Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Viser arkivet for april, 2016

Dansens Dag DD 2016. Dalstunet i Dale, Fjaler kl 12.00 laurdag 30.april.

DD 2013

Program Dansens Dag i Dale. Her kjem endringar:
Kl 12.00 Seniordansen Fjaler, Askvoll og fleire. Fellesnummer. Kontakt Hildur Refsnes.
12.10 Ung Folkedans, lettispolka og reinlender. Kontakt Asbjørn Eikerol
- Dalsfjorden spelemannslag vil spele på Kulturscene Fjaler i Dalstunet.
12.15 Torsdagsdansen. Kontakt Andreas Ramstad.
12.20 UWC
12.25 Dale vgs
12.25 Kulturskulen. Dansegruppene Hyllestad, Askvoll og Fjaler.
- Dansegruppe frå Dale. Instruktørar frå Dans Uten Grenser. Kulturskulen. Emilie H. H. No Name Yet.
12.30 Fairyland – Bjørvikstranda Exclusive Studio Salsa. Kontakt Andrea Terecenco
12.35 Skulane i Fjaler. FUS, Dingemoen, Flekke, Våge, Guddal. Kontakt, lærar, skule, Fjaler kommune.
- Swing med FUS Kontakt Hugo Fretland.
12.40 Dale UL, Barnedansen. Kontakt Jan Haugen.
12.45 Barnehagane.
12.50 Andre grupper. Alle som vil, kan få vere med her. Les meir…

Kulturscene Fjaler 30. april 2016. Det skjer så mangt i dag.

Dansens Dagar DD 2016. Dalstunet i Dale, Fjaler kl 12.00 laurdag 30.april. Sjå HER

Noko å vere med på i dag?

30. april.
– – Klatrejungel i Parken. Dale.
– – Leonards Forlåvelse, Hellevik 12.00
– – Russ og russebilar i Dalstunet kl 12.00
– – Dansens Dag. Alle grupper og personar velkomne. Gratis dans. Gratis Show. “HER”:
– – BB Bokhylla Bokby på Allmuen. Aktivitetar.
– – Lions Tulipanaksjon.
– – Klatreparken i Dale opnar.
- – Leonard Cohen Tribute Concert på UWC, Haugland.
– –*Program Dansens Dag i Dale. Kl 12.00:* Les meir…

Klatrejungel i Dale. Endeleg på plass. Her er somme som har venta lenge.

Siste veka har det skjedd noko i Parken i Dale.
Stolpane i klatrejungelen har fått alle tau og utstyr.
I går sette Roy Sunde vimpel og bjølle opp på toppen i tårnet.
Det var siste avslutning.

Ungane har alt funne ut at det går an å leike Tarzan. Les meir…

Solide resultat i Elevundersøkinga -igjen

Dale vidaregåande skule har også dette skuleåret betre resultat i Elevundersøkinga enn gjennomsnittet av dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane og resten av landet.
Resultata som no er offentleggjort i Skoleporten viser at Dale vgs ligg over gjennomsnittet på åtte hovudområde, og nøyaktig på gjennomsnittet på dei fire siste områda.
Rektor Gro Fivelsdal er fornøgd.
Du finn detaljane nedanfor. Les meir…

Leonard Cohen Tribute Concert.

Fjaler på nett-TV. Kommunestyremøtet 25.04.2016

No er video frå kommunestyremøtet 25.04.2016 klar.
Den kom litt seint denne gongen.

Først var det tema om skule og oppvekst.
1t 28 min.

Heile sendinga er på 4 timar, men du kan velje dei sakene som du vil sjå, med å klikke i venstre marg. Les meir…

Erik Grant Lea-kveld. Med Rolf Losnegård, Hellevik

Tysdag 3. mai kl. 19.00, Cafe DonDon Hellevik, Fjaler

Hellevik Grendelag inviterer til Lea kveld.
Høyr Rolf Losnegård og Ingrid Hansen fortelle historier frå industrimagnaten Erik Grant Leas liv.
Vi får også info om spennende teaterstykkeplaner.
Open kafè.

