Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (måndag 12. januar 2015). Les mer om roperten…

Dans i Trudvang. Fredagsdansen i Dale.

Fredag 5. juni 2015 kl. 20.00, Dale. Trudvang.

Dans i Trudvang. Fredagsdansen i Dale.

Stort dansegolv i ungdomshuset.
Dansemusikk: Trekkspelkameratane.

Vi møblerer om til ballsal.
Mange stolar og nokre småbord der folk kan sitte ned og ta seg ein pause.
Men dansen går nesten i eitt.

Annankvar dans er damenes.
Så det er berre å stå på.

Blir det for mykje og for travelt, så kan du lure deg ned trappa til kafeen.
Kaffi og kringle, rømmegraut, mylse, spekemat ….

14.12.2014
Asbjørn Eikerol

¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤
Bill. dans 150,-

Meny:
Kaffi 10,- (gratis påfyll.)
Kringle 20,-
Brus, øl, mineralvatn 30,-
Marie kjeks 1, –
Sjokolade 5,-
Rømmegraut, mylse, 50,-
Spekemat og flatbrød 30,-

Foto frå 5. desember:

Glitrande små lys i glasa.

Blank eikeparkett å svinge seg på.
Du dansar så lett.

Runde småbord langs nordveggen.
Nett som i Paris.

Vi har firkanta bord også.

På scenekanten er der pynta med raude lys.

Aud og Magnhild ville ha levande lys på borda.
Det vart straks meir kos og koseleg.

.

Straks klokka var åtte, var første dans i gong.

.

Trekkspelkameratane er minst fire til vanleg.
.

Kafeen. Her vil dansarane styrke seg på mat og drikke.
Rømmegraut, mylse, kaffi, kringle, øl eller vatn.
Grautkøa vart så lang at kjøkkenfolket forlangar betre utstyr å hjelpe seg med.
Neste gong blir dette betre.
Dei kjem til å ause opp rømmegraut i tredobbelt tempo.

.

.

.

Trekkspelkameratane.

.

Og dansen går.

Fredagsdansen i Førde:
Fredagsdansen er eit ope tilbod til folk i alle aldrar som likar å danse og å høyre på levande musikk. Fredagsdansen held til i Festsalen i Førdehuset og er ei alkoholfri tilstelling.
Vi held på frå kl.20.00 til 23.30 og inkludert i prisen på kr.150,- er det kaffe/te med noko attåt.

Dansekveldane for 2014 – 2015 er:
26.september, 17.oktober, 21.november, 28.desember,16.januar, 20.februar, 20.mars og 24.april

Velkommen på fredagsdans i Førdehuset!

Fredagsdansen i Dale 2015:
Trekkspelkameratane spelar i Trudvang, Dale:
2. januar.
6. februar.
6. mars
10. april
1. mai
5. juni.
4. september.
2. okt.
6. nov. Går ut.
4. des.

Første fredag kvar månad. Kl 20.00 (Her er ope frå kl 19.00)

Mange likar å gå på begge dansane, både Dale og Førde. Trekkspel-entusiastane.
Difor er det godt å samordne planane så vi slepp for mange kollisjonar.

¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤

Sjå også meir, tidlegare info:

Dans i Dale. Fredagsdansen i Trudvang

Trekkspelkameratane er
Ole Håland,
Andreas Ramstad,
Harry Standal og
Svein Brattelid.
Lokale, men vidkjende musikarar. No kan du svinge deg på parketten i ein feiande vals, eller kva med tango for to? Samba eller reinlender? Halling og swing?

Dale Ungdomslag har ansvar for huset.
Vi byggjer om salen i Trudvang til danserestaurant med servering.

Mat og drikke:
Kaffi og kringle, rømmegraut, mylse, spekemat, brus, øl (alkoholfritt).

Cafe nede med servering. ()

Nede finn du også billjard, fotballspel, ti sjakkbrett og Dag og Tid i Bok-kafeen.

Fjaler revmatikarlag sel billettar, og bestiller musikk.
Dei håpar på overskot til å sponse Helsebadinga på Haugland Badeland.

Billett: 150,-

Publikum kjem ofte lange vegar.

Alle er velkomne!

¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤

¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤

Sjå også:
Meir frå Trudvang?
Det var dans borti Trudvang i kveld. Fredagsdansen i Dale. HER

.

.

Vist 189 gonger. Følgt av 1 person.

Var du med?

Ein tilrådde Person_gray

Kvar skjer det?