Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Viser arkivet for august, 2015

Danseverkstaden - info om oppstart hausten 2015

Fjaler og Hyllestad Danseverkstad – DUG.

Treningstider hausten 2015:
- 7. – 10. kl: kvar tysdag kl 1600 – 1730 (første gong 8.9.)
(ev kl 1530 – 1700)
- 3. – 4. kl: kvar torsdag kl 1445 – 1545 (første gong 10.9.)
- 5. – 6. kl: kvar torsdag kl 1600 – 1715 (første gong 10.9.)

- NY: nokre fredagar kl 1845 –2015 for dei som ikkje rekk det midt i veka.
Datoane er: 25.9., 23.10., 13.11. og 11.12.

Alle gruppene er i kantina på Fjaler ungdomsskule.
Pris for hausten er kr. 660,- For fredagsgruppa kr. 300,-
Instruktørar er Emilie Høyvik Hjartholm, Marina Hjartholm og Hannah Erdal Baust.

Påmelding på denne eposten: ole.jakob.nedrebo@hyllestad.kommune.no
(ta med betaler sitt namn, adr og mobilnr, samt eleven sitt namn, fødselsdato og skule/klasse, og sjølvsakt kva dansegruppe som er aktuell).

Ring 5778 9549/ 9017 0920 om du har spørsmål. Sjå og info på www.hyllestad.no

NB! Dei som gjekk i vår og/ eller allereie har søk treng ikkje søkje, men send ein sms om kva gruppe du vil vere i.

PÅMELDINGSFRIST: 4. SEPTEMBER FOR ALLE

Dans i Trudvang, Dale. Fredag 6. juni 2015. Og fredag 4. september klokka 20.00

Ein liten biletrapport.
For om det har vore litt dansepause her i sommar,
så er vi klar igjen no på fredag 4. sept.

I juni var det over 70 gjester på dans i Trudvang.
Det er kjekt at mange kjem. Det blir meir miljø.

Kinosalen må bli danserestaurant med stolar nokre småbord.
Vi har eikeparkett som dansegolv.
Beste dansegolvet i Dale, seier Jon Werede Hope. Les meir…

Parken i Dale. Klatrejungel. Den er på veg.

Det har lenge lege ein stabel med furustolpar i Parken i Dale sentrum.
Dei er til klatrejungel som Fjaler kommune og Sparebanken i Sogn og Fjordane gjev pengar til.

No tek det til å skje noko.
Rune Berge frå Førde var her og fekk tilvist plass for bygging.
Han fortel at no må først stolpane støypast fast.
Så kan han ta mål og sende bestilling til firmaet som lagar nett og klatretau.
Dette vert tilpassa kvar klatreplass. Les meir…

STOPP. Styret i Dale UL vil ikkje ha bok-kafe i Trudvang. Har du forslag?

Pause i Torsdagsdansen. Nede i Bok-kafeen.

Du har sjansen til å overta ei interessant boksamling.

Styret Dale UL17.08:
Tilstede: Roy, Alf Jørgen, Jan.
Sak 1 – Avvikle bok kafe:
Roy informerte om at styret har vedtatt at bokkaffen skal avvikles.

Asbjørn lager ferdig en plan for avvikling, fjerning av bøkene innen mandag 24. Styret prøver å mobilisere rundt å rydde.
Roy lager en sak på Dale UL sin facebook side om at vi avvikler bokkafen på søndager.

Referat, 17. august 2015

(Roy, Alf Jørgen, Jan. Dei er Roy Sævik, Alf Jørgen Bråtane og Jan Haugen.)

¤¤¤

.
Får vi til ein bokby i Dale?
Eg treng litt hjelp og råd. Her er planen: Les meir…

Dale vgs. Fine turar til Nipebu.

Elevar og lærarar har hatt fine overnattingsturar til Nipebu tidlegare denne veka.
Veret klaffa best for Vg2-klassane på yrkesfag (biletet), men tilbakemeldingane er gode også frå lærarane som var med Vg1-klassane.
Den nye volontøren vår, Cristina frå Spania, tok fjellturen på sparket.
Og ikkje nok med det: Ho overnatta også ute under open himmel.
Sprekt gjort! Les meir…

Sommarfest i Naustdal. Program: Skotsk folkemusikk. Norsk Vegard Slettemark, Elin Grytting og Spelemannslaget.

