Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Dale UL Årsmeldingar..

Roy Sævik leiar i Dale Ungdomslag. Til høgre fylkesleiar Arve Hornnes i Førde mars 2015 Dale UL vart tildelt aktivitetsprisen for 2014.

I 2015 var årsmøtet 9. februar kl 20.00 i Trudvang.

ÅRSMELDING

Dale Ungdomslag 2014

Styret har vore: Asbjørn Eikerol, leiar
Kristian Risting
Alf Jørgen Bråtane (Ny)
Lise Johanne Hugøy (Ny)
Arve Antonisen (Ny)
Synnøve Strand (Ny)

På første styremøte fordelte vi oppgåver: Alf Jørgen – nestleiar, Lise Johanne – kjøkken, Synnøve – skulekontakt, Skrivar på omgang.)

Varafolk: Silje Stav
Kåre Antonisen (Ansvar utleige, Bygg og anlegg og Kinosjef)

Revisorar: Marita Solheim og Kristin Svardal
Kasserar: Ole Hope.

Valnemnd: Jan Haugen, Gard Arstein Nedrebø og Guro Osland Ness.

Medlemer: 66 (Opp frå 23) Vi er no eitt av dei største lokallaga i fylket.

Styremøte:
Vi har hatt 11 styremøte og handsama 76 saker.
Vi har også handsama nokre saker på e-post. Dvs sende ei sak ut til alle i styret og få tilbakemeldingar. Dette kan spare tid, då mange har det travelt og ikkje får høve til å komme på alle styremøte.

Dugnad:
Det er dugnadsinnsats kvar veke med dans, kino og førefallande arbeid. Det er mange hundre timar.
Vi har teke på oss sjauar-jobb når SOFT teater er i Dale. 150,- pr time og fribillettar.
Inntekt for Dale UL.

Aktivitetar i laget:

Teater:
Dale UL Ungdomsteater sette opp Brørne Løvehjarte før påske.
Stort arbeid av alle og tre framsyningar i Trudvang.
Regi Torkil Sandsund. Jfr eiga melding.

Dans:
Barnedansen har fast øving kvar torsdag. Framsyning 17. mai. Jan Haugen.
Framsyning på Dansens Dag i Dalstunet.
Frå i haust er også Gunhild Berge Stang og Eldbjørg Hustveit med. Ca 20 barn.
Jfr eiga melding.

Torsdagsdansen fast øving september – mai. 25 – 50 deltakarar.
32 dansekveldar. Kulturinnslag i pausen, litteratur, musikk, dans, …
Samarbeid ungdomslaga i Dale, Flekke, Straumsnes og UWC vidaregåande skule i Flekke.

Framsyning for Dronninga på UWC.
Framsyning på Dansens Dag i Dalstunet.

Fredagsdansen i Dale. Trekkspelkameratane og Fjaler Revmatikarlag. Første fredag kvar månad.
Dale UL er arrangør for det praktiske opplegget.
Revmatikarlaget sel billettar og betalar musikken.
Vi støttar revmatikarlaget, og vi får vise fram Trudvang. Vi får 30 kr pr billett. (150,-)
Dansesal.
Kafe nede med kaffi, kringle, rømmegraut, mylse, spekemat.
10 dansekveldar i Trudvang. (Ikkje juli og august)

Sundagsdansen i Dale. Danseøving 52 sundagar kl 16.00 Varierande frammøte to – tjue.
Sandra og Torgeir har vore inn med swing-øving. Stephanie Zwillinger med samba, milonga. Hugo Fretland med swing. Olga Terzi med gresk dans. Målfrid Bruland med gammaldans.
Asbjørn Eikerol swing og gammaldans.

Dansekurs. Swing med Sandra og Torgeir. Avslutta i påska. (Del 1 i romjula.)
Ca 40 deltakarar i to grupper. Vaksne og barn.
Gammaldanskurs i påska Målfrid Bruland. 6 deltakarar.

