Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Viser arkivet for stikkord arbeid

Fjaler. Dalsfjordbrua - Den blå steinen. Kystvegen. 10.klasse FUS i arbeid. Kristofferbua blir seld. Smånytt. Foto.

Litt nytt.

Melding frå 10. klasse FUS: Dei har no kafè kvar laurdag i Dale Senter. Kl 11.00 til 15.00. Her får du vaflar, kaker, rundstykke, spekemattallerken, kaffi og meir. Dei tek også ymse småjobbar. Så treng du hjelp? Dei vil til Geilo på klassetur og må tene pengar. Sjå foto.

Den gule Kristofferbua i Dale blir seld til Hans Peter Kampfer frå Tyskland. Huset vil bli bygt om til leilegheiter, fortel BT.

Dalsfjordbrua: Ein aksjon er i gong på Facebook:
Laurdag, November 28, 2009. Klokka 14. – 14.30 Den Blå Steinen i Bergen. Er du i Bergen, kan du møte opp.
Dei skriv:

“Gle deg med oss – still på “Fotoshoot”!
Det nærmar seg siste vedtak i Fylkestinget. Det er viktig at vi som studentar/unge markerer at dette er noko som betyr mykje for oss og at vi bryr oss om framtida for HAFS-regionen. I den forbindelse er det skrive eit kort lesarinnlegg som skal på trykk i Firda rett i forkant av Fylkestinget.

Vi håpar flest mogeleg ynskjer å stille seg bak dette, og oppfordrar alle til å kome på “Fotoshoot” laurdag 28. nov. Ditt ansikt blir dermed din signatur! Saman er vi sterke, saman kan vi påverke!"

Meir om Kystvegen ved Arild Gjervik, og fin brosjyre på Stongfjorden

Jantsen Øverås trenar til NM i vektløfting.

Dalsfjordveka 2009 hadde ein fotokonkurranse. Vinnarbileta til Are Morten Follevåg og Asbjørn Eikerol ser du på Dalsfjordveka=&
Dei fekk 1000kr kvar i premie.

Film frå Natalino:
http://www.facebook.com/video/video.php?v=181870197035# (Under arbeid.)

På torsdag, 26.nov. kl 20.00, på UWC Flekke, kan du komme på DANS

Nokre foto frå Dale 21.november.

23.11.2009.
Asbjørn Eikerol.

hengebru med taarn21 — Dalsfjordbrua.
(Foto: Dalsfjordbrua.no)

2009.11.21.nov. 014 — Jantsen Øverås trenar til NM.

2009.11.21.nov. 023 — Frå Dale.

2009.11.21.nov. 020 — Litt frå gamle Dale.

2009.11.21.nov. 004 — På jobb.

2009.11.21.nov. 028 — Øyra. Lassedammen og Borgen.

2009.11.21.nov. 016 — Ein novemberdag i Dale.

2009.11.21.nov. 025 — På Øyra. Måsen stilte fint på rekke og rad på møna på nausta. Dei bad om å få bli med på foto.

2009.11.21.nov. 010 — Kundane kom.
Foto: Ine Osland.

2009.11.21.nov. 004 — Banken. Elevar frå FUS på jobb. Her skal bli fint.

dei raudkledde21 — Dalsfjordbrua. 2005 i Leikanger. Dei møtte til Fylkestinget. Dei ville ha bru. (Foto: Dalsfjordbrua.no)

2009.11.21.nov. 012 — Laurdagskafè i Dale Senter. 10.kl FUS.
Foto: Ine Osland.

2009.11.21.nov. 007 — Kafè. Dei vil tene pengar til klassetur til Geilo.

2009.11.21.nov. 018 — Vått somme tider for Vesle Daniel som sit her. Han skulle så gjerne fått på seg jakka no.

2009.11.21.nov. 017 — Melkevegen mot Coop og Firda Billag.

2009.11.21.nov. 006 — Banken. Elevar ute på jobb. Rake lauv og rydde rusk.