Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Forum: Ope forum

Moldura

Har laga ein ny stillfim frå fjella i Askvoll og tidlegare Fjaler. Denne gong ein haust/vinter kolleksjon frå Moldura. Dei fleste bilda er frå i fjor og i år. Ei slags oppsummering.

Haust og vinter er det som kjent lite lys. Somme bilder ber preg av litt støy. Bilda er dessutan tekne med lett Panasonic-kompaktkamera. Hugs HD kvalitet, stor skjerm og lyd.

Tidlegare publisert:

Eitrenipa/Leknesvatna
Dokka
Blegja
Heileberget/Fløyen
og
Toreheia

Velkommen til 17.mai feiring på Hellevik skule

Velkommen til 17.mai feiring på Hellevik skule

Kl 10.30 Tog frå skulen med korps
Kl 11.30 Program v/kulturskulen, tale v/Anne-K.Misje, sal av rømmegraut, pølser og is, leiker for store og små.

Velkommen!

Festkomiteen

17.mai-feiring i Flekke!

Det vert tradisjonell 17.mai-feiring i Flekke i år og. Me møtes for oppstilling til folketoget på skuleplassen kl. 11.45. Det flotte toget, med Dale Musikkorps i spissen, alle born og vaksne, og UWC-ungdommar med flagg frå alle verdas hjørne, går til butikken og oppatt til ungdomshuset. Der vert det tale ved kulturleiar Ingeborg Opdøl Tysnes, song med Lillian Samdal og innslag frå UWC. Deretter går me utatt til skulen der det vert leikar og aktivitetar på skuleplassen. Inne i skulen vert det sal av rømmegraut, og anna å ete og drikke. Sjølvsagt får du kjøpt is og brus.
Om kvelden kl.20.00 møtast me att til programfest med dans i Vonheim. Dalsfjorden Spelemannslag spelar.
Me gler oss til ei fin feiring i Flekke. Velkomen!

Nye filmar på Fjaler Kino i Dale. The Dictator og Men in Black 3

Kinosjefen, Kåre Antonisen, har plukka ut to nye filmar:
Her blir det norgespremiere!
«The Dictator» Am. Komedie 11 år
Ny komedie med Sacha Baron Cohen.
Hugsar du Borat? Filmweb HER

Onsdag 16.05 Kl.20.00
Sundag 20.05 Kl.20.00
Tysdag 22.05 Kl.20.00 Les meir…

Ymse. Tunnel, bil, båt, bru, måse, spekepølse og kakao på pinne.

Nokre bilete.
I lett blanding. Tunnel og vegarbeid.
Otterstein og Yksnebjør.
Båtar på fjorden.
Det er sentralisering som gjeld no for tida. Les meir…

Fjaler Kommunestyre 14. mai. Stor semje.

Møtet i Fjaler Kommunestyre gjekk raskt og greitt unna.
Det var lite diskusjon sjølv med viktige saker på lista.

Somme saker er greie og opplagde og går som før:
Salsløyve øl – godkjent mot ei stemme.
Skjenkeløyve – Godkjent mot ei stemme.

Somme saker er innvikla og ein får tru det går bra: Les meir…

Lokal veke 20 - 2012. Kva skjer? Kva kan du få oppleve? Veit du om noko som er kjekt for fleire å vere med på?

Veke 20 er 14. – 20. mai 2012
Her kan du sjå litt av det som skjer og som du kan delta på i Fjaler og i nabolaget. Denne veka og framover.
Du må lese Kalender til høgre på denne sida for å sjå alle arrangement. Klikk på Heile Kalenderen for å sjå meir.
Hugs å skrive inn arrangement på Kalender her dersom du vil gjere noko kjent. Då kan det komme i Firda. Gratis.

Kva skjer? Tur, konsert, Kulturscene Fjaler, teater, kino, kafè, marked, dans, revy, badeland, utstillingar? Les meir…

17. mai. Tradisjon. Fjaler 2010 og 2011 Fjaler Origo ser attende.

Det kan vere moro å sjå litt frå 17. mai-feiringar tidlegare år.
Her var fleire artiklar på Fjaler Origo for to år sidan.
Også frå i fjor kan vi sjå bilete og lese taler.

Men utvalet er litt magert. Det er 17. mai og feiring i mange bygder. Så det er kjekt om mange vil ta arbeidet med å vise nokre bilete, fortelje litt og kanskje få med nokre taler.

Så frå 17. mai tidlegare:
Først kan vi ta ein tur på Guddalen: Les meir…

Synnøve Bjørset med konsert på Haugland. Kultur i Fjaler.

photo by Eivind Kaasin

Fredag kveld var det konsert i Fjaler.
Felespelar Synnøve Bjørset kom frå Jølster.
Ho spelte halling, springar, brudeslått og lydarslåttar, og ho fortalde om spelemenn og historier om dei som hadde laga slåttane. Frå Fjaler spelte ho “Reisetonar” av Edvard Brendehaug.

Der er også forteljingar knytte til mange, slik som Tommasklokkene på Filefjell. Hardingfela har Les meir…

Meir frå Flekke. Steinar Kyrkjebø fortel frå gamle dagar.

Om tregirs sykkel. Vikarlærar på Guddal skule. På sykkel Nautsund – Hovlandsdal. Brøytebil mot sykkel. Tre eller fire på ein sykkel?

SIC TRANSIT GLORIA MUNDI

Bror Reidar gjev uttrykk for at han ikkje utan vidare vil blogge om kjærleik med di det er så mange andre som skriv om det temaet, syklar er det derimot berre han, eg og Nordahl Grieg som skriv om.

No er det vel slik at det går an å bli glad i sykkelen sin, kanskje kan ein vel og gløyme det niande bodet at ”Du skal ikkje trå etter eigedomen åt nesten din.” liksåvel som det Les meir…

Hundeklubben øver i Borgen i Dale. Lydigheit.

Torsdag kveld var det trening for nokre firbeinte i Dale.
Ute i Borgen kom fem hundar og eigarar saman.
Dei øver mykje ved Hålandsfossen.
Men leiar i klubben, Eivind Antonisen, fortel at konkurransar helst skjer på grasmark. Då er det Les meir…

Dans og dansemusikk. Norske dansar. Ei samling. Dance Collection.

Thursday Dance. Torsdagsdansen i Fjaler. Gammaldans.
The Thursday Dance is a project of cooperation for Red Cross Nordic United World College and the Ungdomslag in Dale, Flekke and Straumsnes. Some students have learnt dances that they want to remenber and they want the music.

On the net we can find videos and music.
On YouTube we have a good collection. If I can add more links here this can be a source for learning and inspiration. Les meir…

Annonse