Laurdag og dans i Trudvang. Dansekveldar.
Dette går best når vi samarbeider med musikk-grupper og deler inntekter.
Dalsfjorden Spelemannslag, april og desember.
(+ Fana Trekkspelklubb, Fri Flyt.)
Hyllestad og Lavik Trekkspelklubb.
Rett og Slett. Leigd orkester. September og oktober. Gjekk i minus.
Å leige orkester har gått i minus. Men vi prøver heller å samarbeide og dele billettinntekter.
Mål å ha ein laurdagsdansdans kvar månad.

Andre arrangement:
Palmejam med Dale Musikkorps.
Konsert. Natas.
Teatergruppe Brak. Samarbeid: 6. klasse Dingemoen, Førde UL og Dale UL. Fjaler kulturkontor.
Alan Drop Storytelling. Stand up. (Via UWC)

Loppemarked i august. 8600 kr. Moro, mange positive gjester på marknad og kafe.
Andre året. Bør bli tradisjon med august-marknad.

Bokslepp. Den Hersens Brua. 200 gjester. Stort folkemøte.

Ivar Medaas SOFT. 150 gjester.

Skilte menn SOFT. 50 gjester.

*Skuleframsyninga*r film og den kulturelle skulesekken.

Fjaler Teaterfestival. Øvingslokale i mange dagar, tre teaterframsyningar, kafe nede.

Kunstutstilling. Bok-kafe. I Trudvang. Kvar sundag.
Bjørge Larsen, Grethe Kjøsnes, Allan Price. Bjørge hadde godt sal og godt fram-møte.

Aktivitetar i Trudvang kvar sundag. Sundagsdansen, Bok-kafe, Biljard, fotballspel, sjakk, strandtennis, ringspel, einhjulsykkel, .. Asbjørn Eikerol

Biljardtrening kvar veke Johannes Hustveit, januar – juni.

Kurslokale.
Grunderkurs. Arr Sogn og Fjordane fylke. Fire dagar. Godt kurslokale.
Gode tilbakemeldingar, men lys bør betrast. Severing kaffi, kjeks, frukt, … Dale UL
Bokhandel.
Lunsj, middag på Allmuen. Dale kan fungere som kurs-stad. Inntekter 10.000 + kr

Sjakk-klubb. Vi har 10 spel, men manglar leiarar.

Temakveldar, kulturkveldar: Liv Sandsund, januar, februar.
(Avbrote pga «opprydding».)
Asbjørn Eikerol, og fleire.

Fjaler Kino. Film tre gonger i veka. Fredag, sundag og tysdag.
Aukande besøk. Dalsfjordbrua gjev mange nye gjester. Sjå eiga melding.

Meggerevyen. (Frittståande gruppe.)
4 framsyningar i mars. God revy som vanleg.

Utleige Trudvang.
Russen 2 gonger i mai.
Klassetreff lærarskulen i sommar. (J. Alisøy.)
Gebursdag i salen.
Blikjend-fest i haust.
Den kulturelle skulesekken.

*Filmkafè, teaterkafè i Trudvang. *
Ved teater, konsert, program, i Trudvang. Ca 10 gonger.
SAFUGE UWC.

Torgdag i Melkevegen. Dale.
Dale UL Med stand. Dalsfjordveka.

Dale UL på Kulturscene Fjaler:
Stand med info, aktivitetar for barn, strandtennis, ringspel, rockering, sykkel, og bøker i Dalstunet.
Laurdagar, mai– august. Kvar laurdag viss ver. Asbjørn Eikerol

Invitasjon til NU i Oslo.
Dale UL deltok på samling sentralt i NU.
Vi skulle fortelje om aktiviteten i eit lokallag.
Det er kjekt at arbeidet i Dale UL vert sett pris på også på toppen.
Eit pluss for Dale UL. God reklame, og vi får tilbod.

