Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Viser arkivet for stikkord dalsfjorden

Med barn på tur i Dalsfjorden: Einingsfjellet (259 moh)

Vi har vore på tur i Dalsfjorden igjen, og fekk ein nydeleg fjelltur i strålande sol forrige fredag:
Med barn på tur i Dalsfjorden: Einingsfjellet

  • Nordlys og stjernerotasjon — Åpen lukker i ca 11min
  • Nordlysbrua — Nordlys og stjernehimmel tatt fra hagen vår på Dingemoen
  • Wolfgang stiller — På kaia i Dale har det kommet opp noen fyrstikk karer. De nyter utsikten og kveldshimmelen ;)
  • Dansende nordlys — Kaldt og litt dugg på objektivglasset ;) Akkurat passert 00:00 natt til 03 oktober

24.05.13 – Skulle egentlig fotografere nordlys i går, siden appen varslet høy aktivitet, men det var for lyst og overskyet. Ble noen flotte nattbilder alikevel og nå med broen som har fått vei over :)

Bli med på Sande-seminaret!

Karl Ove Knausgård, Gunnar Staalesen, Mette Karlsvik og Demian Vitanza kjem til Sande-seminaret Gåta om livet ligg løynt der i 10. og 11. august på Haugland

Utgangspunktet for seminaret er ”Mysteriet”. Sentralt i forståinga er at dette er noko som er vanskeleg å forklare, men som samstundes krev ei forklaring. Ein vil sjå på mysteriet si rolle i ulike sjangrar og framstillingsformer.

Mette Karlsvik har laga teksten Etter 22. juli som vert framført som dramatisk lesing og er skriven som eit forsøk på å forstå og forsone seg med dei grufulle hendingane sist sommar.

Den tradisjonelle Kobbeskjerkvelden, med allsong av Sande-tekstar på fjorden nær der Jakob Sande hadde hytta si, er ein del av arrangementet. Det same gjeld konserten i Auditoriet kl 21.30 der Nora Oleanne Sårheim &Kato Flem og Lillian Samdal & Anna Wingård vil ha kvar sin del. Til sist er det dans med Dalsfjorden Spelemannslag denne fredagskvelden. Dette kjem du ikkje til å gløyme…

*Program fredag 10. august *
12:30 – 13:15 Innleiing Arne Osland Mysteriet i litteraturen – Mysteriet hos Sande
13:30 – 14:15 Gunnar Staalesen Om Jakob Sande som novelleforfatter
14:30 – 15:15 Greta Hekneby Det poetiske språket
15:30 – 16:15 Mette Karlsvik Frå den andre kjem eit tredje
16:30- 17:15 Framføring av Mette Karlsvik sin tekst: Etter 22. juli. Skodespelarar: Idun Losnegård,, Aisha Bornø, Olve Drageseth. Instruktør: Miriam Prestøy Lie.

18.30 Avreise i båtar til Kobbeskjeret og til konserten etterpå i Høeghsenteret kl 21.30

Program laurdag 11. august
09:30 – 10:15 Demian Vitanza Litterær brytekamp
10:30 – 11:15 Karl Ove Knausgård Hvor ble det av englene?
12:30 Paneldebatt: Mysteriet i litteraturen
14:00 Slutt

Det er enno ikkje for seint å melde seg på!
Påmeldingsskjema finn du som link på framsida på www.jakobsande.no eller ring 99548767 (Margrete) Pris full pakke (seminar, båt, konsert, dans) : kr 1100,- berre seminar kr 850,-.
Overnatting er mogeleg i studentbyen på UWC og i «Riggen" på Haugland. Lunsj, middag, frukost i UWC-kantina
Enkeltbillettar: båt kr 150,- konsert kr 350,- ( Til sals hos Dale Bok og Papir) dans kr 100,- ( til sals i døra)

Arrangør av seminaret og Kobbeskjerkvelden:
Jakob Sande-selskapet og UWC Røde Kors Nordisk

Nye turar

På bildet ser vi Rørviknipa, Blegja, Synste Stauren og Eitrenipa. I framgrunnen ser vi deler av Leknesvatna. Foto G.Skaar

Etter ein særs hyggjeleg og sosial dag i Dale lørdag med mykje liv og røre, gjekk turen igjen på Blegja søndagen. Frå Rørvika og Blegja gjekk turen vidare ut på Synste Stauren, vestover Blåegga til Eitrenipa og med retur ned nordskaret til Leknesvatna og Markavatnet i Skjerlia. Dalsfjordsida og Fossedalen vart i dag valt vekk.

