Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Viser arkivet for oktober, 2015

Om gravhaugene i Dale. 7 i sentrum, 7 på Steia og 7 på Dingemoen.

Dale. Frå Roy Håvard Løseth:

Roy Håvard Løseth fortel etter farfaren sin.
Han budde i Dale og heitte Ragnvald Løset.

Kjekt om fleire kan fortelje om dette.

Historia i Dale og Fjaler. Her kan vere mangt å legge til.
Roy Håvard kjem med eit fint initiativ her.

Kva veit du?

Nedanfor har eg lagt til litt frå Fylkesleksikon SFj. Les meir…

Lillian Samdal på Tunkafeen i Dale.

Fredag 23. oktober 12.00
På Tunkafeen var det fullt hus og vel så det.
På programmet stod minikonsert med Lillian Samdal og Nils Henrik Sagvåg.
Lillian lanserte plata si, 4 vintrar.

Det har vore mange strålande omtaler av musikken.
Etter dette har Lillian og orkester vore på turne. Les meir…

Dale Bok og Leikar.

Det er haust og kanskje tid for å lese?
Bokhandelen i Dale finn du i Dale senter.

Nokre skumle figurar kan skremme deg.
Det er visst Halloween.

31.10.2015 Les meir…

Fjaler- ein syngande kommune!

Inspirasjonsseminar – Krafttak for sang!
Kommunestyresalne onsdag 4. november 17.30-19.30.

Fjaler er blitt valt ut som ein av 14 norske kommunar til pilotprosjektet Syngande kommunar. Bak prosjektet står «Krafttak for song» som skal bidra til eit nasjonalt songløft. Onsdag 4. november kl. 17.30 – 19.30 blir det inspirasjonsseminar på Fjalerhuset. Der kan du bli betre kjent med prosjektet. Om du bruker song i kvardagen som tilsett på skule, barnehage, kommune, institusjon m.m., i menigheten, som medlem av frivilligsentralen, eller er med i kor, songgrupper etc. eller rett og slett berre er glad i å synge, så møt opp!
Instruktør er songar og pedagog Charlott-Renee Sandvik Clasen. Det vil bli allsong, informasjon om Krafttak, quiz m.m. samt servering. Bli med og hygg deg med å synge og bli litt betre kjend med Fjaler som en Syngande kommune. Gratis inngang.

Prosjektleiar Fjaler:
Ingeborg Tysnes 988 65 054

Sidsel & Jonny - Vårt Førde: Episode 4

Episode 4 ser du her.

I denne episoden av «Sidsel & Jonny – Vårt Førde» har dei to bevega seg vestover til Florø.
Jonny har også drege ut superdrakta frå skapet. Les meir…

Soga om Seselja - eit portrett i ord og tonar

Søndag 1. november kl. 16.00 inviterer Jakob Sande –selskapet ei flott oppleving. Forfattar Ruth Lillegraven tek med seg musikar Tuva Syvertsen frå Valkyrien Allstars, og folkemusikar Rannveig Djønne til Løa i Jakob Sande-tunet for å framføra “Soga om Seselja – eit portrett i ord og tonar”. Dikta som “Soga om Seselja” byggjer på er henta frå Lillegraven si bok Urd – som ho fekk Brageprisen for i 2013. Musikken til soga er ein kombinasjon av nyskriven musikk og tradisjonell folkemusikk – og med tre slike damer på same scene kan det berre bli fantastisk!

Ruth Lillegraven kjem frå Granvin i Hardanger, og bur no i Lommedalen i Bærum. Ho debuterte som forfattar med den kritikarroste diktsamlinga Store stygge dikt i 2005 og har seinare gitt ut romanen Mellom oss, tre bøker for små barn og diktsamlinga Urd, som ho fekk Brageprisen 2013 for.

Tuva Syvertsen kjem frå Brønnøya i Asker, og bur no i Oslo. Syvertsen er kjend som vokalist, hardingfelespelar, komponist og tekstforfattar i gruppa Valkyrien Allstars.