Tilskot frå Sparebankstiftingane
Ungdomsteater. 20.000
Aktivitet i Dale UL – Multumedia, lyd, lys, utstyr til aktivitetane i ungdomslaget. Musikk, dans, bok-kafe, sjakk, biljard osv. inventar og utstyr. Forbetringar. 100.000 + 50.000
(Brukt til lysanlegg 120.000 og lyd 80.000 )
Investeringar i Trudvang. 200.000 kr HER

Rydding

95 rosa stolar er rydda ut av garderobe, gangar, scene. 72 lagra, 41 Straumsnes UL, 31 Enoro, 25 selde til Tante Grys Pub. (Erstatta med 20 klappstolar.)

(Ein del reparasjon av rosa stolar. Liming.)

Dugnad:

Leik, dans:

Jan Haugen, Gunhild Berge Stang, Eldbjørg Hustveit og Asbjørn Eikerol

Teater.

Torkil Sandsund, Eva Meier, Roger Ellingsen Jan Haugen, Nina Aas. Steinar Skadal, Kåre Antonisen, Ingeborg Tysnes og fleire.

Bygg og anlegg. Dugnad hjelpearbeid.

Kåre Antonisen, leiar, Audun Sandsund, Jan Haugen, Rolf Kleiven, Magne Stensaker, Jan Ulltang, Magne Søgnen, Håkon Eikerol, Johannes Hustveit, Gard Arstein Nedrebø, Asbjørn Eikerol. Og fleire.
Knut Os, Jonas Aanestad Moltumyr.

Kjøkken:

Lise Johanne Hugøy, volontørane Ana og Elvira, og mange fleire.

Oddny og Jakob Aase gjer ein stor jobb på fredagsdansane.

Oppsummering.

Her er stor aktivitet slik årsmeldinga viser. Godt lokale for teater, revy, konsertar o a. Auditorium, no med multimedia utstyr, står ledig dagleg i arbeidstida.

Godt kurslokale. Folkemøte.

Godt auditorium for ungdomsskulen og andre. (Kommunen har planar om å bygge ned scena til FUS, kostnad 800.000 )

Utfordringar:

Medlemsverving. Dugnad. Engasjere fleire, ungdom og vaksne.

Måling Trudvang.

Levande lokalmiljø.
Til aktivitetar har vi no fått mykje støtte og betre utstyr. Lyd, lys, media. Dette kan komme mange andre til gode.
Sundagsdansen, bok-kafe, møteplass.
Det er moro å få til nye tilbod i Dale når vi får så god økonomisk støtte frå stiftingane.

Bygg og anlegg – vedlikehald og fornying. Utstyr.

Vi har eit mål om liknade investering som Leikanger UL, 3,5 mill.

Vil vi det?

Vi har kontakta Fjaler kommune, Ingeborg Tysnes, om dette. Kulturmidlar.

Dale 8.02.2015

Asbjørn Eikerol

- leiar -

Dale UL sitt org.nr.: 971364181

¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤

Frå Seminarinnlegg i Oslo, Asbjørn Eikerol:

Dale UL – Aktivitetar i ungdomslaget.

Seminar: Hus som skaper landet
Fredag 24.oktober i Teatersalen i BUL Oslo: HER

¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤

Kva har Dale UL å fortelje på eit slikt seminar?
Nokre bilete frå aktivitetar i Dale:
Her er også linkar til meir.

Kanskje litt kan vere til nytte for andre ungdomslag.
Kanskje litt kan påverke politisk. Kultur er viktig for trivsel og livsglede.
Kanskje tek eg heim att nye impulsar og tankar frå ei slik samling.

8.02.2015
Asbjørn Eikerol

………………………………………………………………………………………………………………………….

Roy Sævik leiar i Dale Ungdomslag. Til høgre fylkesleiar Arve Hornnes

Kommentarar

Dale Ungdomslag er tildelt aktivitetsprisen for 2014

Fleire av dei nominerte ungdomslaga kan vise til god og allsidige kulturaktivitetar.

Men Dale Ungdomslag har markert seg med ein stor medlemsauke siste året, samt at laget har vore representert på samlingar regionalt og nasjonalt i organisasjonen.

