Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Viser arkivet for desember, 2011

Godt nytt år

Bokhandelen i Dale takkar alle sine kundar for året som snart er forbi, og ynskjer dei eit godt nytt år. Vi avsluttar 2011 med eit kanontilbod for dei som besøker Facebook-sida vår, Dale bok & papir.

Romjulsfesten i Flekke.

Det var Dalsfjorden Spelemannslag som arrangerte fest i Flekke torsdag 29. desember. Der var fleire danseorkester så vi fekk variert dansemusikk. Først spelte spelemannslaget. Seinare kom ei ny pop-gruppe: Ramskogås.
Trekkspelkameratane var også på scena med danselåtar. Dei er Ole Håland, Svein Brattelid, Harry Standal og Andreas Ramstad.

Men dei hadde laga konsert-program også:
Vi fekk høyre Tone Strand Løseth, Bjarte Berge og Knut Skoghei med hardingfeler. Dei framførde Huldra i Grovanipa, halling etter Katrina Kjøsnes.
Oddvar Vassliås Les meir…

Jule-Grisen. Av Mathias Askevold. Forteljing 1913

Julegrisen blir slakta. Illustrasjonsfoto. Lions Fjaler

Ei 100 år gamal forteljing frå Sunnfjord, Askvoll.
Kona på garden, Kari, vil at mannen, han Knut, no må slakte julegrisen. Ho har fora grisen godt. No ser ho fram til å få pølse, blod og innmat. Og så vil ho vende han om i pengar og kjøpe nye både under- og overklede.

Men får ho mannen til å slakte grisen?
Eller er han for blauthjarta?

Men vil sunnfjordingar i dag forstå dette språket?
Og vil dei forstå noko av temaet? Les meir…

Nissar i Flekke og andre stader. Troll i Stavsdalen. Reidar Kyrkjebø fortel:

Reidar Kyrkjebø har tre forteljingar her.
Først om julenissen frå Vesle-Asia, Nikolaus.
Så kjem segna om tunvòrden i Flekke som verna mot troll i Stavsdalen.
Til slutt fortel han om juletrefest i Flekke då han var liten og den nifse nissen som kom der.

28.12.2011
Asbjørn Eikerol

NISSETID

På trehundretalet budde det ein snill biskop i Vesle-Asia som heitte Nikolaus. Les meir…

Fleire forteljingar frå gamle dagar. Sogeskrift for Hyllestad 2011. Video.

På skuletur til Voss. Slutten av 1950-åra.

Endå ei bokmelding om forteljingar frå før i tida. No frå Hyllestad. Her kan du lese om:
Jul i Øen 1936. Oppvekst i Lifjorden 1948 – 56. The Potter Himself. Anna Severina. Inga Drøsdal, ei pionerkvinne frå Hyllestad. Minne frå Skifjord skule, Minne frå krigen. Visste du at det går an å bruke ved som drivstoff på bilen? Vil du vite meir?

Mange likar å høyre forteljingar frå før i tida. Sogelaga Les meir…

Julekonserten i Dale

Det er tradisjon. Julekonserten i Dale kyrkje samlar gode song- og musikk-krefter i Fjaler. Det var mange grupper og personar som til saman skapte ein fin konsert. Programmet varde ein og ein halv time. Det er også tradisjon at veldig mange kjem på denne konserten. Den var tysdag 20. desember kl 19.30 Heile programmet ser du nedanfor.

Dette fortalde Joy Taylor før konserten:

- Den tradisjonelle julekonserten med mellom anna Cantus, Dekor, Dale Musikkorps, Dalsfjorden Spelemannslag, Flekke og Straumsnes Musikkorps, Lagopus, elevar og lærarar frå kulturskulen og kantor Mark Taylor.

- Det blir mange kjende og kjære julesongar, både som innslag og allsong, slik at det blir vanskeleg å unngå å kome i julestemning denne kvelden!

- O helga natt med solist Leif Gunnar Igelkjøn med Les meir…

Firda fortel frå Fjaler

Vivi og Knut Reidar Eikås

Det er slik at somme tankar, meiningar og folk blir meir kjende enn andre. Du bør helst komme i aviser eller på radio og TV. Somme blir kjendis som Vegard Leite, Petter Northug, handballjentene og mange andre. Men veldig mange kjempar om å komme i rampelyset innan sport, politikk, kultur eller næring. Dette blir gjerne kalla informasjon, PR og omdømebygging.

