Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Viser arkivet for januar, 2016

Torsdagsdansen i Flekke 4. februar. Flekke UL ynskjer deg velkommen.

Levande musikk og instruksjon.
Kvar torsdag ein fest i Fjaler.
Vi dansar vals, swing, reinlender, polka, marsj, tango, samba, åttetur, reel, og meir.
Kom gjerne åleine. Kom gjerne ein heil flokk! Dette er moro!

Ny i Fjaler? Velkommen her!

Du kan også komme for å sjå på, høyre på musikken, prate og ta Les meir…

Lokal veke 5 - 2016 Kva skjer? Kva kan du få oppleve? Veit du om noko som er kjekt for fleire å vere med på? Fortel!

Torsdagsdansen. Visste du at: Dans gjev deg styrke, balanse, uthald og du blir mjukare i kroppen. Denne veka i Flekke, Vonheim.

Her kan du sjå litt av det som skjer og som du kan delta på i Fjaler og i nabolaget. Denne veka og
framover. Veke 5 er 1. februar – 7. februar 2016
Du må lese Kalender til høgre på denne sida for å sjå alle arrangement. Klikk på Heile Kalenderen for å sjå lenger framover.
Hugs å skrive inn arrangement på Kalender her dersom du vil gjere noko kjent. Då kan det komme i Firda. I Kva Skjer?-spalten.

Kva skjer? Tur, konsert, Kulturscene Fjaler, teater, kino, kafe, marked, dans, revy, badeland, utstillingar, fotball, handball, sykkel?
¤¤¤ Les meir…

Vi skal eie Norge

De som tror at nasjonalt eierskap til vannkrafta er en selvfølge, må våkne.
Det må folkelig motstand til for å forhindre salg av norske naturressurser.

Av Eva Nordlund. Kommentator i Nationen.

Anders Lange var ingen framsynt mann. Under oljeeventyrets spede start her til lands, mente partileder Lange at Norge burde bruke det lille som måtte ligge av olje og gass i Nordsjøen som sikkerhet for å ta opp lån i utlandet. Et par år seinere ville samme parti selge ut Statoils rettigheter for 10 milliarder kroner. Det var om å gjøre å vri ihvertfall noe cash ut av det som kunne ligge under havbunnen. Kortsiktig lønnsomhet framfor langsiktig forvaltning. Les meir…

Vestlandskonferansen 2016.

Opptak frå Vestlanskonferansen i Grieghallen.

28.01.2016 – 09.00 til 14.30

HER

Vestlandskonferansen er et initiativ fra Sparebanken Vest for å samle aktører som er opptatt av utviklingen på Vestlandet. Her møtes ledere og opinionsdannere innen næringsliv, politikk, forvaltning, forskning, utdanning, kultur og andre samfunnsfelt. Les meir…

Torsdagsdansen var på Straumsnes i går kveld.

Torsdagsdansen på Nesalandet.
Som alltid levande musikk og instruksjon.
Vi fekk gjester frå Tanzania, Michelle og Malulu.
Dei er på NKD, kunstnarsentert på Dalsåsen i Dale.

Det er alltid kjekt å få gjester på Torsdagsdansen.
Her kan du komme på kafe, høyre musikk og bli med i dansen.

Å danse er temmeleg krevjande, så du kan sjå det litt an.
Ta det enkelt først.

No set vi saman ei gruppe dansarar: Torsdagsdansen Ung. Les meir…

MEIR PENGAR TIL LOKALE KULTURBYGG

MEIR PENGAR TIL LOKALE KULTURBYGG

Frå 2016 får dei organisasjonseigde kulturbygga i fylket fleire moglegheiter til å søkje midlar til ombygging, modernisering og utvikling. Huset i bygda, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane fylkeskommune går no saman for å løfte og styrkje dei over 400 organisasjonseigde kulturbygga i fylket.

Utvikling av kulturbygga
Dei lokale kulturbygga er viktige møteplassar, og her samlast alle generasjonar til sosialt samvære og variert aktivitet. Les meir…

Det kan bli mykje dyrare å gå til tannlegen.

Det blir no opna opp for ein langt høgare eigendel for å gå til offentlege tannlegar i Sogn og Fjordane for at fylkeskommunen skal klare kutta på 11 millionar.

I dag er det ein eigendel på 135 kroner på reise kvar veg til og frå dei offentlege tannklinikkane her i fylket. Men fylkestannhelsetenesta er pålagt kraftige kutt. Les meir…

Vi har samla eit stjernelag i HAFS for ein heiderskonsert utan like. 27. februar.

