Klubbefest
KLUBBEFESTEN – ein fest for fjordingar, sogningar og anna godt folk…
laurdag 5. november 2011 kl. 19.00 er det duka for
Sigrid Moldestad med musikarar
Vi har gjort eit varp
og fått den mest
populære, kvinne-
lege folkemusikk-
og viseartisten for
tida til å kome på
klubbefesten 5. nov.
– sjølvaste Sigrid
Moldestad og dei
eminente musikar-
ane Anders Hall og
Sigbjørn Apeland i
konsert! Så i år trur
vi det vert styggfullt
i Storsalen, både til
bords, ved scena og
platesigneringa.
Alle som høyrer litt
på radio, har haurt
henne ofte dei siste
par åra – med vakre
viser, treffande
tekstar og feiande
fint og vart felespel;
alt frå plata TAUS –
om mest ukjende
spelekvinner, til den
siste CD-en, Sandkorn,
ei plate med
mange useieleg vakre
spor…
Klubbefesten, haustens
kulinariske og kulturelle
høgdepunkt for utflytte
fjordingar og sogningar
og nærskylde, samlar folk
langs festpynta langbord
i Storsalen 1. laurdagen
i november kvart år! Og
Sigrund Nesdal sine troll
og kabbar kjem på plass.
Klubben vert som vanleg
laga på steinmale byggmjøl
frå Fjelli, med mykje
godt til, og Nordfjord-
songen, Klubbevisa og alt
som høyrer ein tradisjon-
ell klubbefest til, er med.
Dansemusikken er også
tinga: Fanteladdane –
med innslag av folk frå
fylket. Dei byr på driv-
ande godt dansespel.
Så få med deg folk og
kom på Klubbefesten
i Storsalen i Nordahl
Bruns g. 22, laurdag
5. november kl. 19.!
Påmelding og pris:
Festen kostar berre
300 kr for medl. og
400 kr for andre.
Det er svært rimeleg
for full middag, konsert
i særklasse og dans til
levande musikk!
Påmeldingsfrist fredag
28. oktober. Ver tidleg
ute i år! Meld dykk på
anten til:
Jofrid Holter, e-post:
jofrid.holter@hioa.no
tlf. 975 91 542, eller til:
Anny Sollid, e-post:
anny.sollid@online.no
Laget ynskjer alle hjarteleg velkomne!