Rannveig Djønne kjem frå Ullensvang i Hardanger. Djønne vert omtala som ein nyskapande toradarspelar med eit solid fotfeste i tradisjonsmusikken frå Hardanger og Voss.

Tilbakemelding frå framsyning under Litteratursymposiet i Odda
For ei avslutning! Me fekk ei storslagen stund med dei flotte dikttekstane til Ruth Lillegraven, lese av ho sjølv, tonesett av Rannveig Djønne på toradar og sunge av Tuva Syvertsen med hardingfele. Det vart ei magisk oppleving som spela på heile kjensleregisteret hjå oss som var publikum. For nokre damer!

Open Dag på NKD. Nordisk Kunstnarsenter Dale. 5 kunstnarar i arbeid. 27. okt.

Kunstnarane med stipend til kunstnarsenteret i Dale er her to – tre månader.
NKD arrangerer Open Dag slik at folk flest kan komme på besøk og sjå kva som skjer, og treffe artistane.
Tysdag 27. Oktober kl 18.00 var her Les meir…

Norsktrening i regi av Fjaler Røde Kors og Flyktningtenesta i Fjaler er gruppebaserte, uformelle og sosiale treff.

Norsktrening i Gamle Kommunehuset i Dale. Språktrening i Fjaler, bak frå venstre: Saleh Ali, Lesley Blacklaws Wilson (frivillig frå Røde Kors), Selemawit Mehari Tesfamariam, Teklemariam Tesfagiorgis Kelati. Framme frå venstre: Antonys Asenay Kebin, Muhamedali

Draumefabrikken

Tysdagaskveldar samlast dei for å trene norsk med frivillige «lærarar» i gamle Fjaler kommunestyresal. Draumen er å få seg jobb.

Dei har flykta frå diktatur i Eritrea, nokon med livslang militærteneste i vente. Etter eit par år på ulike mottak rundt i landet, vart dei busett i Fjaler i mai. Draumen er todelt. Først fridom. Så få seg ein jobb.

- Eg har jobba med ulike ting i Eritrea. I restaurant, muring, og eg har vaska mykje bil. Eg fekk åtte år på skule der, seier Saleh Ali. No gjeld det å lære seg norsk Les meir…

Red Cross Youth Røde Kors Ungdom.

Balder Morsund (second year) attended the annual meeting of the Norwegian Red Cross in week 43 and represented RCN, given our ongoing partnership with the Red Cross. He reports back:

The annual meeting of the Norwegian Red Cross Youth was both inspiring and very interesting. red-cross-youth-roede-kors-ungdom">Les meir…

UWC Council Meeting

Larry met up with Jakub Crcha

This week the UWC Heads of the 15 colleges and schools gathered in Split (Croatia) for their biannual meeting. They then transferred to Mostar for the annual UWC Council Meeting with all guests wonderfully hosted by the students and staff of UWC Mostar – guests were invited to participate in Balkans Studies’ workshops, community service projects and a workshop taster on ‘Education in a Conflict and Post-Conflict Context’. The UWC Mostar students put on a stunning cultural show for Council members on the Friday evening. Les meir…

Nytt kommunestyre for ungdom i Fjaler

I dag, 27. oktober, hadde vi den fyrste samlinga med nytt kommunestyre for ungdom i Fjaler. Ungdommens kommunestyre (UK) skal gjere det mogeleg for ungdom å oppretthalde aktivitetar, utvikle interesser og starte eigne initiativ.

På det fyrste møtet vart det valgt nytt arbeidsutval. Det består av: Ordførar Sondre Haugen frå Dale vidaregåande, varaordførar Fredrik Moracchioli Lura frå UWC og skrivar Åsta Johanne Sætenes frå Dale vidaregåande.

Elles sit Pernille Nedrebø og Viljar Solheim Løkkebø frå Fjaler ungdomsskule, Robin Stokke frå UWC og Marte Huseklepp (ikkje på bilete) frå Dale vidaregåande. Våge skule stiller også med ein representant.

Gjengen har mange gode planar – mellom anna ynskjer dei å lage til ein felles fotballcup i januar.