Sist laurdag arrangerte Naustedalen Spelemannslag det dei kalla Sommarkveld i Fosshalla.
Her var fint program, kaffi og kaker og til slutt dans.

Heimleg folkemusikk på programmet var kjekt.
Spennande og litt annleis med tonar frå Skotland i tillegg.

Etterpå var det dans i Fosshalla til Toradargruppa og Tradisjonslaget i Naustedalen.

Ein triveleg sommarkveld i Naustdal. Les meir…

Kompani Opera Mobile til Nedre Tveit, Holmedal.

To unge jenter satsar på kunsten.
Kompani Opera Mobile er grunnlagt av Inger Øvrebø Uberg og Yngvild Vivja Haaland Ruud.

Med slekt i Jølster og Holmedal ville dei ta med den mobile operaen til Vestlandet.
Dei har begge solid utdanning og brei erfaring frå scene og konsertarenaer.

I går kveld var dei i Holmedal med framsyninga “Mellomrom” Ein barokkopera om det moderne mennesket.
Her hadde ei to framsyningar i går kveld i sperrestova frå 1800-talet på Nedre Tveit.
Akkordeon, opera og skodespel.
Og det handlar om kjærleiken. Les meir…

Summer Course 2015

Sommarkurs på UWC. Om lag 20 av dei nye elevane kjem til skulen tre veker før skulestart.
Dei får ekstra trening i engelsk.
Elles er dei med på mykje meir.
Dei har også besøkt Bremuseet, Kvernsteinparken og Værlandet.
(Sjå mange foto.)

Monday, 17 August marked both an end and a beginning for the students who took part in the summer English course at RCN.
A group of about 20 students arrived three weeks early to campus in order to begin studying English and familiarizing themselves with the campus before the majority of students arrived.

The summer course students spent each morning in class practicing English, working on group projects and learning more about RCN as well as about each other. Les meir…

From LPC to the Summer Course. Yazhi frå Kina til sommarkurset på UWC. Ho fortel litt om opplevinga i Flekke.

Yazhi (centre) with two other Summer Course students

In November 2014, an RCN delegation attended the Asia-Pacific Regional Meeting in Hong Kong and we were invited to meet Yazhi Pang (a first year at UWC LPC) and the staff team that supports her – given our experience of working with students with disabilities and our Survivors of Conflict Programme. When meeting Yazhi, we invited her to attend the RCN Summer Course in July / August 2015 – as we thought this would provide her with an opportunity to improve her English and to connect with other UWC students. Les meir…

Fredagsdansen i Trudvang, Dale. 4. sept. 20.00 - 23.30 Gammaldans for alle.

Musikk: Ramskogås Danseorkester med Andreas Ramstad, Knut Skoghei og Atle Åsnes.

Stort dansegolv i ungdomshuset.

Vi møblerer om til dansesal.
Mange stolar og nokre småbord der folk kan sitte ned og ta seg ein pause.
Men dansen går nesten i eitt.

Annankvar dans er damenes.
Så det er berre å stå på.

Blir det for mykje og for travelt, så kan du lure deg ned trappa til kafeen.
SAFUGE Cafe, elevar frå UWC serverer. Les meir…

Kulturskulen - ledige elevplassar hausten 2015

Sjekk info om ledige elevplassar her

Til Laukelandsfossen.

Til Laukelands-fossen

Tekst: Jon H. Jensen – Musikk: Jørgen Sagevik

Du vakre foss, hva bruser du vel efter ?
Du vil til havet, og du rekker frem.
Snart skal du måle dine store krefter
i dødens fall – så vil du miste dem !
Det er din død du stemner mot
og finner der, i skummet av din fot.

Det store kan vi kjenne først i fallet,
der står det stores storhet klart for oss. Les meir…

Fjaler Kommuneval 2015. Folkemøte Våge og Dale.

31. august og 3. september. Kl 20.00
Grendahust og Fjalerhuset.