Alle media er viktige for informasjon og nyhende. Dei er den fjerde statsmakt, heiter det. Les meir…

Forteljingar frå gamle dagar. Sogehefte for Gaular 2011. Video.

Foto frå ca 1890. Tunvall. Gamle bilete kan fortelje historie.

Vil du lese om arbeidet på vegen Osen – Dale, oppstarta i 1938? Daglegliv på garden før? Om skulen på Sygna? Tur til Bergsheia med Gaular sogelag? Om Eldal skule? Om bonden på Hellebust og trollet? Dette og mangt meir kan du få vite.

Mange likar å høyre forteljingar frå før i tida. Sogelaga i kommunane her greier å skrive eit nytt sogehefte kvart år med nye forteljingar frå tidlegare tider.

Desse hefta gjev eit bilete av kulturen i bygdene her. Dei styrker identiteten og samhaldet når vi får soger frå ymse bygder. Vi får vite noko nytt om vår og kvarandre sin bakgrunn. Kulturarv. Les meir…

Savner du en katt?

Denne har gått noen dager på tunet vårt og jamrer fælt. Savner du den eller kjenner eieren, så holder den til på Dingemoen. Den har visst gått rundt på Hatledalen en god stund og. Virker tam og kosete og på leit etter mat. Tror ikke det er en villkatt. Den er så rein og fin i pelsen og søker oppmerksomhet. En kald og sulten pus savner hjem.
Hadde vært fint om den fant rette eier til Jul, så spre budskapet :)

Julaften kom tidleg i år

Fjaler kommunestyre gjekk i går inn for å fullfinansiere utbygging og rehabilitering av Dingemoen Idrettspark. Ein gledens dag for innbyggjarane i Fjaler. Dette visar at Fjaler kommune tek ansvar for sine folk, og satsar på forebyggende helsearbeid blant store og små.
No vil vi få på plass nytt dekke i hallen, nytt dekke på kunstgrasbane, nytt treningsstudio, lagerrom og garasje for traktor, samt vedlikehald av taket.
Vi skal vere glad for at vi bur i ein kommune som tek sitt ansvar til fulle og er med på å styrke det frivillige arbeidet i bygda. Anlegget er i dag utnytta omlag 100% og eg trur nok at utnyttingsgraden på det nye treningsstudioet vil bli like høg.
På vegne av alle brukarane vil eg takke kommunestyret for denne fantastiske julegåva.
Fjaler viser veg – god jul alle saman

Reidar Kyrkjebø fortel frå gamle dagar i Flekke. Julehefta.

JULEHEFTA
tysdag 13. desember 2011

Kvar i all verda er julehefteseljarane? Me har ikkje hatt nokon slike handelsfolk på døra i år. Rett nok hadde dei nok kome til fånyttes, for me har kjøpt inn dei hefta me treng. Smørbukk, Tuss og Troll, Vangsgutane, Stomperud, Blondie og Nemi. I år som i fjor. Og året før. I mange år.

Dei kjem på bordet julafta Les meir…

Fjaler Lokal veke 51 - 2011. Kva skjer? Kva kan du vere med på? Veit du om noko som er kjekt for fleire?

Veke 51 er 19. desember-25. desember 2011
Her kan du sjå litt av det som skjer og som du kan vere med på i Fjaler og i nabolaget. Denne veka og framover.
Du må lese Kalender til høgre på denne sida for å sjå arrangement. Klikk på Heile Kalenderen for å sjå meir.
Hugs å skrive inn arrangement på Kalender her dersom du vil gjere noko kjent. Då kan det komme i Firda. Gratis.

Kva skjer? Tur, konsert, kino, kafè, marked, dans, revy, utstillingar? Les meir…

"Skal ein få ting til å skje, må ein både ta og gje". Fjaler kommunestyre på nett-TV. Budsjett. Foto.

Det var Hans Stav som kom med dette rimet i budsjettdebatten i dag.

Det var stor semje i kommunestyret. Dei første sakene gjekk fort unna med ingen diskusjon.
Også siste sak, budsjett 2012, viste at politikarane var temmeleg einige. Men her fekk alle parti taletid og mange politikarar nytta høvet til å ta opp saker som var viktige for dei. Dette kan du sjå på nett-TV del 2 nedanfor. Les meir…

Fjaler på TV. Fjalerprisen 2011.

For folk i Fjaler og for folk elles som likar å følgje med på kva som skjer innan kommunalt styre, er nett-TV eit godt tiltak.
I dag var det utdeling av Fjaler-prisen før sjølve kommunstyremøtet.

