Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Viser arkivet for juli, 2016

Lokal veke 31 - 2016 Kva skjer? Kva kan du få oppleve? Veit du om noko som er kjekt for fleire å vere med på? Fortel!

På Tysselandet. Fredensborg.

(Også Program Dalsfjordveka:)
Her kan du sjå litt av det som skjer og som du kan delta på i Fjaler og i nabolaget. Denne veka og
framover. Veke 31 er 1. august – 7. august 2016
Du må lese Kalender til høgre på denne sida for å sjå alle arrangement. Klikk på Heile Kalenderen for å sjå lenger framover.
Hugs å skrive inn arrangement på Kalender her dersom du vil gjere noko kjent. Då kan det komme i Firda. I Kva Skjer?-spalten.

Kva skjer? Tur, konsert, Kulturscene Fjaler, teater, kino, kafe, marked, dans, revy, badeland, utstillingar, fotball, handball, sykkel?
¤¤¤ Les meir…

To elevar på UWCRCN. Mean og Sreythai.

Irene Solberg Rømmen med Mean og Sreythai.

Fikk unik sjanse

Mean, som nå er 18 år, kom til Norge for et år siden. Han var elev ved Rømmens utdanningssenter da en gruppe fra det internasjonale United World College Red Cross Nordic besøkte Kambodsja på jakt etter elevkandidater til sitt unike Survivors of Conflict-program.

Den unge guttens evner og lyst til å lære gjorde at United World College valgte ham ut til skolegang ved sin internasjonale skole som – av alle steder – ligger i den vesle bygda Flekke i Sogn og Fjordane.

Sreythai var jenta som elsket å sparke fotball, men som i tre måneder svevde mellom liv og død etter å ha tråkket på en landmine. Forrige søndag ankom hun Norge og Drøbak, og om tre dager reiser hun sammen med Mean til sin nye skolehverdag i Sunnfjord. Fjaler.
Les meir…

Å, du trulause møy! Ho brydde seg ikkje om han lenger! - Jau, det var for urimeleg til å vera sant.

Østerbøstølen.

Å, du trulause møy, som for meg “kunde døy” -
korleis kunde din hug seg såleis snu?
Korleis kunde du gi ein annan hjarta ditt -
du som eingong hadde lova bli mi brud?

Les meir…

Dans. Bli med. Lær å danse. Treff nye folk. Velkommen kvar torsdag frå 1. september!

Du likar musikk og rytme. Alle kan danse. I alle fall enkel dans og for moro.

Torsdagsdansen startar opp att 1. september 2016.
Det vert øving, trim og moro kvar torsdag kveld.

Det skjer i Dale, Flekke, Nesalandet og på UWC Flekke.
Samarbeid ungdomslaga og skulen, UWC og Dale vgs.

Vi held også fram med gruppa Ung Folkedans, Young Folkdancers.
Dei vil ta del i UKM i februar og Dansens Dag i Dale 29. april 2017.

Alle i Torsdagsdansen kan bli med på Dansens Dag.

Du kan bidra med kulturinnslag i pausen inntil 5 min.
Kultur på torsdag, Scena er di: Dans, song, show, dikt, tale, sjonglering….. Les meir…

Badeland på Haugland Fjaler. Fredag og sundag.

Haugland, Flekke.

Det er offentleg bading på Haugland to gongar i veka:

Fredag kl. 17.00 – 20.00

Søndag kl. 11.00 – 17.00

Det er badevakter til stades med ansvar for tryggleiken til gjestane. Barn under 10 år må ha følgje med ein vaksen.

Før du går ned til bassenga, betaler du i resepsjonen. Les meir…

Fredensborg. "Til pryd blev der ogsaa arrangert et springvand".

Stein Stølen er heime på Tysselandet.
Han hadde tenkt på om vi kunne få i gong att fontena på Fredensborg.
For 190 år sidan var det sorenskrivar Nils Landmark som demde opp ei myr og slik laga Fredensborgvatnet på Tysselandet.
I vatnet sette han ut kjø og karusser. (Ørret og gullfisk, karper.)
Han laga park med vegar og treplanting.

Stein Stølen fortel at faren hans, Georg Eliassen, var med og restaurerte fontena på Fredensborg på 1930-talet.
I dag er fontena heilt vekke utan spor. Les meir…

Jakob Sande i Sogn. Olsok 1966.

Inge Menes:

Det er 50 år sidan Jacob Sande var siste gangen på Menes
og då skreiv han dette diktet til onkelen min, Erling Menes
( Olsokafta 1966).