Folkemøte i Våge – kommunevalet 2015:

Dei politiske partia i Fjaler inviterer til folkemøte i Våge grendehus i samband med kommunevalet 2015.

Alle toppkandidatane stiller i panelet og det vert høve til spørsmål frå salen. Møteleiar: Geir Grytøyra. Vel møtt!

¤¤¤

Folkemøte i Dale – kommunevalet 2015: Les meir…

Om lag 4 millionar fordelte i dag. Tilskot lokale kulturbygg. 2015

Holmedal Bygdehus 106.000 kr

Det har i år kome inn 15 søknadar. Det er 6 fleire enn i 2014.
I brev frå Kulturdepartementet, datert 10.08.2015, har vi fått melding om at Sogn og Fjordane
har fått tildelt kr. 3 269 494 i rammetilskot for 2015.
Dette er 1 021 745 kroner mindre enn i 2014; ein reduksjon på om lag 24%.
Dette heng saman med at ein redusert del av spelemiddeloverskotet er sett av til lokale kulturbygg.

Tildelingar frå SFj fylke 25.08.2015: Les meir…

Teaterfestivalen i Fjaler 2015. Fredag 11., laurdag 12., og sundag 13. september.

Trudvang, Dale i 2013.

Snart klar for ny festival i Fjaler?
Program med 15 postar på tre dagar.
Det meste skjer i Fjaler, Dale.
To framsyningar vil vere i Askvoll.

Laurdag blir det liv på Kaia. Aktivitetsdag for heile familen 10.00 – 15.00
Sundag kjem Terje Vigen til Fossevika. Henrik Ibsen. Båtskyss frå Dale.

Kva er Teaterfestivalen i Fjaler?
No er det tredje gongen, og vi tek med litt frå heimesida deira:

OM OSS

Den fyrste Teaterfestivalen i Fjaler vart arrangert i 2013, under tittelen ”Perifere forteljingar”, medan det i 2014 var “Skog” som var tema.

Teaterfestivalen i Fjaler er opptekne av Les meir…

Torsdagsdansen 2015. Haust. Kvar torsdag ein fest i Fjaler. 3. september er vi i gong. Planen ser du her.

Ny i Fjaler? Eller innfødd? Her møtest alle. Velkommen!

Første gongen på UWC. 3. sept. 20:00

Levande musikk og instruksjon.
Vi dansar vals, swing, reinlender, polka, marsj, tango, samba, åttetur, reel, og meir.
Kom gjerne åleine. Kom gjerne ein heil flokk! Dette er moro!

Ny i Fjaler? Velkommen her!

Du kan også komme for å sjå på, høyre på musikken, prate og ta Les meir…

Lefdal Mine Datacenter - The Norwegian Solution

FRAMTIDA: Slik ser verksemda for seg at Lefdal gruve skal sjå ut på innsida – med eit enormt datasenter inne i fjellet. Foto: Nordwest3D

Lefdal Mine Datacenter is located off the West Coast in Norway, and is the most cost effective, secure, flexible and green datacenter solution in Europe.

There are several key differentiators that build up a unique value proposition: Norway and our region as location, low power prices, large local surplus power production, world leading cooling solution, low construction costs, natural EMP security, renewable power, large spaces with unique scalability, flexible product solutions and high ICT competence ensuring a high quality product and services. Les meir…

Nytt spennande tilbod i Fjaler: Samspel. Ingvild Kjøsnes hjelper deg med aktiv og sunn livsstil.

Du kan bli med på trening ute i naturen.
Ingvild inviterer til ein aktiv haust med fast trening i Flekke, Hellevik og Dale.
Sju fjellkjend-turar rundt i Fjaler kjem også no i haust.

Ingvild Kjøsnes sine tilbod gjennom Samspel.
Gruppetrening.
Bedriftstrening.
Personleg trenings- og kosthaldsrettleiiar.
Personleg handletur.
Ein til ein – personleg treningsrettleiing.