Margrete Reiseter kunne ta imot utmerkinga som er på 15000 kr og eit kunstverk, biletvev, av Karina Siegmund. Gudmund Solheim er leiar i nemnda som vel ut prisvinnarane.
Sjå artikkel nedanfor av Ingeborg Tysnes. Der ser du også grunngjevinga frå nemnda. Les meir…

Fjalerprisen 2011 til Margrete Reisæter

Fjalerprisen er oppretta for å gje honnør for særleg innsats til beste for kommunen og for å setje fokus på nyskaping, openheit og inkludering.

Margrete Reisæter sin mangeårige innsats innan frivillig kulturarbeid og hennar inkluderande måte å møte nye innbyggarar på vert særleg trekt fram når ho no får Fjalerprisen.

Margrete kom til Fjaler i 1972 og etablerte raskt eit stort kontaktnett og engasjerte seg i kulturarbeidet i kommunen. Ho brukte sine kreative evner til å skape og organisere kunst og kultur. Ho har vore drivkrafta bak mange etableringar, organisasjonar, hendingar og opplevingar i kommunen. Margrete har hatt mange roller i kunst, kultur og organisasjonsliv og vi ser framleis at ho tek tak i nye arbeidsfelt til gode for bygda og kommunen.

Margrete går alltid fullhjerta inn i ting og let aldri noko vere halvgjort. Dette kan synleggjerast slik: Når andre er ferdig, sit Margrete oppe siste natta for å sikra kvaliteten og prikken over i en – kvalitet er viktig del av arbeidet hennar. Det er sagt om ho at : Når vi har Margrete med på laget er vi alltid trygge for at ting vert skikkeleg gjort.

Ho var med å etablere, og er ein aktiv drivar av Dalsbua som etter kvart har vorte ein institusjon i bygda. Damene som har drive Dalsbua på dugnad i over 30 år har samtidig forvalta ein bygning i eit historisk miljø på ein god måte. Butikken er eit spennande innslag og ein fargeklatt i butikkmiljøet i Dale.

I Dale ungdomslag vart ho tidleg aktiv og har sett opp eit utal av teaterstykke for barn og vaksne – i samarbeid med profesjonelle og amatørar. Svært mange barn og unge har hatt sitt fyrste møte med teater saman med Margrete og Dale ungdomslag, og dei har vorte kjent for store og fantastiske oppsettingar av høg kvalitet. Ho har også vore aktiv i mykje anna ungdomslagsarbeid.

Margrete bur i Klokkargarden, Jakob Sande sin fødestad. Ho har vore aktiv i dei ulike organisasjonane knytt til dette i mange år og er no styreleiar for Jakob Sande-selskapet. Ho har heile tida stått for arrangement av ypparste klasse for å synleggjere Jakaob Sande si dikting og å skape gode kulturmøte for fastbuande og tilreisande. Ho har også vore hovuddrivkrafta i det praktiske dugnadsarbeidet i Jakob Sande-tunet, no sist med restaurering av løa som har vorte i framifrå møtestad for ulike arrangement og lag i kommunen. Ho har i alle år drive med overnatting i hovudhuset – skuleelevar, turistar og no praktikantar som jobbar på designsenteret Transplant, har delt kjøkken med Margrete og møtt hennar inkluderande vesen.

Det lønna arbeidet til Margrete er å vere dagleg leiar for Frivilligsentralen som ho i si tid var med å etablere. I denne jobben tar ho imot volontørar frå heile Europa, har vore med å utvikle den kommunale heimesida, lagar informasjonsmateriale for tilflyttarar og har fulgt opp både Dalsfjordveka og andre store kulturarrangement. Frivillig innsats er slik sett vorte ein livsstil for henne.

I eit av framlegga til pris vert ho kalla dugnadsentrepenør. Ho er idèrik, open for nye idear og er flink til å omstille seg der ho ser potensiale til nye tiltak og etableringar. Dette har ført til at mange nye kontaktar er knytt til kommunen. Ho har lagt til rette for at ulike kulturar kan møtast og tunet hennar har vorte ein møtestad både for kunstnarar på Dalsåsen, ungdommar frå LPC-leiren og uwc, volontørar og som sagt designstudentar som jobbar på Transplant.

Mange har sett kva innsats Margrete legg ned og ynskjer å sette pris på denne innsatsen. Vi vonar at Fjalerprisen inspirerer til vidare innsats i åra som kjem.

