Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Viser arkivet for februar, 2016

1. mars er søknadsfrist.

Søke tilskot frå Sparebankstiftingane?

Frist 1. mars.

Sparebankstiftingane

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Sparebankstiftinga Fjaler er eigarane av Sparebanken Sogn og Fjordane. Dei har sine eigne nettsider og gir gåver til allmennyttige formål. Les meir…

Internasjonalt styremøte på Haugland. UWC International Board Meeting.

Jammen vart det gammaldans på International Board Meeting!

Her kom styret for UWC i Flekke.
Her kom styret for UWC International.

Her kom mange gjester frå andre skular og universitet.
Her kom dei frå heile verda – frå Mexico til Hong Kong, frå Brazil til India.
Viktige medspelarar i UWC-rørsla.

Her var eit stort program for gjestene, presentasjonar, møte med elevar og lærarar, guida turar og opplevingar. Les meir…

Lokal veke 9 - 2016 Kva skjer? Kva kan du få oppleve? Veit du om noko som er kjekt for fleire å vere med på? Fortel!

Ung Folkedans på UKM. HER

Her kan du sjå litt av det som skjer og som du kan delta på i Fjaler og i nabolaget. Denne veka og
framover. Veke 9 er 29. februar – 6. mars 2016
Du må lese Kalender til høgre på denne sida for å sjå alle arrangement. Klikk på Heile Kalenderen for å sjå lenger framover.
Hugs å skrive inn arrangement på Kalender her dersom du vil gjere noko kjent. Då kan det komme i Firda. I Kva Skjer?-spalten.

Kva skjer? Tur, konsert, Kulturscene Fjaler, teater, kino, kafe, marked, dans, revy, badeland, utstillingar, fotball, handball, sykkel?
¤¤¤ Les meir…

Ung Folkedans. Gruppa øver før UKM for Hyllestad, Fjaler, Gaular og Askvoll. Og på scena.

Ung Folkedans frå Torsdagsdansen på UKM

Ung Folkedans frå Torsdagsdansen er med i UKM.
Ung Kultur Møtest. Ungdommens Kulturmønstring.
På Dingemoen skule på laurdag 27.02.2016

Dei som var med. Ti unge dansarar:

Alejandra Acuna Dansar 18 år

Antonia Reininger Dansar 18 år

Cedric Rokotoarimanaga Dansar 19 år

Elias Rodriguez Dansar 18 år

Francis Byaruhanga dansar 18 år

Karin Walner Dansar 19 år

Lovise Estelita Jumao-as Øverås Dansar 18 år

Mean Pring Dansar 18 år

Milan Stojiljković Dansar 25+ år

Ulrikke Engeltoft Larsen Dansar 18 år Les meir…

UKM 2016 i Dale. Utstilling bilete. Juryen seier:

Melvin Gomez, teikning: Spirit.

Ung kultur møtest.
Somme ungdommar lagar bilete.
Her er arbeida deira på utstillinga i Dale i dag.
Ein jury bestemmer no om nokre av desse skal gå vidare til fylkesmønstringa.

Klikk på bileta og dei blir større.

27.02.2016 Les meir…

Masfjorden Grand Prix 2016 Masfjorden Chess Tournament.

Konsentrasjon i Masfjorden.

A party of fourteen from RCNUWC – students and a member of staff – played in the Masfjorden Grand Prix Chess Tournament over three days February 19-21.

Six rounds were played in a Swiss system with a Buchholtz tie breaker.
Six of us finished in the top eleven places and received prizes.
They were Les meir…

Samarbeidet mellom Norges Røde Kors og UWC Røde Kors Nordisk

Samarbeidet mellom Norges Røde Kors og UWC Røde Kors Nordisk

Det er med glede eg kan meddele at UWC har vorte invitert som ein integrert del av den lokale Røde Kors Førstehjelpsgruppa. Dette betyr at andreklassingane og UWC-tilsette i vår røde korsgruppe er del av den lokale utrykningsgruppa. UWC-gruppa vil støtte Sogn og Fjordane Røde Kors. Les meir…

Kom for musikken. Kom for Dansen. Kom for festen.

Og i morgon er det UKM Ungdomens Kulturmønstring for Askvoll, Fjaler, Gaular og Hyllestad.
Det skjer i Dale kl 15.00 Dingemoen skule.

Meir?
UKM Ung Kultur Møtest. Dale 2016 HER

26.02.2016
Asbjørn Eikerol

David Bowie Tribute Konsert. 27.02 kl 21.00 Trudvang Dale.

SOUND AND VISION

Få artistar har betydd så mykje for popkulturen som David Bowie. Sidan gjennombrotet med Space Oddity og fram til Blackstar har Bowie vore eit banebrytande ikon innan musikk, mote og sosialkultur. David Bowie har vore inspirasjonskjelda til nokre av notidas største artistar og musikksjangrar.