Heile dette fantastiske området på Askvoll-halvøya blir i framtida mykje lettare tilgjengeleg når Dalsfjordbrua no kjem på plass. Difor er det veldig viktig at ein har dette i bakhovudet når ein skal vurdere framtidig bruk og nytte av dette unike naturområdet.

For dei som er interesserte så ligg det tekst og bilderbloggen min. Her ligg òg videoklipp mot Dalsfjorden frå sørsida av Blegja (som Norman etterlyste) og frå Synste Stauren.

Gårsdagen var gjerne ein av dei flottaste dagane i sommar. Ein dag vi kan leve lenge på!

Skiftande vèr

Nokre bilder frå Smørskornova (Rivedal) og Siktanuten (Askvoll) i går kveld 11/8. Skiftande lysforhold gav spanande motiv…

Byge på gang frå sørvest over Leite og Straumsnes ved Dalsfjorden

Det klårnar opp igjen på Smørskornova. Sol over Straumsnes og skodde i Sylvsteinen

Regnboge i Vagstaddalen

Dalsfjorden t.h. og Hundeheia og Heileberget t.v.

Skoddedott over Moldura

Tòrebyge på gang lenger aust. Fristadfjellet t.v. Foto frå Askdalen

Hattar av skodde på Kinn og Batalden. Staveneset fremst

Alden i skiftande lys og vèrforhold

Litt nytt frå Fjaler. Kultur. Båttur. Bryggekanten. Laks i Flekke. Eksamen. Film. Foto.

2010.05. Juni 119

Fjordrock. Konsert. Ungdommar i Gaular, Fjaler og Askvoll har gått saman for å arrangere ein konsert for ungdommen. Konserten vil finne stad i Dale, og ein satsar på å ha konserten ute på grusbana bak Dingemoen skule. Aldersgrensa er 15 år, og det vert eit rusfritt arrangement.
Det blir god musikk av:
The Pink Robots
+ band som Failing Life
Vi håper mange har lyst å komme til Dale for å både nyte god musikk og godt selskap
FREDAG 13.AUGUST – KL. 21.00 – 24.00! Fredag den 13…tør du å komme? Sjå FB
Dette er eit flott tiltak av ungdommane, synest eg.
Dei som administrerer dette er: Karoline Bjørvik, Ingrid Hugøy, Sandra Høgheim Brattelid, Maria Loftheim, Kevin Renè Aarberg, Jostein Vagstad, Linn Marita Høyvik, Marie Gjervik, Ingunn Lunde Heggebø, Gabriela Burgos Husabø, Julie Sørøy Horne.

Applaus i Firda: Mark Taylor. Tusen takk for flott orgelkonsert i Dale kyrkje 26. mai. Spesielt fantastisk med den eigenkomponerte musikken. Helsing Torgeir Aase Løseth med fleire.

Draumestipend. Sturle Sandvik fekk draumestipendet! Sjå og høyr han HER Flekkingane er nok godt fornøgde no. Dei tok eitt og eit halvt poeng sidan Arne Sølvberg, svogeren frå Flekke, også tok heim draumestipend til dansegruppa si i Stryn.

Susanna frå Sunnfjord på Åmot gard i Bygstad. Torunn Torsheim. Sjå filmbit på NRK Sjå Firda

Fjaler Sparebank fortel at dei har no ein autorisert finansiell rådgjevar. Odd Helge Aase er den første av kunderådgjevarane i Fjaler Sparebank som kan titulere seg som autorisert finansiell rådgjevar.

