Bakkejekta. Planleggingsmøte.

Fredag 12. mars 2010 kl. 18.00 Jensbua, Tysselandet Fjaler

l661 — Bakkejekta under segl på tur til Byn.

Det er snart tid for litt vårpuss. Gjengen som styrer med Bakkejekta skal ha møte for å planlegge. Asbjørn Igelkjøn fortel at dei ønskjer mange fleire folk velkomne til dugnad og aktivitetar kring Jensbua og Bakkejekta. Så har du interesse for båtliv og kystkultur? Vil du vere med på turar og seglkurs? Vil du delta på litt eller mykje dugnad? Velkommen på Jensbua fredag. Det ver mest prat, men litt mat og drikke vert det også.
Arr: Bakkejekta.

Heimeside: Bakkejekta.no

Og Ove Losnegård seier:

Bakkejekta lengtar etter vår og fjord!
Hei alle gode vener av Bakkejekta, sjølivet og den gode dugnadsgjengen!

No startar vi oppatt, nærare bestemt fredag 12. mars kl. 18 00 på Jensbua, med dugnader utover våren – med mål om sjø, sol og gode dagar i det fjerne!

Men medan vinteren enno held oss i sitt jerngrep må du ta til takke med ein svært triveleg gjeng, god kaffi, litt å bite i frå Matglede og hyggjeleg planlegging av våren.

Kjem du?
(PS: Du treng ingen forkunnskapar!)

God klem frå

Bakkejekta

l41 — Ved Jensbua, Malvik Tysselandet.

l81 — Bakkejekta på plyndring i Askvoll. Piratar på tokt.

l541 — Philipp stuper.

l181 — Segltur på Dalsfjorden, Vikingfjorden. Vi ser over til Rivedal.

Bakkejekta på Dalsfjorden. Ved Jensbua.

Kvar skjer det?