Dette engasjementet gav utteljing, Dale Ungdomslag er tildelt aktivitetsprisen for året 2014 !

Tekst: Anders Gjerland

Roy Sævik leiar i Dale Ungdomslag. Til høgre fylkesleiar Arve Hornnes

Publisert: 12.03.2015

Frå SOFUL HER

Roy Sævik leiar i Dale Ungdomslag. Til høgre fylkesleiar Arve Hornnes

Publisert: 12.03.2015

Asbjørn Eikerol

………………………………………………………………………………………………………………………………….

Frå Seminarinnlegg i Oslo, Asbjørn Eikerol:

Dale UL – Aktivitetar i ungdomslaget.
Seminar: Hus som skaper landet
Fredag 24.oktober i Teatersalen i BUL Oslo:

Seminar: Hus som skaper landet
Fredag 24.oktober i Teatersalen i BUL Oslo:

¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤

Kva har Dale UL å fortelje på eit slikt seminar?
Nokre bilete frå aktivitetar i Dale:
Her er også linkar til meir.

Kanskje litt kan vere til nytte for andre ungdomslag.
Kanskje litt kan påverke politisk. Kultur er viktig for trivsel og livsglede.
Kanskje tek eg heim att nye impulsar og tankar frå ei slik samling.

¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤

Aktivitetar i laget. Dale UL:
Ungdomshuset – ein viktig arena for å danne nye fellesskap, for å uttrykke seg innan teater, musikk, dans, kunst og kultur.

¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤

Dans

Barnedansen.

Dans
Barnedansen med Jan Haugen. Gunnhild Berge Stang og Eldbjørg Hustveit. Dale UL. Klar 23. oktober. HER

Torsdagsdansen
Luis Alves har laga ein promo for Torsdagsdansen i Fjaler, Western Norway. YouTube.
Filmsnutt frå Torsdagsdansen:
Luis Alves frå Portugal er ein av voluntørane i Fjaler 2012 – 2013.
Han har vore med på Torsdagsdansen og synest det er moro og han føler at han har fått god mottaking frå alle i dette miljøet.

Som takk vil han gje oss denne filmsnutten med litt inntrykk frå dansekveldane.
Han filma to stader: I Dale, Trudvang, og på UWC, Høeghsenteret.

*Stad for Torsdagsdansen: Dale, UWC skulen, Straumsnes, Flekke HER

Dansekurs fredag 17.10.2014 USA -
New Haven, Connecticut (Yale University) HER

Sabrina, Andreas og Helga spelar til dans på Straumsnes i 2012.

Fredagsdansen
Trekkspelkameratane spelar første fredag kvar månad.

Meir HER

Laurdag og dans i Ungdomshuset
Vanskelegare å få med alle, spesielt ungdom. Underskot når vi skal ha levande musikk.

Dansen går.

¤¤¤

HER

Sundagsdansen kl 16.00 kvar sundag.
Sundagsdansen i Dale UL. Samba frå Brazil. HER

Aktivitetar kvar sundag i Trudvang. Boksal, kafe, spel, møteplass, utstillingar.

Bokby HER

HER
Swing, gammaldans, samba, tango, gresk, ….
Dansekurs.
Swing-kurset HER

Her dansar dei for Firda i Trudvang, Dale.

Foto frå Sandra. I Oslo. OSI

Frå NM

Ferdabrev 1930 Dalsfjorden. Lokalhistorie. Kultur. Om Dale. HER

Helge Ellingsen og Arne Helge Berge på Bokkafeen i Trudvang, Dale. Historier kan dukke opp.
.

.

Kunstutstillingar. Lokale kunstnarar..

Bjørge Larsen. Kunstutstilling i Trudvang. Dale UL. HER

¤¤¤

Dans i skulen.
Veldig viktig. Få det inn på timeplanen!
No har vi litt dansetimar i 6. klasse på Dingemoen skule.
FUS, ungdomsskulen, hadde vi før ein dansetime i veka. (Den tredje gymtimen, og litt av musikktimen. Fast oppvising på våren i Dale, og på sjukeheimen.)

¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤

Teater
Ungdomsteater. Torkil Sandsund

Brødrene Løvehjarte.
På scena i Trudvang, ungdomshuset i Dale.
Foto Bygdeavisene.
Meir HER

¤¤¤

Barneteater

¤¤¤

Meggerevy

Meggerevyen i Dale. Fredag og laurdag.
HER

¤¤¤

Tradisjon med skodespel i Dale. Til dømes: Jakob Sande-revy. Jubelhornet.

¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤

Musikk:
Levande musikk til danseøvingar. Dugnad.
Samarbeid: Dale UL inviterer.
Spelemannslag,
Lokale grupper.
Lokale talent.
UKM
Kulturskulen,
Skulane,
Songkor, korps, grupper.

Talent samla i Dale. Frå vest i havet til opp i dalane i Gaular. Frå Førdefjorden og Flekkefjorden. Det var UKM i Trudvang. HER

Publikum i Trudvang, Dale. UKM 2013

¤¤¤

Kabaret i Trudvang. Dale Ungdomslag fekk besøk av Jølstrakoret og Førde Trekkspelklubb.
HER

¤¤¤

Dalsfjorden spelemannslag:
Dans i Dale. Trudvang. Laurdag 26. april. To orkester spelar. Thai-mat. HER

¤¤¤

Det var show og teater i Dale på onsdag. HER

Levande musikk: Ole Håland med trekkspel.
Så var det swing. Her var fleire med. Frå Swing-gruppa i Førde UL kom også nokre dansarar og ville vere med. Sundags-swingen i Dale UL. 6.-klassingane var med på swing. Elevane frå UWC er ikkje vanskelege å få med på ein dans.

¤¤¤

Teaterfestivalen i Fjaler 2014. Forteljingar og bilete. HER

Ungdomslaget kan hjelpe til med hus, scene, arbeid, lyd og lys.

.

.

¤¤¤

SOFT Sogn og Fjordane teater kan bruke Trudvang til somme framsyningar.
(Elles idrettshallen.)
Stor suksess i Dale for Sogn og Fjordane teater. SOFT.
Flott framsyning i Trudvang i går kveld. HER

På øving.

SOFT 3. desember i Teater Trudvang. Dale Ungdomslag. Komedie. Ein sunnmøring på bar i Dale – kan det bli komedie? HER

¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤

Kulturkveldar. Temakveldar: Ein måndag kvar månad:

For barn, ungdom, vaksne. Alle kan komme.
Syng med oss. Kulturkafè. Dale UL inviterer. Torodd Fagerheim og Ove Losnegård. HER
.
Liv Sandsund:

Mennesket og menneskekroppen. Temakveldar i Dale Ungdomslag. HER

.

Fleire kulturkveldar: ?
Tema kunst, litteratur, historie, lokale forteljingar, lokale bilete, skrøner.

¤¤¤

Sjakk

Sjakk eller dans?
.

¤¤¤

.

Billjard
Første halvår var billjardbordet i bruk kvar veke. Berre to, tre personar.

.

.

.

Vi har 10 sjakk-spel.
Vi treng nokon til å ta ansvar for ein sjakk-klubb.

Frå bokutsalet. Ei rimeleg bok på norsk kan vi gjerne ta med.
Her finn du Kjærleikens ferjereiser, Amalie Skram, Henrik Ibsen, krim og teikneseriar, årgangar av Hagetidende, russiske ordbøker, Lonly Planet, Alf Prøysen, Krigen i Noreg, bøker for barn, historiske serieromanar, Frøken Detektiv, Hardygutane…..

Kafe nede. Cafe below.

Russland spelar kvitt mot Spania.

¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤

Kulrurscene Fjaler – Dalstunet kvar laurdag kl 12.00
Kulturscene Fjaler 7. juni. Konsert, utstillingar, stand, lotteri, sjonglering, boksal, arkitektar, kafe. Folkeliv. HER

.

.

.

Økonomi. Dette kostar.

Tilskot. Kulturmidlar.
Sparebankstiftingane: Dei har vore avgjerande for at vi skal få ting til.
Fjaler sparebank
Sparebanken Sogn og fjordane.
Dale Ungdomslag. Investeringar i Trudvang. 200.000 kr HER
Kultur og Tradisjon gjev litt støtte til kurs. HER
Andre stiftingar.

Kurslokale. Tene pengar på utleige.
Forsamlimgslokale. Scene AV-utstyr. Ei inntektskjelde.
Her står lokalet ledig nesten alltid på dagtid.
Husleige 2000,- pr dag
Servering kaffi 30,- pluss kringle, frukt, sjokolade, …. 70,-
20 eller 130 personar på kurs. Det blir inntekt.

Trudvang tysdag 21.10.2014

.

Tid. Dette kostar
Det blir mange timar dugnad.

Dette kostar
Å få til noko nytt er ikkje berre lett.

¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤

Fjaler Kino

Kinosalen. Fjaler Kino i Dale.
Framsyningar oftast fredag, sundag og tysdag.
HER

¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤

Loppemarked. 8600,-
Der var marked i Trudvang på laurdag. HER

Utleige Trudvang:
Russ Dale vgs Bli-kjend-fest kvar haust.
Klassefest. Vgs
Juleball. Vgs
Private lag.
Skulekino.
Den kulturelle skulesekken.
Palmejam. Dale Musikkorps. Konsert, dans og fest i Trudvang. HER

.

.

.

.

.
Vegard Leite med konsert i Dale. Nyttårsball for Dale vgs og UWC. HER

På scena i Trudvang.

.

¤¤¤

Samarbeid elles:

Dale vgs HER
Skulane i Fjaler.
Bygstad skule (Den levande skogen.)
UWC UWC Red Cross Nordic HER
NKD Nordic Artists’ Centre Dalsåsen HER
Fjaler kommune.
Helseopplysning, foredrag.

21.10.2014
Asbjørn Eikerol

Seminar: Hus som skaper landet HER
Fredag 24.oktober i Teatersalen i BUL Oslo:

12.45 Det vesle kulturhuset – lokale for levande kulturliv. Møtestad for alle. Paneldebatt og
samtale med sentrale stortingspolitikarar, fylkeskultursjef i Møre og Romsdal Heidi-Iren
Wedlog Olsen, representant for Riksantikvaren Leidulf Mydland og Endre Kleiveland
leiar i Noregs Ungdomslag. Samtalen vert leia av Knut Olav Åmås, Fritt Ord.
¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤

Bakgrunn og mål. Frå NU:
Ungdomshusa, slik som Rosenkrantz´ gate 8, har vore særs viktig for utvikling av eit demokratisk
og sjølvstendig Noreg. I dag finst om lag 300 slike hus over heile landet. Historia om livet og
innhaldet i desse husa er viktige for forståinga av Noreg, og kva dei har betydd for utviklinga av
det nye Noreg, ei historie som ikkje er godt nok fortalt.

Rundt om i landet står dei «små kulturhusa», hus som framleis kan vere ein viktig arena for å
danne nye fellesskap, for å uttrykke seg innan teater, musikk, dans, kunst- og kultur. Bygga kan
også ha verdi for turistnæringa som møteplassar for backpakkarar, utstillingsarenaer eller som
arena for tradisjonell folklore.

Husa til frivillige organisasjonar som ungdomshus, skuler, bedehus, samfunnshus har ikkje fått
ein tilstrekkeleg plass i forteljinga om framveksten av Noreg.