Les meir…

Krabbefestivalen på Atløy. 29. -31. juli

Klikk på teksten. Han blir større og lettare å lese.

27.07.2016
Asbjørn Eikerol

¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤

Album.
Krabbefestival 2016. Updated 9 hours ago · Taken at Herland Atløy

Sjå 119 foto HER

2.08.2016
A. E.

Svingom i Jølster 1982. Svingom i Førde 1983. (Også glimt frå Dale UL.)

Frå NRK sitt arkiv:
Det er ei tid sidan,
men her går an å kjenne att folk.
Kanskje var du med her i Jølster eller i Førde?
Les meir…

Open Dag. NKD Dalsåsen Dale. juli 2016

Les meir…

Konsert med Sinikka Langeland, Arve Henriksen og Kjartan Hatløy. Utstillar Oddleif Apneseth.

laurdag 30. juli 2016, 16:00

Med farslekt i Guddal har artisten Sinikka Langeland kjøpt eit lite bruk, Vellene og for tredje år på rad planlegg ho ein liten konsert og utstilling på låven helga 30. – 31. juli. Konserten er kl. 16.00 laurdag 30. juli med trompetisten Arve Henriksen, forfattar Kjartan Hatløy og seg sjølv Sinikka Langeland. Max plassar er 50 personer.

Les om Sinikka HER

Les meir…

Sommarfest på Hellevik. 30. juli Kulturscene Fjaler.

Fest på Hellevika.

Sommarfest i Nærbutikken, Hellevik 30. juli.

Vi ynskjer grende-/hyttefolk og besøkande velkommen til Sommarfest laurdag 30.7 frå kl 13-15.

Vi kan friste med sal av grillmat/pølser/salater og sal av barista kaffe og kaker frå DonDon kafe.

Butikken har stort utval av brus og is.
Butikken er åpent til kl 17 og kafeen til kl 16. Vi har bestilt Les meir…

Guddal. Yndestad gard. Musikk, Flakedans, Marknad. Styrke, uthald, presisjon og koordinasjon. Kulturscene Fjaler.

Laurdag 30.07
Det skjer på Yndestad gard denne helga.
Flakedans.
Ny mobil scene.
Marknad. Mange utstillarar.
Familiedag med aktivitetar for store og små.
Farmen-konkurranse med Samspel.
Premiar.

Fredag 29.07:
Pubkveld.

Les meir…

Olsok-laurdag i Korssund. Grill. Rømmegraut. Musikk. Bading. Båtliv. Nytt frå Lutelandet? Laurdag 30. juli 2016. Kulturscene Fjaler.

Kl 13.00 på laurdag.
Her kan heile familien oppleve smak av kysten, båtlivet og kulturen i Ytre Fjaler, fortel Kjell Skår.
Olsokfeiring er tradisjon i Korssund.

Det skjer på laurdag.
Handel og kultur. Sjø og grilling.
Sal på stands. Laila og fleire.

Program. Det vert litt musikk, grilling og kos.
Vi startar ca. kl. 13.00
Det vert grilling, sal av rømmegraut m.m.
Musikkinnslag og underhaldning. Les meir…

Trøbil og smil. Grøne tre i sentrum.

Ein torsdag i Dale.
Fleire får teste trøbil.
Den treng ikkje bensin.
Dette er jo meir moro og fleire blide smil i Dalstunet.

Litt om tre i Dale sentrum.
Trea skaper betre miljø og trivsel.
Nokre må nyplantast.
Nokre må beskjerast. Les meir…

Lokal veke 30 - 2016 Kva skjer? Kva kan du få oppleve? Veit du om noko som er kjekt for fleire å vere med på? Fortel!

Her kan du sjå litt av det som skjer og som du kan delta på i Fjaler og i nabolaget. Denne veka og
framover. Veke 30 er 25. juni – 31. juli 2016
Du må lese Kalender til høgre på denne sida for å sjå alle arrangement. Klikk på Heile Kalenderen for å sjå lenger framover.
Hugs å skrive inn arrangement på Kalender her dersom du vil gjere noko kjent. Då kan det komme i Firda. I Kva Skjer?-spalten.

Kva skjer? Tur, konsert, Kulturscene Fjaler, teater, kino, kafe, marked, dans, revy, badeland, utstillingar, fotball, handball, sykkel?
¤¤¤ Les meir…

Mystisk båt i Dalsfjorden. Helikopter. Flyndrefiske ved Vikaholmen eller spion? No er det andre gongen.

I går kom det mystiske skipet tilbake til Dalsfjorden.
6. juli var det her og studerte Laukeland.
I går kom det og la seg til heile dagen ved Vikaholmen. Fossvika.
Det er litt vest for tidlegare observasjon.