Båttur på Dalsfjorden, Vikingfjorden. Visste du at sommarturistruta med M/S Lady Christina går kvar dag på Dalsfjorden? Frå Askvoll til Dale og Bygstad, og retur.
Ruta er slik: Askvoll 11.00, Dale 11.55, Bygstad 12.45. Og retur: Bygstad 13.50, Dale 14.45, Askvoll 15.45.
Pris: 140,- Askv – Bygstad. 70,- Dale – Bygstad eller Dale – Askvoll. Halv pris for barn. Les meir om Båttur på Dalsfjorden. Det er nok lurt å bestille plass på turistkontora, eller direkte: Bjørn Vold 9113 8519, og Fritz Hugøy 9091 9803.
Men eg lurer på ein ting. Kven skal markedsføre denne fantastiske båtturen? Ikkje ein gong turistkontoret i Dale visste om ruta før eg spurde, og dei måtte forske for å finne opplysningane.

I kveld kan du høyre KulturMinneMiks – ei samling musikalske kulturminne, på Grytøyra. Sjå kalender t. h. her. Eller du kan sykle langs Dalsfjorden.

Så kan du sjå ein film som viser Sogn og Fjordane. Filmen er laga av Roger Ellingsen, SJÅ, verkstad for visualisering. (Tredje etasje i Dale senter.) Han har med seg Oddmund Haugen som Director of photography, Bjørnar Bjørhusdal, still phoptography, Chris Andrè Nilsen er skodespelar. Emil og Ruben Ellingsen Haugen har hjelpt til. Kjekt. Du finn filmen her, på høgre side, rull litt ned: Klikk på Presentasjonsfilm. SFJ

Gamle foto kan fortelje historie. Her er nokre på Fjaler Origo, men du kan komme med mange fleire. Viss du vil sjå foto få våre nabobygder for 100 år sidan, skal du sjå Stongfjorden Origo. Foto Paul Stang

Romantikk i Korssundet fortel Atle Lyngstad Ness i Firda i dag. Liu Hua frå Kina og Finn Terje Solheim frå Dale.

Laksefiske i Flekke i går. Nett nedanfor saga til Sigurd Rennestraum går elva passeleg strid. Her likar laksen seg. Han beit på også og måtte bøte med livet. Laksen var nett kommen opp i elva frå fjorden. Sjå foto.

Fisk i fjorden. Johs B. Thue fortel til Sogn Avis at makrellen no overvintrar i Sognefjorden, og han er full av rogn. Er det slik i Dalsfjorden? I så fall blir Olav Arstein, Straumsnes, lite glad. Han meiner at makrellen er ein rovfisk, eller rovdyr, som utryddar yngel og fisk.

Margrete Reisæter fortel om akvarellkurs i Fjordaglimt. Ho seier:
“Kan vi få dette til i Fjaler også? Frivilligsentralen i Fjaler kan koordinere og hjelpe det i gong om nokon melder seg. Veit nokon om ein eller to som kan litt om dette og som kan hjelpe andre i gong?” Sjå meir i Fjordaglimt
Kontakt Frivilligsentralen i Fjaler tlf 57 73 80 20 eller stikk innom kontoret i 3. høgda på Dale senter.

Elles har Håkon Milde, Fure, etterlyst fotokurs. Han ville gjerne få lære litt av David Zadig, fortel han. Kanskje eit slikt kurs kan vere interessant for fleire også?

Eksamen. Ungdomsskulane er ferdige med eksamen. Munnleg sist veke. Våge kom opp i norsk. FUS hadde fire grupper. Dei var oppe i engelsk, naturfag, religion og samfunnsfag.
10. klasse ved FUS reiste i dag på tur. Det vert friluftsliv med fjellklatring til toppen av Alden, og overnatting på Aralden. Med dette vèret blir turen fin. Og kanskje får dei fisk?

DVG. Elevane ventar på kunngjering om munnleg eksamen. torsdag 17. juni er siste skuledag.
UWC. Elevane reiste frå skulen laurdag 5. juni kl. 18.00. Sommarferie.

Og hugs Kulturscene Fjaler på laurdag kl 12.00. Då blir det liv i sentrum. Denne laurdagen blir det musikk og dans. Alle kan bli med. Alle kan sjå på. Gratis. Sjå HER

Foto.

