Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Viser arkivet for stikkord askvoll

Gründerkveld med Humørbonden Geir Styve 28. april 2015

Vil du bli millionær? Driv du lønsamt? Lyst å finne ut korleis du kan tene meir i di verksemd? Då er dette kvelden for deg!

PROGRAM

18.00 – 19.00 Velkomst, underhaldning, bedriftspresentasjonar
19.00 – 19.15 Pause & drøs
19.15 – 20.15 Foredrag «Korleis unngå at utgiftene strekker til?» ved Humørbonden Geir Styve
20.15 – 20.25 Liten beinstrekk
20.25 – 20.55 «Kvar er pengane mine?» Jobbe med eiga bedrift
21.00 – 22.00 «Speeddating» med Humørbonden

Samlinga er ope for både nyetablerar og røynde næringsdrivande i Askvoll, Fjaler og Hyllestad

Mer informasjon: www.askvolliutvikling.no

Stad: Askvoll Sjøbuer, Askvoll

Påmelding: Anne.Hopland@askvoll.kommune.no, eller tlf 975 24 098 innan 24. april
Fri entré!

Arrangør: Omstilling Askvoll, Fjaler Næringsutvikling, Omstilling Hyllestad

Tips til tur

Gåsvær

Etter å ha prøvd Øyhoppingsturen til Jensbua, vil eg absolutt anbefale alle å prøve denne. Det var ei stor oppleving.

No reiste vi frå Askvoll til Krakhella først, men det er ingen problem med å starte denne turen frå Dale heller via Rysjedalsvika. Marita på Jensbua tek mot påmeldingar slik at “Stjernsund” på Hardbakke ikkje blir overbooka (plass til 28).

Blogg

Google+ fotoserie

No startar arbeidet på Dalsfjordbrua!

Søndag kom ein stor båt inn Dalsfjorden med utstyr som skal brukast i samband med byggjng av brutårna til Dalsfjordbrua.
Det er det tyske firmaet Bilfinger Berger som har kontrakten på betongarbeidet, den nest største kontrakten på Dalsfjordsambandet.
Les meir på Firda.no.

Stor stålleveranse til Dalsfjordbrua

Vegvesenet ber om samlet pris på levering av bærekabler og hengestenger til Dalsfjordbrua og skråstag til Kåfjordbrua. De som er interessert i oppdraget, må regne ferdig innen 1. september.
For å lese mer, kan du se Våre Veger eller Firda.no

Skiftande vèr

Nokre bilder frå Smørskornova (Rivedal) og Siktanuten (Askvoll) i går kveld 11/8. Skiftande lysforhold gav spanande motiv…

Byge på gang frå sørvest over Leite og Straumsnes ved Dalsfjorden

Det klårnar opp igjen på Smørskornova. Sol over Straumsnes og skodde i Sylvsteinen

Regnboge i Vagstaddalen

Dalsfjorden t.h. og Hundeheia og Heileberget t.v.

Skoddedott over Moldura

Tòrebyge på gang lenger aust. Fristadfjellet t.v. Foto frå Askdalen

Hattar av skodde på Kinn og Batalden. Staveneset fremst

Alden i skiftande lys og vèrforhold

Med rutebåt på Dalsfjorden. (Askvoll) Dale - Bygstad. M/S Christina. Passasjerrute på Vikingfjorden. Foto.

2009.08. 18.aug. 012

Tysdag 18.august, kvart på tolv.
M/S Christina legg til kai i Dale. Ho er på veg frå Askvoll til Bygstad. Båtførar i dag er Fritz Hugøy frå Herland, Atløy. Billetten er 70kr frå Dale til Bygstad. I Dale er vi fire nye passasjerar. Om bord er det no 24 personar. Båten set først kurs mot Laukelandsfossen. Etter regnveret sundag er han enno stor. Vi får kjenne litt av vassdrivet frå fossen. Her ligg vi i ro ei stund og turistane knipsar bilete av fossefall og kvarandre.