Arrangør: Hellevik Grendelag Les meir…

Sola skin. Blå himmel. 10 grader pluss i kveld.

Blomstertorget i Dale.

Dette går berre mot sommar.
Vil du sjå alle blomane?
Berre ta ein tur inn på Blomstertorget i Dale.
Her er det sommar inne og ute.
Blomar, busker og tre i store mengder klare for å bli planta ut.
Mykje meir: Hageskulpturar, fuglebur, lam og hagenissar.
Fontene, krukker og hagestolar.
Biehus og humlehus, til og med spade og greip.

Det er berre å komme og sjå. Les meir…

Jordas Dag. Velkommen inn til gratis aktivitetar. Kulturscene Fjaler 23. april

Det var MDG, miljøpartiet dei grøne, som hadde arrangement for jordas dag.
Laurdag 23.04.2016
Dei inviterte til kafe i Gamle Kommunehuset. Lokalet.

Aktivitetar:
Natursti.
Handarbeid – ny design med med brukt materiale.
Sunn og kortreist mat.
Tur i nærområdet der Peter Schønen fortel om nytteplanter.
Quiz for vaksne – premie: Matlagingskurs.
Quiz for barn – premie: Ei urt som du kan plante i hagen eller på altanen.

Dette vart ein veldig interessant dag.
Vi fekk smake salatar av kortreiste ville planter, økologiske egg frå Hyllestad, Eggedosis av andeegg, med ripsbær, små brød, blomar å ete. Les meir…

I samarbeid med Tønna, markerer vi dagen med LATIN NIGHTCLUB MUSIKK & PARTY!

Visste du at 29.04 er Verdens Internasjonale Dansedag?
I samarbeid med Tønna, markerer vi dagen med LATIN NIGHTCLUB MUSIKK & PARTY!

Vi skal pynte Tønna til party, en av de beste Dj-es frå Oslo er med på laget, vi held mini dansekurs & animation stunder slik at vi alle kan danse sammen. Dette blir knall!

Disco musikk – Top Bilboard & Latin Bilboard Hits – Tropical – Reggaeton – Salsa – Club music – Merengue – LatinoPop – Bachata – Reggae – Party Musikk og mykje mer!

Kom deg ut på tidenes beste NightClub Party! Les meir…

Månedens alumn Marte er doktorgradsstipendiat ved Universitetet i Stavanger, hvor hun forsker på hvordan ulik grad av diversitet påvirker innovasjon.

United World Colleges Norge. Hva er UWC?

Månedens alumn Marte er doktorgradsstipendiat ved Universitetet i Stavanger, hvor hun forsker på hvordan ulik grad av diversitet påvirker innovasjon.

-Når og hvor gikk du på UWC?

Eg gjekk på Atlantic College (AC) i Wales frå 1999 til 2001.

- Hvordan var tiden din på UWC? Er det noen episoder du husker spesielt godt?

Tida mi på AC var fantastisk kjekk. Det er mange episodar eg hugsar spesielt godt, men ikkje alle Les meir…

Russebil. Fjaler Origo Arkiv. Frå mai 2011.

Denne russebilen, Lille Promille, fekk premie for å vere den sikraste russebilen i Sunnfjord i år.

Her med tre av russejentene som eig bilen.

Melkevegen i Dale i dag.

13.05.2011
Asbjørn Eikerol

Meir om Russ i Dale HER

Og her kan du sjå Russ på Kulturscene Fjaler.

¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤

FIRDA fortel om «Ben Dover» kåra til sikraste russebilen i Sunnfjord 2016.
Dette var veldig kjekt! seier Sondre Myklebust.

Saman med Martin Søgnen, Bendik Vik og Endre Myklebust går dei siste året på studiespesialisering på Dale vidaregåande skule i Fjaler kommune.