Fjaler kommunestyre. Med TV-opptak frå møtet.

Måndag 26.10.2015
Fjaler kommunestyre starta tidleg i dag med opplæring.
Korleis skal politikaren jobbe?
Denne opplæringa kan du snart ta del i på Nett-TV.

På ettermiddag var det tid for eit kort kommunestyremøte.
Her vart litt diskusjon om einskilde mindre ting.
Men kommunestyret godkjende innstillingane frå rådmannen nokså samrøystes.

Einaste disens var i saka om 30-sone frå Hatledalen til Yksnebjør. 30-sona var samrøystes.
Kjetil Felde og Senterpartiet ville legge til å skilte vegen bak YX med “gjennomkøyring forbode”.
Alle minus ein var samde om dette også. Les meir…

Open Dag på NKD. Nordisk Kunstnarsenter Dale.

Tysdag 27. Oktober kl 18.00

Kunstnarane no:

Katja Aglert (SE)
Idun Baltzersen (NO)
Emaan Shaikh (PK)
Kent Fonn Skåre (NO)

Vi inviterer Les meir…

Fjaler kommunestyre

Møte i kommunestyret 26. oktober 2015
Mandag 26. oktober skal Fjaler kommunestyre ha folkevaldopplæring frå kl 0830. (Direkte på kommuneTV.)

Ordinært møte i kommunestyret vert frå kl 1600 til kl 1700. (Direkte på kommuneTV.)

Arkivfoto. Det nye kommunestyret.

Sakene som skal handsamast:

093/15 – 15/8286 – Referatsaker

15/7153 – Geologiprosjektet i Hafs Les meir…

Trude følgde draumen og flytta mot straumen. Solund.

NRK: Der ingen skulle tru at nokon kunne bu.
For fire år sidan pakka ho og mannen Pål i hop alt dei hadde i Bergen, og sette kursen for den veglause garden på Tangenes i Solund. Lengst vest i Norge skulle dei få oppfylt draumen om eit liv på landet.

– Eg er utdanna agronom og har alltid hatt lyst til å drive gard. Så fekk vi ungar og tida gjekk, samstundes som vi leita etter ein gard i Nordhordland i fleire år før vi slo til på Tangenes i Solund, seier Trude.

Den veglause garden dei fann ligg i Solund kommune, som er ein av landets minste kommunar med berre 785 innbyggjarar. Les meir…

Kan IKKE eie fisken i havet. VIKTIG POLITIKK!

Hva sier Høyesterett?
Svaret burde gå som en farsott på YouTube og bli en hit verden over.
Den sier: Ingen kan eie fisken i havet.

At det vaket blir for mildt sagt. Det formelig kokte av fiskeinteresserte på sosiale medier da det onsdag formiddag ble kjent at Høyesterett sa nei til at noen fiskeriredere, også kjent som kvotebaroner, skal kunne privatisere våre felles fiskeressurser for evig tid.

«Sjampis og tørrfisk!» meldte SVs Audun Lysbakken, en av mange som innkasserte dommen som en evig seier.

Men det er skjær i sjøen. For reven, også kjent som Solberg-regjeringen, har ennå ikke sagt sitt. Les meir…

Geir Tessem. Vinnar av bocciaturneringa i Dale på fredag.

Boccia, boule, er eit spel frå Frankrike og Sør-Europa.
Du kastar ei kule og skal treffe, komme nærast, eit mål.
Poenget er det same som i hesteskokasting.

Dale har nyleg fått eiga bane for dette spelet.
Elevar frå ungdomsskulen er på Tunkafeen kvar fredag kl 13.00 og gjev deg opplæring.
Elles bør du trene så ofte som du kan for å slå Geir Tessem.

Dalingane har ein fordel:
Alexandre Ralston Bau i Dale Les meir…

Lokal veke 44 - 2015 Kva skjer? Kva kan du få oppleve? Veit du om noko som er kjekt for fleire å vere med på? Fortel!

Torsdagsdansen.