SOUND AND VISION

Få artistar har betydd så mykje for popkulturen som David Bowie. Sidan gjennombrotet med Space Oddity og fram til Blackstar har Bowie vore eit banebrytande ikon innan musikk, mote og sosialkultur. David Bowie har vore inspirasjonskjelda til nokre av notidas største artistar og musikksjangrar.

Vi har samla eit stjernelag i HAFS for ein heiderskonsert utan like. Les meir…

Konsert med Norvald Dahl Trio & Jon Irabagon

Våren 2012 inviterte den bergensbaserte pianisten og komponisten Norvald Dahl den amerikanske stjernesaksofonisten Jon Irabagon til Bergen for konsertspeling. Resultatet vart svært vellukka og bandmedlemene har spela saman jamnleg sidan. I 2014 spela dei inn debutplata si, In The Bull’s House, i villaen til Ole Bull på Lysøen. Albumet inneheld utelukkande originalkomposisjonar skrivne av samtlege bandmedlemer. Musikken er av svingande karakter med moderne harmonikk og rytmikk med store rom for improvisasjon. Repertoaret har utvikla seg noko i meir nordisk, lyrisk retning og har element av både norsk folkemusikk og “moderne klassisk” i seg.

Billettar: 250 kr (kontantar i døra) Gratis for born, ungdom og voluntørar.
Arrangør: RISKKONSERTANE

Fjaler kommunestyre 25.01.2016 på Nett-TV.

Opptaka frå komunestyremøta er god informasjon om kva som skjer.
Her kan du også finne dokument om sakene.

Du kan sjå opptak frå forhandlingane HER

Litt meir frå byrjnga av same møtet er HER#
Du treng ikkje sjå heile møtet. Du kan klikke deg inn på den saka du vil sjå.

Les meir…

Vil ikkje ha folkerøysting i Fjaler

Det blir inga folkerøysting om kommunesamanslåing i Fjaler. I staden skal dei ha spørjeundersøking.

– Kommunestyret i Fjaler har vedteke at dei vil høyre folket. Og då vil vi ha ei ny innbyggjarundersøking.

Det fortel ordførar Gunhild Berge Stang (V) om vedtaket frå eit stort fleirtal i Fjaler kommunestyre måndag ettermiddag. Berre Senterpartiet sine 8 representantar røysta i mot.

– Vi meiner det gjev eit betre og meir representativt bilete av kva folk i Fjaler vil i denne saka. Les meir…

Kosthald til kvelds

Frå 24. februar og fram til 16.mars vert det fire temakveldar med ernæringsfysiolog Lesley Robertson i Dale. Tema er karbohydrat, kosthald for eit aktivt liv, kosthald og hjartehelse og “Mindful eating”. Sjå plakat for meir informasjon

UKM 2016 for Askvoll, Fjaler, Gaular, Hyllestad . Ungdom.

UKM i Trudvang i 2013

Mønstringa er laurdag 27. februar, Ungdomshuset Trudvang, Dale.
Ung Kultur Møtest. UKM
Kven kan delta? Ungdom 20 år og yngre.

Du kan delta med alt:
Arrangør Klassisk Dans Foto Video Band Stacking Litteratur Kunst Teater Singer/songwriter Akrobatikk Les meir…

Lokal veke 4 - 2016 Kva skjer? Kva kan du få oppleve? Veit du om noko som er kjekt for fleire å vere med på? Fortel!

Her kan du sjå litt av det som skjer og som du kan delta på i Fjaler og i nabolaget. Denne veka og
framover. Veke 4 er 25. januar – 31. januar 2016
Du må lese Kalender til høgre på denne sida for å sjå alle arrangement. Klikk på Heile Kalenderen for å sjå lenger framover.
Hugs å skrive inn arrangement på Kalender her dersom du vil gjere noko kjent. Då kan det komme i Firda. I Kva Skjer?-spalten.

Kva skjer? Tur, konsert, Kulturscene Fjaler, teater, kino, kafe, marked, dans, revy, badeland, utstillingar, fotball, handball, sykkel?
¤¤¤ Les meir…

Sentralisering av tannlegane. Vert det 11 mill billegare?

Vil leggje ned 13 tannlegeklinikkar i fylket

Får konstituert fylkesdirektør for tannhelsetenesta i fylket, Clara Øberg, det som ho vil, vert talet på tannklinikkar halvert.
– Vi kjem til å foreslå ein reduksjon i talet på tannklinikkar i Sogn og Fjordane, seier Øberg.

