Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Palmejam i Dale. Dale Musikkorps.

Laurdag 31. mars kl. 20.00, Dale Kro
Program, konsert og dans.

Program kjem seinare.

Kva skjer?
Sjå her: Palmejam 2011.

.
Anita Hustveit Zadig:
Då er det avklara:) Dale Musikkorps sin Palmejam i år vert med The Blues Brothers.
Dans: Nybø Band.
Klar for Palmejam laurdag 31. mars.
.

Og her kom programmet:

Tradisjonen tru held Dale Musikkorps konsert på Dale Kro palmelaurdag 31. mars. Det er 5. året på rad at korpset inviterer lokale musikarar til samspel og det er dermed duka for eit aldri så lite jubileum. Den musikalske tråden i år er henta frå den amerikanske filmen om The Blues Brothers frå 1980.

I den lokale varianten av brødrene Jake og Elwood møter du Leif Arne Skaar og David Zadig. Det vert ikkje drilljenter i år heller, men i staden vil du møte Kari Arstein Nedrebø, Joy Taylor, og Ane Birkeland som koristane; The Blue Notes.

Korpset er også forsterka med Harald Løkeland på bass, Sigbjørn M Christiansen og Sturle Sandvik på gitar, Leif Helge Birkeland på tangentar og Mats Systaddal på trommer.

Du får m.a. høyre bluesperler som ”She caught the Katy”, “Sweet home Chicago” og “Rawhide”, men det vert og plass til tradisjonell korpsmusikk.

Også i år spelar Nybø Band opp til dans etter konserten, så her vert litt for ein kvar smak. Korpset gler seg – og det håper vi du også gjer! Ta med deg naboen slik du gjorde i fjor, samt ein nabo til, og så møtes vi på Kroa.

11.03.2012
Anita Zadig

.

Billett kr 250
Arrangør: Dale Musikkorps

Vist 286 gonger. Følgt av 2 personar.

Var du med?

Ein deltok Person_gray

Ein tilrådde Person_gray

Kvar skjer det?