Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Viser arkivet for stikkord bokhandel

Varetelling

Torsdag 5. januar held vi stengt pga varetelling på butikken.

Godt nytt år til alle våre kundar, både gamle og nye i 2012. Vi åpnar dørene for eit nytt år i morgon mandag 2. januar klokka 09:00, men på torsdag lyt vi ha varetelling. Då held vi stengt, og satsar på å gjere unna mest mogleg av tellinga i løpet av dagen. Fredag 6. januar er du velkomen tilbake igjen.

Helsing gjengen på bokhandelen i Dale

Godt nytt år

Bokhandelen i Dale takkar alle sine kundar for året som snart er forbi, og ynskjer dei eit godt nytt år. Vi avsluttar 2011 med eit kanontilbod for dei som besøker Facebook-sida vår, Dale bok & papir.

Ny oppgåve i julequizen

Monica Johansen Haugen stakk av med første gåvekortet på lørdag, og jaggu vant ho sitt andre i dag. No er ny oppgåve klar på fjesboksida til bokhandelen og vi trekker torsdag kveld en vinner blant alle som skriver rett svar på FB sida vår. Vinnaren får bok- gåvekort til verdi kr.150,-.
Gå inn på sida her Fjesboken til Dale bok & papir og gi Monica kamp.

JULEQUIZ

Bli med på spørrekonkurranse. Frå onsdag av og kvar dag fram til jul legger bokhandelen ut eit nytt spørsmål kvar dag på Dale bok & papir.
Du trenger ein smart-telefon og ein app som leser barkoder. Last ned app og tren på bildet over.
Ver klar til første spørsmål onsdag, Vi trekker ein vinner blant alle innsendte svar kvar dag.
Fine bokpremiar til vinnarane.
Lukke til

Ny boksignering i Dale

Vi følger opp suksessen med Ole Johannes Øvretveit forrige lørdag, og ønsker velkommen til møte med forfatteren av boka om Gulatinget, Siri Ingvaldsen, førstkommende lørdag.
Siri har gitt ut bok om historia om Gulatinget (du kan lese meir om boka i eit tidlegare innlegg her på Origo).
Lørdag 10 desember mellom klokka elleve og ett er ho å treffe på bokhandelen i Dale. Kom og prat litt lokalhistorie med ho, og du kan få kjøpe med deg signert utgåve av boka heimatt.
Velkomen.

Vesledoktoren kjem til Dale

Lørdag 3 desember kjem Ole Johannes Øvretveit til bokhandelen i Dale og signerer den nye boka si, Doktoren og Vesledoktoren.
Dette er ein oppvekstroman frå Sande, der vi møter Vesledoktoren (Ole Johannes) og Doktoren, som er far hans. Vi får ta del i gleder og sorger til doktorfamilien, og får innpass i ein barndom som fortoner seg litt utanom det vanlege.
Vel møtt på bokhandelen til møte med Vesledoktoren første lørdagen i desember.

Beyblade-Turnering

BEYBLADE-TURNERING på bokhandelen i Dale lørdag 11/6 kl.1200.

Mobile Beystadium til vinneren. Du kan bruke dine egne tilpassede Beyblade Battle Tops (de må vere riktig satt sammen og ha alle deler). Alle må bruke Ripcord Launcher. Kom og kjemp mot andre Beyblades og bli beste Beyblade Battler i Fjaler.

Ledige jobbar

Bokhandelen i Dale søker hjelp. Ein ansatt skal vere vekke i 6 veker frå neste veke av, og dagleg leiar er i lukkelege omstendigheitar og skal ut i permisjon frå mai av. Er det nokon som har lyst til å jobbe på bokhandel så kontakt oss snarast. Kom gjerne innom eller ring Hilde på butikken 57736870 eller Vidar 97037525.

Fjaler 2010 i handelen no

Har du hugsa å kjøpe sogelaget sitt hefte til jul?