Vi har samla eit stjernelag i HAFS for ein heiderskonsert utan like. Felles for oss alle er at Bowie har vore viktig som inspirasjonskjelde. Dette er kvelden vi ynskjer å hedre David Bowie. Gjer deg klar til ei konsertoppleving du seint kjem til å gløyme!

Kåre Sandvik (piano), Øyvind Selvik (gitar og song), Frank Stølen (gitar og song), Hanne Ulvik (song), Rune Thorsnes (gitar og song), Svein Stølen (song), John Trygve Mulhearn Evensen (bass og song), David Zadig (song), Øyvind Dybvik (gitar), Mats Systaddal (slagverk), Richard Herland (lyd) Les meir…

Pårørandeskule i Hyllestad Kommune 2016

Open for pårørande i Lavik og Fjaler også.

Pårørandeskulen er eit kurstilbod til deg som har eit familiemedlem eller ein nær ven med demenssjukdom. Personen med demens kan bu heime eller på institusjon.
Gjennom faglege forelesingar, plenums- og gruppesamtalar får du kunnskap om demens og treff andre pårørande i same situasjon og fagpersonar med kompetanse på området.

Kurset vert helde over 5 antal samlingar ved Hyllestad Omsorgssenter

fra kl. 16.30 til 19.00 på følgjande datoar:

3.mars
17.mars
31.mars
14.april
28.april

Kursavgift 250 kr. (inkluderar kursmateriale og servering)

For nærare opplysingar om behov for transport og påmelding, kontakt
Tlf: 91875861 e-post: sirpa.markkanen@hyllestad.kommune.no

Påmeldingsfrist: 29.februar.2016

Der var spelemannsfest på Straumsnes. 13. februar.

Toradarane frå Naustdal.

Dalsfjorden spelemannslag hadde invitert Naustedalen spelemannslag.
Først var det konsert, og etterpå dans.

Dalsfjorden opna programmet.
Fint at dei hadde med juniorar: Anja Moltumyr, Elliot Losnegard, Silje Antonissen og Jørgen Vårdal.
Kårhild og Knut David Hustveit dansa parhalling frå Dalsfjorden.
Hermod Espe med blokkfløyte.
Så trioen Ramskogås, Ramstad, Skoghei og Åsnes.

Naustedalen spelemannslag er også allsidig.
Dei har Toradargruppa og Tradisjonslaget. Dei har Einar Eimhjellen med Les meir…

Konsert med MOLECULES

RISKKONSERTANE ønskjer velkomen til Konsert med MOLECULES
I auditoriet på UWC tysdag 8. mars 20:00

ERLEND SKOMSVOLL – tangentar

KAROLINE WALLACE – vokal og komposisjonar

JONAS FLEMSÆTER HAMRE – saksofonar

TANCRED HEYERDAHL HUSØ – trompet

MATHIAS MARSTRANDER – gitar

PETTER ASBJØRNSEN – kontrabass

ØYVIND SKARBØ – trommer Les meir…

Open Dag på NKD. Nordisk kunstnarsenter i Dale.

Vi bur ikkje nett sentralt i London her i Sunnfjord.
Likevel kan vi treffe kunstnarar frå den vide verda.
Det handlar om NKD.
Her kjem dei på stipendopphald for to eller tre månader.

Om lag kvar andre månad har dei Ope Hus.
Det betyr at folk kan komme inn i ateliera til kunstnarane.
Dei viser kva dei arbeider med, og vi kan snakke med dei.

I dag kunne du møte: Les meir…

Kommunestyret på nett-TV. Du kan sjå opptak frå møtet no.

Kommunestyremøte 22. februar 2016

Du kan sjå opptak frå møtet HER#

Du kan sjå heile opptaket, vel 3 timar.
eller berre plukke ut saker du er Interessert i. Les meir…

Mette Karlsvik (’95 -’97) UWC. “Skaldeløyve” – the Bard’s licence.

Revisiting Fjaler with the “Bard’s Licence”
NKD – Nordisk Kunstnarsenter in Dale

Friend: You’re leaving us?
Me: Yeah. I know. Short silence. But hey. I am going to United World College.
Friend: Cool. Where?
Me: Fjaler.
Friend: Cooool! In what country is Fjaler?

The year is 1995 and the dialogue is in Norwegian. Les meir…

Hyllestad og Fjaler kulturskule. Kva er det?

Her kjem litt informasjon frå heimesida. AE.

Visjonen vår:
vi ynskjer å bidra til eit kreativt, utviklande og
leikande tilvære for innbyggjarane

Kulturskulen vår driv ei brei teneste som heile aldersspennet av innbyggjarar nyttar.
Dette er nyttig og viktig både for den enkelte si personlege utvikling, og i eit folkehelseperspektiv.
Om lag 15% av befolkinga får eit fast tilbod, ca. 650 stk. i alderen 0 – 100+ .

