Fjaler kommune strekk seg ut på sørsida av den vakre Dalsfjorden, frå tettstaden og fjordbygda Dale midt inne i fjorden, og ut til Korssund og Fure ved kysten. I øst slyngjer Flekke- og Guddalsvassdraget seg frå den vakre Flekkefjorden til øverst på Guddal.
I Fjaler kan du oppleve fjord, kyst og fjellnatur innan korte avstandar, spennande kulturattraksjonar og moderne kunst, design og handverk. Fjaler kommune har ei lang historie innan både industri og skule.
I dag har nye verksemder innan bl.a. IT og design i stor grad erstatta den gamle industrien med sko- og skiproduksjon. I den gamle tønnefabrikken i Dale finn du IPM-Teknikk
Den gamle skulehistoria er vidareført med den internasjonale skulen RCNUWC (Red Cross Nordic United World College) med 200 elevar frå 80 land, eitt av verdens ti UWC. Haugland Rehabilitering er og ein stor arbeidsplass. Nkd – Nordisk Kunstnarsenter Dalsåsen , som jobber med visuell kunst ligg i kommunesenteret Dale.
Den folkekjære diktaren Jakob Sande kom frå Fjaler. I dag kan du vitje fødestaden hans, Jakob Sande-tunet i Dale. Det bur omlag 2845 innbyggjarar i Fjaler.
AKTUELT i kommunen for tida er m.a. Dalsfjordbrua og Lutelandet Utvikling