Ingvild fortel sjølv: Om Samspel

Eg er Ingvild Kjøsnes. Ei jente frå Fjaler kommune, i Sogn og Fjordane.
Eg vart ferdig utdanna i graden Idrett, ernæring og helse frå Kingston University, London,
og Les meir…

Lokal veke 35 - 2015 Kva skjer? Kva kan du få oppleve? Veit du om noko som er kjekt for fleire å vere med på? Fortel!

Fredensborg.

Her kan du sjå litt av det som skjer og som du kan delta på i Fjaler og i nabolaget. Denne veka og
framover. Veke 35 er 24. august – 30. august 2015
Du må lese Kalender til høgre på denne sida for å sjå alle arrangement. Klikk på Heile Kalenderen for å sjå lenger framover.
Hugs å skrive inn arrangement på Kalender her dersom du vil gjere noko kjent. Då kan det komme i Firda. I Kva Skjer?-spalten.

Kva skjer? Tur, konsert, Kulturscene Fjaler, teater, kino, kafe, marked, dans, revy, badeland, utstillingar, fotball, handball, sykkel?
¤¤¤ Les meir…

Til Fredensborg på Tysselandet.

Dette er ein kort og lett tur.
Start og parkering er ved Demma.
Du er berre nokre meter frå Tyssebrua på
veg sørover på vegen til Hellevik.
Ta over ei lite bru og du kan parkere.

Herfra er det ein 200 år gamal veg opp til Fredensborgvatnet. Les meir…

Fjaler må ta grep

Ordførar Arve Helle skryt i laurdagens Firda (15.8.15) av engasjementet i bygder som Hellevik, der grendelaget og innbyggjarar har sett i gang ei rekkje tiltak for å auke tilflyttinga og skape utvikling i bygda.

Men samstundes legg kommunestyret med Arve Helle i spissen opp til omfattande nedskjeringar og strukturendringar, som rammar tenestetilbodet kommunen er avhengig av for å trekke til segarnsfamiliar og sikre framtida i grendene i Fjaler.

Korleis meiner Helle at lokale utviklingsprosjekt, som har til hensikt å auke tilflytting av småbarnsfamiliar skal kunne lukkast, om kommunen tek vekk dei mest grunnleggande tenestene småbarnsfamiliar spør etter for å bli buande?

Samtidig legg ein frå vinteren 2015 kostnadane med vedlikehald av langstrakte gards- og grendevegar til kvar einskild husstand i grendene, medan innbyggjarane i kommunesenteret slepp å tenkje på kostnadar til brøyting og asfaltering. Er dette solidarisk Arbeiderpartipolitikk anno 2015? Sett utanfrå verkar det meir som knallblå Høgrepolitikk. Har Arve Helle no sett så tett på Høgre over så lang tid at han ikkje lenger ser forskjell på raudt og blått?

Fleire kommunar har innsett at skal ein komme nokon veg, er ein heilt avhengig av trivsel, samarbeid og samhald. Og ein treng lokale initiativ og engasjement for å auke tilflyttinga til distrikta. Kommunar som spelar på lag med bygdelag og velforeiningar i saker som tilflytting, bustadbygging, trivselsfremjande tiltak og næringsetablering, lukkast med å auke folketalet og rekruttere/etablere nye arbeidsplassar. Kommune + lag/org + næringsliv er ein suksessoppskrift – eit «gyllent triangel».
For Fjaler som andre småkommunar er lokale tenestetilbod i grendene, spesielt for barn og unge heilt avgjerande for å halde oppe busetting. Som andre distriktskommunar opplever og Fjaler periodevis fråflytting, forgubbing og nedgang i folketal og arbeidsplassar. Difor blir grendeskular og barnehagar eit vere eller ikkje vere for mange bygder. Senterpartiet i Fjaler vil difor halde oppe ein desentralisert skulestruktur, for å sikre busetting også utanfor kommunesenteret.

Vi ser at sentraliseringstrenden i samfunnet er øydeleggande for verdiskaping i distrikta. Den aukar fråflyttingstempoet i utkantkommunar, og svekkjer rekrutteringa til fleire næringar som av naturlege årsaker MÅ ligge ved kysten, og utanfor bynære strok. Landbruk, fiskeri, offshoreverksemd og anna tilknytt næringsverksemd er avhengig av at det bur folk der den største delen av verdiskapinga i landet vert skapt – i distrikta.