Det er i år 13.årgang av hefte dei er ute med, og du kan mellom anna lese om “Forfatteren og målaren Gøsta af Geijerstam”, om “Husmannsplassar på garden Øyrane”, “Då krigen kom til Askvoll” og om “Oppstarten av Dale vidaregåande skule”.
Eg brukar å lese hefte i romjula, men i år tjuvstarta eg og kan sei at eg fann mykje artig historie i heftet i år.
Vi sel heftet på bokhandelen. Der sel vi også ymse små-elektrisk, men i motsetning til enkelte av dei store kjedane så prøver vi å halde fast pris heile året – kanskje litt bedre tilbod på noko no til jul.

Kom og kjøp sogelaget sitt julehefte, då er romjula berga…..

julehelsing frå bokhandelen i Dale

Bokhandelen framstår som ny

Etter ein lita veke med maling av tak, legging av nytt golv, maling av veggar, bytting og montering av ny butikk-innreiing og nye diskar, så var det kjekt å kunne ynskje alle våre kundar velkomen i dag.
Vi fekk mykje skryt for “nye” bokhandelen, og alle som ville fekk kaffi og marsipankake.

Paper Jamz på plass i butikken

Nye bok-kroken vår

Til ein god feiring må vi ha god kake sjølsagt

Formiddagstreff på bokhandelen med kake og kaffi, i bakgrunnen ser vi rekvisita avdelingen som ikkje er heilt ferdig utpakka endå

Andreas Ramstad meinte det var blitt veldig bra på bokhandelen no.

Ivar Hovlandsdal tykte det var kjekt å få kake og kaffi når han var innom for å handle litt

Øyfrid og Hilde har gjort ein kjempejobb siste veka for å klare å snu rundt bokhandelen for kundane og gjere si eiga arbeidsplass til ein endå betre plass.

Vi må også takke alle som har stilt opp for å hjelpe oss med å få butikken klar. Både kollegaer på Dale Senter, venar og kjente, og handverkare som har fiksa ymse på kort varsel har gjort ein kjempejobb. Det har vore veldig moro å jobbe i lag med heile denne gjengen siste veka.

Vi håper mange vil ta turen innom på laurdag og sjå kor fint vi har fått det.
Velkomen skal de vere.

Der ingen skulle tru at nokon kunne bu....

Oddgeir Bruaset kjem og signerar boka “Der ingen skulle tru at nokon kunne bu”. Boka er ei reise til dei mest avsideskiggjande stadene i Noreg og folket som bur der. Boka er basert på ein av dei mest populære fjernsynsseriane i nyare tid.

Han har også med seg boka “Det lyser i stille grender” – Historia om korleis våre kjende og kjære julesongar blei til.

Møt forfatteren Oddgeir Bruaset på bokhandelen i Dale tirsdag 8. desember frå 12:00 – 14:00.

Vel møtt

FJORDAQUIZ

fjordaquiz

Fjordaquiz
1001 spørsmål frå Sogn og Fjordane

Oddvar Torsheim går alltid med eit raudt plagg. Kva for eitt? Kor lenge har Olav Stedje hatt bart? I kva for ei Sognebygd kan du kjøpe billige bøker i eit gammalt grisefjøs? Kva heiter det vestlegaste punktet på fastlandet i Noreg?

I denne boka finn du 1001 spørsmål frå Sogn og Fjordane. Her er spørsmål som du ikkje visste at du kunne svaret på, og svar på spørsmål som du ikkje visste at du lurte på.
Forfattarane Roy Raasholm Fauske, informasjonsrådgjevar i Helse Førde, og Stian Sjursen Takle, programleiar og reporter i NRK Sogn og Fjordane, har begge livslange kjærleiksforhold til fylket. Dette er boka som kan redde ein regnvêrsferie eller skape underhaldning på den lokale puben. Fjordaquiz er like obligatorisk som appelsin i påskeferien!

Du får den hos bokhandelen din no.