Den utløysande faktoren er at fylkeskommunen har fått eit innsparingskrav, og då må alle avdelingar bidra. Les meir…

Danse litt swing. Boogie Feets.

Thorbjørn, Flora, Sondre, Tanya, Silvan and The Hebbe Sisters!

Publisert 23. jan. 2016

Dancing by Thorbjørn Solvoll Urskog, Flora Bouchereau, Sondre Olsen-Bye and Tanya Georgiievska.
Music by Silvan Zingg and Les meir…

Kulturskulen. Fv 57 forskottering. Brøyteabonnement. Havbruksfond. Frå kommunestyret.

Budsjettreduksjon i Fjaler sin del av kulturskulen – framlegg til vedtak:
Fjaler kommunestyre gjer slikt vedtak:
Budsjett og økonomiplan 2016-2019 for Fjaler sin del av kulturskulen blir endra frå kr 1.305.000,- til kr 1.556.850.
Framlegg til løysing og justering av for budsjett og økonomplan for 2016-2019, blir å kome attende til i kommunestyret sitt møte den 22.2.16.

Med bakgrunn i den usikkerheita Les meir…

Miljøpolitikk etter Paris - nettforedrag på UWC

Velkommen til eit foredrag som blir vist fram på storskjerm i auditoriet på UWC måndag. Det blir opna for spørsmål frå salen etter foredraget.

Les meir…

Kommunestyret i Fjaler er positive til utbygging av Lønnebotn, Øyrafossen, Yndestadhølen og Tjøredalselva kraftverk

Vatn skal i røyr.

Fjaler kommunestyre 25. januar 2016
Fire nye kraftverk i Guddalsvassdraget:

Lønnebotn Kraftverk
Lønnebotn kraftverk vil nytte eit fall på 78 m i Nautsundelva, frå inntaket på 136 moh. til
kraftstasjonen på 58 moh. Tilløpsrøyret blir om lag 950 m lang og er planlagd nedgraven i heile si lengd. Det er foreslått ei minstevassføring på 137 l/s. Middelvassføringa i elva er Les meir…

Avvikling av Stiftinga Jensbua.

Skumringstur på Dalsfjorden.

Emne: Avvikling av Stiftinga Jensbua

Til kommuneadministrasjonane i HAFS og tidlegare styremedlemer i Stiftinga Jensbua

Avtroppande styreleiar for Stiftinga Jensbua er glad for å kunne informere om at ein no er i mål med å avvikle stiftinga. Ganske nøyaktig 2 år etter ein sendte første søknad om oppløysing av Stiftinga Jensbua kom godkjenning og vedtak frå Stiftelsestilsynet.

Avviklingsstyret i Stiftinga Jensbua har bestått av Tor Arne Hauge (Solund), Joakim Systaddal (Hyllestad) og underteikna. Det har vore ein lang prosess der ein stor del av denne har omhandla sal av Eigedommen Jensbua for å realisere verdiar. Les meir…

Winter Programme Reflections.

Litt om juleferien i Noreg.
25 elevar på UWC reise ikkje heim på ferie.
Dei fekk likevel eit tilbod her.
Skulen organiserte eit program.
Dei besøkte først Oslo.
Så drog dei til Lillehammer og Nansenskulen der.
Heime att vart det hyttetur til Langeland. Les meir…

Denne veka: Dalsfjorden spelemannslag spelar i Dale på torsdag.

Du kan høyre og sjå dei på scena.
Det skjer i Trudvang kl 20.00
Torsdagsdansen er lokal kultur og samarbeid
Alle kan komme og vere med.

Levande musikk og instruksjon.
Kvar torsdag ein fest i Fjaler.
Vi dansar vals, swing, reinlender, polka, marsj, tango, samba, åttetur, reel, og meir.
Kom gjerne åleine. Kom gjerne ein heil flokk! Dette er moro!

Ny i Fjaler? Velkommen her! Les meir…

Her kan du sjå «Tysdagsdebatten» Opptak frå 20.01

Kva skal vi leve av i framtida?
Kvar skal vi bu og arbeide?
Det håpar årets første utgåve av «Tysdagsdebatten» å kunne gi nokre svar på.

Det er eit mangesidig bakteppe når Høgskulen i Sogn og Fjordane og Studentparlamentet kjem frå Sogndal til Eikaas-amfiet på Sunnfjord hotell i Førde med ordskiftet. Les meir…