8.06.2010
Asbjørn Eikerol

2010.05. Juni 134 — Båtrute, sommartur, på Dalsfjorden, Vikingfjorden. Askvoll – Dale – Bygstad og retur. Kvar dag frå Askvoll kl. 11.00. Og retur frå Bygstad kl. 13.50. Bestill hos turistinformasjonen.

2010.05. Juni 121 — Dale laurdag 5. juni.

2010.05. Juni 136 — Båttrafikk ved kaia i Dale.

2010.05. Juni 131 — Her ligg Val Reno av Askvoll.
Johnny Søreide.

2010.05. Juni 149 — M/S Lady Christina på veg ut Dalsfjorden med Dale Musikkorps. Musikk på fjorden.

2010.06.03. Juni 009 — Jentene har picnic på bryggekanten.

Bortanfor ser vi kaia og “D/S Expeditionen”, og ut Dalsfjorden. Stille og roleg her ved sjøen. No har jentene reist til København, men dei kjem tilbake.

2010.06.03. Juni 005 — To av dei fire snekkene som er til utleige for dei som vil fiske på Dalsfjorden.

2010.06.03. Juni 003 — Turistar får fisk ved ferjekaia i Dale.

2010.06.03. Juni 004 — Men palen er liten.

2010.07. Juni 003 — Måsen har god tru på at desse får fisk.

2010.07. Juni 041 — Det er fint ved Flekke-elva. Her på Rennestraum.

2010.07. Juni 044 — Så gjeld det å lure laksen til å bite.

2010.07. Juni 045 — Og her er fangsten landa. Ein fin laks på 7 – 8 kg. Heilt nyleg kommen opp i elva. I går kl 14.00.

2010.06.01. Juni 007 — Bjørvikstølsvatnet. Den kjøa som hoppa her, var berre mini-storleik.

2010.07. Juni II 030 — Romantikk i Korssundet fortel Atle Lyngstad Ness i Firda i dag.
Liu Hua frå Kina og Finn Terje Solheim frå Dale.

2010.07. Juni 057 — Sommaren kjem.

2010.07. Juni 054 — Gyvelen er ei fontene av gult.

2010.07. Juni 055 — Det er på tide at plommetrèet blomstrar. Kald vår har forseinka plantene.

2010.07. Juni II 023 — DVG. 1983.
Har du historiske bilete å vise fram? Fint om du kan legge noko inn fotosamlinga.
Sjå fotoalbum her på Fjaler Origo.

2010.06.02. Juni 001 — Det skjer i Fjaler.
Det er lurt å skrive i kalenderen her t. h. Du kan godt legge det inn lenge før arrangementsdato. Ved å bla i kalenderen kan folk planlegge i god tid.

2010.06.08. Juni 001 — Ein blå lastebåt på Dalsfjorden.

2010.06.08. Juni 002 — Det er M/S Faktor som svingar opp til Dale og Kristofferbua.

2010.06.08. Juni 004 — Matias Øen har nok bruk for mykje singel og sand i desse dagar. Han blandar, og betongbilane køyrer til Lutelandet.

2010.07. Juni II 032 — Susanna frå Sunnfjord.
Frå Firda måndag 7. juni 2010.

Med rutebåt på Dalsfjorden. (Askvoll) Dale - Bygstad. M/S Christina. Passasjerrute på Vikingfjorden. Foto.

2009.08. 18.aug. 012

Tysdag 18.august, kvart på tolv.
M/S Christina legg til kai i Dale. Ho er på veg frå Askvoll til Bygstad. Båtførar i dag er Fritz Hugøy frå Herland, Atløy. Billetten er 70kr frå Dale til Bygstad. I Dale er vi fire nye passasjerar. Om bord er det no 24 personar. Båten set først kurs mot Laukelandsfossen. Etter regnveret sundag er han enno stor. Vi får kjenne litt av vassdrivet frå fossen. Her ligg vi i ro ei stund og turistane knipsar bilete av fossefall og kvarandre.

Snart går vi vidare inn fjorden og passerer Laukeland, Standnes, Hestad, Sunde, Kleppe på nordsida. På styrbord ser vi Sætenes, Strandenes, Strand, Holmelia, Halsnes, Nistadlia, Nistad, Fleten, Sagevik, Birkeland, Eikehaug, Bjørvik, Helle, Båtevik og Lending.