Noregs Ungdomslag vil, saman med BUL, få fram deler av denne historia, vi vil syna poten s ialet
som desse bygga har, kulturelt, sosial og økonomisk.
Vi vil vise krafta desse bygga kan ha og kva for innhald husa kan ha, og korleis ein får til økonomisk samhandling mellom offentlege og private aktørar i bevaring, opprusting og drift.
Sjå heile HER

¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤

Ungdomslaget. ÅRSMELDING Dale UL 2012. HER

Årsmeldinga for Dale UL for 2013 HER

¤¤¤

Første post er dans med Dingemoen skule 6. klasse.

Bli med i Dale UL.
Vi har bruk for hjelp til mange aktivitetar og arrangement. HER
Kan du bidra?
Sjå Dale UL på FB HER

Lurer du på noko? Snakk med nokon i styret.

Leiar Dale UL:
Asbjørn Eikerol

Styremedlemer:
Alf Jørgen Bråtane
Lise Johanne Hugøy
Arve Antonisen
Synnøve Strand
Kristian Risting

Kasserar:
Ole Hope.

Vara til styret:
Kåre Antonisen
Silje Stav

¤¤¤

Sparebankstiftinga Fjaler:
Kriterier ved gåvetildelingar:

Følgjande søkjarar skal prioriterast:

o Prosjekt og organisasjonar som arbeider for og med barn og ungdom.

o Prosjekt og organisasjonar drive av frivillige.

o Tiltak som kjem mange til gode.

o Tiltak som løftar frivillig engasjement og dugnadsvilje.

o Prosjekt og organisasjonar som har klåre visjonar og tankar bak sine tiltak.

¤¤¤

Meir frå her vest i Sogn og Fjordane:
Lokal blogg.
Fjaler Origo HER

………………………………………………………………………………………………………………………………………
………………………………………………………………………………………………………………………………………
………………………………………………………………………………………………………………………………………

Årsmeldinga for 2015 hr ikkje blitt publisert enno.
Her er to vedlegg som vart sende inn, på oppmoding frå Roy Sævik, for å oppsummere litt av aktiviteten i 2015:

Vedlegg: Årsmelding 2015 Torsdagsdansen.
Asbjørn

Torsdagsdansen! Gammaldans. Årsmeldinga Dale UL for 2015

Levande musikk og instruksjon.
Kvar torsdag ein fest i Fjaler.
Vi dansar vals, swing, reinlender, polka, marsj, tango, samba, åttetur, reel, og meir.

Instruksjon: Knut David Hustveit.

Musikk: Andreas Ramstad med trekkspel. (Nokre gonger spelar andre.) Dalsfjorden Spelemannslag spelar ein gong i månaden. 8. januar – 7. mai, og 3. september – 10. desember. Om lag 30 øvingar a 2,5 timar.

Samarbeid Ungdomslaga i Dale, Flekke, Straumsnes og UWC vidaregåande skule i Flekke. Difor er vi i ungdomshusa i Dale, Flekke, grendahuset Straumsnes og Høegh UWC etter tur.

Deltakarar kjem frå Fjaler og nabokommunane. Frå UWC kjem vaksne og ungdommar. Vi er 25 – 45 personar som deltek. Alder 16 – 80 år.

Framsyningar: Vi var med på DD Dansens Dag i Dalstunet laurdag 25. april. UKM Ei gruppe ungdommar har trena i haust så dei kunne vere med på UKM i Dale i februar. Ung Folkedans. (10 ungdommar.)

Dugnad. Alt arbeid blir gjort på dugnad. Litt overskot går til arrangør-laga. Støtte vaksenopplæringsmidlar Kultur og Tradisjon.

5.03.2016

Asbjørn Eikerol

Torsdagsdansen: HER

http://fjaler.origo.no/-/event/show/632917/8864354_torsdagsdansen-gammaldans

UKM Ung Folkedans: HER

http://fjaler.origo.no/-/bulletin/show/863312_ung-folkedans-gruppa-oever-foer-ukm-for-hyllestad-fjaler

¤¤¤

Litt meir til Årsmelding 2015 Aktivitetar.

Vedlegg og kopi nedanfor.