Bilen er ein 1997 modell 2,5 liters turbodiesel WV Caravelle som har fått namnet «Ben Dover», og karane tykker det er flott at Statens vegvesen har eit gratis tilbod der russen kan få sjekka bilane sine slik at dei kan rette eventuelle manglar.

Les heile i FIRDA Abo HER

GRATIS FILM: «Doktor Proktors Tidsbadekar» Familiefilm. GRATISFRAMSYNING.

1. mai kl 18.00 Fjaler Kino.

«Doktor Proktors Tidsbadekar» Familiefilm
GRATIS.

Fjaler Kino.
1 Mai Kl.18.00

Dans for betre helse og meir moro.

I morgon i Flekke, Vonheim, med Flekke UL.
Laurdag kl 12. 00 i Dalstunet, Parken. Alle kan vere med på Kulturscena.

27.04.2016
Asbjørn Eikerol

Dalsfjorden spelemannslag i Dalstunet, Parken i Dale. Kulturscene Fjaler.

Laurdag 30. april kl 12.00, Dansens Dag.
Du kan høyre spelemannslaget på utescene i Dale.
Og du kan sjølvsagt danse til.

Program Dansens Dag i Dale. Her vil komme endringar:

Kl 12.00 Seniordansen Fjaler, Askvoll og fleire. Fellesnummer. Kontakt Hildur Refsnes.
12.10 Ung Folkedans, lettispolka og reinlender. Kontakt Asbjørn Eikerol . Dansar: Marsj, lettispolka og finsk reinlender.
- Dalsfjorden spelemannslag vil spele på Kulturscene Fjaler i Dalstunet.
12.15 Torsdagsdansen. Kontakt Andreas Ramstad. Dansar:
12.20 UWC
12.25 Dale vgs
12.25 Kulturskulen. Dansegruppene Hyllestad, Askvoll og Fjaler.
- Dansegruppe frå Dale. Instruktørar frå Dans Uten Grenser. Kulturskulen. Emilie H. H. No Name Yet.
12.30 Fairyland – Bjørvikstranda Exclusive Studio Salsa. Kontakt Andrea Terecenco
12.35 Skulane i Fjaler. FUS, Dingemoen, Flekke, Våge, Guddal. Kontakt, lærar, skule, Fjaler kommune.
- Swing med FUS Kontakt Hugo Fretland.
12.45 Barnehagane.
12.50 Andre grupper. Alle som vil, kan få vere med her.
……..
12.55 Vi startar opp att med meir så lenge folk vil. Først Seniordansen, så dei andre gruppene.
Tidene kan forskyve seg litt. Tidlegare og seinare.
NB. Kulturskulen eller Dale UL tek med anlegg. (Td Boomblaster.)

Merk: Klatreparken i Dale blir opna denne dagen. Så vi kan rekne med at her kryr av små og store Spidermen og klatremyser.

NB. Alle dansegrupper er inviterte til å komme.
Spesielt ser vi at skular får med seg Dansens Dag. Meir HER

DD 2013

27.04.2016
Asbjørn Eikerol

.

.

¤¤¤

Informasjon om DD 2016 i Noreg: HER

.
( DD arkiv i 2015. DD i sogn og Fjordane. HER )

¤¤¤

Meir om Kulturscene Fjaler. Show, aktivitetar, marked kvar laurdag kl 12.00 HER

Ung Folkedans. Young Folk Dancers.

Ung Folkedans frå Torsdagsdansen på UKM

Ung Folkedans. Øver kvar torsdag kl 20.00 Dale, Flekke, Straumsnes og UWC. United World College.

I morgon 28. april i Flekke, Vonheim. Flekke UL ynskjer deg velkommen kl 20.00

Du kan no vere med i ei ny dansegruppe for ungdom.
Dansane er gamle og kjende: Vals, polka, swing, tango, reinlender, samba, ril, halling, familievals, åttetur, Essex Reel, allemannsmarsj, familiesekstur, og meir.
Øvingane er saman med Torsdagsdansen første økt, kl 20.00 – 21.30
(Mange av folka på Ung Folkedans er med på siste økta også. Det er berre fint.)

