Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Historiske Våge krins.

Våge 1985.

Våge barnehage. Eigar: Fjaler Lions.

1910 ca.

View of Askvoll church from across the fjord. A sailboat is anchored close to the shore. Utsikt til Askvoll kyrkje over fjorden. Ei seglskute ligg for anker nær stranda. Photographer: Paul Stang. For Fjaler Vest var Askvoll sentrum for hundre år sidan og heilt til 1990. Sjå kommentarar på Askvollsona HER

Korssund ca 1935.

Olsokstemne ved steinkrossen i Korssund kring 1935. Mesteparten av stemnefolket kom i småbåtar. Eigar: Oskar Lammetun/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Fotograf: Ukjend.

Vintersildfiske med Strand I. 1935.

Klikk på biletet og det blir større. Kjelde: Fjaler Lions og Fylkesarkivet. Kva årstal? 1935. Takk Aud for opplysningane. Framme frå venstre: Andreas Lammetun, Anton Hatlem, Asbjørn Arstein, Oliver Hansen, Herman Lammetun, Linas Lammetun og Adolf Folkestad. Bak: Herman Hatlem, Georg Våge, Harald Milde, Martin Brendehaug, Andreas Våge, Gottfred Hatlem, Johannes Øen og Øivind Lien.

Håvågen. Ca 1950.

Sigurd Sandnes sit på slåmaskina med hesten Judith som drakraft. Ca 1950 i myrane i Håvågen. Frå Fjaler Lions og Fylkesarkivet. Ja, over fjorden ser vi Atløy.

1922 -23.- Våge.

Framhaldskuleelevar 1922 – 23 utanfor Folkestad bedehus. Klikk på biletet og det blir større. Frå Lions Fjaler og Fylkesarkivet.

1986. Korssund.

Bygging av bru til Lutelandet. Frå fotoutstillinga på Grytøyra 2010.

1984 Askvoll sørside husmorlag.

Er Askvoll sørside husmorlag gått over til å bli Våge kvinne- og familielag? K&F? Frå utstillinga til Våge K&F og FIRDA.

Våge skule ca 1936?

Frå fotoutstillinga på Grytøyra 2010. Odd Milde var fødd i 1929, så i år blir det 82 år sidan desse ungane vart fødde.

Folkestad 1939

I 1939 blei det i Folkestad henta ut ein stein til minnesmerke over Nikolaus Gjelsvik. Ragnvald Furset skipa steinen. Her står han saman med Mads Flokenes og ein representant frå Gjelsviknemnda. (Ved sida av steinen ser du ein stubbebrytar.) Meir om Nikolaus Gjelsvik i Store norske Og i Fylkesleksikon Frå fotoutstillinga på Grytøyra 2010. Spørsmål: Er det nokon som veit kvar steinbrotet … Les heile

Grytøyra 1936.

Fabrikken. Helga Hågøy var frå Bulandet. Ho gifte seg med Martin Eikerol. Dei flytta til Lillehammer. Syster til Martin, Sina Eikerol, gifte seg med Magnus Hågøy, bror til Helga. Dei budde på Hågøy i Bulandet. Frå Fotoutstillinga på Grytøyra 2010.

Våge 1968

6. klasse ved Våge skule. Frå Fotoutstillinga i oktober 2010.

Gavlen på Holstad.

Gavlen på Holstad. Pynta til bryllupet til Gerd og Oskar Lammetun. Frå Fotoutstillinga oktober 2011.

Våge Skule

Asbjørn Eikerol, Markvard Eikerol, rektor Andreas Holt, Aud-T. Våge Haugstad, Eldbjørg Barsnes. Frå gamle Våge skule. Kan det vere frå 1979? Eller frå det året rosa i alle nyansar var inn? Frå Aud-Torhill Våge Haugstad.

Korssund. 1935.

Olsokstemnene i Korssund samla mykje folk før krigen. Dei siste åra har Kjell Skår teke opp att litt av tradisjonen. Der brukar å vere tale, musikk, bryggedans, marknad, kafé og grilling ved gjestehamna og butikken i Korssund ein laurdag ved olsoktider. Olsok er 29. juli til minne om Heilag Olav som fall på Stiklestad. Kong Olav har også fått ansvaret for å ha opna Korssundet for båttrafikk. Segna… Les heile

Sildesalting i Korssund.

Når var dette? Kven? Kjelde: Fotoutstillinga i Grendahuset 1.11. 2010.

Sundagsskulen i Våge.

Tid? Namn? Frå fotoutstillinga 2010.

1937 Snikkarskulen.

Frå fotoutstillinga i Grendahuset 2010. Dette er vel frå Våge? Men kven?

Aksel Larsen.

Nokon som veit meir? Frå utstillinga 1.nov. 2010 Grytøyra.

1958

Undomslaget på tur. Nystølen Kafé. Frå utstillinga 1.nov. 2010 Grytøyra.