Heile vegen dukkar fotomotiv opp. Det er ein fin båttur langs grøne bøar, skogkledde lier, eller stupbratte fjell. Hus, driftsbygningar, verksemder, naust, sjøbuer, kaiar, småbåtar, ei fyrlykt ser vi på veg inn fjorden.

Ein times tid og vi ser ei vid bygd i Bygstad, Kapstad, Nysna, Kvamme, Kårstad og fleire gardar opp mot Berge på Sørsida av mektige Storehesten, (1209 moh). Fjellet heiter også Kvamshesten, og mange kjenner soga om hestehandlaren frå Bygstad som var på fesjå og hestemarknad i Valdres. Der selde han sjølvaste Kvamshesten ei sein nattestund. Det vart vel brukande pris for største hesten i Dalsfjorden. Kva sa kjøparen då han kom til Bygstad og skulle hente hesten sin?

Vi går for sakte fart gjennom Svesundet og legg til kai ved butikken på Eide.
Turistane går i land. Om ein time er det buss over Gaularfjellet til Balestrand. Rundtur til Bergen. Vi er nokre som skal tilbake til Dale, og nye kjem og vil reise til Askvoll. Her er no tid til å sjå seg litt om i Bygstad.

På Tønna har Olav Birkeland servering. Tre-rettar lunsj: Speketallerken, sild, laks, kjøt. Laksefilet er hovudrett. Heimelaga is. Totalt 260 kr, men Olav Birkeland seier at det er mykje mat, så denne menyen er stor nok for to. Og lunsj, tre rettar, for 130 kr er ikkje ille dyrt.
Tønna er tidlegare tønnefabrikk som no er restaurant, pub, dansestad, selskapslokale med atmosfære. Her ved Tønna ligg også vikingskipet til Helge Kårstad, V/S Bygstadskipet. Turistane får gjerne komme ombord.

Sjå foto.
Asbjørn Eikerol.

M/S Christina går i rute kvar dag ut august.
Vil du vere med? Tel Christina 45812569 for å tinge plass eller få ekstra stopp.

Eller, 2010: Det er nok lurt å bestille plass på turistkontora, eller direkte: Bjørn Vold 9113 8519, og Fritz Hugøy 9091 9803.

2009.08. 18.aug. 007 — M/S Christina ved kai i Dale.
Frå Askvoll til Bygstad kvar dag.
Frå Askvoll 11.00.
Frå Bygstad 14.00

2009.08. 18.aug. 012 — Først kurs til Laukelandsfossen.
Etter regnet på sundag er her no mykje vatn.

2009.08. 18.aug. 013 — Folk tek bilete av fossefallet og kvarandre.

2009.08. 18.aug. 017 — Heileberget og Laukelandsfossen.

2009.08. 18.aug. 018 — Laukelandshesten, 678 moh. Bergart konglomerat.
Ytste bøane på Laukeland. Ein gong har nokon lagt opp desse murane for å skape flatare bø eller åker.

2009.08. 18.aug. 026 — Standnes / Hestad.

2009.08. 18.aug. 028 — Heileberget i midten. Laukelandshesten.

2009.08. 18.aug. 032 — Sunde.

2009.08. 18.aug. 034 — Nistadlia.

2009.08. 18.aug. 038 — Sagevik og Fleten. Vi kan skimte litt av Nistad til høgre.

2009.08. 18.aug. 040 — Bjørvika.

2009.08. 18.aug. 049 — Storehesten. 1209 moh. Skyer kring toppen.

2009.08. 18.aug. 058 — Vi svingar inn til Eide. Bygstad.

2009.08. 18.aug. 061 — Tønna.

Olav Birkeland tek imot gjester. Tønnefabrikken har fått nye funksjonar.

  • Dalsfjorden — Onsdag ettermiddag, bilde tatt fra steinbruddet mellom tunnellane. HDR teknikk, 3 bilder med 2 steg over- og undereksponering og tonemappet etterpå
  • Laukelandsfossen — Her ser vi Laukelandsfossen med Blægja i bakgrunnen

Ingen regnboge, men gullet trur eg ligg vest i havet ein plass