Men kva heiter båten? Les meir…

Dans i Askvoll. Dans med Lavik og Hyllestad trekkspelklubb. Fredag, Skjergardstreffet 2016.

No kan du høyre og danse til Lavik og Hyllestad trekkspelklubb.
Dei spelar i Askvoll samfunnshus fredag 22. juli kl 20.00 – 24.00
Swing, tango, vals for deg.
- Det er Skjergardstreff i Askvoll 22. og 23. juli!

Der er høve til å kjøpe mat og drikke, fortel arrangørane.

Kven spelar i Hyllestad og Lavik Trekkspelklubb?

Har du høyrt om Odd Gunnars, The Flintstons (Årdal), Hyllestad og Lavik Trekkspelklubb, Silver Birds, Førde Trekkspelklubb?
Kanskje har du dansa til somme av desse? Les meir…

Firda Ung: 20 stader å vere turist i eige fylke.

Etter fleire veker med regn er vi endeleg klare for solskinnsdag og plussgrader!
I den anledninga spurte vi ungdommen kva plassar dei drar for å vere turist i eige fylke.
Grip sjansen til å utforske fylket, kanskje du finn ein sjeldan pokémon…!

Øyhopping.
Bli med den lokale postbåten til spektakulære landskap i Solund, Bulandet og Værlandet.

Mini, Mini Bokhylla Bokby i Dale.
Her kan du leike hipster med ein kopp kaffi og ei bok frå mini-bokutsalet på Allmuen i Dale Les meir…

Plantesal

Laurdag 23. juli frå kl 10.00 og utover står eg i Parken i Dale og sel stauder.
Eg har med meg litt av kvart, mellom andre lupinen på biletet som er heilt lovleg å ha i hagen sin.
I tillegg har eg fleire sortar akeleier, blå valmuesøstre, paradisliljer, to sortar ballblom, to sortar fløyelstjøreblom, steinveronika og mange sortar som berre har botanisk namn og ikkje er så kjende.
Else Tømmerbakke – Hagen på Amfjell

Stor satsing. 41 fritidsbustader på Nesalandet. Møte og selskapslokale. Åsnes skifabrikk vert bygd om. Magnum Opus Invest AS.

2009.12.06 Åsnes skifabrikk og båthamna.

Åsnes skifabrikk har vore ute av produksjon dei siste åra.
Dagens eigar er Magnum Opus Invest AS.
Dei vil bygge om til 41 ferieleilegheiter.
Møte og selskapslokale 284 m2
Totalt areal over 2000 m2
Ny båthamn og betre utandørs areal høyrer også med.

Dette betyr ny aktivitet og investeringar i bygda.
Åsnes skifabrikk eig eit fint område ved sjøen ute i Dalsfjorden. Les meir…

Med ekspressen frå Askvoll til Måløy. Hornelen 680 m. o. h. Måløyraidet 1941 Lingekompaniet.

Lingemonumentet i Måløy.

Kortare turar på kysten kan vere interessant.
Eit lite besøk i Måløy stod på programmet.

I Askvoll kan vi gå om bord i ekspressbåten.
Så går det mellom holmar og skjer langs kysten nordover.
Forbi Florø, Smørhamn og til Måløy. Du kan halde fram til Selje.

Det tek mindre enn to timar til Måløy. Les meir…

Lokal veke 29 - 2016 Kva skjer? Kva kan du få oppleve? Veit du om noko som er kjekt for fleire å vere med på? Fortel!

Til venstre ser du innlaupet til Flekkefjorden. Der ser du Malvik, Bjellehaug, Jensbua, Fagervik.
Rett til venstre for statua skimtar du Leitet. Til høgre Tysse og Eikarol.
Mellom Ingolfr og det islandske flagget ser du Storebauten, (Dalsbauten) ca 350 m o h.
Vi har Storebauten og Litjebauten på Tysselandet.

Her kan du sjå litt av det som skjer og som du kan delta på i Fjaler og i nabolaget. Denne veka og
framover. Veke 29 er 18. juni – 24. juli 2016
Du må lese Kalender til høgre på denne sida for å sjå alle arrangement. Klikk på Heile Kalenderen for å sjå lenger framover.
Hugs å skrive inn arrangement på Kalender her dersom du vil gjere noko kjent. Då kan det komme i Firda. I Kva Skjer?-spalten.

Kva skjer? Tur, konsert, Kulturscene Fjaler, teater, kino, kafe, marked, dans, revy, badeland, utstillingar, fotball, handball, sykkel?
¤¤¤ Les meir…