KORT OM TILBODA VÅRE
Dei aller fleste musikkinstrumenta, samt tilrettelagt musikk (musikkterapi)
Visuelle kunstfag: biletkunst og husflid/ handverk
Moderne dans/ Dans utan grenser, med ung-til-ung- formidling

I tillegg har vi Les meir…

Lokal veke 8 - 2016 Kva skjer? Kva kan du få oppleve? Veit du om noko som er kjekt for fleire å vere med på? Fortel!

Dalsfjorden spelemannslag spelar i Flekke torsdag kveld. Dans. Flekke UL.

Her kan du sjå litt av det som skjer og som du kan delta på i Fjaler og i nabolaget. Denne veka og
framover. Veke 8 er 22. februar – 28. februar 2016
Du må lese Kalender til høgre på denne sida for å sjå alle arrangement. Klikk på Heile Kalenderen for å sjå lenger framover.
Hugs å skrive inn arrangement på Kalender her dersom du vil gjere noko kjent. Då kan det komme i Firda. I Kva Skjer?-spalten.

Kva skjer? Tur, konsert, Kulturscene Fjaler, teater, kino, kafe, marked, dans, revy, badeland, utstillingar, fotball, handball, sykkel?
¤¤¤ Les meir…

UWC Friluftsveka i Stryn.

Skulen i Flekke, UWC, har hatt friluftsveke for førsteåringane.
Dei har vore i Stryn i fem dagar.
Her fortel Sara-Estelle (RCN ’17)
Magnea Johannsdóttir (RCN ’17) har teke bileta.

Friluftsveka in Vangen

Relaxation, freedom, time, friends, sports, fun, nature, challenges, reading, adventure, snow, sunshine, fresh air – those are some of the impressions from students trying to summarize the Friluftsveka we have just had, in one word. Les meir…

Fagdag om Førdefjorden - Naturvernstudentane i Bergen. Naturvernforbundet Hordaland

Publisert 17. feb. 2016

Regjeringen ga i april i fjor gruveselskapet Nordic Mining tillatelse til å dumpe 250 millioner tonn avgangsmasser i Førdefjorden. Dette har ikke gått ubemerket hen verken hos miljøbevegelsen og miljøfaglige instanser, og er i et faglig perspektiv sterkt debattert.

Naturvernstudentene i Bergen har sammen med flere fagutvalg og Tekna invitert eksperter fra ulike institutt og fagområder som denne ettermiddagen kommer med sine faglige betraktninger rundt den omstridte sjødeponeringen.

Vi vil blant annet få høre om hvorfor Les meir…

UKM Ung Kultur Møtest. Dale 2016

UKM i Trudvang i 2013

No er 33 programinnslag klare for UKM
77 personar vil delta, åleine eller i gruppe.

Showet er i Dale, Dingemoen skule, på laurdag 27. februar kl 15.00 NY TID.

SAFUGE Cafe

Sjå heimeside på FB Lokal UKM for Askvoll, Fjaler, Gaular og Hyllestad HER

20.02.2016
Asbjørn Eikerol
.

Scene – Rock
Adrian & Arian fra Fjaler

Scene – Afrikansk hip-hop
Africanooo fra Fjaler

Scene – Pop
Atomic fra Askvoll

Scene – Foreløpig usikkert
Daphnie & Maja fra Fjaler

Scene – Pop
Dei Elektriske Epleskrottane fra Askvoll Les meir…

Hjort med halsband og øyremerke i Stongfjorden.

Hjorten er på vinterferie i Stongfjorden fortel Arild Gjervik
Kolla som vart observert i Mars 2014 i Gjerdemarkja med halsklave og merkje i øyra har fått kalv.
Sist eg såg den hadde den ikkje kalv, sjå HER
Kolla er i ca 9 år ettersom den vart merka som kolle i 2007.
Erling Meisingset sa i 2014 at kolla vart utstyrt med «Store-on-board»

Kolla er ein innvandrar frå Jølster. Les meir…

Fest i Fjaler kvar Torsdag. Gammaldansen.

Litt instruksjon.

Torsdag og full fart på dansegolvet i Dale.
Det er kjekt kvar gong vi får nye folk med.
Denne gongen kom to jenter heilt frå Belgia.
Dei er på vinterferie i Dale og likar å danse.

Ein kar kom frå Vårdal og over Dalsfjordbrua.
Vi håpar på kulturinnslag frå Vrakklinkers ein dag.

Elles var her utstilling av maleri ved Michelee Ajando. Les meir…

Kommunestyret måndag 22. februar: Guddal barnehage. Felles rektor i Dale. Kulturskulen. Lillingstonheimen.

Sak. Organisering av Guddal barnehage
 Rådmannen sitt framlegg:
Guddal barnehage vil frå barnehageåret 2016/2017 vere open 6 timar pr. dag i 3 dagar i veka og vil vere stengt i skuleferiane.
 Barnehagen skal organiserast i same tenesteeining som skulen og får 10 % rektor/styrarressurs og 66 % ressurs til pedagogisk leiar der administrasjonsressurs er inkludert.

Lønnsutgifter pr. år = 428 100,-
Det er ei årleg innsparing på ca. kr 730 000,-. Les meir…