Asbjørn

.

Aktivitetar sundagskafe, og laurdagar. 2015 til Årsmeldinga.

Kvar sundag tilbod om aktivitetar:

Kafe, møteplass. Kaffi og kringle. Lese Dag og Tid, bøker, ..

Bok-kafe. No tek her til å bli bra utval. Her er bøker for barn, ungdom og vaksne. Fakta eller dikting.

Mykje klassisk litteratur, norsk og frå verdlitteraturen. Her er oså seriebøker, pocket.

Biljard. Fotballspel.

Sjakk. Ungdomslaget har 10 sjakkbrett. Vi treng nokre leiarar til sjakk-gruppa.

Bridge, whist, vri-åtten, ludo…

Twister, ringspel, strandtennis, ..

Musikk, dans

Mange fortel at dei har lyst til å lære å danse swing, gammaldans og meir. Vi har no musikkanlegg med alle slag musikk. Vi kan tilby øving og litt opplæring. Swing? Reinlender? Lettispolka? Det er berre å komme sundag kl 16.00 Du kan også bli med på Torsdagsdansen.

Kunstutstilling. Salsutstilling. Nett no har vi 4 maleri for sal. Grethe Kjøsnes, Hellevik og Allan Price, London.

På eitt hjul. K orleis du kan sykle på einhuling. Vi har syklar som du kan låne.

Kulturscene Fjaler. Kvar laurdag kl 12.00

Dale UL har delteke med litt aktivitetar i Dalstunet: Ringspel, strandtennis, ballspel, bokutsal, informasjonstand. Dansens Dag.

Kulturscene slutten av april – september. Ca 17 gonger. 2 t kvar gong. Om lag 34 timar.

Dugnad aktivitetar:

Sundagar i Trudvang heile året. 2 timar kvar gong. (100 timar årleg)

Men i år vart dette avslutta i august då styret ville ha slutt på bok-kafe. Difor ca 32 veker, 2 personar 128 timar.

Totalt 164 t dugnad.

¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤

Det er synd å stogge Bokkafeen og aktivitetane . Men for bøkene kan vi finne alternative utsal, Allmuen, i Hyllestad kulturhus på Sørbøvåg, evt andre.

Loppemarked vart også stogga av styret. Det er populært og gjev litt inntekt.

Fredagsdansen er eit positivt tiltak med aukande besøk. 70 – 80 personar. Dette er veldig bra for Trudvang . Etter september har styret teke hand om dette arrangementet.

¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤

I 2015 har vi avslutta store investeringar. Lysanlegg til teater ca 200.000kr.

Lyd og AV utstyr til 120.000kr (Her står att å montere prosjektør fast.)

Til aktivitetar (sundag, laurdag) har vi fått 22000,- kr i 2015 Sparebankstiftingane.

Desse pengane bør overførast til eigen aktivitetskonti i Dale UL.

Så bør vi prøve å få opp att desse aktivitetane?

6.03.2016

Asbjørn Eikerol

Aktivitetar: http://fjaler.origo.no/-/bulletin/show/851080_aktivitetar-sundagar-i-dale-ul-16-00-17-30

http://fjaler.origo.no/-/bulletin/show/851917_dale-ul-aktivitetar-i-trudvang

…………………………………………………………………………………………………………………………………..

Levande musikk og instruksjon.
Kvar torsdag ein fest i Fjaler. Tradisjon sidan 1980.
Vi dansar vals, swing, reinlender, polka, marsj, tango, samba, åttetur, reel, og meir. (Du treng ikkje kunne noko av dette frå før.)

Kom gjerne åleine. Kom gjerne ein heil flokk! Dette er moro!
Ny i Fjaler eller omland? Velkommen her!

Du kan også komme for å sjå på, høyre på musikken, prate og ta med kaffipausen.

Plan Torsdagsdansen haust 2016: HER

27.08.2016
Asbjørn Eikerol

Vist 87 gonger. Følgt av 1 person.
Annonse

Nye bilder