Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Viser arkivet for stikkord basar

Minibasar for Flekke Ungdomslag i påska

Flekke Ungdomslag er i desse dagar godt igang med bygging av rullestolrampe, for å gjere huset tilgjengeleg for alle uavhengig av funksjonsnivå. Før bygginga kunne starte måtte den gamle betongtrappa og muren fjernast, og ny flott steinmur/trapp er no på plass. Sjølve byggjearbeidet vert gjort på dugnad fram mot 17.mai.

I tillegg til pågåande byggjeprosjekt vart taket på huset totalrenovert hausten 2011. Laget har siste året fått god økonomisk støtte frå offentlege og private, men har også gått inn med stor eigenkapital og dugnadsinnsats i prosjekta.

Basarnemnda v/Hjørdis, Magnhild, Bjørg og Møyfrid jobbar aktivt for å samle inn pengar til laget. Damene vil derfor sitte på butikken i Flekke og selje lodd måndag til onsdag i påskeveka, og påskeaftan held dei kafè og minibasar med loddtrening. Laget er takknemnlege for all støtte dei får i form av gevinstar og kjøp av lodd komande veke.

Ljosheimsbasaren

18. februar kl.15.00 er det igjen tid for Ljosheimsbasaren.
Det er flott om du tek ettermiddagskaffien på Ljosheim denne laurdagen og støttar opp om huset. Kakebordet er stort! Ljosheim er eit viktig hus for alle som soknar til Dale kyrkje, og er flittig brukt til mange aktivitetar. Av erfaring veit vi at folk er flinke til å kjøpe lodd, noko vi er svært takksame for. Det trengst midlar til både straum og forsikring, samt vedlikehald, inkl. utskifting av gamle og trekkfulle vindauge.
Vel møtt til Ljosheimbasar – håpar du kjem!
Ljosheimvenene.

Flekke Ungdomslag - Basar

Flekke ungdomshus (Vonheim) står framfor store og kostbare utbetringar i 2011/12, og i den forbindelse arrangerer Flekke UL basar sundag 30.oktober, der all inntekt går til huset. I desse dagar held Straumsnes Bygg på med rehabilitering av taket, som er ein omfattande og naudsynt jobb. Alle skiferhellene skal av og reingjerast, ny papp, rekter og lekter skal på før skiferhellene vert lagt opp att på nytt. Trass dårleg vêr er ein godt igang med jobben, og ein reknar med å vere ferdig om 2-3 veker. Deretter skal utvendig trapp/mur rehabiliterast, før det til våren skal byggjast rullestolrampe.

Me er svært takksame for all støtte til laget både frå offentlege og private, men manglar framleis ein del kapital før prosjekta er fullfinansierte. Ynskjer du å støtte oss med gevinst til basaren kan du henvende deg til basarnemnda v/Hjørdis Åsnes, Magnhild Espedal eller Bjørg Hellebust, eller du kan levere på Joker Flekke. Desse damene finn du også på butikken dei to neste laurdagane, der du har høve til å kjøpe lodd.

Basaren vert i Vonheim sundag 30.oktober kl.15:00. Det vert åresal og trekking frå loddbøker. Kaffi og kaker får du også. Vel møtt.