Snart går vi vidare inn fjorden og passerer Laukeland, Standnes, Hestad, Sunde, Kleppe på nordsida. På styrbord ser vi Sætenes, Strandenes, Strand, Holmelia, Halsnes, Nistadlia, Nistad, Fleten, Sagevik, Birkeland, Eikehaug, Bjørvik, Helle, Båtevik og Lending.

Heile vegen dukkar fotomotiv opp. Det er ein fin båttur langs grøne bøar, skogkledde lier, eller stupbratte fjell. Hus, driftsbygningar, verksemder, naust, sjøbuer, kaiar, småbåtar, ei fyrlykt ser vi på veg inn fjorden.

Ein times tid og vi ser ei vid bygd i Bygstad, Kapstad, Nysna, Kvamme, Kårstad og fleire gardar opp mot Berge på Sørsida av mektige Storehesten, (1209 moh). Fjellet heiter også Kvamshesten, og mange kjenner soga om hestehandlaren frå Bygstad som var på fesjå og hestemarknad i Valdres. Der selde han sjølvaste Kvamshesten ei sein nattestund. Det vart vel brukande pris for største hesten i Dalsfjorden. Kva sa kjøparen då han kom til Bygstad og skulle hente hesten sin?

Vi går for sakte fart gjennom Svesundet og legg til kai ved butikken på Eide.
Turistane går i land. Om ein time er det buss over Gaularfjellet til Balestrand. Rundtur til Bergen. Vi er nokre som skal tilbake til Dale, og nye kjem og vil reise til Askvoll. Her er no tid til å sjå seg litt om i Bygstad.

På Tønna har Olav Birkeland servering. Tre-rettar lunsj: Speketallerken, sild, laks, kjøt. Laksefilet er hovudrett. Heimelaga is. Totalt 260 kr, men Olav Birkeland seier at det er mykje mat, så denne menyen er stor nok for to. Og lunsj, tre rettar, for 130 kr er ikkje ille dyrt.
Tønna er tidlegare tønnefabrikk som no er restaurant, pub, dansestad, selskapslokale med atmosfære. Her ved Tønna ligg også vikingskipet til Helge Kårstad, V/S Bygstadskipet. Turistane får gjerne komme ombord.

Sjå foto.
Asbjørn Eikerol.

M/S Christina går i rute kvar dag ut august.
Vil du vere med? Tel Christina 45812569 for å tinge plass eller få ekstra stopp.

Eller, 2010: Det er nok lurt å bestille plass på turistkontora, eller direkte: Bjørn Vold 9113 8519, og Fritz Hugøy 9091 9803.

2009.08. 18.aug. 007 — M/S Christina ved kai i Dale.
Frå Askvoll til Bygstad kvar dag.
Frå Askvoll 11.00.
Frå Bygstad 14.00

2009.08. 18.aug. 012 — Først kurs til Laukelandsfossen.
Etter regnet på sundag er her no mykje vatn.

2009.08. 18.aug. 013 — Folk tek bilete av fossefallet og kvarandre.

2009.08. 18.aug. 017 — Heileberget og Laukelandsfossen.

2009.08. 18.aug. 018 — Laukelandshesten, 678 moh. Bergart konglomerat.
Ytste bøane på Laukeland. Ein gong har nokon lagt opp desse murane for å skape flatare bø eller åker.

2009.08. 18.aug. 026 — Standnes / Hestad.

2009.08. 18.aug. 028 — Heileberget i midten. Laukelandshesten.

2009.08. 18.aug. 032 — Sunde.

2009.08. 18.aug. 034 — Nistadlia.

2009.08. 18.aug. 038 — Sagevik og Fleten. Vi kan skimte litt av Nistad til høgre.

2009.08. 18.aug. 040 — Bjørvika.

2009.08. 18.aug. 049 — Storehesten. 1209 moh. Skyer kring toppen.

2009.08. 18.aug. 058 — Vi svingar inn til Eide. Bygstad.

2009.08. 18.aug. 061 — Tønna.

Olav Birkeland tek imot gjester. Tønnefabrikken har fått nye funksjonar.