Senterpartiet ønskjer difor å motverke sentraliseringstrenden gjennom å støtte opp under tiltak som sikrar at det også i framtida skal vere mogleg å leve og bu i distrikta. Kostnadane med å halde oppe ein desentralisert skulestruktur kan fort bli små samanlikna med tap av skatteinntekter og nedgang i folketal om småbarnsfamiliane pakkar saman og reiser inn til byane.
Fjaler kommune er inne i ei tid der fokuset lenge har vore på kvar i budsjettet ein kan kutte kostnader for stadig å spare inn på utgiftssida. Lite fokus har vore på korleis ein skal kunne betre inntektsinngangen til kommunen. Innføring av eigedomsskatt er gjerne det ein kommune tyr til, men oftast monnar det ikkje tilstrekkeleg, og smerteleg er det å pålegge innbyggarar og næringsliv enno fleire avgifter.

Å møte framtida med sparekniven skapar ikkje vekst og utvikling. Ein spar seg berre djupare ned i grøfta. Ein kjem ikkje unna at ein MÅ syte for å rekruttere fleire innbyggarar, og legge tilhøva til rette for at dei tør å setje pluggane i marka og bli her. Då må dei få dei mest elementære tilbod i rimeleg nærleik mellom heim og arbeid, og dei må ha tryggleik for ungane si framtid i kommunen.
Senterpartiet vil fremje småbarnsfamiliane sine tenestebehov, og gjere det attraktivt for denne gruppa å bu i Fjaler. Difor er Senterpartiet småbarnsfamiliepartiet i Fjaler.

Senterpartiet meiner at vi må halde på barnehage- og skulestrukturen om vi ønskjer å vere attraktiv som bustadkommune for 20–40 åringane. I standen for å kutte i tenestetilbodet til denne gruppa må ein jobbe for å auke folketalet og dermed inntektsinngangen til kommunen.

Har Fjaler med Ap og Arve Helle ved makta greidd å ta utfordringane Fjaler no står overfor? Senterpartiet meiner ikkje det, og vil prioritere annleis enn sentraliseringspartiet. Vi meiner sentralisering i ein desentralisert landbrukskommune er einstydande med nedlegging, fråflytting og endå trongare kommuneøkonomi i framtida.

Senterpartiet vil difor ha ein annan kurs i Fjaler enn den Arve Helle og Ap har stått for. Vi må ta grep og det må gjerast no, mens vi enno har ein viss handlefridom. Gjer vi ikkje grep no kjem vi kan hende aldri opp av grøfta.

Vi oppmodar difor alle som vil at det også i framtida skal vere mogeleg å bu – og trivast – i ei landbrukskommune som Fjaler om å stemme Senterpartiet ved kommune- og fylkesvalet. Godt val!

Kjetil Høgseth Felde
1.-kandidat Fjaler Sp
Anne Hopland
2.-kandidat Fjaler SP

STOPP. IKKJE LOPPEMARKED I TRUDVANG, DALE, PÅ LAURDAG.

STOPP: STYRET I DALE UL VIL IKKJE HA DETTE. VEDTAK 17.08.

Fint om du fortel dette til folk som hadde tenkt seg på dette markedet i Dale. Les meir…

Kyrkjevalet kort forklart

Valdagane er søndag 13. og mandag 14. september

Førehandsrøysting
Måndag 10. august – fredag 11. september 2015
Fjaler kyrkjekontor, Dalehuset (ved kyrkja) 6963 Dale: måndag til fredag kl.09.00 – 14.00
(Frist for førehandsrøysting i anna sokn enn der ein bur er 1. september.)
Tysdag 8. september
Fjaler sjukeheim, 6963 Dale, kl.17.00 – 18.00.