Ung Folkedans var med på UKM i februar.
Deltakarane var frå UWC og Dale. Men gruppa er open for alle. Bli med!
Her er rapporten frå Ung Folkedans på UKM. Les meir…

Sabrina Casadei frå Roma til Dale. NKD

Sabrina har vore på NKD Dale, Kunstnarsenteret.
I dag kunne ho montere og vise fram arbeidet som ho har jobba med natt og dag i det siste.
Det vart synt fram på sjøsida av Byggeriet i Dale.
Her har ho vore opp på tønneloftet.

Sabrina har likt seg veldig godt i Dale og på NKD.
Ho har lyst til å komme tilbake til Noreg. Les meir…

Dugnad og opning av klatreparken i Dale

Laurdag 30. april 15.00-17.00. Tradisjonen tru inviterer vi til felles dugnad for å gjera bygda vår klar for våren. Vi opmodar alle om å rydde i sitt nærområde og innover mot sentrum. Kommunen stiller med traktor som plukkar opp sekkar og større ting langs vegane. Småboss kan ein ta med til parken. Ta med posar, hanskar og rake/kost.

Vi avsluttar dugnaden med opning av klatreparken – og gratis kake,kaffi og saft.

SAFUGE takkar folk som støttar dei.

SAFUGE og lærar på UWC, Maria Teresa Julianello, takkar for støtte
til arbeidet til ungdommane i gruppa.
Dei har fleire prosjekt på gong.
Dei har også fått støtte frå GOMAD. Les meir…

Dansens Dag 30. april kl 12.00 i Dalstunet Dale.

Dalsfjorden spelemannslag kjem ogå på scena i Dalstunet på laurdag.

Visste du at? Les meir…

Kva skjer i Askvoll? Av Andrea Helle Strømmen/student frå Askvoll i Bergen

Av Andrea Helle Strømmen/student frå Askvoll i Bergen

Fram til onsdag var eg sikker på at eg skulle flytte heim att når tida var inne. No er eg ikkje sikker lenger, skriv Andrea Helle Strømmen (24).

Debatten kring kommunesamanslåing har frå Haf(s)-sida i stor grad vore prega av fjalerbuarar. Både gjennom folkerøysting og media har dei gitt inntrykk av at det dei aller helst vil, er å ha askvollingane med seg på laget. Vi vert ønskte velkommen med opne armar. Men askvollingane er ikkje einige, og kommunestyret har no bestemt at vi skal vende oss mot storebror i aust. Storebror og venene, som snur ryggen til når den vesle kystkommunen kjem håpefull og vil vere med. Kva er Les meir…

Dans, det er Dansens Dag på Laurdag kl 12.00. Fjaler Origo ser tilbake til 2013.

Moro med litt tilbakeblikk. Kva hende i 2013?

Danseworkshops. Dale Ungdomslag. Vil du lære å danse? Moderne dans. Fleire dansar? Måndag og tysdag.

Moderne dans. Dansarar frå Kulturskulen i Parken i Dale 2012

No er det sommar og mange har fri frå skule og jobb.
Mange deltek på kurs, på leir og på sommarskule.
Er det tid for eit dansekurs eller to i Dale?

Moderne Dans med Elisabeth Bustos er Les meir…

Hovland & Rakneberg tønnefabrikk. Ny rolle i kunstens teneste. Det største biletet hengt opp på ein vegg i Fjaler. Kanskje det største i fylket?

I mange, mange år var her stor produksjon av tønner i Dale.
Dei vart brukte til å salte sild i.
Furuskogane i Fjaler og Gaular leverte kubb og stav.

Båtar kom og lasta tønner ved fabrikken.
Mange båtar kom frå Island.
Så vart tønneproduksjonen lagd ned og i dag er det Byggeriet som held hus her.

No får tønnefabrikken ei heilt ny rolle på tysdag.
Det er Sabrina Casadei, ei jente frå Roma, Italia, som vil ha utstilling. Les meir…