00
Fjaler 30.mai – 12:00
Førde 30.mai – 19:00
Askvoll 31.mai – 19:00
Balestrand 1.juni – 17:00

Alle som vil komme er hjarteleg velkommen, og vi kan love at det vil bli ei fantastisk forestilling!

Inngangspris:
Vaksen – 100kr + lokalavgift (5-10kr)
Barn – 60kr + lokalavgift (5-10kr)

Billettar kan kjøpast av dansarane i kvar kommune, også på forestillinga.

Arr: DUG – Dans Utan Grenser.

n831110397 6670987 661586

Lokale filmar frå Fjaler. Dans.

Foto: Eirik Strand.
Regi: Eirik Strand.
Director: Eirik Strand.
Musikk: Andreas Ramstad og fleire.
Instruksjon dans: Asbjørn Eikerol og fleire.
FUS. Fjaler Ungdomsskule, Dale.

Her kjem nokre linkar.

FUS på dans i Dale.
http://www.youtube.com/watch?v=ac0R7Qns7F8

FUS dansar på Sjukeheimen. High speed.
http://www.youtube.com/watch?v=NVU6cCJ7JFc&feature=related

Dans for dronninga. Ved Transplant i Dale.
http://www.youtube.com/watch?v=ix80YUobGhQ&feature=related

Takk for god jobb til Eirik Strand, Dale.
Filmane er frå 2008.

God fornøyelse!
6.04.2009
Asbjørn Eikerol