På valdagane
Søndag 13. september
DINGEMOEN stemmekrets: kl.16.00-19.00, Fjaler bibliotek, Dale i Sunnfjord

Måndag 14. september
BAKKEBØ stemmekrets:
kl.12.00-18.00, Straumsnes Grendahus
DINGEMOEN stemmekrets:
kl. 09.00-20.00, Fjaler bibliotek, Dale i Sunnfjord
FLEKKE stemmekrets:
kl.12.00-18.00, Flekke skule
GUDDAL stemmekrets:
kl.12.00-18.00, Guddal skule
HELLEVIK stemmekrets:
kl.12.00-18.00, Hellevik barnehage
VÅGE stemmekrets:
kl.12.:00-18.00, Våge skule
(same tid og i same bygg som kommunestyre- og fylkestingsvalet).

To val:
1. Sokneråd – lokalt kyrkjestyre
2. Bispedømeråd og Kyrkjemøtet – regionalt og nasjonalt

Sokneråd i kvart sokn: 4-10 medlemmer + sokneprest. Valt for 4 år. Ansvar for kyrkjelydsbyggjande arbeid.
Kyrkjeleg fellesråd i kvar kommune = representantar frå sokneråda, sokneprest el. prost, og ein oppnemnt av kommunestyret. Har arbeidsgjevaransvar, økonomi, forvalting av kyrkjer og kyrkjegardar.
Der det berre er eitt sokn i kommunen, fungerer soknerådet også som fellesråd.

Bispedømmerådet leiar arbeidet i bispedømet saman med biskopen, tilset prestar, fordeler midlar til kyrkjelydane. Alle medlemer av bispedømmerådet er delegater til Kyrkjemøtet.
Kyrkjemøtet er kyrkja sitt Storting. Fastset t.d. liturgi, gjennomfører reformer og tar viktige vegval.

Viktige saker for Kyrkjemøtet i komande valperiode:

  • Fullføring av skiljet mellom stat og kyrkje.
  • Ny behandling av saka om kyrkjeleg vigsel av likekjønna.

Kven kan røyste?
Alle medlemmer i Den norske kyrkja født før 31.12.2000.
Desse får tilsendt valkort med informasjon om tid og stad for valet, samt oversikt over kandidatane.

Ta kontakt med lokalt kyrkjekontor før 01.09.15:

  • Om du ikkje får valkort men er medlem av DNK.
  • Om du får valkort men veit at du IKKJE er medlem av DNK (du er ikkje døypt eller du har meldt deg ut).
  • Om du vil melde deg inn i kyrkja før valet.

Manntal
Du kan undersøkje om du står i manntalet på kyrkjekontoret frå 10.august til 1. september. Det er berre høve til å kontrollere opplysningane om ein sjølv, eller ein annan person som ein har fått skriftleg fullmakt frå.

Røysting

  • Ein kan levere lista utan endringar.
  • Ein kan gje tilleggsrøyst til inntil 3 personar.
  • I soknerådsvalet kan ein føre opp namnet på inntil 3 personar.
  • Det er ikkje høve til å stryke.

Men eg kjenner ingen av kandidatane!
Ein finn informasjon om alle som stiller til val på www.kirken.no og i kyrkjebladet.
Kandidatane til Fjaler sokneråd
Kandidatane til Bjørgvin bispedømeråd (klikk på kvart namn for meir informasjon)
Vi har no fått brosjyre med fyldig informasjon om kandidatane til bispedømerådet/kyrkjemøtet. Kan hentast på kyrkjekontoret.

Åpen Folkekirke og Levende Folkekirke
Det har vore mykje mediamerksemd rundt saka om likekjønna ekteskap. Ved førre bispedømerådsval var det mange som meinte at det var vanskeleg å vite kva kandidatane stod for. For å gjere dette meir synleg har to interessegrupper, Åpen Folkekirke og Levende Folkekirke vurdert å stille lister til valet. Til slutt blei det slik at Åpen Folkekirke stiller lister i dei fleste bispedøme, mens Levende Folkekirke anbefaler utvalde kandidatar frå nominasjonskomiteen si liste.
I Bjørgvin er det berre ei liste til bispedømerådsvalet fordi også Åpen Folkekirke har valt å anbefale kandidatar frå nominasjonskomiteen si liste. Anbefalingane til begge organisasjonane finn du på nettsidene deira.