Her kan du sjå litt av det som skjer og som du kan delta på i Fjaler og i nabolaget. Denne veka og
framover. Veke 44 er26. oktober – 1. november 2015
Du må lese Kalender til høgre på denne sida for å sjå alle arrangement. Klikk på Heile Kalenderen for å sjå lenger framover.
Hugs å skrive inn arrangement på Kalender her dersom du vil gjere noko kjent. Då kan det komme i Firda. I Kva Skjer?-spalten.

Kva skjer? Tur, konsert, Kulturscene Fjaler, teater, kino, kafe, marked, dans, revy, badeland, utstillingar, fotball, handball, sykkel?
¤¤¤ Les meir…

Gammaldans. Spelemannsfest med fem orkester 7. nov. Viksdalsmarknaden 2015.

VIKSDALSMARKNADEN 2015
Laurdag 07. og sundag 08. november
på Viksdalen Skule.

Laurdag 7. November kl 20 vert det gammaldans på Viksdalen i samband med Viksdalsmarknaden og vi ynskjer at flest mogeleg kan komme.

Her vert det god gammal spelemannsfest med Dalsfjorden, Havbrusen, Indre Sunnfjord, Naustedalen og Gaular Spm.lag

Vi set stor pris på om dette kan formidlast – viktig å ta vare på gammaldansen og syte for rekruttering. Har du spm., ta kontakt. Mvh. Steinar Lien. Les meir…

Torsdagsdansen og kultur. Flammeslukaren.

Sindre H Søreide

Denne torsdagen var vi i Dale, Trudvang.
Som vanleg med instruksjon og levande musikk.
God trim og mykje moro. Her kan alle vere med.

Torsdagsdansen er kultur og fellesskap i bygdene våre.
Tre ungdomslag og UWC er arrangørar.
Du kan bli med. Alle får danse.
Nybegynnar og kan ikkje danse?
Berre kom du får opplæring og får øve med dei som kan. Dei er snille folk. Les meir…

Mini, Mini Bokhylla Bokby i Dale. Start no. Litteratur på Allmuen midt i Dalstunet.

Mini, Mini Bokhylla Bokby i Dale.
Det er triveleg med eit lite kulturtilbod.
No finn du Bokhylla på Allmuen midt i Dalstunet.
Du kan lese medan du tek ein kopp kaffi.

Ser du ei bok som du likar, kan du kjøpe for ein rimeleg pris.
Det blir berre 30 – 40 bøker her.
Men dei kan skifte fort, så sjå innom.

Elles vert dette veldig bra. Men vi treng utvidingar. Les meir…

Fjaler kommunestyre måndag 26. oktober.

Møte i kommunestyret 26. oktober 2015
Mandag 26. oktober skal Fjaler kommunestyre ha folkevaldopplæring frå kl 0830.

Ordinært møte i kommunestyret vert frå kl 1600 til kl 1700.

Arkivfoto. Det nye kommunestyret.

Sakene som skal handsamast:

093/15 – 15/8286 – Referatsaker

15/7153 – Geologiprosjektet i Hafs Les meir…

Ungdom. Blogg om stipend: Det er ikkje nok på sikt. Kor mykje får du? Eller får du noko i det heile? Kanskje du ikkje får nok? Er det rettferdig?

Madlen Lehmann. Madlen er 18 år og bur på Sande i Sunnfjord. Ho er engasjert i ungdomspolitikk.

Fylkeskommunen sitt prosjekt:
“Mine meiningar på mitt språk”.
Flott tiltak for ungdom.

Madlen er ei av dei ti ungdommane som deltek.
Les kva ho meiner om stipend:
.

Stipendordninga jf. §1 i lånekassen sine forskrifter DEFINISJON:
Ektefeller: Personar som har inngått eit ekteskap etter ekteskapslova eller har eit registrert partnarskap etter partnarskapslova.
Sambuarar: Personar som lever saman og har felles barn
Forsørgjar : foreldre, steforeldre og personar som har tatt over foreldreansvaret Jf. Barnelova §36.

Det seiast også i Lånekassen sine reglar for grunnstipend 2015-2016 at: «De nye reglene for Les meir…