Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Kultur, frivilligheit og statsbudsjett

Kultur, frivilligheit og statsbudsjett

Tekst: Mette Vårdal, leiar i Noregs Ungdomslag 

Kulturministeren legg fram eit budsjett der hovudmålsettinga er å styrke kulturnæringa. Inga dårlig satsing det, men om ein ikkje ser kulturlivet som ein heilskap, vil det bli vanskeleg for statsråden å nå målet.

Det kan sjå ut som budsjettet bygg på ein idé om eit todelt kulturliv: ein del som produserer, sel og skal tene pengar på kultur, og ein del som er publikum og konsumentar som kjøper kultur. Men slik er det ikkje. Kultur er noko som blir skapt og veks i samspel mellom aktørar, og der er det frivillige kulturlivet heilt sentralt.

Det frivillige kulturlivet rekrutterer og skaffar nye publikummarar. Interesse for dei ulike kunst- og kulturuttrykka er ikkje medfødt. Dei aller fleste er publikum i sjangrar dei allereie kjenner godt, og gjerne deltek i sjølve. Skal kulturnæringane vekse treng dei fleire kompetente og engasjerte publikummarar. Dei rekrutterast i overraskande stor grad frå dei som er aktive i sjangeren på fritida. Å styrke det frivillige rekrutterer nytt publikum.

Det frivillige kulturlivet er ein viktig arbeidsgjevar for kunstnarar og kulturarbeidarar. Dei betaler for instruksjon, konsertar, kunnskap og inspirasjon. Tilstrekkeleg økonomi for å betale ein anstendig løn er avgjerande for å kunne gje kunstnarane eit levebrød, og for å sikre kvaliteten i det frivillige som igjen rekrutterer nye utøvarar og eit engasjert publikum. Å styrke det frivillige styrker kulturens eigen økonomi.

Det frivillige kulturlivet har ein stor fordel, mange dugnadstimer gjer det mogleg å arrangere store festivalar og kulturproduksjonar. Dette er det frivillige sin største ressurs og gjer det mogleg å gjennomføre arrangement som ikkje hadde vore mogleg om alle skulle tatt betalt. Å styrke det frivillige er ei styrking av kulturarrangørar over heile landet og gjev moglegheit til arbeid og kulturproduksjonar som elles ville blitt for kostbart å få til.

Når det frivillige kulturlivet i dette statsbudsjettet blir sett på som noko på sida, noko hyggeleg, men uviktig, rammer det også resten av kulturfeltet. Nokre døme frå årets budsjett:

Støtta til vaksenopplæring blir vidareført, men ikkje indeksregulert. I realiteten er det ei nedgang. Dette er midlar som er heilt avgjerande for å sikre kvalitet og kontinuitet i opplæringsarbeidet i frivillige lag og organisasjonar.
Frifond blir redusert, og dermed er det mindre moglegheit til å søke støtte til ulike tiltak, støtte som i stor grad har bidrege til at lag og organisasjonar kan betale instruktørar. Dette vil kunne gi færre tiltak, lågare kvalitet og svekke rekrutteringa.
Tilskota til lokale og regionale kulturbygg blir kraftig redusert, slik at midlane blir endå mindre tilgjengeleg for dei frivillige organisasjonane.

Denne negative tendensen for rammevilkåra til det frivillige kulturlivet er ikkje ny. Difor gjekk Noregs Ungdomslag og 29 andre organisasjonar den 5. september saman og stifta Kulturalliansen som skal arbeide for å betre vilkåra. Kulturalliansen søkte om støtte over statsbudsjettet i år, men fekk avslag. Vi vil likevel halde fram med arbeidet og dialogen med departementet for å styrke det frivillige kulturlivet. Det er viktig av så mange grunnar, og avgjerande for å styrke heile kulturfeltet.

Kjelde: Noregs Ungdomslag.

17.10.2016
Asbjørn Eikerol

Foto frå Torsdagsdansen i Fjaler.
UWC Haugland 30.08.2016

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

Vist 564 gonger. Følgt av 1 person.
Annonse

Nye bilder