Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Torsdagsdansen var i Dale i går.

Levande musikk og instruksjon.
Kvar torsdag ein fest i Fjaler.

Vi dansar vals, swing, reinlender, polka, marsj, tango, samba, åttetur, reel, og meir. (Du treng ikkje kunne noko av dette frå før.)
Kom gjerne åleine. Kom gjerne ein heil flokk! Dette er moro!

Ny i Fjaler eller omland? Velkommen her!

I går i Trudvang Dale:

Der er fin parkett å danse på.
Levande spelemann og instruktør.

Oddny Aase hadde laga varme skillingsbollar.
Så var her frukt og kringle i pausen.

Kafe nede.

I pausen har vi også tid til 5 min kultur: Danse, synge, spele, sjonglere, fortelje, stand up …..

Denne kvelden var det mange som hadde noko å fortelje.

.

Etterpå går dansen vidare.

Alle kan bli med.
Kjekt no at folk kjem frå nabokommunane.

Kostar det mykje?
Berre 10,- kr for barn, ungdom, studentar og andre fattige.
Vaksne 40,- kr
Men då kan du ete så mykje kringler og bananer som du orkar, og drikke kaffi til.
Får du ein rimelegare meny ein annan stad?

I tillegg får du levande musikk og danseinstruksjon.
.
Du kan også komme for å sjå på, høyre på musikken, prate og ta med kaffipausen.
Neste gong på Nesalandet, 3. nov kl 20.00 i Grendahuset.

Torsdagsdansen
Torsdag 3. november kl. 20.00, Straumsnes

Samarbeid Ungdomslaga i Dale, Flekke, Straumsnes og UWC vidaregåande skule i Flekke.
Vi planlegg å delta på UKM i februar og Dansens Dag 29. april 2017.

28.10.2016
Asbjørn Eikerol
.
PLAN HAUST 2016.
September:
31. august Onsdag. UWC Haugland. (1. sept endra til onsdag 31. aug.)
(Intro 19.00)
8. – Straumsnes.
14. (NB Endring) – Flekke. (15. sept endra til onsdag 14. sept.)
Teaterfestivalen i Fjaler 15. – 18. september.
22. – Dale.
29. – UWC Haugland. #
Oktober:
6. – Straumsnes. #
13. – Flekke.
20. – UWC Haugland.
27. – Dale.
November:
3. – Straumsnes.
10. – Flekke.
17. – Dale.
24. – UWC Haugland.
Desember:
1. – Straumsnes.
8. – Flekke. (15 Torsdagsdansar i haust.)
Januar 2017:
5. – Dale.
12. – UWC Haugland.
.

Vist 368 gonger. Følgt av 1 person.
Annonse

Nye bilder