Saker i kommunestyret i Fjaler måndag 19. des. 2011

Fjaler kommunestyre har møte 19.12. 2011 kl 12.00
Sakliste:

153/11 Referatsaker

154/11 Ny søknad om auka tilskot til Fjaler kino til ferdiggjering og tilleggsutstyr for 3D-visning

155/11 Kjøp av Fredensborgåsen

156/11 Dalsfjordsambandet – omklassifisering av Fv 57 ut:

Les meir…

KOMMUNESTYRET PÅ NETT-TV

Måndag kan du følgje årets siste kommunestyremøte på nett-TV.
Sendinga startar kl. 12 med utdeling av Fjalerprisen og kulturinnslag ved elevar frå kulturskulen.
Kl. 12.30 startar det ordinære møtet med m.a handsaming av budsjett for 2012.

Velkommen skal du vere enten du kjem som tilhøyrar i salen eller følgjer oss på nettet!

Du finn nett-TV og sakspapir til møtet her.

Fredensborg

No kan eg ikkje hugse den vesle notisen i Firda idag, 16.12.11, ordrett. Men det eg fikk med meg såpass ifarten, var i jobbsamanheng, så dette gikk for for seg, at Fredensborg var lagt ut for sal på sett og vis….. Gløym det, om så er…………… No er eg kanskje i forkant av problem, og redsel ikkje minst! Men Fredensborg, DET bør og skal Fjaler kommune ta vare på. Det er ett at de mest bergtatte, og flottaste stadar, i gjøymselen, folk kan drivast til, i vår kvardag. La det for gud skyld være slik. Eg er personeleg så glad i den plassen, og ynskjer så inderleg at Fjaler kommune vil verdsette denne staden, slik som Fjaler sitt hjarte. For kvar er Fjaler sitt hjarte elles? Kom med forslag, for all del…..
Men litt omsorg treng staden, for kulturmidlar blir fort bortkasta på andra stadar! Ta vare på ein av dei flottaste, stoltaste, og minneverdigaste stadane som er å finne i Fjaler.
Helsing ein som forgudar og verdsetter kvar eit lauv og frosk, som er å finne rundt Fredensborg.

Trøtt og glad

Les meir…

Ny oppgåve i julequizen

Monica Johansen Haugen stakk av med første gåvekortet på lørdag, og jaggu vant ho sitt andre i dag. No er ny oppgåve klar på fjesboksida til bokhandelen og vi trekker torsdag kveld en vinner blant alle som skriver rett svar på FB sida vår. Vinnaren får bok- gåvekort til verdi kr.150,-.
Gå inn på sida her Fjesboken til Dale bok & papir og gi Monica kamp.

Kjenner du igjen denne katten?

Denne pusen har vandra rundt på Gamleheimsbakken i Dale sidan søndag, trur vi. Han er utmagra og har sikkert gått ute lenge, men oppfører seg som ein innekatt og likar barn.

Bergheimsluken frå Dale.

Visste du at Bergheimsluken vart utvikla og produsert i Dale?
Denne sluken hadde tre dreggar, ein bak og ein på kvar side. Så kom fisken nær, kunne han lett henge fast.
Eg hugsar enno ein tur ut med landet i robåt og med Bergheimsluken på dorga. Vi var komne forbi Raudenibben og ut til Eikarolstien då eg kjende eit hardt rykk i lina. Les meir…

Georg Arnestad. HiSF. Fornybar energi.

Professor Erling Holden er nøkkelmannen i HiSF og VF si fellessatsing på fornybar energi

Georg Arnestad fortel frå Høgskulen i Sogndal:
Fornybar energisatsing ber frukter.

Professor Erling Holden er nøkkelmannen i HiSF og VF si fellessatsing på fornybar energi

Fornybar energi
Det starta med ein idé i 2007. No rundar vi snart 30 mill. kroner i eksterne midlar, har vorte partnar i eit nasjonalt forskingssenter og eit EU-prosjekt og fått oss eit nytt bachelorstudium. Fornybar energisatsinga i Sogndal ber frukter.

Erling Holden presenterte i 2007 ideen om å få til eit forskingsprogram i fornybar energi i samarbeid mellom Høgskulen og Vestlandsforsking. Brikkene fall fort på plass. Sju kraftselskap i fylket, med Sogn og Fjordane Energi, Statkraft (Region Midt-Noreg) og Sognekraft i spissen, saman med Sparebanken Sogn og Fjordane sørgde for finansieringa. Rundt 10 mill. kroner Les meir…